Gudstru på avvegar

Sameininga mellom Gud og kapital i protestantismens utvokster er korkje godt for menneskje, Gud eller natur synar røynda oss. Bedehusrørsla bytte det heilage med industriell effektivitet i uheilag foreining med Freud og sjølvelsk.  Av Øyvind Holmstad, redaktør av bloggen Permaliv «Eg er lei meg Hans Nielsen Hauge, flittigskapen din har kasta oss utfor avgrunnen. Det er ikkje lengre nokre som søkjer Gud, alt dei søkjer er si eiga attrå.... Les mer

Den økologiske estetikken (Bokmelding av Morten Skrivers ”Skønhedens befrielse”)

[easyrotator align=”left”]erc_51_1342283725[/easyrotator] Eg er nett ferdig med boka Venleiken si frigjering (mi oversetjing) av Morten Skriver, eller på danskSkønhedens befrielse, som finst som gratis e-bok på nettet i svensk språkdrakt med tittelenSkönhetens Befrielse (denne kan lastast ned her). Diverre er ikkje boka omsett til norsk. Det storarta omgrepet “den økologiske estetikken” er henta frå boka, og er fundamentet... Les mer

Seksti år med kjøpesentret

Etter privatbilen kan eg knapt tenkje meg noko som har bidrege meir til amerikaniseringa av den norske kulturen enn kjøpesentret. Men desse to er òg uskiljelege. Om ein her skal dra ein parallell med den gamle gåta om kven som kom fyrst, høna eller egget, er svaret enkelt. Privatbilen kom fyrst, kjøpesentret vart gullegget, særleg for dei store kjedebutikkane. Etter kvart som dei vart klekte har dei utvikla seg til store og blodtørstige dinosaurar,... Les mer

Ser vi Guds finger i Kvartal 42, Kristiansand?

Illustrasjon av det nye forsamlingslokalet til Filadelfia i Kristiansand. Kilde: Kristin Jarmund Arkitekter AS Filadelfia i Kristiansand skal byggje ny storstue og vel så det med eit fleirbruksbygg på 18.000 kvadratmeter. Arkitektkontoret som er valt, Kristin Jarmund Arkitekter AS, seiast å vera mellom den norske arkitektureliten, noko som i praksis tydar at dei er til for eliten. Og som om ikkje dette er nok hevdar arkitektkontoret at dei under... Les mer

Regjeringsblokka er inkje anna enn monoton repetisjon

Det har vore mykje skriving i det seinare om kva som bør gjerast med regjeringsblokka. Sjølv må eg innrømme eg ikkje har fylgt med i debatten, eg har knapt skanna overskriftene. Dette fordi for meg er denne blokka berre nok eit eksempel på ein trist bygnad blotta for liv, og same kva for symbolsk tyding mange ynskjer å tillegge denne, vert ho inkje anna enn ein livlaus og daud betongkloss, i Le Corbusier sin ande. Ho er og direkte angstskapande,... Les mer