Naturvern er som fred II
Hvilke verdier og goder er det som trues når industrivekstsamfunnet og et ekspanderende teknokratvelde får så godt som frie tøyler? I essayet «Naturvern er som fred» retter forhenværende leder i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim, en skarp kritikk mot et overmett overflods-Norge, men òg mot hykleriet til miljøorganisasjoner som Zero, Natur og Ungdom og Bellona fordi de synes å ha mistet kontakten med det grunnleggende, vernet av den naturen som omgir oss, som vi er en del av. Solheim gjengir og en historisk fremstilling av naturvernets største slag i Norge. Han forkynner et budskap som formidler at naturen som helhet er mer enn en biologisk materiell størrelse, den er liv og gir livet mening. Inspirert av bl.a. Aldo Leopolds landetikk, oppfordrer Solheim til en etisk kritikk av den naturødeleggende praksis vi er vitne til (Les del I her).
«Klimaorganisasjonane har vore nyttige for utbyggjarane og politikarane. På atmosfæren kan ingen vente noko utslag av deira logrande spel.»
«Vi må arbeide for større og meir synlege konfliktar i politikken, som sovnar utan opprivande strid.»
Av Erik Solheim, tidligere leder av Norges Naturvernforbund. Teksten ble opprinnelig skrevet som et bidrag til naturfestskriftet Arven og gleden (2010, omtale kommer senere).
Vassdragskampen var ikkje først og fremst ein kamp mot kraftutbygging, men eit forsvar for elvane – ”ein livsnerve i Bygde-Noreg”, som Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget uttrykte det. Mange som budde langs dei frie elvane såg at dei er viktige for eit godt liv. Motkreftene var sterke, men konvensjonelle. Dei som sat med hegemoniet innan industri og politikk, ville som regel legge elvane i røyr. Men dei tapte i mange tilfelle mot sterkt engasjement, god strategi og grundig arbeid.
Vi ser noko av det same når Statnett nå kjem med planar om store kraftliner gjennom landsdelane, og når ulike selskap vil hakke opp Vestlandskysten med vindturbinar. Men med ein vesentleg skilnad. Nå er det ikkje lenger slik at motstanden startar med nokre få som får fleire med seg etter kvart. Nå protesterer folket i flokk, spontant. Til søknaden om ei 420 kV line mellom Ørskog og Fardal kom det 2100 høyringsfråsegner, og nesten alle sa nei. Berre kraftselskapa og nokre som ventar direkte nytte av lina, er for. Kommunestyra avviser prosjektet, og ordførarar ordlegg seg som aktivistar. Det same er tilfelle i Hardanger.
Nokre er redde stråling, men dei fleste innvendingane har som grunngjeving at landskapet blir forsarva. Ei meiningsmåling som Bergens Tidende publiserte i 2008 fortalde at 75 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane var i mot Ørskog-Fardal. 13 prosent aksepterte lina. Så stor støtte kunne aldri kraftutbyggingsmotstandarane vise til då kampen stod på som verst. Ei slik opinion var det heller ikkje mot kraftliner for 20-30 år sidan. Noko har hendt. Folk som held stand i grendene mellom fjordane og fjella meiner landskapet har verdiar dei ikkje vil misse, i det landskapet som National Geographic to gonger har peika ut som det fremste reisemålet i verda, fjordnaturen på Vestlandet. Heimen, stølen, dei nære fjella. Planane om kraftlinene går på livsgleda laus. For nokre er det eit eksistensielt spørsmål, ikkje mindre. Inngrepa artar seg som ein invasjon.
I nesten same grad møter dei avvisande handflater, dei som kjem med planar om å legge kystfjella under roterande kjempevengjer. Argumenta er mange, men ei gjennomgåande oppfatning er at dei dominerande vindturbinane vil skape mistrivsel, tap av glede over land og landskap. Kystfolket lever ikkje i villmarka, og dei er neppe meir natursvermarar enn andre, men når installasjonane er så store at landskapet blir kua, reiser dei bust. Og dei veit at det er ikkje fleire kalde vindturbinar på militært geledd som skal til for å stanse opphetinga av atmosfæren.
Men dei som forsvarer naturen, fekk med ein gong Natur og Ungdom, Bellona og Zero, særleg dei, i mot seg. Hadde årsaka til protestane vore planar om atomkraftverk, ville desse organisasjonane truleg ha jubla over motstanden. I vindkraftsaka har klimareddarane alliert seg med den motsette sida, med utbyggjarane, og begge har brukt klimatrugsmålet for mykje meir enn det er verdt til å skaffe seg kjensleladd velvilje, i politikken og i delar av opinionen. Dei har oppnådd at alle partia lettvint kan halde praten gåande om fornyeleg energi i staden for å gjere noko med saka dreiar seg om, det fossile bålet. Klimaorganisasjonane har vore nyttige for utbyggjarane og politikarane. På atmosfæren kan ingen vente noko utslag av deira logrande spel.
Naturen er ikkje lenger rå, lunefull og eit slit å få levemåten ut av. Det er færre som seier som Malene, budeia som Vinje møtte i Folldalen i 1860. Då ho fekk vite av Vinje at dei framande i flokken på veg over Dovre tykte der var makelaust vent, då såg ho stivt på han og spurde om dei var galne, som kunne like slik styggedom. ”Hu, her er fælt stygt og audt her”, var hennar oppfatning av fjellheimen. Dei som framleis held det gåande under fjella og langs kystane, forsvarer det landskapet som ikkje kastar stort anna av seg enn gleda ved å ha det rundt seg. Naturen, rommet, tumleplassen er eit gode av fridom og gledelege opplevingar.
Under slike tilstandar er det rasjonelt å setje seg på bakføtene mot inngrep som reduserer dei naturskapte goda. Fleire kraftverk og nye kraftliner gjev ikkje lenger straum til nokon som manglar det, men dei tek gleda frå mange som har naturen som ein viktig grunn til å bli verande i utkantane. Der kan mangle arbeidsplassar, men det opplyste mennesket veit at kraftverk og kraftliner er av det minst arbeidskrevjande nokon kan drive med. Det er rein verditapping, som regel til selskap utanfor distriktet.
Gamle vasskraftingeniørar hugsar den gongen bygdene tok mot dei som heltar. Å skaffe straum var ei velgjerning dei vart hylla for. Dette samfunnsoppdraget er fullført for lenge sidan. I dag åtvarar jamvel kraftbransjen mot for mange nye utbyggingar. Ikkje av naturpietet, men fordi forbruket ikkje lenger stig, altså er der ikkje avsetning å finne. Presset for å få gjennomført det unyttige og skadelege vil nok likevel halde fram. Mange politikarar snakkar av gammal vane som om problema dei skal løyse ligg i ein økonomi av fattigdom.
Naturvern er som fred, vilkår for eit fritt og verdig liv. Ein krigsøkonomi kan gje høg materiell standard for nokre, men under tvang, restriksjonar og kontroll. Den som har overmakta, trur gjerne at hegemoniet varer. Men mange har gått frå siger til nederlag, tragediar utan botn. Krig har mange ambisiøse årsaker, mange store fall og mange bitre taparar. Rovdrift på natur er krig mot levande av andre artar. Prognosen for den overlegne heiter nederlag. Teknikken har skapt under. Men teknikken gjer ikkje jorda større. Effektiviteten aukar uttaket, ikkje tilgangen. I menneskesamfunnet kan vi la freden vare; krigen er øydeleggande. I vår omgang med naturen er det berre måtehald som kan vare. Eit heseblesande konsum tek pusten frå Jorda.
Dei gamle kongehusa i Europa hadde krig som ei viktig kjelde til nasjonalproduktet. Under moderne regime byggjer vi slott av rov frå ein tapande natur. Som moderne krigføring er utnyttinga av naturen industrialisert. Roboten er vår stråmann, som raketten. Vi er vitne til det heile på avstand. Ingen ser fuglen som ikkje lenger kan ta til vengene. Ingen ser ungane som vart kalde i hiet av matmangel. Når skogen er snau, kan ingen lenger utrette noko med øks.
Ein som tidleg åtvara mennesket mot å bli parasitt, var den amerikanske naturvernpioneren Aldo Leopold. Han levde frå 1887 til 1948, og fekk oppleve utviklinga av vitskapen økologi, etablert av den tyske biologen og filosofen Ernest Hackel (1834-1919). For Hackel var det ein sentral ide at naturen er holistisk, ein heilskap av organismar og abiotiske element. Samstundes som forskarane har bygt ein stadig meir solid mur under denne kjensgjerninga, har vi i stigande grad fragmentert biotopar og landskap. Oppsplitting av leveområda er nå den viktigaste grunnen til at artar døyr ut. Eit anna viktig punkt for filosofen Hackel, var den biosentriske etikken: Også dyr og andre organismar har moralske rettar; mennesket har ingen posisjon som gjev rett til å handtere anna liv som mindreverdig. Dette inneber ikkje forbod mot å gjere seg nytte av naturgoda eller å ta liv av dyr. Men mennesket har ingen rett til å redusere artar og råvarer til ei kjelde til materielle gode og berre det.
Aldo Leopold var forstmann og starta sin karriere som konvensjonell viltforvaltar. Å stelle vilt var som husdyrhald eller anna jordbruksdrift. Målet var å heve utbyttet gjennom å kontrollere dei ytre faktorane som avgjorde tilveksten. Å fjerne rovdyr var i hans auge eit viktig tiltak. Ei stund. Møtet med økologien endra hans oppfatning radikalt. Han kom til at naturen har eigenverdi, ein verdi i seg sjølv, ikkje berre som eit instrument eller ein maskin mennesket kan manipulere. I sitt vidgjetne og kontroversielle essay The Land Ethic hevda han at rett eller rangt er eit spørsmål om korleis det økologiske samfunnet har det, ikkje korleis situasjonen er for kvart individ i dette samfunnet. Dette er hans mest kjende formulering av hans holistiske etikk: Ei gjerning er rett når ho verkar til å ta halde oppe integriteten, stabiliteten og det vakre i naturen. Ho er feil når ho verkar motsett. Leopold hadde ingen ting i mot å ta livet av dyr eller å gjere seg nytte av naturen på andre måtar. Den moralske retten han meinte naturen har, var ein rett for naturmiljøet – samfunna av organismar – ikkje kvart individ. Grensa for akseptable inngrep går der heilskapen, det økologiske byggverket, tek skade. Der naturen blir denaturert.
Politikk er kamp mellom interessegrupper. Dei tunge aktørane er alltid ute etter meir pengar, same kva politisk side dei høyrer til på. Svaret på krava har vore økonomisk vekst og ei balansert fordeling av tilveksten i nasjonaløkonomien. Økonomien som fag og som politikk har utvikla eit kortsynt og snevert samfunnsansvar. Grunnlaget for veksten er det nesten ingen som stiller spørsmål ved, heller ikkje etikken. I eit land med stabilt folketal er økonomisk vekst eit uttrykk for at kvar av oss leverer eit høgre økonomisk resultat eit år enn året før. Dette har vi fått til gjennom tekniske oppfinningar og ved å pøse inn stadig meir energi til å drive den nye teknikken. Den moderne økonomien i stor skala starta med utnyttinga av fossile brennstoff; først kol, så olje. Dette har gått så glatt at spørsmålet om konsekvensar for naturen og for våre etterkommarar vart borte.
Mange snakkar om etikk, også i vår omgang med naturen. Ordet har neppe vore brukt flittigare, av selskap, organisasjonar og offentlege vesen. Etikk er på moten. Men miljøetikken er relativ, ein etikk som føyer seg etter den underliggande og øydeleggande grunnstraumen i vårt materielle stoffskifte. Etter autoriserte oppfatningar er norsk olje miljøvenleg dersom denne oljen gjev litt mindre utslepp, er litt mindre skadeleg, enn oljen frå andre land. Etikken er reklame og politikk meir enn eit imperativ som krev djupare endringar. Ingen stiller spørsmålet som Aldo Leopold gjorde: Vil denne etikken styrke integriteten, stabiliteten og det vakre i naturen?
Sanninga er alltid konkret, sa Brecht. Skal etiske normer for vår omgang med naturen ha sjanse til å endre noko, må dei gå direkte på sak. Dei som trur at generelle retningsliner har praktiske konsekvensar, kan lese politiske program og samanlikne med vedtaka i valperioden. Stortingsmeldingar om vår omgang med naturen er ei anna kjelde til å kalibrere si tru på orda. Tekstane er snedige, av og til muntre, oppvisningar i politikkens dobbelspel. Her møter vi Jeppe hos Jakop skomakar. Hovudet vil ha mindre bilisme, men magen vil ha meir asfalt.
Truleg er det eit forsømt arbeid å avsløre dette dobbeltspelet i konkrete tilfelle. Det er viktigare enn den usunne indignasjonen over at ein statsråd leiger ut eit stabbur utan å vere til mein for nokon. For politikarar og næringslivstoppar er nok gapet mellom flott formulerte ambisjonar og faktiske handlingar langt større i det profesjonelle enn i det private. Vi må arbeide for større og meir synlege konfliktar i politikken, som sovnar utan opprivande strid. Vi veit at politikken verkar berre i konkrete saker, ikkje i storstila forlik. Klimaforliket øydela klimadebatten. Mardøla og Alta endra praksis i norsk kraftutbygging. Eit etisk kritikk av praksis i konkrete saker, og ikkje berre kritikk med etisk bakgrunn, kan bli kraftigare nå. Mange handlingar som har fått etiketten brotsverk mot menneskja, har mindre konsekvensar enn utpininga av naturen.
Relatert
Mann og Natur: Skogen eller Into the Wild
Nedbygging av norsk natur redder ikke verdens klima
Biologisk mangfold – et begrep, ikke bare et uttrykk for festtaler
Permakultur – levedyktig kultur for fremtiden
Om ei budstikke, befolkningsvekst og ansvarsbevissthet