Ode til essayet – tileigna Georg Johannesen

Jasper Fall Wildlife Workshop with John Marriott

 

Som frigjeven ramn
er du komen or det store myrkret.
Attende
til undringa. Og sidan alltid attende til undringa;
til einaste buret du let tankane lukkast inn i.
Du er det tjuefemte teiknet i den gamle runerekkja; skriven på ramnen sin hud
under fjørbusken på strupa. Kritisk
krinsande
om kva du har sett,
ser, vil og ikkje vil sjå.
Allveg og stendigt søkjande
etter kva motseier absolutt
i menneskeskapte system.
Rett fram, attende; opp og ned
i spiralrørsle,
for å vinna syn på fenomen i livet.
Skinet
i dei store, vidopne augene dine speglar
medvitet i di eiga sjel,
og tvisynet grip kva andre vil
løyna.

Tileigna Georg Johannesen

 

Av Egil Lejon, foto: Christopher Martin