Jordboka

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Februarsnøen ligg kvit kring meg medan eg lempar den svarte, luftige molda over i snøskuffa. Det er atter tid for å tømme den meir eller mindre ferdigmodna delen av varmkomposten og det er vanskeleg å skildre kor tilfredsstillande det er å sjå at dungen med sjølvlaga kompostjord berre veks og veks fram mot ein ny vår.

Av Kjell Brevik, arkeolog og redaksjonsmedlem KULTURVERK. Foto: Kjell Brevik.

BOKMELDING: Lønning, Dag Jørund (2017). Jordboka: Det fantastiske universet under føtene våre. Sirevåg: Forlaget Nyskaping. ISBN:9788269084603

«For oss menneske er molda der maten vår kjem frå, men også opphavet til fargar og glede, til identitet og landskap. Til rike innlevingar og opplevingar. Til kven me er.» (Lønning, 2017: 60)

Etter at kona og eg vart hus- og hageeigarar her på Hovin i Gauldal for nokre år sia vart det endeleg meining i å delta på kompostkurs og dernest gå til innkjøp av ein isolert binge som er godkjent av det lokale renovasjonsselskapet. Kompostering er nemleg noko eg har ønska å halde på med i snart tjue år, men det har vore vanskeleg å få til andre stader. Ikkje for det, – eg hadde ein gong ein liten, hemmeleg mødding der eg kunne grava ned litt matavfall utan at naboane kunne seie noko på det.

Dessutan fanst det mange kaldkomposthaugar med ukontrollert humusproduksjon på heimstaden min. Så for meg heng kompostering, eller det å aktivt bidra til å laga mold i eigen hage, saman med ei kjensle av fridom. Og er det noko forfattaren Dag Jørund Lønning verkeleg får til i Jordboka så er det nettopp å setje ord på slikt som svirrar rundt i hovudet på ein «grevling» som alltid har elska å rote i jorda og sjå at «nytt liv av daude gror».

Sjølv oppdaga eg boka tidleg våren 2018. Eg kjøpte strakst det siste eller kanskje einaste eksemplaret i bokhandelen og fann fort ut at innhaldet var som mat og drykk for sjela mi. Jordboka er skrive på ein lettfatteleg og levande måte. Lønning tek for seg ei lang rekke emne fordelt på «Bolk I: Mold er liv, fridom, samspel, Bolk II: Mennesket sine åtak på molda og Bolk III: Den nye grøne revolusjonen».

Foto: Kjell Brevik

Effekten gjennom omlegging av store driftseiningar og gardar er enkeltvis større enn det ein liten hageflekk kan vise til, men Lønning får fram at også sistnemnte har så uendelig mykje å seie for heilskapen.

Lønning har ein etter måten brei fagleg bakgrunn og tangerar utan vanskar emne som økologi og naturforvaltning, (sosial)antropologi, filosofi og religion, bygdeutvikling og nyskaping. Det siste paret er han professor i, i tillegg til å vera rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren i Rogaland fylke.

Det er særs mange kvalitetar ved Jordboka som kunne nemnast her, men eg tykkjer Lønning har bygd opp verket på ein god, pedagogisk måte som gjer det enkelt for alle lesarar å følgje tråden frå prolog til epilog. Ikkje minst har forfattaren gjort det kunststykket at han har rama inn den andre bolken om det kulturelle og økologiske elendet for menneske og jordeliv med dei to delane som gir både håp, glede og inspirasjon for oss som er mottakelege. Her kjem Lønnings lange erfaring som ekspert på feltet lokal nyskaping til stor nytte.

I epilogen skriv han: «Hovudbodskapen i Jordboka er på eitt vis enkel: Det aller meste må endrast. Rett og slett snuast på hovudet. Det gjeld sjølve forståinga av kva mold er, så vel som korleis me forvaltar og brukar den. Våre rådande produksjonsmåtar er relativt sett lite effektive. Dei er i tillegg sterkt mold- og naturøydande. Det ligg enorme potensial i eit betre samspel med det mangfaldige og uhyre produktive livet i molda. Potensiale for ei meir effektivt og berekraftig landbruk, men også for eit leveleg framtidsklima. Men snunad vil ikkje koma av seg sjølv. Nye idear møter motstand. Og spesielt idear som rokkar ved etablerte system. Det ligg i nyskapinga sitt vesen. Forvaltarane av dei etablerte sanningane og maktposisjonane mobiliserer. Dei har interesser å forsvara.» (Lønning 2017: 201).

Bolken om den nye grøne revolusjonen ber den optimistiske undertittelen «Om korleis den nye kunnskapen om molda kan gjera landbruket berekraftig og redda planeten vår». Lønning følgjer opp med å presentere fleire konkrete døme på at ein genuin grøn revolusjon allereie er i gang og at bønder og jordbrukarar ofte er fleire hestehovud framom forskinga på dette området.

Foto: Kjell Brevik

Eit omgrep som samlar metodane han legg fram for oss er såkalla «regenerativt landbruk»: «[…] ei driftsform der ein – samtidig som ein produserer mat og landskap – aktivt prøver å gjenskapa den naturlege klimaregulerande balansen mellom atmosfære, jorddekke (gras og skog) og levande mold. Denne driftsforma har og eit sterkt fokus på mennesket: på den trivsel, leik og skaparkraft som kan veksa fram i eit økologisk balansert samspel mellom garden, det levande lokalsamfunnet og det landskapet, over og under bakken, som er sjølve kjelda til det tette sambandet mellom menneske og jorda me går på og bur på.» (ibid.: 138).

Personleg set eg særleg stor pris på at Lønning ofte vektlegg kor mykje kvar enkelt av oss faktisk kan påverke denne nye kulturen som spelar på lag med molda. Effekten gjennom omlegging av store driftseiningar og gardar er enkeltvis større enn det ein liten hageflekk kan vise til, men Lønning får fram at også sistnemnte har så uendelig mykje å seie for heilskapen: «Kven sa at den vesle jordflekken ikkje var viktig? For min eigen del kan eg seia at idear til nye løysingar, prosjekt, artiklar og bøker har kome flytande, den eine etter den andre, medan eg har stått der med greipa eller den vesle plantespaden.» (ibid.: 60).

Mot slutten samanfattar Lønning dei mest sentrale fellesskapsverdiane som vil kjenneteikne det han kallar «framtidslandsbruket»: familiebasert, inntektsgjevande, låge kostnader, moldbyggjande, miljøvennleg og klimapositivt samt identitets- og fellesskapsbyggjande. Med desse konkrete kriteriene in mente vil eg seie at Jordboka definitiv høyrer til på leselista til den gjennomsnittlege lesaren av KULTURVERK.

Eit framtidsretta, regenerativt landbruk vil innebera ei lang rekke positive konsekvensar for dei ulike aspekta av kulturlandskapet og arbeidet for å verne om dei mange verdiane i dette. I mars 2019 er det planlagt ein lanseringskonferanse for Jordboka II. Til våren skal også dei regenererande kreftane i komposthaugane mine – i følgje forfattaren «den guddommelege materien» – få vise kva dei er gode for i det store samspelet vi kallar økologi.

 

Foto øverst: Kjell Brevik

 

Relatert 

Thoreau: Om naturen og kunsten å gå

Norske miljøkamper – veiviser for redning av norsk natur

Admiralen vender alltid tilbake

I Ugleskog

En godsterminal er et stedstap