HEIM – Per Sivle
Det hender so tidt,
at ein Norrøna-Gut
stend lengtar mot Sør
yver Sjoen ut,
naar Hausten grin ifraa Nord.
Og vert det so Høve,
ja, daa er han glad,
han hissar Seglet
og stryk avstad
ut fraa sin Heimsens Fjord.
Men kjem det ein Dag,
daa han tenkjer som so:
„Tru byrjar det vaarast
i Noreg no?“
— daa tek det til dreg, so det svid;
han fær inkje sova,
han hugsar for vel,
kor Killingen dansar,
og Gauken gjel
der nord i den grøne Lid.
Og daa er han sæl,
han kann snu sin Stamm
og taka Leidi
mot Heimsens Hamn
i Viki derinne i Fjord.
— For var det der nordantil,
Vogga vaar stod,
so kjenner me det
i vaart eige Blod,
at Vaaren han dreg mot Nord.
Av Per Sivle – Viser og kvad
God 17. mai til alle lesere og godtfolk hvor enn på kloden dere måtte være denne dag