Ei unik samansmelting av bøhmisk kunsthandverk og jugendstilen

Av Øyvind Holmstad, redaktør av bloggen Naturkonservativ Heilt på tampen av turen vår til Praha i byrjinga av mai vart eg gjort merksam på ei art nouveau-utstilling i representasjonshuset Obecni Dum, berre ein time før vi skulle eta den siste middagen. Eg hadde vore her før, men utstillinga var til mi overrasking ikkje marknadsført ved inngangen. Det var nok difor eg og dotter mi mest vart åleine der. Truleg kunne eg umerka ha stole med... Les mer