Synnøve Kvamme: Kampen om villmarkene

hardangeraksjonen_talskvinne

Stadig fleire, både nordmenn og utlendingar, søker ut i den norske naturen på jakt etter unike opplevingar. Samtidig føregår ei systematisk øydelegging av naturverdiane me elskar å marknadsføra oss med. Er folk flest eigentleg klare over kva som er i ferd med å skje, og kva drivkrefter som ligg bak?

Av Synnøve Kvamme, leiar for Naturvernforbundet Hordaland, tidlegare leiar for Hardangeraksjonen, no i vinden med dokumentaren Kampen om fjordane. Kronikken har stått på prent i Dagsavisa.    

«Store, samanhengande naturområde, som byr på den unike kjensla av verkeleg å vera omgitt av urørt natur, er snart historie med dagens utvikling. Bit for bit vert naturområda våre stykka opp av vegar, kraftlinjer og kraftutbyggingar.»

Ein ny veg her, eit småkraftverk der. Kvar for seg kan kvart naturinngrep verka ubetydeleg. Har det eigentleg noko å seia om den eine myra vert greven opp? Kva betyr det vel om ein liten moseart døyr ut i ei avsidesliggande elv, eller om nokre salamandrar må bøta med livet for at den nye motorvegen skal kunna byggast på den mest effektive måten? Me kan jo ikkje la slike bagatellar stå i vegen for utviklinga. Me blir fortalt at kraftlinjer må byggast for å sikra straumforsyninga, at elver må leggast i røyr og vindmøller må reisast for å produsera fornybar energi. Torer nokon å motsetja seg dette, så positivt og nødvendig som det høyrest ut? Må me ikkje tola inngrep i naturen for å få desse goda – eller finst det alternativ?

Kvar dag vert det stadig mindre urørt natur igjen i verda. Plante- og dyreartar døyr ut i eit rasande tempo grunna menneskeleg aktivitet – 100 til 1000 gonger fortare enn naturleg. Ifølgje WWF sin siste rapport, har halvparten av verdas dyrebestandar forsvunne på 40 år. Øydelegging og oppstykking av naturområde er det desidert største trugsmålet mot naturmangfaldet – også i Noreg. Mindre enn 12% av den norske naturen kan i dag kallast for villmarksprega, det vil seia natur som ligg 5 km eller meir frå tyngre tekniske inngrep. Store, samanhengande naturområde, som byr på den unike kjensla av verkeleg å vera omgitt av urørt natur, er snart historie med dagens utvikling. Bit for bit vert naturområda våre stykka opp av vegar, kraftlinjer og kraftutbyggingar. Av dei største, mektigaste fossane våre, er sju av ti lagt i røyr. To av dei tre største elvane våre er utbygd – likevel står utbyggingssøknadane i kø for dei resterande vassdraga. Også dei verna vassdraga er i kraftselskapa sitt søkelys, og olje- og energiministeren har signalisert at heller ikkje desse elvane lenger er trygge. Har det norske folk bevisst samtykka til å bygga ned siste rest av den urørte naturen vår?

 

femunden2_foto_anders_dahl_eriksenFemunden, Anders Dahl Eriksen

 

Naturen vert gjerne sett på som ei særinteresse. Den avanserte teknologien vår kan få oss til å føla oss uavhengige av naturen som tidlegare ugjorde livsgrunnlaget vårt; men dette er ei stor og farleg misforståing. Uansett kor avanserte samfunna våre har blitt, har me framleis tallause døme på kor lite me har å stilla opp med når naturkreftene verkeleg reiser seg. Menneske vert små i møte med flaumar, ras, tørke, heitebølgjer, ekstremvêr og orkanar, som global oppvarminga er spådd å gje oss langt meir av. I Noreg er me mest utsette for ekstremvêr, ras og flaumar. Dette veit kraftbransjen å utnytta – for å bremsa klimaendringane er me nøydde til å produsera meir fornybar energi, aller helst i form av vasskraft og vindkraft, vert det hevda. Dei har sjølvsagt rett i at det er heilt avgjerande å produsera meir fornybar energi i kampen mot global oppvarming – men må me øydelegga naturen for å bygga ut fornybar energi? Og er vind- og vasskraftutbygging i Noreg eigentleg så berekraftig som det gjerne vert framstilt som?

«Hadde det ikkje vore fint om myndigheitene subsidierte slike tiltak, som gir oss både betre inneklima og lågare utgifter, i staden for å subsidiera nedbygging av den siste urørte naturen vår?»

Med dagens energipolitikk står me ikkje berre i fare for å øydelegga den unike naturskatten vår – den pågåande nedbygginga av naturen har også andre, alvorlege konsekvensar for oss og samfunnet vårt. Ein intakt og rik natur er langt meir robust og tilpassingsdyktig enn ein fattig og fragmentert natur, noko som er avgjerande i møte med klimaendringane. Når me høgg skog og øydelegg myrar bidrar me faktisk også til å auka klimagassutsleppa fordi desse økosystema bind karbon som vert frigitt når dei vert øydelagde. I tillegg er skogane og myrane våre avanserte dreneringssystem som absorberer utrulege mengder vatn og derfor reduserer konsekvensane av flaum. Naturen sine økosystem er svært komplekse, og me veit lite om kva rollar dei ulike artane speler – og kor mykje press desse systema toler før dei kollapsar. Å halda fram med å øydelegga naturen og artsmangfaldet og satsa på at det går bra, er derfor eit enormt sjansespel. Kvifor får då denne utviklinga likevel fortsetta? Og er det eigentleg hald i påstandane om at me «må tola» stadig fleire naturinngrep for å sikra straumforsyninga, og for å produsera meir fornybar energi?

 

Smøla vindparkSmøla vindpark

 

Sidan me allereie har bygd ut så mange av elvane våre, har me ein enorm produksjon av vasskraft i Noreg – så mykje at me også kan eksportera fleire terawattimar. Samstundes har me eit enormt potensiale i energieffektivisering. Ved å gjennomføra energisparingstiltak som til dømes betre isolering av hus, kan me halvera energibruken i bygg, og dermed frigje energi tilsvarande 40 Alta-kraftverk! I tillegg finst det mange spennande løysingar som gir oss moglegheita til å produsera vår eigen energi, som til dømes solfangarar og solcellepanel. Hadde det ikkje vore fint om myndigheitene subsidierte slike tiltak, som gir oss både betre inneklima og lågare utgifter, i staden for å subsidiera nedbygging av den siste urørte naturen vår? Om langt fleire får eit lågare energiforbruk, og me i langt større grad kan forsyna oss sjølve med energi produsert på eigne hustak, vil me ikkje berre spara naturen for massive inngrep – me vil òg få eit langt smartare og meir robust energisystem. Kvifor er desse alternativa så lite framme i debatten om fornybar energi og straumforsyning? Kan det vera at nokon har økonomiske interesser i at me bygger vindkraftverk og legg elvar i røyr i staden, og derfor ikkje har så lyst diskutera alternativa som kan spara den urørte naturen vår?

Me treng ein grundig, open debatt kring desse spørsmåla – det er tross alt dei siste, store naturområda våre som står på spel. Vil me verkeleg selja dei siste villmarkene våre til kraftindustrien når det finst berekraftige, langt meir framtidsretta alternativ?

Offisiell side for filmen Kampen om fjordane

 

Relatert

I kamp mot monstermaster – på tur med Hardangeraksjonen

Vår regjering øder norsk natur «for å hjelpe millioner av fattige»

PORTRETTET: Synnøve Kvamme – Jeg kan ikke sitte stille og se på maktovergrep

Narrespelet om fornybar energi

Står norsk natur uten lovbeskyttelse?