Når halen lograr med hunden

Litt om korleis små, geografiske einingar kan påverka store rike, nett slik Bibelen slær fast at «litt surdeig syrer heile deigen». Og litt om korleis ein kan unngå å kryssa same bru eller avgrunn to gongar.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Men kva i all verda var Preussen for noko? Det var eit gjenferd, eit historisk minne som levde vidare på stadig nye måtar. Opprinneleg var prøyssarane eitt av dei baltiske folkeslaga – som snakka eit språk i nær slekt med litauisk og latvisk. Og som grannane lenger nord var dei heidningar, som dyrka tordenguden Perkun og andre gudar i sin omfattande gudeheim.

Der kysten av Austersjøen byrjar svinga mot nord, på halvøya mellom Kurlandbukta og elva Pregel, låg Königsberg: «Kongsberg». Den austlegaste av tyske storbyar, fødebyen til Immanuel Kant (1724-1804), Käthe Kolowitz (1867-1945) og Hannah Arendt (1906-1975).

Men det var ingen av byens eigne søner, men den sveitsiske matematikaren Leonhard Euler (1707-1783) som formulerte det problemet som har gjeve byen eit evig namn i matematikken lenge etter at Königsberg er borte: Königsbergs bruproblem. Königsberg låg på nokre holmar i elva Pregel, og elva delte byen i fire ulike bydelar. Desse var knytt saman av sju ulike bruer, og problemet galdt om ein kunne gå over alle bruene i Königsberg utan å gå over nokre av dei to gongar. Mange timar er brukt på å freista konstruera moglege ruter over bruene – men problemet er uløyseleg.

Königsberg var ein gamal universitetsby, men det var ikkje ved Königsbergs universitet at Euler publiserte si avhandling, som etter kvart vaks til nye fagfelt: Grafteori og topologi. Euler publiserte drøftinga si ved det nyskipa universitetet i St. Peterburg. Medan Königsberg var ein gamal by, var St. Petersburg på Euler si tid berre nokre tiår gamal. Etter å ha vore borte frå kartet i nesten hundre år, har St. Petersburg igjen dukka opp på kartet – og byen er framleis Russlands nest største by.

Bruane i Königsberg

Bjørnson skreiv ein stad om «overanstrængelsen i mennesket».  Nokre menneske, rørsler og samfunn er ute av balanse – og må difor alltid springa berre for å halda seg i ro på same stad. Det var denne «overanstrængelsen» som gjorde at den minste av stormaktene i Europa kunne enda opp med å dominera kontinentet.

Men Königsberg er nok borte for godt, og har vorte erstatta av Kaliningrad. I høgsesongen vart mange sovjetiske byar omdøypt etter sovjetleiarane. Men medan byen som vart kalla opp etter den fremste av sovjetleiarane – Leningrad – fekk tilbake sitt gamle namn, blir nok Kalinins namn verande på kartet, der byen hans ligg som hovudstad i ein russisk eksklave, omgjeve at NATO på alle kantar.

Königsberg var hjarta i Preussen – staten som vart kjerna i det tyske riket. Men kva i all verda var Preussen for noko? Det var eit gjenferd, eit historisk minne som levde vidare på stadig nye måtar. Opprinneleg var prøyssarane eitt av dei baltiske folkeslaga – som snakka eit språk i nær slekt med litauisk og latvisk. Og som grannane lenger nord var dei heidningar, som dyrka tordenguden Perkun og andre gudar i sin omfattande gudeheim.

So mana paven til krosstog – og riddarordenar frå heile Europa freista erobra det Heilage Landet frå sarasenarane. Det greidde dei ei stund – men kongedømet i Jerusalem vart aldri noko stabilt rike. Og til slutt måtte dei ulike riddarordenane pakka saman og reisa «heim», utan at det alltid var klart kvar det var. Johanitterordenen etablerte seg på Rhodos, og tok etter kvart Malta. Den tyske orden vart oppretta i Acre under krosstoga, men då muslimane tok over vende dei heim til Europa, der dei laga bråk og lot vera å betala hotellrekningane. I Transsylvania måtte dei kastast ut med makt.

For å unngå meir bråk og misnøye gav paven dei eit oppdrag: Å kristna prøyssarane. Og det gjorde dei so godt og grundig at prøyssisk språk og kultur forsvann for godt frå europeisk historie. Der prøyssarane ein gong hadde vore, vart det tysk bondeland og tyske byar, etter kvart under ein hertug av Preussen. Og etter kvart som denne hertugen vart sterkare, greidde han å bli meir og meir uavhengig av det polske riket – som fekk veikare og veikare sentralmakt.

Tordenguden Perkun

Det var Napoleon – både den første og den tredje – som gjorde neste opprykk mogleg. Den første Napoleon tenkte neppe særleg over kva han gjorde då han berre kasta «Det heilage, romerske riket av tysk nasjon» på historias skraphaug.

Denne tyske krossfararstaten, klemt inn mellom polakkar og litauarar, vidareførte namnet «Preussen» etter at prøyssarane var borte. Og rett før Tredveårskrigen fekk markgreven av Brandenburg – Johann Georg von Brandenburg (1577-1624) – av slekta Hohenzollern, ein av dei mektigaste fyrstane i «Det heilage, romerske riket av tysk nasjon», arverett til tittelen som stormeister for den tyske orden. Og tittelen fekk han bruk for: Under Tredveårskrigens herjingar rømde han liksogodt til Königsberg, og oppretta hovudstad der.

Og i Königsberg, langt utanfor grensene til det tyske keisarriket, kunne han skaffa seg ein tittel som var uoppnåeleg for ein tysk fyrste: Han vart konge av Preussen! Prøyssarane var kanskje ute av soga – men gjenferdet var veldig kreativt! Og i staden for å bli styrt som ein del av Tyskland, vart Brandenburg styrt som ein del av krossfarar- og erobringsstaten klemt inn i det nordlege Polen. Sjølv då kongen i 1703 flytta hovudstad tilbake til det tyske riket – til Berlin – heldt han fast på kongetittelen, og på statsnamnet. Kongeriket «Preussen» vart namnet på stormakta Brandenburg, og Königsberg vart kroningsby for kongen i Berlin.

Ogso andre hadde nytte av Prøysens merkelege etterliv. I det tyske riket galdt tyske lover – og med det alt som følgde av sensur og tvangsmakt. Men i Berlin kunne boktrykkarane trykka det dei ville – so lenge dei heldt seg inne med kongen av «Preussen». Og so lenge dei hugsa å oppgje «Königsberg» som utgjevarby for bøkene dei trykte. Då Johann Andrea Eisenmenger (1654-1704) gav ut sitt tobandsverk om jødedomen – Entdecktes Judenthum i 1701, vart heile førsteopplaget kverrsett av keisaren – og Eisenmenger døydde utan at boka hans hadde nådd marknaden. Femten år etter kom boka ut – trykt i Berlin, men med «Königsberg» oppgjeve som byen for utgjevinga.

I tillegg til fordelane som følgjer med ei viss lovløyse, hadde ogso tyskarane i aust ein annan fordel: Militære tradisjonar. Desse gjekk heilt tilbake til krosstoga – men hadde vorte vidareført i den tyske ordenens kamp mot polakkar, litauarar og andre. I austdelen av den nordeuropeiske sletta er det ikkje fjell og dalar og andre naturlege forsvarsverk. Den staten som skal overleva i dette landskapet, må ha organisasjon. Og organisasjon hadde den prøyssiske kongen.

Tyskland vart ei politisk bakevje, halde på plass av eit fragmentert statssystem som Frankrike kunne manipulera frå utsida. 150 år under dette regimet gjorde tyskarane til eit apolitisk og maktlaust folk – som til slutt vart erobra av sin tidlegare koloni i aust: Preussen.

Under leiing av «alte Fritz», Fredrik den store (1712-1786), vart den prøyssiske armeen sterk nok til at Preussen vart ei av stormaktene i Europa. Men denne velorganiserte hæren var ogso det Preussen hadde å bidra med. London var sentrum for verdshandelen, og den britiske og skotske opplysinga gav oss Adam Smith og John Locke. Frankrike gav oss Encyclopedien medan adelen samla seg kring hoffet i Versailles.

Preussen gav oss Carl von Clausewitz (1780-1831) og Berlin – ein by med vel 50 000 innbyggjarar då han vart hovudstad i Tyskland, ein by langt aust for det meste av tysk historie – ein by prega av kasernelivets gleder. Preussen var ikkje ein stat med ein hær – det var motsett: Preussen var ein hær med eigen stat.

Men nettopp det at Berlin låg aust for tysk historie var byens store styrke. Berlin var ikkje Wien, var ikkje pomp og prakt og gamal historie. Og mangelen på historie og lokaliseringa i utkanten av Tyskland var ein styrke, ikkje ein veikskap. Tredveårskrigen hadde vore ein katastrofe for Tyskland, og fredsavtalen frå Westfalen gav denne katastrofen ein varig karakter. Tyskland vart hakka opp ei mengd makteslause småstatar – under ein «keisar» med minimal makt.

I røynda var Tyskland dominert av stormakta på kontinentet – Frankrike. Den franske ambassadøren i Bayern eller Sachsen trong berre seia «hopp», so hoppa vanlegvis desse «høgvelbårne» og «allerhøgste» fyrstane. Når dei suverene fyrstane i Dresden og München var so bøyelege, kan alle tenkja seg korleis det var med ein av dei mindre suverene fyrstane: Ein biskop her, ein hertug der.

Påkjenningane under Tredveårskrigen fekk mange statar til å gjennomføra djuptgripande reformer – i Danmark-Noreg vart eineveldet innført i 1660, og i generasjonen etter vart skatteinngangen i riket mangedobla. Alliansen mellom ein eineveldig konge og eit stadig sterkare borgarskap trengde adelen til sides, og karriere i staten vart eit spørsmål om kvalifikasjonar, ikkje fødsel.

Krossfararstaten frå grenselandet mot heidningane var ikkje lenger ein riddarorden på erobra og kolonisert jordbruksjord i aust – no var han Europas leiande stormakt, som industrialiserte  og forandra det romantiske og konservative Tyskland raskare enn det som skjedde i noko anna land.

Slik gjekk det ikkje i dei tyske miniatyrstatane, sjølv om ogso desse vart eineveldige. Desse fyrstane var heilt utan makt utetter, og følgde strengt den franske dirigenten. Men undersåttane deira var heilt underlagt eit vilkårleg einevelde. Tyskland vart ei politisk bakevje, halde på plass av eit fragmentert statssystem som Frankrike kunne manipulera frå utsida. 150 år under dette regimet gjorde tyskarane til eit apolitisk og maktlaust folk – som til slutt vart erobra av sin tidlegare koloni i aust: Preussen.

Bjørnson skreiv ein stad om «overanstrængelsen i mennesket».  Nokre menneske, rørsler og samfunn er ute av balanse – og må difor alltid springa berre for å halda seg i ro på same stad. Det var denne «overanstrængelsen» som gjorde at den minste av stormaktene i Europa kunne enda opp med å dominera kontinentet. Og i tillegg to av dei fremste leiarane i europeisk historie – Fredrik den store, og Otto von  Bismarck (1815-1898). Ved å overleva Sjuårskrigen, der Preussen sloss mot alle dei andre stormaktene på kontinentet, med unntak av Storbritannia, sikra Fredrik sin samanraska stat ein varig plass i eliteserien.

Det var Napoleon – både den første og den tredje – som gjorde neste opprykk mogleg. Den første Napoleon tenkte neppe særleg over kva han gjorde då han berre kasta «Det heilage, romerske riket av tysk nasjon» på historias skraphaug. Med sin maktlause keisar, sine valfyrstar og sine tradisjonar og maktspel hadde det tyske keisarriket tent Frankrike trufast sidan Richelieu (1585-1642) og Mazarin (1602-1661) i si tid fastsette dei politiske spelereglane for Tyskland.

Ein ny orden vart etablert på Wienerkongressen i 1815 – men ein orden bygt på veike makter, vendt mot fortida. Ved å kløktig utnytta forfallet i Wienerkongressens fredsavtale kunne Bismarck gjera Preussens konge til tysk keisar. Krigen mot Austerrike i 1866 var den avgjerande hendinga – men i staden for å møta utfordringa frå Preussen rota Napoleon III (1808-1873) seg bort i italiensk politikk. Betalinga fekk han og Frankrike då Bismarck fekk krona kongen av Preussen som tysk keisar i speglsalen i Versailles.

Dei nye eigarane av Königsberg, no Kaliningrad, bygde berre opp att to av dei fire bruene til Kneiphof. Ingen vil ha vanskar med å vandra gjennom Kaliningrad, og kryssa kvar bru berre ein gong. Og Sovjetunionen la viktige delar av Austersjøflåten til den isfrie hamna i Kaliningradenklaven.

Krossfararstaten frå grenselandet mot heidningane var ikkje lenger ein riddarorden på erobra og kolonisert jordbruksjord i aust – no var han Europas leiande stormakt, som industrialiserte  og forandra det romantiske og konservative Tyskland raskare enn det som skjedde i noko anna land. Enorm makt vart samla i Berlin – i eit land som framleis hadde øvrigheitsstat og politisk passivitet arva frå Westfalenperioden.

Berre den organiserte arbeidarrørsla utgjorde nokon verkeleg opposisjon mot prøyssarane. Handlefridomen som lovløysa og historieløysa  i dei koloniserte grenselanda mot aust hadde skapt fekk no heile Europa som verkeområde. Den same «overanstrængelsen i mennesket», men no med enorm rekkevidde – og med eit usikkert og hårsårt tilhøve til alle som ikkje var entusiastiske for den nygamle stormakta.

At den tyske keisaren vart krona i Versailles var eit råkande symbol. Først hadde han vorte krona til konge av Preussen i Königsberg. No vann han gjennom erobring den dominerande rolla over dei tyske statane som Frankrike hadde hatt sidan Tredveårskrigen. Det tyske keisarriket var Tyskland dominert av Preussen – av di Preussen vann over Frankrike i krig. Keisarriket fekk ein riksdag utan makt – og ein rikskanslar med makt. Rikskanslaren trong berre frykta eitt parlament: Den prøyssiske landdagen, eit parlament med verkeleg makt. Men først og fremst den som kalla inn landdagen: Kongen av Preussen, overhovudet for junkarane, jordeigarane i det austlege Tyskland.

For keisaren var ikkje berre tysk keisar – han var framleis prøyssisk konge. Vegen til trona gjekk framleis gjennom Königsberg. Men den imponerande konstruksjonen var samstundes vaklande. Ein av grunnleggjarane av den tyske arbeidarrørsla, Wilhelm Liebknecht (1826-1900), kommenterte det heile slik kring år 1900: «Tyskland er som ein omvendt pyramide – med spissen ned. Han står i balanse, men balansen er svært usikker. Spissen pyramiden balanserer på er piggen på den prøyssiske pikkelhjelmen. Om denne sviktar, kjem heile pyramiden til å styrta over ende.»

Alle historiske rekneskap vart gjort opp. Men det vara ikkje lenge. Med NATO-medlemsskap for Polen og Baltikum gjenoppstod det klassiske landbruproblemet for utposten: I ein spent situasjon kan ikkje både Russland og NATO ha trygge sambandsliner i Baltikum samstundes.

So lenge Bismarck sto ved roret, vart vaklinga til pyramiden heile tida korrigert med slu, politisk kløkt. Men etter at Bismarck gjekk frå brua i 1890 sette den tyske kolossen fart ut i ukjent farvatn – med «full fart framover» som marsjordre frå den nye keisaren, Wilmhelm II (1859-1941).

Den bismarckske fredsordninga havarerte med krigsutbrotet i august 1914. Forsvaret av keisarriket bygde på Alfred von Schlieffens (1833-1913) plan: Avgjerande siger mot Frankrike før Russland rakk å mobilisera. Berre ein liten, tysk hær på 150 000 mann var att for å forsvara Preussen mot eit åtak frå aust. Klemt mellom to russiske arméar på til saman 230 000 mann fann Maximilian von Prittwitz (1848-1917), øvstkommanderande for dei tyske styrkane i aust, ut at einaste løysing var å gje opp Aust-Preussen og trekka seg tilbake vestover.

Difor vart Prittwitz avsett – og avsetjinga av Prittwitz opna for ei av dei mest fantastiske karrierene i tysk historie. Paul von Hindenburg var fødd i 1847, året før den mislukka, tyske revolusjonen. Han var fødd i Posen, men var av prøyssisk adelsslekt. Kvar sommar i oppveksten reiste han til bestefarens gard i Aust-Preussen, garden der han til slutt vart gravlagt. Etter livslang teneste i den prøyssiske og tyske hæren pensjonerte von Hindenburg seg i 1910, 63 år gamal.

Fire år etter byrja so den eigentlege karrieren hans då han vart beden om å overta Prittwitz kommando og forsvara Aust-Preussen. I slaget ved Allenstein utnytta Hindenburg og Erich Ludendorff (1865-1937) jarnbanenettet til å konsentrera den vesle hæren mot først den eine, so den andre av dei frammrykkande, russiske hærane. Etter nokre dagar var fleire hundre tusen russiske soldatar drepne. Aust-Preussen var redda – og Hindenburg var Tysklands redningsmann.

Ikkje før hadde ein løyst Berlin-problemet, som nær hadde utløyst ein ny verdskrig, so lagar ein den geografiske knuten som kan gje oss ein ny verdskrig. Eit umogleg logistisk problem – i Königsberg.

Men slaget er ikkje kjent som «slaget ved Allenstein». Hindenburg kalla slaget opp etter Tannenberg 3 mil lenger vest – endeleg hadde krossfararane fått revansje for nederlaget ved Tannenberg i 1410. Og myten som «Tysklands redningsmann» kalla den pensjonerte, prøyssiske offiseren til stadig nye oppdrag. Eit par år seinare etablerte Hindenburg og Ludendorff i praksis eit tysk militærdiktatur for å freista vinna krigen som Tyskland var i ferd med å tapa. So vart Hindenburg leita fram som presidentkandidat for å berga den tyske republikken – til han til slutt gav stafettpinnen vidare til ein ny og yngre, tysk redningsmann – Adolf Hitler.

Men då var Aust-Preussen igjen ein isolert utpost i aust, skilt frå resten av landet av «den polske korridoren» som vart oppretta saman med den nye polske staten. Men om Preussen var geografisk skilt frå resten av riket, var ikkje tysk politikk skilt frå utposten i aust.  Av alle moglege ting å kasta bort pengar på hadde den nye, tyske republikken brukt store pengesummar på «Osthilfe» – hjelp til konkurstruga, forgjelda godseigarar i Aust-Preussen.

I ly av dette «velferdsstat for godseigar»-programmet utvikla det seg ulike slag korrupsjon, som gjekk heilt til topps i republikken. Då skandalen nådde avisene i desember 1932, kunne dei fortelja om korleis pengane til dei «nødlidande» godseigarane hadde gått til all slags luksusvarer, staselege bilar og liknande. Og det kom ogso fram korleis det forgjelda godset til presidentens bror – Neudeck – i løynd hadde vorte kjøpt av ei gruppe industrifolk i 1927, og gitt som «gåve» til republikkens president. Truleg i byte mot ulike politiske gjentenester. Etter at den nyutnemnte kanslaren hadde fått etablert seg, slutta avisene å skriva om slike ting.

Resten av historia kjenner vi. Andre verdskrig vart utløyst av ein konflikt om Danzig og det tyske kravet om landbru mellom Tyskland og Aust-Preussen. Etter sigeren over Polen vart Aust-Preussen oppmarsjområdet for armégruppe Nord under Operasjon Barbarossa. Målet var å nå Leningrad. Det gjorde dei, Leningrad vart kringlægra og ein million svalt ihel i byen. Men ogso denne gongen nådde den tyske krigslukka si grense, og då dei sovjetiske hærane nådde Aust-Preussen på slutten av krigen vart landområdet tømt for folk.

Men slik «hale lograr med hund» er ikkje eit teikn på stabilitet, fredelege tilhøve og stabile samfunnsmodellar. Og det handlar aldri om «blømande demokrati», sjølv om slike «halar» alltid er gode på fasadebyggjing, og på å spela innverknadsspelet.

Her skjedde historias største skipstragedie – over 12 000 drukna då Wilhelm Gustloff var senka medan skipet evakuerte sivile tyskarar frå Aust-Preussen.  711 år etter at paven i 1234 gav den tyske orden eigarrett til alle land dei erobra i Preussen var tysk historie i dette området slutt. Den vestlege bombinga av Königsberg i 1944 gjorde byen til ein ruinhaug, den sovjetiske erobringa øydela resten. Königsberg med dei sju bruene og den tyske krossfararstaten i aust var redusert til eit historisk minne.

Men fortida forsvinn ikkje – ho er ikkje eingong fortid. Dei baltisktalande prøyssarane vart knekt av den tyske orden, og Preussen vart difor ein krossfararstat på erobra jord, omgjeve av slavarar og baltarar. Det var utryddinga av dei opphavlege prøyssarane som gjorde Preussen til eit fenomen – og når den raude hæren no rulla over området, var det berre Preussen som vart tømt for folk. Estland, Latvia og Litauen vart sovjetisert, men var framleis heimland for sine nasjonar.

Polen vart lagt under kommunistisk styre. Men Aust-Preussen vart tømt for tyskarar, og det tomme rommet vart fyllt opp av sovjetiske borgarar. Armenarar, kviterussarar, ukrainarar – men mest russarar. Sidan sovjetisk makt nådde heilt til Elbe, var det få som tenkte på dette som noko problem. Det gamle tomrommet etter det forsvunne folket vart fylt – igjen som utpost for ei stormakt.

Samstundes vart det klassiske bruproblemet løyst. Dei nye eigarane av Königsberg, no Kaliningrad, bygde berre opp att to av dei fire bruene til Kneiphof. Ingen vil ha vanskar med å vandra gjennom Kaliningrad, og kryssa kvar bru berre ein gong. Og Sovjetunionen la viktige delar av Austersjøflåten til den isfrie hamna i Kaliningradenklaven. Og so, for tretti år sidan, gjekk Sovjetunionen i oppløysing. Tyskland avstod formelt frå alle territoriekrav i området, som ei motyting mot at Sovjetunionen tillot gjenforeining av Tyskland innanfor NATO.

Alle historiske rekneskap vart gjort opp. Men det vara ikkje lenge. Med NATO-medlemsskap for Polen og Baltikum gjenoppstod det klassiske landbruproblemet for utposten: I ein spent situasjon kan ikkje både Russland og NATO ha trygge sambandsliner i Baltikum samstundes. Ikkje før hadde ein løyst Berlin-problemet, som nær hadde utløyst ein ny verdskrig, so lagar ein den geografiske knuten som kan gje oss ein ny verdskrig. Eit umogleg logistisk problem – i Königsberg.

Prøysseriet var eit resultat av Tredveårskrigen, og den som vil preika «trua på mennesket» i eit land råka av Tredveårskrigen endar truleg med tale for tome stolar. I staden for slik fåfengd dyrka prøyssarane kasernelivet, og hæren og kasernen vart etter kvart til ein nasjon.

Historia om Preussen er viktig i seg sjølv, og eg er særs takksam for at ein av israelvenene på Facebook minte meg på om denne historia. Ikkje at han hadde so mykje å tilføra – han trong ikkje historia om Königsberg til anna enn enn som eit påskot for etnisk reinsing: Når Sovjetunionen tømte Aust-Preussen for tyskarar i 1945, må jo Israel kunne tøma Palestina for palestinarar i våre dagar.

Slik kan ein jo finne påskot til det meste, men det finst langt meir interessante parallellar mellom prøysseriet og sionismen. I begge tilfella handlar det om det interessante fenomenet som blir kalt at «halen lograr med hunden». Prøysseriets innverknad i det tyske keisarriket og den tyske republikken var langt, langt større enn det storleiken på landområdet tilsa. Og Israels innverknad i amerikansk politikk er langt, langt større enn det storleiken på landet skulle tilseia. Måten Israellobbyen vann seg ein dominerande posisjon i USA på er sjølvsagt heilt annleis enn Bismarcks samling av Tyskland under Preussen. Men resultatet har mange interessante parallellar.

Dette er heller ikkje dei einaste tilfella der hale lograr med hund. Dei franske kolonistane logra kraftig med den franske republikken mot slutten av femtitalet, og det var med naud og neppe at Charles de Gaulle kom frå det heile i live. På same måte logra lojalistane i Ulster kraftig med Storbritannia i 1913-1914. Men slik «hale lograr med hund» er ikkje eit teikn på stabilitet, fredelege tilhøve og stabile samfunnsmodellar. Og det handlar aldri om «blømande demokrati», sjølv om slike «halar» alltid er gode på fasadebyggjing, og på å spela innverknadsspelet.

Medan «prøyssarane» vart utsletta på 1300-talet, forsvann banu Israel for to tusen år sidan. I begge tilfelle handlar det er om falsk patina – den «jødiske nasjonen» oppstod mot slutten av attenhundretalet, slik «prøyssarane» vart forma av junkerstaten til alte Fritz. Og dette systemet med falske kulissar – om lag som dei innandørs «vill vest»-landskapa i Hollywood i studiotida. Men den falske patinaen, og den ustabile identiteten gjev ikkje rom for kompromiss, dialog og slikt noko – her må «overanstrængelsen i mennesket» kompensera for mangelen på historie, tradisjon og verkeleg rett. Dette er omvendte pyramidar, som kviler på ein smal spiss.

Fredsordninga etter Tredveårskrigen fragmenterte Tyskland, og gav all makt til eineveldige småfyrstar som Frankrike kunne manipulera frå utsida. Det tyske folket forsvann som politisk aktør under denne ordninga. Og det hadde dei austtyske junkarane vore komfortable med – deira verd var bygt kring at politikk var eit monopol for adelen, og i Preussen vart monopolet forsterka på same tid som det vart avvikla lenger vest.

Ein evig, hårsår aktivisme freistar dekka over hola i eiga historie. Og i begge tilfelle er det denne trongen til å kompensera usikker identitet ved hjelp av maktbruk og dominanse som har gjeve desse merkelege identitetane ei heilt sentral rolle i kvart sitt imperium – prøyssarane i det tyske, jødane i det amerikanske. Og ein viktig del av dette er den trollspegelen som blir brukt til å vrenga imperiets blikk mot viktige grannar.

Prøyssarane gav Tyskland ei kraftig redigert utsikt mot aust, ein trong til å dominera den slaviske verda. Og kvar gong regimet møtte problem, var proklamasjonar om at «fedrelandet var i fare» alltid universalløysinga for å få folk til å slutta rekkene. Den same innpiskinga, no sist med den «jødiske nasjonalstatslova» er ogso det evige temaet i israelk politikk. Og «we stand with Israel» har i stor grad styrt USAs politikk for dominanse i den islamske verda dei siste tiåra. Israel er USAs vindauga – eller trollspegel – mot den islamske verda.

Denne trongen til dominans er det naturlege resultatet av den hole identiteten, av manglande grenser kring «oss» og «dei andre», og den mangelen på gjensidig respekt som følgjer av dette. Og bak dette ligg det i begge tilfelle historiske tragediar – prøysseriet var eit resultat av Tredveårskrigen, og den som vil preika «trua på mennesket» i eit land råka av Tredveårskrigen endar truleg med tale for tome stolar. I staden for slik fåfengd dyrka prøyssarane kasernelivet, og hæren og kasernen vart etter kvart til ein nasjon.

Og det var denne anden frå hæren og kasernen som samla Tyskland – ikkje dei politiske idéane og debattane i parlamentet i Frankfurt i 1848.  Slik vart det hebraiske Israel skapt i kaserne og hær på femti- og sekstital. Likskapen med Sparta er i begge tilfelle slåande. Den spartanske dyrkinga av militær makt  var eit resultat av historiske nederlag.  I begge tilfelle var reaksjonen ein ettertanke hjå folk av «Dichter und Denker» som bygde luftslott som kom rasande ned då opplysningsrørslene ikkje var i stand til å levera.

Dei som nærmar seg makt og maktmisbruk i hjarta av dette systemet bør vera førebudd på å bli tatt hardt.  «Tatt hardt» tyder sjølvsagt ulike ting til ulike tider. I vår tid vil dei færraste blir funne flytande i Donau og liknande, slik det skjedde i Tyskland etter at pressa vart skremt til å teia stilt etter maktskiftet i 1933. Og likevel er det ikkje vanskeleg å finna døme på folk som blir tatt hardt.

I land som Frankrike og Storbritannia handla opplysningstida om å reformera eksisterande statar med eksistens og handlekraft. Slik var det ikkje når det galdt den tyske og den jødiske opplysninga: Her handla opplysningstida om  å byggja framtidsdraumar i slåande kontrast til den eksisterande avmakta. Di hardare fallet då luftslotta havarerte – og vonbrotet la i neste omgang grunnlag for ein reaksjon med verkeleg handlekraft.

I Tyskland fekk prøysseriet sitt gjennombrot etter den mislukka revolusjonen i 1848, i den jødiske verda fekk sionismen sitt gjennombrot etter katastrofen på 1940-talet. I staden for nasjonale kompromiss av det slaget som har forma nasjonar som England og Noreg, manipulerte Bismarck dei politiske kreftene frå ein posisjon heva over folket – ein posisjon han fekk frå konge og junkerar som var redde for kva veg Tyskland ville ta når Richelieus og Mazarins grep losna.

Fredsordninga etter Tredveårskrigen fragmenterte Tyskland, og gav all makt til eineveldige småfyrstar som Frankrike kunne manipulera frå utsida. Det tyske folket forsvann som politisk aktør under denne ordninga. Og det hadde dei austtyske junkarane vore komfortable med – deira verd var bygt kring at politikk var eit monopol for adelen, og i Preussen vart monopolet forsterka på same tid som det vart avvikla lenger vest. Det var redsla for det moderne, og redsla for det tyske folket som gjorde at junkarane og kongen gav all makt til «den galne junkaren» Bismarck.

Resultatet vart at Bismarck i første omgang sikra vidareføring av den verda junkarane hadde bygt i ly av Tysklands avmakt. Manipulasjon frå toppen, slik Bismarck og Mazarin styrte Tyskland,  kan oppnå mange av dei same tinga som historiske kompromiss. Men manipulasjonen er avhengig av suksess, og det heile kan bli pulverisert til grus i motgangstider. Nett av di kreftene som blir manipulert ikkje har eller lærer ansvar.

Og av di historieskrivinga blir eit like anstrengt og anstrengande prosjekt som politikken – hårsår, polemisk og sjølvrettferdig. Den «samtalen utan ende» som pregar eit modent samfunn byrjar aldri. Ein er like oppteken av historia som ein er redd for henne. Denne redselen gjenspeglar seg i ei romantisk historieskriving – som Israel Shahak (1933-2001) påpeikar blir historieskrivinga i slike tilfelle berre enno ei form for kamp mot ytre fiendar, i staden for eit middel til danning og menneskeleg innsikt.

Vi gjer likevel klokt i å gjera som Euler – å analysera alle sider av problemet, og gje analysen ei forståeleg og oversiktleg form. Når konsekvensene av ulike vegval er so store, er det for seint å tenkja på konsekvensar når val er tatt og røyndomen høgg igjen der ingen har tatt seg tid til å tenkja.

Slik kunne ein halde fram med å plukka fram openberre parallellar mellom prøysseriet og den moderne slektningen. Men eg vonar eg har fått fram poenget: Skal ein forstå fenomenet med «halen som lograr med hunden» bør vi både sjå det større perspektiva, og fallhøgda. «Preussen» handla ikkje om nokre tysktalande jordbruksområde i det nordlege Polen. Det handla om tilhøvet mellom Tyskland og verda, og om den politiske ordninga i Europas mest sentrale og retningsgjevande stat.

Heller ikkje «Israel» handlar om lokale spørsmål i Levanten – Israel er like sentral for den vestlege orden som Preussen var for den tyske. Og medan det prøyssiske spørsmålet og bruproblemet i Königsberg vart løyst med maktbruk og øydeleggjing, er eg slett ikkje sikker på at ei slik «løysing» er tilgjengeleg når det gjeld det heilage landet og den moderne krossfararstaten som har bygt seg opp der – og erobra seg ein politisk base i USA.

Og er reform mogleg? Då ein byrja skriva om korrupsjonen i samband med «Osthilfe» gjekk det kort tid før fri presse var historie. Dei siste åra har omfanget og verkemåten til den jødiske lobbyen byrja bli dokumentert – i dokumentarserier på Al Jazeera, og i ei rad kritiske arbeid. Kva fører dette til? Det fører til forbod mot kritikk. Til at USA, Frankrike og andre vestlege land tek av silkehanskane for å hindra at dagslys når det avanserte maktmisbruket som omgjev Israel og lobbyane i vestlege land. Og det fører til fullstendig konstruerte kampanjar mot folk som Jeremy Corbyn.

Til at den franske presidenten hevdar at «antisionisme er antisemittisme». Kort sagt: Dei som nærmar seg makt og maktmisbruk i hjarta av dette systemet bør vera førebudd på å bli tatt hardt.  «Tatt hardt» tyder sjølvsagt ulike ting til ulike tider. I vår tid vil dei færraste blir funne flytande i Donau og liknande, slik det skjedde i Tyskland etter at pressa vart skremt til å teia stilt etter maktskiftet i 1933. Og likevel er det ikkje vanskeleg å finna døme på folk som blir tatt hardt.

Stigen under vindauga i Gravkyrkja har stade urørleg sidan 1853 – og let seg ikkje flytta utan å setja heile «Status quo»-konstruksjonen i spel. Førre forsøk på å endra desse tinga førde til Krimkrigen – det neste kan bli byrjinga på tredje verdskrig.

Det heilage landet ligg heilt sentralt i vår historie – i historia til den kristne verda, den islamske verda og den jødiske verda. Sjølv den tyske orden vart stifta her – ikkje i Baltikum. Ting som skjer her vil – på godt og vondt – mobilisera hundrevis av millionar med truande menneske. Kristne, jødar og muslimar. Få stader kan handlingar ha so store og uoversiktlege konsekvensar som akkurat her, av di andelege stormakter her møtest i den tronge geografien i gamlebyen i Jerusalem.

Dette har lenge vore ei oppskrift på krig – og minnene frå desse krigane er ikkje dei same over heile verda. Den status quo som regulerer dei heilage stadene i Jerusalem er frå 1853. Her er dei minste detaljar slege fast på urokkeleg vis. Stigen under vindauga i Gravkyrkja har stade urørleg sidan 1853 – og let seg ikkje flytta utan å setja heile «Status quo»-konstruksjonen i spel. Førre forsøk på å endra desse tinga førde til Krimkrigen – det neste kan bli byrjinga på tredje verdskrig.

Bruproblemet i Köningsberg var enkelt samanlikna med dette. Vi gjer likevel klokt i å gjera som Euler – å analysera alle sider av problemet, og gje analysen ei forståeleg og oversiktleg form. Når konsekvensene av ulike vegval er so store, er det for seint å tenkja på konsekvensar når val er tatt og røyndomen høgg igjen der ingen har tatt seg tid til å tenkja.

 

Video som forklarar bruproblemet i Königsberg:

Episode 1 i i Al Jazeera si serie om lobbyen:

 

Relatert

Kva var reformasjonen?

Ved overmaktas grense

Exit Britannia?

Det som bur ute i mørket

Frigjering frå opplysningsideologiane

Terror ute av balanse