Frigjering frå opplysningsideologiane

 

«Den minste forståelege eininga i historia er sivilisasjonen», skreiv Arnold Toynbee. Erling Marthinsen fortener ros for forsøket på å diskutera den vestlege krisa i samanheng i ein stort anlagt kronikk på Resett. Med kronikken greier Marthinsen  å setja fokus på viktige spørsmål – samstundes som han blottlegg veikskapar i og blinde flekkar i sitt eige ressonement.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Vestleg liberalisme tenderer i retning av eit verdilaust samfunn – og eit verdilaust samfunn er ikkje i stand til å forsvara seg sjølv. Ingen vil ofra livet for meiningsløysa, og «liberalismens krise» ligg alltid på lur når dei liberale har nedkjempa sine eigne fiendebilete.

Den krisa Marthinsen drøftar er paradoksal sett frå ein liberal synsstad. Ifølgje Fukuyama var jo historia slutt tidleg på nittitalet. Liberal, demokratisk kapitalisme hadde vunne – no galdt det berre å omforma verda etter denne samfunnsordninga som var universell – gyldig over alt.

Slik gjekk det jo ikkje – boka til Fukuyama hadde knapt nok stått salstida i bokhandlane før problema byrja bli synlege. Ikkje ti år hadde gått før Claes Ryn i America the Virtous hadde peika på at den «liberale augneblenken» ikkje dreidde seg om ein universell samfunnsorden, men om ein ny jacobinisme, ein væpna doktrine som lova «evig fred» for å legitimera eit regime med internasjonal lovløyse og krig.

Resultatet av eit tiår med nykonservative krigar var ikkje at det Condoleeza Rice kalla «birth pangs of a new order» førde til ein ny orden. Tvert om førde krigane til meir kaos, og til eit ope, politisk brot mellom Russland og Vesten. Og etter kvart til den krisa for vestleg, liberal individualisme som Marthinsen gjev ein so dekkande diagnose for. Skal vi koma vidare, trur eg det er naudsynt å stilla ein del spørsmål som Marthinsen unngår.

Det liberale samfunnets triumf etter 1990 har fått fram i dagen den underliggjande tendensen i retning atomisering og meiningsløyse. Ingen av dei nye fiendebileta Marthinsen målar – anten det er islam eller identitetspolitikk – har potensiale til å gjenskapa den opplevde meininga som forsvann med det liberale samfunnets triumf.

For er denne krisa til det vestlege, liberale samfunnet eigentleg noko nytt? I bokhylla mi står Ronald Fangens (1895-1946) Kristendommen og vår tid frå 1939. Ein skarp analyse av den tidas europeiske krise – der Fangen på ingen måte let regima i Moskva og Berlin sleppa unna. Men samstundes peikar han på at kollektivismen i både sin tyske og russiske variant på mange måtar fungerer som ein anklage andsynes vestleg, liberal individualisme.

Vestleg liberalisme tenderer i retning av eit verdilaust samfunn – og eit verdilaust samfunn er ikkje i stand til å forsvara seg sjølv. Ingen vil ofra livet for meiningsløysa, og «liberalismens krise» ligg alltid på lur når dei liberale har nedkjempa sine eigne fiendebilete.

Fangen fører dette tilbake til ei fundamental mistyding i det liberale menneskesynet – den manglande evna til å skilja mellom «fridom», som er ein grunnleggjande, menneskeleg eigenskap. Og «friheter», som er fripasset til egoet og det asosiale. Eit fritt samfunn er avhengig av ein fungerande, moralsk orden – og treng difor ei kollektiv vilje i ei eller anna form. Men «den store frigjeringa» gjer at ein slik kollektiv vilje står sørgeleg naken att – utan symbol, myter, dogme eller reglar som kan vera noko meir enn utkast til debattinnlegg.

Den russiske urokråka og filosofen Alexander Dugin tek konsekvensen av dette. I Den fjerde politiske teori slær han fast at den vestlege, liberale indiviualismen er døyande. Som dei to andre ideologiane som vaks ut av opplysningstida – sosialismen og fascismen – imploderer liberalismen i sine eigne motseiingar når han ikkje lenger har dødelege fiendar som skal nedkjempast.

Vi er ikkje abstrakte «individ» innanfor ein universell orden. Vi er norske borgarar med ein delt kultur og institusjonar – og rom for å handla på eiga hand. Dette heilt handgripelege – som gjer oss til noko mindre enn «universelle individ» – er mogleg å byggja på.

Og her trur eg Dugin er inne på noko vesentleg. For nett den avmystifiseringa som Marthinsen korrekt peikar på som fundamentalt grunnstein for den liberale orden innleier ogso ein prosess som endar opp i den krisa Marthinsen freistar gje diagnose til. Den tysk-amerikanske filosofen Erich Vögelin (1901-1985) skildrar prosessen slik:

«Andens død er prisen for framsteget. Nietsche openberra dette mysteriet i den vestlege apokalypsen då han kunngjorde at Gud var død, og at han hadde vorte myrda. Dette gnostiske drapet blir heile tida utført av menn som ofrar Gud for sivilisasjonen. Di meir intenst alle menneskelege energiar blir kasta inn i det store prosjektet med frelse gjennom verdsimmanent handling, di lenger vil menneska som engasjerer seg i dette prosjektet fjerna seg frå livet i anden. Og sidan det andelege livet er kjelda til orden i menneske og samfunn, vil sjølve suksessen til ein gnostisk sivilisasjon vera årsak til den same sivilisasjonens nedgang.

Ein sivilisasjon kan både gå frametter og falla tilbake på same tid – men ikkje evig. Det fist ei grense som denne tvitydige prosessen går mot. Denne grensa blir nådd når ei aktivistisk sekt som representerer den gnostiske sanninga organiserer sivilisasjonen som eit imperium under sitt styre. Totalitarisme, definert som det eksistensialistiske styret til gnostiske aktivistar, er endeforma til progressiv sivilisasjon.»

Med «gnostiske aktivistar» sikta Vögelin primært til det nazistiske regimet han flykta frå, og til det kommunistiske regimet i Moskva som han kritiserte frå sitt nye heimland i USA. Men som Ryn peikar på er det nykonservative regimet i Washington i like stor grad ein «ny jacobinisme», ein gnostisk aktivisme som representerer «modernity without restraint», for å nytta Vögelin sitt omgrep.

Men vil vi ikkje bryta med vestlege verdiar om vi vel å gå vår eigen veg? Nei, derimot vil vi måtta bryta med den falske universalismen som er ein av berebjelkane i det vestlege imperiet, og som er i ferd med å gå opp i liminga […] «Det universelle» let seg ikkje redusera til eit regime – og det gjeld likt for både raude, brune eller blå regime.

Dette er hovudveikskapen i Marthinsens analyse. Ifølgje Carl Schmitt (1888-1985) var skiljet «ven-fiende» den grunnleggjande motseiinga i politikken. Det liberale samfunnet sin tendens i retning «verdilaust samfunn», i retning kollektiv meiningsløyse og handlingslamming, er ein historisk trend som har vore openberr i svært lang tid. Men trugsmålet frå kommunisme, fascisme og liknande har likevel gjort at ein har hatt eit fungerande kollektivt medvit.

Det liberale samfunnets triumf etter 1990 har fått fram i dagen den underliggjande tendensen i retning atomisering og meiningsløyse. Ingen av dei nye fiendebileta Marthinsen målar – anten det er islam eller identitetspolitikk – har potensiale til å gjenskapa den opplevde meininga som forsvann med det liberale samfunnets triumf.

For å avslutta på ein meir positiv akkord vil eg likevel peika på at det finst vegar ut av uføret. Dugin peikar på viktige trådar å nøsta i – ikkje minst i boka si om Martin Heidegger (1889-1976) og den moderne krisa. Men det finst ogso heilt konkrete ting å gripa fatt i.

For 21 år sidan styrta eit russisk fly på Svalbard, og ein journalistkjenning av meg var første mann på plass i Barentsburg. Slik hadde hans sjølvsagt eit nyhendemonopol i ei svær nyhendesak. Men dette var ikkje eit monopol han fekk brukt særleg mykje. Folk i Barentsburg snakka stort sett svært dårleg engelsk, medan journalisten snakka enno dårlegare russisk. Han var der, men stod på utsida av ein usynleg, men svært røynleg barriere. «Meining» i eit samfunn handlar mellom anna om noko so konkret som språk.

Det er ikkje «Vesten» som har garantert våre borgarrettar dei siste to hundre åra. Desse rettane er forankra i ein grunnlov skapt av eit samfunn med eit felles språk og felles historie. Og etter kvart med felles symbol og felles institusjonar. Vi er ikkje abstrakte «individ» innanfor ein universell orden.

Vi er norske borgarar med ein delt kultur og institusjonar – og rom for å handla på eiga hand. Dette heilt handgripelege – som gjer oss til noko mindre enn «universelle individ» – er mogleg å byggja på. Men då må vi forsvara tradisjonar, institusjonar og språk.

Når norske forelesarar står på norske universitet og held forelesingar på engelsk for norske studentar er vi i ferd med å undergrava viktige verdiar. Vi treng ikkje bryta med «Vesten», men vi treng ikkje 100% å gjera «Vestens krise» til vår eiga. Vi er ein suveren stat som kan ta kontroll over eige samfunn og eigne grenser – vi må berre ha vilje til å gå vår eigen veg. Men vil vi ikkje bryta med vestlege verdiar om vi vel å gå vår eigen veg?

Nei, derimot vil vi måtta bryta med den falske universalismen som er ein av berebjelkane i det vestlege imperiet, og som er i ferd med å gå opp i liminga på det viset Marthinsen skildrar godt. «Det universelle» let seg ikkje redusera til eit regime – og det gjeld likt for både raude, brune eller  blå regime. Aasmund O. Vinje sa det slik:

 

NASJONALITET

Vi meina og tru det gjævaste er

å vera ein Noregs mann.

Ja, denne heimen oss fyrst er kjær;

men vita vi må, at den store verd

er berre vårt store fedreland.

 

Dei største tankar vi alltid få

av verdsens det store vit;

men desse tankar dei brjotast må,

lik strålar av soli som alltid få

i kver si bylgje ein annan lit.

 

Relatert

Det er ikkje Russland som tel, men tanken bak 

HEGEL: Religionen er statens fundament

Kaosets metafysikk – Alexander Dugin

Revolt mot den postmoderne verden – Alexander Dugin

FREMTIDENS ONTOLOGI – Alexander Dugin

Hvorfor tingene forsvinner: Heideggers åndelige testament

Heidegger og den iranske revolusjonen