Ser vi Guds finger i Kvartal 42, Kristiansand?
Filadelfia i Kristiansand skal byggje ny storstue og vel så det med eit fleirbruksbygg på 18.000 kvadratmeter. Arkitektkontoret som er valt, Kristin Jarmund Arkitekter AS, seiast å vera mellom den norske arkitektureliten, noko som i praksis tydar at dei er til for eliten. Og som om ikkje dette er nok hevdar arkitektkontoret at dei under planarbeidet har vore inspirerte av Michelangelos ”The Creation of Adam”, kvar vi ser Guds finger gje Adam livet. Det vert òg hevda og at bygget representerar framtida med sitt modernistiske uttrykk.
Av Øyvind Holmstad, står bak bloggen Permaliv
La oss vona at bygget berre representerar ei vonlaus fortid, med sitt minimalistiske, eller skal vi heller seia minimale formspråk.
For example, much of the building stock erected during the 20th century has been a transformation of the concrete and glass cubes, planes, and cylinders of early Modernism. Other kinds of product design have followed suit, adapting tools to an essentially industrial visual aesthetic rather than to fundamental human needs, or even to any genuine “functionalism”. Since only limited transformations are possible for the primitive geometries of cubes and the like, the result has been a limited architectural vocabulary with repetitive variations of the same result over and over again. – Michael Mehaffy & Nikos A. Salingaros
Eg er freista til å kalle Kristiansands pinseforsamling sitt nye senter for dørgande kjedeleg ”kitsch” for eliten, med modernistane sitt avgrensa formspråk av kubar, flater og sylindrar. Sjølv ”elg i solnedgang” vert til samanlikning som ei flaske brusande champagne. Dette er trist, då pinsevenene elles er kjende for å representera alt anna enn eliten.
Moderne arkitektur er den modernistiske liberalismen sitt ansikt overfor omverda, slik denne er omtala i Charles Siegels bok om klassisk liberalisme. Som med alt anna representerar modernistane òg eit brot med tradisjonell religion, eit av slagorda til Bauhaus var å starta frå null, dette er inkje anna enn bodskapen til ein kult.
Few people today connect architecture with religion. And yet, up until about the last two centuries, architecture could not be distinguished from religion. Today, architecture has broken away from religion in forming its own cult. Architecture competes with religion because it promises transcendent pursuits to its practitioners. It offers mystical enchantment, with insights left to be discovered purely by the power of creativity, and thus an opportunity for any initiate. The architect sees a chance for transcendental expression beyond the utilitarian uses of a building. Despite the modernists’ proclaimed insistence on functionalism, they too were enchanted by their own ideas of formal expression.
From this, it is not surprising that architecture misused the workings of religion to further itself. – Nikos A. Salingaros
Vel, det kan sjå ut til at Filadelfia i Kristiansand har valt å konkurrera med seg sjølve gjennom sitt grandiose byggeprosjekt, med ein visuell bodskap som motseiar alt tradisjonell religion har formidla opp gjennom årtusena. Tradisjonelt har religiøs arkitektur vore særmerka med eit informasjonstett uttrykk, som nyare forsking viser at løfter menneskesinnet til eit høgare nivå, det transcendentale mennesket!
Men ein treng ikkje vera religiøs for å gle seg over informasjonsmetta arkitektur og fasadar, det held å vera biofil. Biofili, eller naturkjærleik, er ikkje noko vi berre kan gle oss over i Guds frie natur, den har alltid vorte reflektert i tradisjonell arkitektur, inntil anti-tradisjonalistane erobra vår kultur for om lag eit hundreår sida. Dette er øydeleggjande både for våre kognitive evnar og vårt mentale velvære.
This implies that the environment is crucial to the development of our brain: our mind is an integral part of our environment, and if we wish it to engage our intelligence, the environment should embody the same degree of organized complexity as our neurological processes themselves. Two possible connective scenarios are thus strikingly contrasted. 1. In an information-sparse, minimalist environment, our mind stops at the skull’s interior. 2. In a coherently complex environment, our mind can extend into and interact with the visual information stored outside. In the latter case, we are situated in a vastly richer information field that drives our brain’s growth in order to process and interpret this information. – Michael Mehaffy & Nikos A. Salingaros
Å velje dette kubistisk-anti-biofile arkitekturuttrykket var uklokt, og vil neppe gjera pinsevenene i Kristiansand klokare med åra, snarare tvert imot!
Nokon vil hevda at stjernearkitektane sine skinande fasadar og forvirrande former er spanande og gjev dei eit ”kick”, noko dei har heilt rett i. Dette er den same kjensla som vi får når vi stirar utfor Preikestolen og ned i Lysefjorden, alarmfunksjonane i hjernen går på høggir. Men eit konstant ”kick”, som denne fasjonable arkitekturen er, vert berre sløvande, ikkje nærande. Sjølv har eg utsyn til Mjøsa og Totenbygdene frå stuevindauget, dette er som ei vitamininnsprøyting kvar dag.
I tillegg bryt planane for Kvartal 42 med dei tre lovene for strukturell orden, mellom dei den universelle skaleringslova.
Eg har tidlegare vore inne på regjeringsblokka og denne si monotone repetisjon, nybygget i sørlandshovudstaden vert vel meir som ein tilfeldig repetisjon, noko som neppe er meir tilfredsstillande for vårt velvere, men som nok blir rekna som kulare. Mon tru om det ikkje er dette som er den djupare orsaka til valet av dette arkitektuttrykket, at pinsevenane ynskjer å framstå som kule, slik at dei kan verta rekna mellom våre dagar sine heilage?
Bygget er meint å framstå som eit ikon i bybilete. Dette vert inkje eit ikon til Guds ære, men til modernistane sin kult, der stjernearkitektane er dei heilagkåra.
Men attende til Guds finger og skapinga av Adam, som skal ha vore inspirasjonen til denne arkitekturen. Michelangelos bilete vil verta å finne att på hjørnet av bygget mot Lundsbroa. Dessverre er eg redd for at dette vert den einaste staden vi kan sjå Guds finger hjå bygget.
Men kan vi verkeleg sjå Guds finger? Nei, vi kan ikkje det, vi kan berre sjå spora etter den, lik då Jesus bøygde seg ned og teikna i sanda framom farisearane, som ville steine kvinna dei hedde gripe i hor. Vi kan berre sjå spora, teikningane.
Fram til nyleg har ikkje desse spora vore tydelege for oss, sjølv om dei alltid har vore der og vi har teke dei for gjeve. Men no er dei kartlagde, vi kan klart sjå teikningane etter Guds finger over jorda, frå den minste blome til universets yttergrenser. Christopher Alexander har vist oss desse, og han har kalla dei for dei 15 verdiane for liv, eller dei 15 transformasjonane som gjev liv.
I believe the fifteen transformations I have discovered will turn out to be naturally occurring, and necessarily occurring in all complex systems. The laws leading to their existence, will turn out, I think, to be inevitable or necessary results of the unfolding of wholeness, under the right conditions. And I believe, too, that our 20th-century notion that mechanical effects without the guiding influence of these fifteen transformations, can create the beautiful structures we encounter in the universe, is simply wrong. In other words, it is the action of wave motion, mitigated by the fifteen transformations, that creates the beauty of the breaking wave; it is the operation of natural selection, mitigated by the action of these fifteen transformations, which generates discernible and coherent forms in the play of genetics and evolution; I believe it is the operation and unfolding of the most ordinary flower or stem of grass, mitigated by the operation of the same fifteen transformations, which generates the beauty of the flower. I believe that it is the same fifteen transformations which mitigate and channel the crumbling and heaving and bending of the geologic strata which generated the beauty of the Himalaya; and these fifteen transformations, too, which mitigate the action and swirling of the vortices on Jupiter, or the rippled piebald configurations we call a mackerel sky. – Christopher Alexander, New Consepts in Complexity Theory, side 21
Til alle tider har menneskeborna vara Guds finger og har atterskapa teikningane etter denne i kva dei skapte, fram til modernistane ville restarta verda frå null og kasta alle verdas evolverte formspråk på sjøen. Soleis kappa dei av Guds finger, og den menneskeskapa verda ligg kaotisk attende, venleiken har forlate oss.
Alexander har dokumentert at dei 15 eigenskapane hjå levande struktur gjeng att i all tradisjonell arkitektur og kunst, vi har spegla naturen i kulturen vår. Det vi såg var vårt sanne spilebilete, då vi er skapte i Guds bilete, vi såg Guds andlet i dei 15 verdiane for liv. Men modernistane tola inkje å sjå Guds andlet, dei freista å lemlesta det, lik den ukjende fanatikaren som gjekk laus på andletet til sfinksen i Egypt.
Dei 15 livsverdiane er limet som held heilskapen i hop, lik ligninen som held vedcellene saman i treet. Og dess sterkare dei er konsentrerte, dess sterkare kjem eit objekt, ein bygning, ein by eller eller eit landskap til sin rett. Dei vert gjeve liv av Guds magiske finger, lik då han skapte Adam. Lell, det er ikkje magi, det er vitskap, dokumentert i The Nature of Order.
Desse 15 verdiane har, likesom eit alfabet, vore opphavet til tusenvis av unike formspråk opp igjennom historia. Tradisjonalistane elska å boltre seg med desse formspråka og kom fram med nye formspråk, jugendstilen er kanskje er den fremste bragda deira. Art deco etterlet seg mange rikt utforma skyskraparar, i samsvar med den universelle skaleringslova, definert av Salingaros, som går att i all tradisjonell arkitektur. Tradisjon er soleis inkje noko berre for romantikarar, men reflekterar sjølve strukturen i universet, noko vi inkje kan klare oss forutan. Mennesket lev inkje av berre brød åleine!
Modernistane, i alle utgåver, har derimot eit lutfattig formspråk av kubar, flater, sylindrar og dess like, som dei vrid og vender på for gjere dei spanande. Dei vert og stadig meir skinande. Dei gjer alt i deira makt for å kalla på merksemd. Dessverre har og pinsevenene i Kristiansand lete seg lura, lik skjora let dei seg blende av alt som skin og glimrar, men det er berre skrot og uekte stas.
I ein av mine artiklar hjå PRI-Australia kjem eg inn på det ansvaret vi har for å oppretthalde og styrke heilskapen i verda. Det gamle greske ordet hamarita har sitt opphav i å misse på målet, og er i vår kultur betre kjend som ordet synd. Eg vil seia det so sterkt at heile meininga med eksistensen vår er å styrkje heilskapen ikring oss, å gjera verda til eit levande heile. Kan det tenkjast ei større synd enn å øydeleggje eller svekke denne heilskapen?
Christopher Alexander nyttar omgrepet heilskapsutvidande transformasjonar, eller ”wholeness-extending-transformations”. Dette skjer gjennom å nytta dei 15 verdiane for liv, eller transformasjonane, som utvidar heilskapen og styrkjer han. Ilag formar dei sentra, som igjen byggjer opp sterkare sentra og ein stadig aukande intensitet eller heilskap. Slik kan vi byggja bygg og byar like intense og levande som det vakraste landskap. Alt anna er å spotte Gud, og det er det pinsevenene i Kristiansand no er i ferd med å gjera. Guds finger er inkje til stades i Kvartal 42, Kristiansand!
. . . I believe he (Alexander) is likely to be remembered most of all, in the end, for having produced the first credible proof of the existence of God . . . – Eric Buck, Department of Philosophy, University of Kentucky
Relatert
Regjeringsblokka er inkje anna enn monoton repetisjon
Livets teknologi – ei innleiing