Naturvitskap og mytar – II

Mytar er sirkulære i måten dei ser tid på. Dei følgjer naturens syklus. Mytar er historier som aldri har hendt, men som hender heile tida. I kontrast til dette står så vår moderne lineære tidforståing. Ein evig progresjon mot eit usikkert mål (les: Naturvitskap og mytar – Del I ).

Av Per Lønning Aarø

Universet vart fødd i eit kjempesmell for 13,7 milliardar år sidan, får me vita. Ei varm kvarksuppe vart helt ut over det heile kosmos. Etter ca. 400 000 år hadde suppa størkna og blitt til hydrogen og helium, som det så vart danna stjerner av, og stjernene danna nye grunnstoff, og nye grunnstoff dannar nye strukturar, informasjonsprosesserande semistabile virvlar i ursuppa; og her står vi plutseleg ein dag, som vinnarar i det kosmiske lotteri, og ser attende.

Men i motsetnad til eksperiment som kan testast om og om igjen her på jorda, er universet eit eksperiment som berre er gjort ein gong. Det er dermed knytt eit hav av spekulasjon til vår moderne kosmologi, og den har då heller ikkje stått uforandra lenge av gongen. Berre dei siste tiåra har ein måtta ta stilling til inflasjonsekspansjon, ein positiv kosmologisk konstant, mørk energi (kald eller varm), kvintessens, eit lukka, flatt eller ope univers, eller til og med multiple univers med sine eigne tilfeldige lover! «Kosmologar tek ofte feil, men dei er aldri i tvil», gjer fysikaren Lev Landau oss merksame på.

Det kan verka som den unge Hawking gav rom for ein Gudstanke i sine tidlegare bøker:

«Even if there is only one possible unified theory, it is just a set of rules and equations. What is it that breathes fire into the equations and makes a universe for them to describe? The usual approach of science of constructing a mathematical model cannot answer the question of why there should be a universe for the model to describe.» undrar Hawking.

Det er difor merkeleg at Hawking, og med han mange andre, likevel ser ut til å gje modellen grunnleggjande realitetsstatus, slik han no gjer i si nye bok.

I forkant av ein kvar ny manifestasjon er ein kreativ impuls, og den lar seg ikkje forklara, for den kan ikkje kvantifiserast og målast før den er blitt ein del av verda. Mange har kome til den feilslutninga at berre det som kan målast er verkeleg. Men det at det ikkje kan målast tyder ikkje på at noko er ikkje-eksisterande, for sjølv om alt som kan målast rett nok er av kvantitativ art, så er ikkje verda rein kvantitet, men kvantitet er det som verda vert målt ved hjelp av.

Matematikaren Kurt Gödel følte sterkt at det måtte finnast ein menneskeleg eigenskap som var over eit kvart formelt system. Han prova at innan eit formelt logisk system ville det alltid vera noko som var tatt for gitt som ikkje kunne provast, noko som var tilført av den som har laga systemet. Om mennesket er ein del av eit logisk system, universet, så byggjer det altså på lover gitt av gud, som ikkje kan provast. Men Gödel kunne ikkje prova denne kreative kjelda direkte, han kunne berre prova at eit kvart formelt system ikkje er komplett. Det guddommelege unnlet seg som alltid ein kvar definisjon.

I motsetnad til fysikkens 3.persons-skildring, så snakkar det mytiske landskapet direkte til mennesket. Mytane vert såleis verkelege i verda, for verkelege menneske. For mytemakaren er verda ei forteljing, og slik kan vitskapen også sjåast på som ein del av den store forteljinga.

Det kan verka som skildringa av verda har tatt over for mennesket si formgjevande deltaking i skapinga. Me har no vortne passive tilskodarar til eit maskineri som me retteleg nok har fått forklart korleis fungerer, men som me likevel ikkje heilt veit kva skal brukast til. Kvantefysikaren Steven Weinberg undrar seg over at «The more the universe seems comprehensible, the more it seems pointless».
Ein kan seia at vitskapens problem ligg nettopp i den distanserte skildringa av verda. Vitskapen er ei historie som handlar om eit «det» og ikkje eit «du»:

«The first myths were hymns of praise. Then the names entered into the It-language; men felt impelled more and more to think of and to talk about their eternal You as an It. But all names of God remain hallowed because they have been used not only to speak of God but also to speak to him.»
– Martin Buber, Ich und Du

I motsetnad til fysikkens 3.persons-skildring, så snakkar det mytiske landskapet direkte til mennesket. Mytane vert såleis verkelege i verda, for verkelege menneske. For mytemakaren er verda ei forteljing, og slik kan vitskapen også sjåast på som ein del av den store forteljinga. Om ein verkeleg trur at alt er eit «det» og proklamerer at verda består av kalde og uomtvistelege lover, så vert dette også ein sjølvoppfyllande profeti. Nok ein gong i Stephen Hawkings ord:

«We could call order by the name of God, but it would be an impersonal God. There’s not much personal about the laws of physics.»

Det kosmos som vert servert oss sit også fast i kronologisk eindimensjonalitet. Ja, eit stort kontinent har denne jernbaneskinna erobra, gjennom det ein før trudde var evige jaktmarker, der kjempebisonen beita og den store Manitu vaka over prærien. Men slike erobringstokt får alltid ein ende og  skinnegangen vil ein gong atter møta havet.

Poetar og gode indianarar vil helst ikkje bli tekne bilete av. Dei vil ikkje få sjela fråstelt og bli forsteina som ein tredjeperson. Dei nektar å tru at medvitet er ein konstellasjon av materie og dei nektar å leita etter sitt sanne eg i sitt eige spegelbilete. Dei likar heller ikkje å passivt følgja med Kronosmaskinen langs ein determinert skinnegang, og ønskjer seg difor ei ny sann historie om kosmos der mennesket er personleg deltakar.

Løfter ein blikket frå Kronos møter ein Kairos, gudane sin time, timen mellom tid, timen når noko verkeleg vert skapt. Her kveilar Orobouros seg atter saman og DNA-spiralen slår ein gordisk knute på seg sjølv. Ånda bankar på Kleinflaska og vil ut, og ørna sit i toppen av livets tre og vakar. Her kan det nye Mennesket tre fram som medskapar, sjølvforsynt med tautologisk kjernekraft; Ehyeh asher ehyeh!

Les og:

Naturvitskap og mytar – Del I