Det er ikkje Russland som tel, men tanken bak

Russia

Noreg har berre eitt viktig naboland. Til gjengjeld er det eit land vi har hatt eit fredeleg tilhøve til sidan Håkon Håkonson og Alexander Nevski første gong avtalte fred og godt naboskap for mesta tusen år sidan. Men dette landet er ikkje berre eit land, eit geografisk område. For Russland kjem i stadig nye utgåver.

Av Hans Olav Brendberg, lærer

Hykleriet er den avgifta som vondskapen må betala til dygda. Vestleg venstreside er på mange måtar inkarnasjonen av dette hykleriet, og godtek rolla som moralsk avlatshandlar.

Sjølv Nevskis Russland stod på terskelen til noko nytt – til det mongolske åket som Nevski valde framfor skismatikarane i Roma. Og etter den gylne horde har Russland stadig kome i nye utgåver: Ivan den Grusommes «tredje Roma», Peter den stores «Vindauga mot vest» – med den nye hovudstaden på myrene ved Nevas utløp. Og tsarens og den ortodokse kyrkjas Russland vart til forfattarane sitt Russland: Tsjernysjevski, Dostojevski og Tolstoys Russland. Før forfattarane sin visjon væpna seg: Lenin og Trotskys Russland.

The Prophet Armed, som Isaac Deutscher kalla boka si om Trotsky. Russland vart til Sovjetunionen, og draumen vart til ei sentralmakt som kunne reisa industri, demma elver og temma kreftene i det veldige landet – til store kostnader. Etterpå vart dei veldige kreftene kasta inn i den avgjerande kraftprøven – sjølve hendinga i førre hundreår: Ein 400 mil lang front frå Svartehavet til Ishavet, der sovjetarane i tre år stod åleine mot det europeiske kontinentets samla industrielle og militære makt.

Etter sigeren i den store fedrelandskrigen kom Koroljovs rakett nr. 7 tidsnok til å kunna bera Sakharovs hydrogenbombe på ein straum av eld heilt til motsett ende av kloden. Terrorbalansen var fødd. Under den kalde krigen var Sovjetunionen den eine av to polar i eit stivna, globalt maktsystem. Den sosialistiske polen stagnerte og braut saman for ein generasjon sidan – og gav den globale, liberale kapitalismen ein «Indian Summer» som no går mot slutten.

k-vasilev-invasion

Opposisjonen i vest er veldig gode på moralisering, men i praktisk politikk har dei vore ute av stand til å hindra bombinga av Serbia, den ulovlege invasjonen av Irak og bombinga av Libya. Politikk dreier seg om makt. Den moralen som ikkje er i stand til å hevda makt, er utanfor politikken.

Igjen er Russland der – i ei ny utgåve. Putins Russland. Eit Russland som snakkar eit språk Vesten forstår: Iskander, Kalibr, Sukhoj, S-400. Bak haugane med rust og skrot frå Den kalde krigens dagar har ein ny generasjon teknologi vorte utvikla. Det er unge ingeniørar som no sit bak teikneborda i det militærindustrielle komplekset og utviklar kjende og ukjende kapasitetar.

Men om vesten forstår språket – forstår vi tanken bak? For Russland er ikkje ein nasjon som alle andre. Russland er ei verd, eit hus med plass for fleire kulturar. Slik har Russland to ord for det «russiske», der berre det eine handlar om etniske russarar. Det andre handlar om den russiske verda. Ei verd samla kring ein idé, ein tanke.

For Nevsky var denne tanken den kristne ortodoksien. Og Konstantinopels fall gjorde at Ivan Grozny kunne plassera den ubrukte keisartrona på hovudet: Fyrsten av Moskva var Romas erving og den ortodokse kyrkjas vern. Slik vart Russland eit keisarrike, ei verd. Og Katarina den store kunne senda sine tatarske, sunnimuslimske misjonærar til Kasakhstan for å knytta kasakhane til den russiske verda og den russiske tanken. Det var ei verd som hadde nok med sitt eige. Men også samansett verd med mange kulturar. Men når framande intrengarar banka på, var russarane budde på å forsvara sin orden.

Slik samla den russiske verda seg kring den ortodokse kristendomen – heilt til tsaren engasjerte seg i ein krig for mykje, og Moskva plutseleg vart hovudstaden for marxismen og verdsrevolusjonen. Etter borgarkrig og kaos var språket var framleis forståeleg – Katyusha, T-34, Iljushin II Stormovik. Etter kvart MiG og R7. Men tanken bak var verdsrevolusjonen, arbeidarrørsla, kvinnefrigjering.

Tappa i ei merkeleg blanding med sterk smak av den russiske verda. Slik levde den radikale sosialismen i tida kring første verdskrig vidare i storkna form, til den kalde krigen slutta og den raude fanen vart plukka ned frå Kreml. Det fanst ikkje lenger nokon tanke bak som kunne halda den russiske verda saman, og landet sklei ut i Jeltsinperiodens katastrojka.

Russians in Syria

Russarane på plass i Syria

Er sosialisme ein plettfri draum av same slag som den heilage ande? Eller er det ei samling politiske prinsipp som ein trur det er mogleg å nytta til å styra konkrete samfunn – nasjonalstatar – etter? Joda – poenget i denne typen religiøs ideologi er at det reine og syndfrie er ein parallell røyndom som ikkje kan realiserast i jammerdalen.

Men etter berre tjue år reiser eit nytt Russland seg frå Jeltsins ruinar. Ikkje noko senter for verdsrevolusjonen, og heller ikkje noko ortodokst keisardøme. Den ortodokse kyrkja har rett nok ein synleg plass i fasaden til det nye, nasjonale og konservative Russland. Men tanken bak er annleis, og ikkje so enkel å gripa bak vestlege media sine kåringar av «månadens Hitler». Men Russland er tilbake. Den nye, kalde krigen er eit vårteikn ingen kan ta feil av.

Teikna har vore der lenge, men dei siste åra har konflikten kome fram i dagen slik at han er synleg for alle. Den ”nye, kalde krigen” byrja ikkje med statskuppet i Kiev, men med avlysinga av det amerikansk/fransk/britiske åtaket på Syria. Og grunnen til at dette åtaket vart stogga var at makt vart møtt med motmakt. Det er her Moskva skil seg frå det som kallar seg ”opposisjon” i vest.

Opposisjonen i vest er veldig gode på moralisering, men i praktisk politikk har dei vore ute av stand til å hindra bombinga av Serbia, den ulovlege invasjonen av Irak og bombinga av Libya. Politikk dreier seg om makt. Den moralen som ikkje er i stand til å hevda makt, er utanfor politikken.

Det er heilt typisk at tabua innanfor venstresida i denne situasjonen er veksande. Hykleriet er den avgifta som vondskapen må betala til dygda. Vestleg venstreside er på mange måtar inkarnasjonen av dette hykleriet, og godtek rolla som moralsk avlatshandlar. Men for sjølvrespekten sin del må venstresida få litt makt på utvalde område.

Det omfattande hykleriet på asylfeltet er eit glimrande døme på korleis venstresida får ”makt” og ”ansvar” delegert frå dei vestlege herskarane. Og som tenarar for vestleg makt har venstresida utvikla ein omsorg for sin herre, slik tenarar ofte gjer. Di meir forskrekka blir dette gjenferdet av ei venstreside når makt blir møtt med motmakt.

Spetsnaz

Sosialisme utan realistiske maktstrategiar er metadon for folket – ei religionserstatning. Ser ein på systemforståinga på store delar av venstresida er det vanskeleg å avgjera om ein siktar mot å vera med i “politisk kvarter” eller “ønskekonserten”. I den dvaletilstanden den liberale «Indian Summer» førde til er dette forsovidt forståeleg.

Men det er ingen grunn til å bli forskrekka. Politikk handlar om makt. Og når vi tenkjer oss om forstår dei fleste av oss språket når kryssarrakettane susar i veg frå den halvvegs gløymde Kaspihavs-flotiljen. Verdas einaste innsjømarine. For Syria kjem ikkje til å bli noko nytt Libya. Og sjølv folk utan større kunnskapar i russisk forstår kva ordet «njet» tyder når det blir uttalt so tydeleg.

Det er på tide å gni svevnen ut av augo, og skrota tjue års illusjonar bygt på ideen om ei liberal og vestlegdominert verdsordning. Den retorikken denne verdsordninga produserte lever vidare. Men det heile minnar om teiknefilmfigurar som går ut over kanten av stupet, og held fram i lause lufta – heilt til dei merkar at noko er gale og angsten sig over dei. Dei veit jo kva som skjer i den augneblinken dei ser ned.

Det einaste som hjelper mot frykten for å falla ned frå ein illusjon er kunnskap og analyse av dei verkelege maktspela. All slags romantisering av ”opprør” og tru på at ”folket” er immunt mot propaganda, øydeleggjing av offentleg ordskifte og fordumming vil berre forsterka problemet. Likeeins å gjera ”det perfekte” til målestokken som vi måler verkeleg anti-imperialistisk rørsle mot.

Sjølvsagt vil makthavarar som set grenser for Washington si makt vera mindre enn perfekte – av og til vil dei vera direkte usympatiske. Men det er ikkje makthavarane vi skal ta stilling til, men dei prinsippa som konfliktane roterer kring slik hjulet roterer kring navet. Det er dette spelet om prinsipp som det nye Russland har sett i gang. Og det gjer det naudsynt å få oversikt over spelet.

Er sosialisme ein plettfri draum av same slag som den heilage ande? Eller er det ei samling politiske prinsipp som ein trur det er mogleg å nytta til å styra konkrete samfunn – nasjonalstatar – etter? Joda – poenget i denne typen religiøs ideologi er at det reine og syndfrie er ein parallell røyndom som ikkje kan realiserast i jammerdalen.

Sosialisme utan realistiske maktstrategiar er metadon for folket – ei religionserstatning. Ser ein på systemforståinga på store delar av venstresida er det vanskeleg å avgjera om ein siktar mot å vera med i “politisk kvarter” eller “ønskekonserten”. I den dvaletilstanden den liberale «Indian Summer» førde til er dette forsovidt forståeleg.

Vladimir

Gjort er gjort, og spist er spist. Men no er det på tide å vakna. For det er ikkje Russland som tel, det er tanken bak. Bak den maktbruken vi har sett dei siste åra finst det ein tanke. «Multipolar verd», «eurasianisme» – ulike omgrep flyg gjennom lufta. Ikkje alle er gamle kjenningar. Men det er viktig å forstå tanken bak. For denne tanken handlar også om oss, og om vår plass i verda.

Dette handlar ikkje om moral. Det handlar ikkje om løysingar. Det handlar om korleis politiske krefter som har vorte marginaliserte kan gjenvinna litt makt. Ønskjer vi nasjonalstatar som er sterkare enn i dag, og som er i stand til å verja eigne ressursar eller føra motkonjunkturpolitikk? Eller vil vi ha ein sterkare internasjonal orden – med dei følgjene det får? Denne kampen foregår no, og “venstresida” er i beste fall ikkjestridande. Eg meiner venstresida bør tinga container og kasta masse venstreliberalt loftsskrot. Som mykje av menneskerettsindustrien.

Vi treng ikkje å la overbetalte juristar i Strasbourg sitja og sløsa bort millionar for å avgjera kva religionsfaget i norsk skule skal heite. Vi bør kvitta oss med daudvekt, og prioritera det som gjev verkeleg makt til folk. Universelle rettar, fagforeiningar og liknande. Og so bør vi freista finna ut kva handlingsrom som finst i denne nye, multipolare verda som oppstod i den augneblinken Russland vende ryggen til vesten. Europeisk høgreside er allereide i gang med å utforska dette – både le Pens «Front National» og Victor Orbans Ungarn. Det er positivet, men den banen bør dei ikkje få ha åleine. «TINA» – «there is no alternative» – ligg i ruinar. Det er opp til oss kva som skal reisa seg frå ruinane.

 

Relatert

Frykten for Russland

Finding the true North in Russia – UnCapitals Tour 2015

Ny kald krig? Samtale med Stephen Cohen og John Mearsheimer

Ingen er så uvøren at han vekker Leviathan

Fagbevegelse og intellektuelle angriper demoniseringen av Russland

«Panama Papers» forteller bare halve sannheten

“Medias portvoktere beskytter Vestens en-prosentere” – Craig Murray

Hegemoniske krampetrekninger

Krigen om ikonene

Zenobia – Levantens motstandskvinne

Hinsides historiens slutt? – del I

Hinsides høyre og venstre: Claudio Gallo intervjuer Alain de Benoist

FREMTIDENS ONTOLOGI – Alexander Dugin