Naturens nei

 

 

Det er meir enn 25 år sidan folkerøystinga om norsk EU-medlemsskap i 1994. På den tida hadde eg litt kontakt med Sigmund Kvaløy Setreng, eg var fylkessekretær i småbrukarlaget og hadde god kontakt med dei som dreiv Nei til EU i Trøndelag. Setreng skreiv eit lite hefte – «Naturens Nei» – der han forklarte kvifor det liberale frihandelsparadigmet kom til å frontkollidera med dei naturgjevne forutsetningane for vår eksistens. Verdsomspennande virusepidemiar av det slaget vi no opplever?

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Men om dette ikkje er «naturens nei», so er det vi ser naturens kremt. Vi står andsynes eit virus vi ikkje har andre middel mot enn dei vi brukte då vi løfta samfunnet ut av kronisk sjukdom og elende: Handvask og isolasjon. Hundreår med framsteg har gjeve oss eit forsprang, men ingen evne til å diktera vilkåra i vårt hopehav med naturen.

Setreng peikte på at slike var noko som måtte oppstå som følgje av måten vi organiserte samfunnet på. Trur heller ikkje Setreng ville vorte forundra over korleis nyliberale reformar i helsevesenet forsterkar dei problema han tok opp den gongen. Setreng såg på industriell vekstøkonomi som drivkrafta i dette – tvangstrøya som over tid får oss til å saga over greina vi sjølv sit på. Monokultur, standardisering og masseproduksjon er sterke krefter. Når dei blir kombinert med forbrukarsamfunn, statusjakt og masseprodusert identitetspolitikk blir desse effektane forsterka.

Det er med djup ærefrykt eg ser på korleis memeproduserande bølgjer som td. transebølgja deformerer vestleg medvit. Like imponerande er det å sjå korleis motkrefter blir fanga opp og hypnotisert inn i same kraftfeltet – til dømes korleis Q-anon no suggererer høgrepopulistar inn i total konformitet. I ei verd der kynisme og kommunikasjonsstrategi er alt, ærlegdom og tolmodig underøkjing ein blindveg for taparar, vil vi uansett enda opp som tilskodarar.

Det finst ingen sterke ønske om å sjå nærare på ideologien bak dette. Kontrasten mellom USA og Israels sjørøvartokt for å få tak i naudsynt, medisinsk ustyr på eine sida – og Kina, Cuba og Russlands krisehjelp til råka land er so opp i dagen at ein diskusjon om kva som skar seg er utelukka.

Vi endar opp i spagat mellom realistisk innsikt i drivkreftene i systemet – og naive forsøk på å gripa og følgja illusoriske frelsarar. Anten desse illusoriske frelsarane er «sosialistar» av Corbyn eller Sanders nostalgiske type, eller «nasjonalkonservative» av Boris Johnson-typen. Dei som enno ikkje er mørna nok til å gripa etter frelsarar, freistar i staden å barrikadera seg mot trugande demonar – alt frå Trump til Vladimir Putin, Kinas Kommunistparti og den islamske faren.

Då er det greitt å gå att til det grunnleggjande. Det vi opplever no er ikkje «naturens nei». Koronaviruset er ikkje spesielt dødeleg, sjølv om epidemien er ille nok for dei helsesystema som blir overvelda no. Dei fleste av oss kjem til å overleva dette, sjølv om det er for tidleg å seia noko sikkert om konsekvensane av dette på sikt.

Men om dette ikkje er «naturens nei», so er det vi ser naturens kremt. Vi står andsynes eit virus vi ikkje har andre middel mot enn dei vi brukte då vi løfta samfunnet ut av kronisk sjukdom og elende: Handvask og isolasjon. Hundreår med framsteg har gjeve oss eit forsprang, men ingen evne til å diktera vilkåra i vårt hopehav med naturen. Og vår mangel på klokskap vil sikra at forspranget blir mindre. 80% av verdsproduksjonen av antibiotika blir brukt på friske dyr.

Våre barnebarn vil døy av dei same enkle infeksjonane som våre oldeforeldre døydde av – når vi har fått avla fram tilstrekkeleg med resistente bakteriar. Transplantasjonar, som i eit par tiår har vore standardprosedyre, blir eit sjansespel utan effektive antibiotika. Monokulturane i jordbruket breider seg vidare – og dei skadegjerarane og parasittane som greier koma seg rundt vårt kjemiske forsvar har enorme sjansar til å replisera DNA-et sitt. Nett slik korona no repliserer RNA-et sitt i enormt omfang.

Det vestlege menneskets arroganse og jag etter massekopieringas frigjering frå slitet, og massekopieringas anerkjenning og stadfesting har nådd ei grense. Ved denne grensa møter det eit speglbilete som handlar om demonisering av innbilte fiendar, og eit sterkt og opplevd trugsmål mot massemenneskets skjøre identitet. På det karnevalet av politisk kvakksalveri vi ser no har alle løysingar, avdi ingen har sjølvinnsikt.

So kva gjer vi med denne sjansen til å læra? Mitt tips: Svært lite. Dei vestlege landa har hatt felles den politikken som gjer oss ekstra utsette når slike epidemiar slær inn. Den politiske kasten har stått saman om den nyliberale fjerninga av beredskap og ekstrakapasitet – og utstyrslevering etter «just in time»-prinsippet. Det finst ingen sterke ønske om å sjå nærare på ideologien bak dette. Kontrasten mellom USA og Israels sjørøvartokt for å få tak i naudsynt, medisinsk ustyr på eine sida – og Kina, Cuba og Russlands krisehjelp til råka land er so opp i dagen at ein diskusjon om kva som skar seg er utelukka.

I staden har imperiets ideologar lansert eit klassisk «blame game», der Kina (som saman med Sør-Korea, Japan og ein del andre land reagerte temmeleg raskt og målretta) liksom skal vera ansvarleg for den bølgja av økonomisk krise og sottedød som følgjer i kjølvatnet av COVID-19. Det er eit enkelt og billig knep – men det fungerer. Og bidreg berre til den generelle stemninga av spøkjelsejakt, frykt og mistillit som pregar vestleg medvit.

Blame game, og den tilhøyrande satsinga på det militærindustrielle komplekset som kjem til å følgja i kjølvatnet, vil truleg gje det indre samhaldet som dei styrande saknar for tida. Ikkje minst avdi mytene ikkje vil bli motsagt. Det er allereide ein høg pris for å motseia dei industriproduserte løgnene, som Julian Assange er eit (førebels) levande prov på. Litt skjerping av klimaet vil læra kloke folk å halda kjeft.

Men før vi kjem so langt, er det grunn til å minna om det grunnleggjande: Den motparten som vi mistar kontroll over, og som har kremta no, er ein natur som vi ikkje kan herska over. Vi kan kontrollera, samarbeida, tilpassa. Men vi kan aldri nedkjempa han, utan samtidig å nedkjempa oss sjølve, og grunnlaget for vår eigen eksistens.

Og gjenoppvekkinga av ein viss grad av nasjonalisme og tru på å vera rotfesta i eiga historie og eigen identitet vil bera få frukter om denne impulsen blir kanalisert inn mot imperiets militærindustrielle kompleks – som i 75 år har nedkjempa alle tilløp til nasjonal suverenitet og vilje til å gå åleine.

Framtida tilhøyrer menneske som lever i sitt eige landskap, og organiserer seg slik at dei held dette i hevd. Som sjølve sit på den greina som er livsgrunnlaget, og difor ikkje sagar henne av. Menneske som er i stand til å kjenna på sanninga i Nordahl Griegs ord om at «langsomt ble landet vårt eget». Det vestlege menneskets arroganse og jag etter massekopieringas frigjering frå slitet, og massekopieringas anerkjenning og stadfesting har nådd ei grense.

Ved denne grensa møter det eit speglbilete som handlar om demonisering av innbilte fiendar, og eit sterkt og opplevd trugsmål mot massemenneskets skjøre identitet. På det karnevalet av politisk kvakksalveri vi ser no har alle løysingar, avdi ingen har sjølvinnsikt. Det gjeld alle, frå dei sokalla seriøse som Niall Ferguson til dei sokalla skrullingane som David Icke.

Naturen har kremta. Vi kan læra, eller vi kan ri kjepphestane vidare. Neste gongen seier naturen «nei».

 

Relatert

Disease X – sivilisasjonsviruset

Sigmund Kvaløy Setreng [1934–2014] Hav og fjell: Norsk identitet

Den dype gleden i naturen heime – del I

Hva er neoliberalisme?