God Natt – Aslaug Låstad Lygre

 

 

God natt alle blomar i hagen.

God natt alle fuglar i tre.

God natt alle svivande tankar

som følgde i dagen med.

 

God natt kvikke spel ifrå bekken.

God natt linne sus av vind,

som stryk gjennom hagehekken

og uroar dagdraumen min.

 

Svevnen har mjukare tonar

og linnare sus av song,

og stundom vakrare blomar

enn dagen har nokon gong.

 

Svevnen gjer blidare tankar,

og draumane natta ber

på villare vegar vankar

og fagrare syner ser.


Av Aslaug Låstad Lygre

 

 

Relatert

Pussebilen – Per Lønning Aarø