Ved overmaktas grense

For hundre år sidan stod det britiske Imperiet på høgda av si makt. Imperiet hadde akkurat vunne første verdskrig, og hadde millionar under våpen. Den nye alliansen med USA sikra ryggdekning, og vilkåra for fred kunne dikterast til Tyskland og andre nasjonar som våga utfordra britisk makt. På akkurat dette tidspunktet i historia byrja opprøret som skulle knekka Imperiet.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Mennene i Tipperary hadde skytevåpen og mannsmot, og lite anna. Breen var på rømmen i to og eit halvt år – utan å kunna vita nokon gong kvar han skulle sova neste natt, og med svære pengepremiar hengande over hovudet.

Det byrja midt på den grøne øya som ligg vest for Storbritannia, ved Soloheadbeg ikkje langt frå Tipperary. 21. januar 1919 gjennomførte den irske, republikanske hæren i Tipperary eit overfall på ein sprengstofftransport til steinbrotet i Soloheadbeg. Då politikonstablane som følgde transporten gjorde motstand vart dei skotne. IRA-avdelinga flykta etterpå, og gøymde seg på bygdene rundt.

Dei to som leidde overfallet – Seán Treacy (1895-1920) og Dan Breen (1894-1969) – ønskte å starta ein krig. Månaden før hadde eit valskred forandra det politiske kartet i Irland for alltid. Sinn Fein gjorde reint bord på store delar av øya – på eit program for å la vera å møta i London, men i staden skipa eit irsk parlament – Dáil Éireann. Det nye, irske parlamentet møtte til sitt første møte same dag som Tracy og Breen gjennomførte overfallet ved Soloheadbeg. Dei hadde ikkje spurt nokon i Irish Volunteers om godkjenning, og i etterkant vart åtaket fordømt av alle.

Dei vart fordømt, men dei vart ikkje arrestert. Etter kvart som britiske styresmakter slo ned på Dáil Éireann og gjorde valvinnarane makteslause, snakka revolvermennene i Tipperary det einaste språket som Imperiet forstod. Dei snakka Imperiets eige språk.

Breen var oppvaksen i ei av Imperiets gazastriper. Britisk styre gjorde Irland til ein slum. Oliver Cromwell (1599-1658) ville jaga irske katolikkar «til helvete eller Connaught», og medan dei som stod for koloniregimet på øya forsynte seg av den beste jorda og skumma fløten av det landet produserte, overlevde dei innfødde irane på kanten av sveltihel på det som vart til overs.

Hundre år etter er det mektige, britiske Imperiet eit historisk minne. For Irland var ikkje den einaste gazastripa i Imperiet, og rund omkring på kloden følgde folk med på nyhenda frå den merkelege, og smått utrulege gjenskapinga av ein irsk nasjon som Breens generasjon gjennomførte.

Hungersnauda som halverte folketalet i Irland på 1840-talet var ein menneskeskapt katastrofe, på ei øy som eksporterte korn, mjølkeprodukt og kjøt i stor stil medan millionane svalt. Og Breen fekk som barn med seg ein av dei siste tradisjonelle utkastingane som sette stemninga heile 1800-talet,  der ein eldre slektning vart kasta ut frå sitt vesle bruk for å døy av svolt og kulde i vegkanten.

Kort sagt: Breen hadde orkesterutsikt til kva britisk «makt og ære» var bygt på, og han handla ut frå det han visste. Det einaste problemet han måtte ta stilling til var det eine: Overmakt. Medan britane hadde millionar under våpen og tilgang til alle verdas ressursar, hadde Breen og dei andre friviljuge i den republikanske hæren ikkje eingong sikker tilgang på skytevåpen. Og sidan britane kontrollerte havet kring Irland, var det lite dei kunne gjera med dette. Dei våpna dei trong måtte dei i stor grad gripa ut av hender i britisk teneste.

Den irske frigjeringskrigen hadde fleire faser. Mot slutten kunne eit godt organisert IRA i Cork mobilisera opptil hundre folk i planlagte bakhald, og slå tilbake stor britiske styrkar. Men treningsleirane, disiplinen, etteretningstenesta og dei andre tinga som høyrde til denne avgjerande delen av krigen var framleis noko som høyrde framtida til då Breen og Tracy starta den irske krigen. Mennene i Tipperary hadde skytevåpen og mannsmot, og lite anna. Breen var på rømmen i to og eit halvt år – utan å kunna vita nokon gong kvar han skulle sova neste natt, og med svære pengepremiar hengande over hovudet.

Men sjølv om landsmenne hans kunne vera usamde, og nokre kunne vera rasande på kva IRA held på med, ville svært få gå til politiet og varsla om kvar han var. Og IRAs kampanje var nådelaust retta mot politiet – mot Royal Irish Constabulary som var augo og øyro for britisk makt i Irland. Og når imperiet ønskte å spela grisete mot den republikanske geriljaen, og ta livet av folk utan lov og dom, sa mange konstablar opp i protest.

Utanom dei store verdskrigane var det geriljakrigar av den irske typen som prega førre hundreår, og som førde til at ei mengd nasjonar byrja kasta lenkene av seg. Når ei kalksteinsgrotte blir danna, er det den første millimeteren med sprekk som tek mest tid. Når først vatnet byrjar strøyma går det mykje fortare.

I staden vart dimmiterte britiske soldatar sett inn som spesialstyrke – «Black and Tans» – og freista kvela opprøret med terror og maktbruk. Det førde berre til at folk flokka seg om den republikanske undergrunnshæren, som var dei einaste som kunne tilby ein grad av tryggleik og sjølvrespekt.

Breen og Tracy gjennomførte fleire spektakulære kupp. Republikanske fangar vart frigjort under transport, politistasjonar tømt for våpen. Dei veksla mellom å operera i det heimlege Tipperary og i storbyen Dublin – dit dei søkte i periodar då det vart for heitt heime. Breen var svært rask når det galdt å finna tak i revolveren han bar gøymt i frakkelomma, og det skjedde meir enn ein gong at konstablar på sjekkpunkt fann ut at dei ikkje kjende att Irlands mest ettersøkte mann. Det gjev kanskje ære å døy for Imperiet, men du kunne neppe innkassera dusøren om du freista stogga Breen under slike omstende.

Men du overlever ikkje på rømmen i årevis utan å ha flaksen på di side. Ein seinkveld vart Breen og Tracy sett på ein sein trikk i Dublin av ein av politispionane utan at dei la merke til det, og etterpå skygga spionen dei fram til dekkbustaden. Dei låste seg inn i dekkbustaden utan å varsla huseigaren, som sov i ein annan etasje. Før dei gjekk og la seg, sjekka dei kva som var mogleg fluktveg ut av husets hage. Halvt påkledde, med revolver under hovudputa la dei seg til å sova andføtes i same seng.

Midt på natta var huset omringa av eit par titals soldatar, som tok seg inn i gangen utanfor rommet der Tracy og Breen låg. Dei fekk på seg kleda i all hast, og freista skyta seg ut av omringinga i ly av mørket. Tracy forsvann utan at Breen visste kva som hadde skjedd. Sjølv kom han seg ut bakdøra, gjennom hagen og over gjerdet – og skaut alle som freista hindra flukta. Etterpå henta britane eit titals falne kring huset. I sinne over tapa vart huseigaren vart skoten der og då – utan lov og dom.

Men då Breen sprang igjennom parken like ved var han hardt skadd. Mange kuler hadde gått gjennom kroppen hans, ei av dei gjennom lungene. Og forfølgjarane ville neppe ha problem med å følgja blodspora. Han sprang ned til Tolka, ei av elvane som renn gjennom Dublin. So følgde han elva eit lite stykke, og kryssa henne. Han svima av litt, men då vakna meinte å sjå tre hus nær elva på motsett side. Han satsa på det i midten, greidde å føta seg fram til døra – og banka på.

Ekteparet som opna døra tok han inn, fekk lagt Breen i seng og byrja stogga blødningane. Han trong ikkje forklara noko – dei forstod både kven han var, og kva som hadde skjedd. Mannen i huset sa frå om han vart nøydd til å melda frå til politiet om kva som hadde skjedd. Då protesterte det frå kjøkenet: Kona sa frå at han berre kunne våga å melda Dan Breen til politiet – då kom ho til å melda han til Michael Collins (1890-1922), IRA-kommandanten i Dublin.

Enden på visa var at Breen dagen etter vart smugla med hest og vogn frå huset ved elvesida til sjukehus, der kulene plukka ut av kroppen og den hardt skadde pasienten fekk ro til å gro sår og gjenvinna helsa, pleidd av nonner som ikkje melde frå til politiet. I nabohusa på kvar side av ekteparet som berga Breen var det innkvartert britiske soldatar.

Hundre år etter er det mektige, britiske Imperiet eit historisk minne. For Irland var ikkje den einaste gazastripa i Imperiet, og rund omkring på kloden følgde folk med på nyhenda frå den merkelege, og smått utrulege gjenskapinga av ein irsk nasjon som Breens generasjon gjennomførte. Fleire geriljarørsler følgde i spora etter dei irske pionerane. Når først ideen om at overmakta var uovervinneleg og uunngåeleg var brote, var resten i stor grad eit spørsmål om «prøv og feil».

Utanom dei store verdskrigane var det geriljakrigar av den irske typen som prega førre hundreår, og som førde til at ei mengd nasjonar byrja kasta lenkene av seg. Når ei kalksteinsgrotte blir danna, er det den første millimeteren med sprekk som tek mest tid. Når først vatnet byrjar strøyma går det mykje fortare.

Det visste dei sjølvsagt ikkje, der dei stod og venta i vegkanten ved Soloheadbeg for hundre år sidan. Men dei visste at dei heller ville vera førsteklasses irar en andreklasses engelskmenn, og dei visste at ingen andre enn dei sjølve kunne gjera noko med det. Dei visste ogso overmakta var sopass stor at dei neppe ville overleva krigen dei ønskte å starta. Likevel ønskte dei å setja ei grense for denne makta.

 

Relatert

Exit Britannia?

Tors ferd til Utgard-Loke

Om begrepet terror

Norsk havørn på den grønne øya – en samtidsfortelling med lykkelig slutt

«Det finnes ingen god løsning for Syria» – intervju med journalistlegenden Robert Fisk

Kan palestinerne «okkupere seg selv»?