Det som bur ute i mørket

Presidenten i USA blir ofte kalt «verdas mektigaste mann». Det er ei sanning med modifikasjonar. For 55 år sidan køyrde ein bilkortesje med «verdas mektigaste mann» gjennom sentrum av Dallas. Kortesjen gjekk i 60 km/t, men stoppa nesten heilt opp før bilen til Kennedy svingde skarpt ved Dealey Plaza. Nokre sekund etter, før bilen hadde fått opp farta, høyrdest det første skotet. Seks sekund etter var det heile over.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Sjølv om Anon står i mørket, veit folk at han er der. Og det at han er der, utanfor rekkevidde for folkevalde politikarar, fører til jamn og uunngåeleg erosjon.

Før han møtte Pippi Langstrømpe brukte plakatane å forkynna at Sterke Anton var «verdas sterkaste mann». Etter møtet forkynte dei same plakatane at det handla om «verdas sterkaste mann». Uansett korleis ein snur og vender på det: På Dealey Plaza møtte Kennedy verdas mektigaste mann – eller i alle fall nokre i hans teneste. Denne «verdas mektigaste mann» er framleis, 55 år etter, ein ukjend storleik. Vi kan kalla han «Anon», etter han som har skrive alle folkevisene. Dei liknar: Folkevisene dikta ikkje seg sjølv, og drapet i Dallas organiserte ikkje seg sjølv. Men begge delar er bortanfor rekkevidde av det vi kan vita.

Skota i Dallas var førre hundreårs mest perfekte brotsverk, og den som vil grava i detaljane vil møta eit villniss. Dette villnisset er interessant på to måtar. For det første av di denne «Sterke Anon, verdas mektigaste mann» er gøymt bak dette villnisset. Etter drapet på Kennedy har desse skota so langt ført til 2000 bokutgjevingar – som systematisk og ned i detaljar går gjennom alt vi veit om drapet. Men denne flaumen av litteratur har ikkje ført til at vi veit kven som skaut Kennedy. Derimot er Warren-kommisjonens teori om at Lee Harvey Oswald (1939-1963) gjennomførte attentatet åleine, på eige initiativ, vorte so møllspist at han berre kan bergast av «trua åleine».

I novella Korstroll fortel Hans E. Kinck (1865-1926) om mannen som plutseleg seier til kona at «dar kryp eit korstroll på foten din». Når ho reiser seg, tek han ekstra i med årene, og kona ramlar i sjøen. Han greier få henne opp av vatnet, men helsa hennar har fått ein knekk, og både ho og barnet ho ber på døyr våren etter. Og hendinga legg seg som eit unemneleg mørke mellom dei. Mørket blir ikkje borte då ho døyr – mannen kjenner seg forfølgd av eit stort, usynleg korstroll som bur der ute i mørket, og som han aldri greier fri seg frå. Til slutt brest demninga, og han spring gjennom tunet medan han ropar «eg har drepe kåna mi, eg har drepe kåna mi».

Drapet på Kennedy er den viktigaste einskildhendinga der denne skuggeverda har synt andlet. Djupstaten har avgjerande innverknad på USAs politiske kurs, men ønskjer ikkje at denne innverknaden skal bli utsett for dagslys. Og difor har fornektinga, togna, latterleggjeringa vorte ein innebygt del av systemet.

Kennedydrapet har gjeve oss eit viktig omgrep – «konspirasjonsteoretikar». Dei som skapte omgrepet var CIA, som i eit internt notat frå 1967 gjev pressekontaktane sine detaljerte råd om korleis ein skal møta og diskredittera «konspirasjonseoretikarar», og underbyggja respekten for Warren-kommisjonen som den endelege sanninga om attentatet. Det hadde CIA gode grunnar til å gjera. «I’m just a patsy», sa Oswald til journalistane dagen før han vart skoten. Eit offerlam. Men Oswald var ikkje berre eit offerlam – han var veldig godt marinert.

Dei som stod for marineringa av han som skulle få skulda for drapet var CIA. Sjefen for CIAs kontraspionasje, James Jesus Angleton (1917-1987), hadde i fleire år ei eiga mappe på Oswald som berre han hadde tilgang til. I den siste biografien om Angleton oppsummerer Jefferson Morley: «Alt dette fører til eit vanskeleg spørsmål: Nytta Angleton Oswald som agent, som del av eit komplott for å myrda president Kennedy?» Han hadde utan tvil kunnskap og evne til å gjera dette.

Angleton og staben hans hadde god kjennskap til Oswald lenge før Kennedy vart drepen. Angleton likte å driva operasjonar utanfor det som vart rapportert i vanlege kanalar. Han gav utrykk for ein aktivistisk antikommunisme som teikna konsekvensane av Kennedys liberale politikk i apokalyptiske termar. Han deltok i diskusjonar om politiske attentat. Og han deltok i ein penumbra av løynde spel der få ting var utenkelege. «Angleton hadde eit unikt grep om hemmelege operasjonar», skreiv Dick Helms (1913-2002) i sine memoarar. «Jim hadde ei evne til å reisa operasjonelle diskusjonar – ikkje berre til høgare nivå, men til nye dimensjonar».

Angleton forsikra seg at han plausibelt kunne nekta for korleis han følgde Oswald frå 1959 til 1963. Dei som i dag set han høgt kan framleis plausibelt nekta for at han var involvert i drapet på John F. Kennedy.

«Anon» må rett og slett ha kontroll over kva historier som er akseptabelt å fortelja, og fornekting av «konspirasjonsteoriar» har vorte ein naudsynt passersetel for alle som vil gjera karriere i den amerikanske eliten. Kort sagt: «Anon» har dominert amerikansk medvit etter Dallas. Kven ønskjer leggja seg ut med verdas mektigaste mann? Når ein ikkje eingong veit kven det er?

Det som ikkje kan nektast for på plausibelt vis er at Angletons handlingar var ulovlege. Han hindra etterforskinga for å løyna sitt eige tilhøve til Oswald. Han laug for å løyna korleis han nytta eks-dessertøren i etteretningssamanheng hausten 1963 mot det kubanske konsulatet i Mexico. Om Angleton manipulerte Oswald som del av eit drapskomplott veit vi ikkje. Uansett kven som drap John F. Kennedy: Angleton dekte over for dei. Han var hjernen bak røykleggjinga etter drapet.

So langt Morleys veldokumenerte biografi. Og dette er problemet når ein over femti år etter skal oppsummera drapet: Det er lett å finna ting i den offisielle historia som kryssar grensa for det sannsynlege og det moglege. Men kven som skaut Kennedy, og kvifor, er gøymt i den tåka som røykleggjingsmeistrar som Angleton la ut etter drapet.

Det kan vera interessant å grava i detaljane kring drapet. «Plan A» i Chicago nokre veker før (der det ogso fanst ein «patsy»). Hola i tryggjingsopplegget. Dei mange usannsynlege momenta i Oswalds historie fram til skota på Dealey Plaza. Den «magiske kula». Vitnemåla som plasserer ein attentatmann på grashaugen, motsett retning av skuleboklageret der Oswald heldt til. Men alt dette fører berre eit stykke på veg: Omrisset av konspirasjonen blir synleg, men dei som trekte i trådane tok desse løyndomane med seg i grava.

Skulle ein oppklart dette mordet, måtte ein ha etterforska. Det gjorde ein ikkje – og vi sit att med den dokumentasjonen konspirasjonsteoretikarane har akkumulert i femti år. Vi veit det fanst ein konspirasjon. Vi veit at spora vart røyklagt, samstundes som Warrenkommisjonen strekte og kutta prov og vitnemål for at dei skulle liggja i ro på  Prokrustessenga – den konklusjonen Angletons gode ven og kommisjonsmedlem, ex-CIA-sjef Allen Dulles (1893-1969), la til grunn.

Den amerikanske republikken var litt over hundre år gamal då han vart kasta inn i 1900-talets malstraumar. USA er av dei nasjonane som i stor grad er skapt av ein stat, som medvite har forma ein straum av immigrantar i sitt bilete. Trygg bak to store verdshav hadde USA sidan Monroe på 1820-talet insistert på hegemoni på det amerikanske kontinentet.

Men vi vil aldri oppleva den forløysande augneblinken der nokon ropar ut: «Eg har drepe presidenten vår, eg har drepe presidenten vår». Mørket kring denne hendinga har kome for å bli. Og mørket blir ikkje mindre med åra – tvert om er dette eit mørke som ligg nær hjarta av det politiske systemet i USA.

Vi veit kven som var dei to første konspirasjonsteoretikarane: Robert F og Jaqueline Kennedy. Dei to var overtydde om at ein høgreorientert konspirasjon stod bak drapet på John F. Men drapet slo ogso beina under Roberts makt som justisminister, og Robert balanserte på ein knivskarp egg i åra etter drapet, for å ikkje øydeleggja sjansen for ei framtidig etterforsking. Jaqueline og Robert sende ei eiga utsending – Bill Walton (1909-1994) – til Moskva for å fortelja leiinga i Sovjetunionen at det mest truleg stod ein høgrekonspirasjon bak drapet.

Walton oppsøkte Georgij Bolsjakov (1922-1989), som  Robert hadde hatt tett samband med under Cuba-krisa. I tillegg til bodskapen om at ein konspirasjon av høgreorienterte stod bak, var Roberts bodskap at den nye presidenten ikkje var til å lita på, men at han sjølv planla å koma igjen ved neste krossveg. Dette var synspunkt Robert berre delte med sovjetleiarane – han leit ikkje på sitt eige regjeringsapparat.

Robert leit heller ikkje på Warren-kommisjonen, men var ein slu nok spelar til å vita at han hadde lite å vinna på å gå ut mot kommisjonen. Planen hans var å bli amerikansk president – og nytta makta til presidentembetet til å gjennomføra ei skikkeleg etterforsking. Då Lyndon Johnson trekte seg som kandidat i 1968 vart Roberts tidsplan skipla – og etter å ha vurdert alternativa kasta han seg inn i nominasjonskampen til det demokratiske partiet.

Då han vann nominasjonsvalet i California tydde mykje på at han hadde det kvite huset innan rekkevidde. Då small det igjen. Igjen ein «patsy», denne gongen ein mann som ikkje hugsa nokon ting frå drapet – og som i følgje leiande autoritetar er ein av dei mest letthypnotiserte menneska dei har vore borti. Ein mann som «forsvann» etter ei hesteulukke året før, og ingen veit kvar han var nokre kritiske veker då vener og kjente trudde han låg på sjukehus. Før han kom tilbake – med endra personlegdom.

Denne mannen – Sirhan Bishara Sirhan – gjekk so inn på kjøkkenet på hotell KKKK etter at Robert Kennedy hadde vunne primærvalet, og skaut minst 12 skot med ein 8-skots revolver. Med Robert døydde sjansane for at drapet i Dallas nokon gong skal bli oppklart. Eit lite tilløp har det vore: Etter avsløringane av CIA under Church-komiteens høyringar i kjølvatnet av Watergate sette Kongressen ned «House Select Commitee on Assasinations».

Komitéen engasjerte to rådgjevarar med solid røynsle frå drapsetterforsking og påtalemakt  – Richard Sprague (1921-1996) og Bob Tanenbaum. Dei to vart engasjert på det vilkåret at dei skulle kunne nytta alle maktmidla ein disponerte i drapssaker i USA – inkludert å senda folk som vitna falskt til domsstolen for falsk eid. Men då Tanenbaum tok CIA-offiseren David Phillips (1922-1988) i å lyga under eid fekk komiteen kalde føter etter at pressekampanjen mot «McCarthy-metodar» byrja. Dei to sa opp i staden for å bli med på nok ei kvitvasking.

Men om amerikanarar flest var skeptiske til krig og ønskte nøytralitet, var det svært sterke krefter som hadde interesse av krigen, og ønskte ei anna rolle for USA. Det galdt særleg den akademiske eliten på austkysten, og finansinteressene på Wall Street. Desse kreftene drog eit motviljug USA inn i to verdskrigar.

Om mørket og lyset

«Denn die einem sind im Dunkeln
und die andern sind im Licht.
Und man sieht die im Lichte
Die im Dunkeln sieht man nicht.»

(Berthold Brecht, „Mackie Messer“, 1928)

Denne duellen mellom ein president som utfordra mektige krefter, og Anon, som får drepe den same presidenten i eit attentat som ikkje blir skikkeleg etterforska, langt mindre oppklara, har gjennom femti år hatt ein erosjonseffekt på tilliten til det amerikanske politiske systemet som eg trur ein skal vera forsiktig med å undervurdera.

Amerikanarane trudde jo på systemet sitt – regjering «frå folket, av folket, for folket», som Lincoln sa i Gettysburgtalen. Kennedy representerte fornying etter åtte år med den trygge, men distanserte general Eisenhower. Dette var USAs «gylne år». Og so – mørke midt på dagen. I femti år har nesten ingen journalistar ønskt å ta i dette materialet.

Internasjonale tryggleiksordningar er bygt på frykt, mistillit og hemmeleghald. I Sovjetunionen fanst eit svært apparat bak fasaden som stod for betydeleg makt. Dette apparatet vart utsett for dagslys mot slutten av sovjettida. Men i vest har vi aldri hatt noko «Glasnost». Kunnskapane våre om dei som opererer i mørket er avgrensa, og dette er eit tema ein helst unngår.

«Konspirasjonsteoriar» er profesjonelt sjølvmord. I alle kanalar har amerikanske medie proklamert at Warrenkommisjonen oppklarte saka: Lee Harvey Oswald gjorde det! Trass dette er det eit stabilt fleirtal av amerikanarar som trur det fanst ein konspirasjon bak drapet i Dallas. Sjølv om Anon står i mørket, veit folk at han er der. Og det at han er der, utanfor rekkevidde for folkevalde politikarar, fører til jamn og uunngåeleg erosjon.

Det var ikkje Anon åleine, men nettverket hans som gjorde det mogleg å først drepa ein folkevald president, og etterpå løyna spora sine. Dei seinare åra har dette nettverket til Anon fått tilnamnet «djupstaten». Drapet på Kennedy er den viktigaste einskildhendinga der denne skuggeverda har synt andlet. Djupstaten har avgjerande innverknad på USAs politiske kurs, men ønskjer ikkje at denne innverknaden skal bli utsett for dagslys. Og difor har fornektinga, togna, latterleggjeringa vorte ein innebygt del av systemet.

«Anon» må rett og slett ha kontroll over kva historier som er akseptabelt å fortelja, og fornekting av «konspirasjonsteoriar» har vorte ein naudsynt passersetel for alle som vil gjera karriere i den amerikanske eliten. Kort sagt: «Anon» har dominert amerikansk medvit etter Dallas. Kven ønskjer leggja seg ut med verdas mektigaste mann? Når ein ikkje eingong veit kven det er?

«Lone nutters» – dei som trur på den einslege, sprø drapsmannen Oswald – må gjera mange tankesprang bygt på «trua åleine» for å få saka til å liggja i ro, trass vitnemål og prov som undergrev Warrenkommisjonen. Dette bør vi styra klar av – i eit tillegg forklarar eg kort kvifor «lone nut»-teoriane er naive.

Men jakta på drapskonspirasjonen blir ogso fort som historia om fylliken som leita etter mynten han hadde mista under lyktestolpen: «Var det her du mista han?» Fylliken svarte: «Nei, men det er her det er lys.» I staden for fåfengt leiting i sparsamt lys, bør vi læra oss å forstå mørket.

Kennedys kollisjon med djupstaten handla om Cuba og tilhøvet til Sovjetunionen. Men dei politiske kursskifta etter drapet i Dallas handla om to andre sakskompleks. Etter Dallas har ikkje USA hatt seriøse planar for invasjon av Cuba, sjølv om blokaden og attentatforsøka heldt fram.

Den amerikanske republikken var litt over hundre år gamal då han vart kasta inn i 1900-talets malstraumar. USA er av dei nasjonane som i stor grad er skapt av ein stat, som medvite har forma ein straum av immigrantar i sitt bilete. Trygg bak to store verdshav hadde USA sidan Monroe på 1820-talet insistert på hegemoni på det amerikanske kontinentet. Europa låg langt borte, og svært mange amerikanarar ønskte ikkje å bli dratt inn i krigane på det europeiske kontinentet.

Men om amerikanarar flest var skeptiske til krig og ønskte nøytralitet, var det svært sterke krefter som hadde interesse av krigen, og ønskte ei anna rolle for USA. Det galdt særleg den akademiske eliten på austkysten, og finansinteressene på Wall Street. Desse kreftene drog eit motviljug USA inn i to verdskrigar. Og dei nytta dei midla dei hadde – både blanke våpen, og mindre blanke.

Det er i denne prosessen den amerikanske djupstaten vart fødd: I det nøytrale USA i 1940 arbeidde 1000 menneske i regi av britisk etterretning i Rockefeller Center – for å systematisk diskredittera dei kreftene som ønskte gjennomføra den nøytraliteten som Roosevelt berre hadde i kjeften. Desse britiske agentane arbeidde ikkje på «fiendtleg territorium».

Roosevelt sa ja takk til all den hjelpa han kunne få for å dra eit motviljug folk inn i krigen. Men for amerikanarar flest var dette ei ukjent side av røyndomen, der spørsmålet om demokrati og lojalitet ofte kom i merkeleg lys. Roosevelt var heilt avhengig av at til dels manøvreringa fram til Pearl Harbour låg i mørket. Og kritikarar som såg og forstod desse manøvrane vart nådelaust stempla og støyt ut i mørkret.

I denne skuggeverda stod ein britisk agent – «Wild» Bill Donovan (1883-1959) – sentralt i å byggja opp ein amerikansk organisasjon etter mønster frå MI6: Office of Strategic Studies eller OSS. Og i sentrum av OSS stod ein krins med folk som fekk opplæringa si hjå MI6, og som utgjorde kjernen av CIAs nettverk. Folk som James Angleton, Richard Helms m.fl.

Skota i Dallas hadde konsekvensar, og kosta millionar av liv. Å vita dette er ikkje til stor hjelp i jakta på Anon. Men likevel er det ein viktig del av reknestykket. Historiske hendingar har konsekvensar, og ofte finst det sterke interesser som ønskjer å røykleggja desse konsekvensane.

Denne gruppa fekk svært vide fullmakter då etterkrigstidas amerikanske imperium skulle konsoliderast, og valde regjeringar på ulike kontinent skulle styrtast. CIA vart ein viktig del av det amerikanske imperiet. Og på mange måtar var det som skjedde at USA arva det britiske imperiet og den rolla britane hadde hatt internasjonalt – og lovene og institusjonane som vart bygt opp som ein nasjonal tryggleiksstat under presidentmakta vart det institusjonelle uttrykket for USAs nye rolle som hovudstad for imperiet.

Internasjonale tryggleiksordningar er bygt på frykt, mistillit og hemmeleghald. I Sovjetunionen fanst eit svært apparat bak fasaden som stod for betydeleg makt. Dette apparatet vart utsett for dagslys mot slutten av sovjettida. Men i vest har vi aldri hatt noko «Glasnost». Kunnskapane våre om dei som opererer i mørket er avgrensa, og dette er eit tema ein helst unngår.

Sjølvsagt var ikkje det hemmelege apparatet like omfattande som i aust, og sjølvsagt har det vore lovleg å driva kritisk drøfting av dette apparatet si rolle. Men kjerna i dette apparatet – arkiva, historiene – er framleis gøymt bak ein mur av togn og hemmeleghald. Dette er mørkets hjarta.

Men å la organisasjonar vera høgt heva over lov og tilsyn har ogso andre konsekvensar. Den som brukar litt tid på dette, vil sjå at det ofte kan vera vanskeleg å vita kva tid djupstaten sluttar og organisert kriminalitet byrjar. I 1960 hadde USA eit velutvikla system for organisert kriminalitet, med fillialar i dei fleste storbyar og eit veksande Las Vegas som satsingsområde.

Organisert kriminalitet hadde vakse raskt på grunn av dei store fortenestene som følgde forbodstida, og denne organisasjonen hadde eit velutvikla hierarki og ei velutvikla arbeidsdeling. Organisert kriminalitet hadde røter i ulike, etniske subkulturar. Det var eit møtepunkt mellom søritalienske familiar, jødiske nettverk kring dei jødiske brennevinsbrenneria i Canada, og irske nettverk som smugla whisky frå heimlandet.

Far til John F. hadde gjort gode pengar i denne trafikken. Delar av denne underverda hadde ogso fangarmar inn i amerikansk politikk – irsk-katolske apparatpolitikarar i storbyane, jødiske nettverk som var mobilisert under andre verdskrig og til støtte for den nye staten Israel.

Og i tillegg til hysj-stat og organisert kriminalitet inneheldt dette økosystemet sjølvsagt ei mengd eksilkubanarar som ønskte å styrta Castros regjering på Cuba – med amerikansk militærmakt i ryggen. Dei som organiserte drapet på Kennedy levde i dette økosystemet, sjølv om attentatmannen like gjerne kunne vore korsikansk leigemordar som amerikanar.

Vi treng ikkje noko eksakt kart over mørket – vi vei at det var der, og at nettverk som ønskte livet av Kennedy hadde organisasjon, ressursar og motiv for drapet. Og vi veit at leiande folk i CIA la ut røykteppe i ettertid. Det er det vi i første omgang treng å vita.

I mangel på politistatsmetodar  – som USA i liten grad nyttar – måtte ein utvikla reiskap for å diskredittera, marginalisera og utdefinera kritikarane. Slik CIA sitt notat frå 1967 gjev detaljerte råd om. Femti år etter må det vera lov å slå fast at denne prosessen for å kontrollera forteljinga i all hovudsak har vore vellukka.

Kennedydrapets politiske økonomi

Kennedy leidde ei svært kløyvd regjering – utan denne kløyvinga ville ikkje drapet skjedd. Kløyvinga kom fram kort tid etter at Kennedy hadde vorte innsett som president, i samband med den mislukka Bay of Pigs-operasjonen. CIA hadde gjeve presidenten forsikringar om at invasjonen ville bli ein suksess utan meir amerikansk støtte, og Kennedy hadde gjeve klårsignal med dette som premiss.

Då invasjonen gjekk dårleg og CIA kom tilbake og kravde flystøtte, sa Kennedy nei. Dette førde til ein bitter konflikt som enda med at Allen Dulles, den mest framståande «old boy» i oldboysnettverket i CIA fekk avskjed. Og det førde til ope fiendskap mellom Kennedy på eine sida og økosystemet av CIA, eksilcubanarar og organisert kriminalitet på andre sida.

Den avgjerande konfrontasjonen kom likevel to år etter – under Cubakrisa. Ei stor gruppe av dei leiande offiserane i USA på dette tidspunktet var sprø som kjeks – «Dr. Strangelove» er diverre ein ganske realistisk film. Og under Cuba-krisa var desse folka sikre på at dei sovjetiske atomvåpna på Cuba ikkje var operative, og at eit amerikansk, militært åtak ville vorte ein suksess.

I dag veit vi at over hundre sovjetiske missilar var tilgjengeleg for den lokale kommandoen, og at desse ville vorte brukt. Curtis LeMay («Bombs Away») (1906-1990) og dei andre ville oppnådd ein global atomkrig om dei hadde fått viljen sin. Men Kennedy, og den vellukka forhandlinga med Khrustsjov, stod i vegen for dei militære. Men om Kennedy berga verda, skaffa han seg viktige fiendar i denne situasjonen.

Kennedys kollisjon med djupstaten handla om Cuba og tilhøvet til Sovjetunionen. Men dei politiske kursskifta etter drapet i Dallas handla om to andre sakskompleks. Etter Dallas har ikkje USA hatt seriøse planar for invasjon av Cuba, sjølv om blokaden og attentatforsøka heldt fram. Derimot skifta USA kurs på to viktige, utanrikspolitiske område:

1) Kennedy hadde fått vedteke planar for tilbaketrekning frå Vietnam. Dette var – som Algerie – spørsmål som Kennedy hadde personleg kunnskap og engasjement i. Han og Robert hadde vitja Vietnam under Frankrikes mislukka kolonikrig. Hadde Kennedy vunne presidentvalet i 1964, ville USA trekt seg ut av landet året etter, uansett følgjer. Vietnamkrigen er ei av gåvene Johnson gav til verda.

2) Kennedy var ogso på kollisjonskurs med Israel. Kennedy ønskte ei permanent løysing på det palestinske flyktningespørsmålet, og ønskte ikkje israelske atomvåpen. Brevvekslinga hans med Ben Gurion vart meir og meir fiendtleg. Ogso her gjennomførte Johnson eit totalt kursskifte – og leidde personleg røykleggjinga etter at Israel nær senka det amerikanske etterretningsskipet «Liberty» i 1967.

Då James J. Angleton døydde i 1987, kom leiarane i dei israelske hysjtenestene saman for å heidra han i ein seremoni der ein minneplakett over den avlidne «gode venen» vart sett opp. Kennedydrapets politiske økonomi har altso to sider: Opplevinga av svik og fiendskap som følgde i kjølvatnet av Grisebukta og Cubakrisa, som i stor grad vende økosystemet av CIA-operasjonar, organisert kriminalitet og liknande mot Kennedy.

Den politiske proffitten i ettertid, der dei militærindustrielle og kaldkrigarane bak Vietnamkrigen, og i tillegg israellobbyen er dei som mest tydeleg profitterte på tronskiftet til fordel for Johnson.

Skota i Dallas hadde konsekvensar, og kosta millionar av liv. Å vita dette er ikkje til stor hjelp i jakta på Anon. Men likevel er det ein viktig del av reknestykket. Historiske hendingar har konsekvensar, og ofte finst det sterke interesser som ønskjer å røykleggja desse konsekvensane. Det bør dei ikkje få lov til – skota i Dallas førde til elvar av blod på motsett ende av kloden. Og til oppsving for dei delane av amerikansk økonomi som levde av krig.

Sigerherrane skriv historia

Slik er det sjølvsagt ogso etter Dallas. Og sigerherrane er dei som hindra etterforsking og oppklaring av mordet. Ingen har til no hatt nok makt til å koma til botns i saka. Robert Kennedy var på veg til ein slik posisjon, men vart skoten. HSCA-komiteen starta ei slik etterforsking, men fekk kalde føter og trekte seg då CIA-toppane byrja lyga under eid, og dei leiande dagsavisane byrja kampanjen om «McCarthy-metodar».

Vi ser med andre ord denne historia gjennom auga til massemedia og kommentariat som har vore svært einsidige – og som har levd i eit klima der «konspirasjonsteoriar» har vore profesjonelt sjølvmord for leiande journalistar. Som Upton Sinclair (1878-1968) formulerte det: «Det er veldig vanskeleg å få ein mann til å forstå noko når årsløna hans er avhengig av at han ikkje forstår det». Denne effekten er svært stor i Kennedysaka.

Det er nokre få aktivistar som ikkje arbeidde i pressa – som Mark Lane (1927-2016) – som i stor grad har fått fram mange av dei vesentlege opplysningane om drapet. Folk bør rett og slett innsjå det paradokset som ligg i botnen for den situasjonen som vart skapt: Berre dei mest uavhengige og modige intellektuelle i USA ønskte i praksis å bidra til oppklaring av drapet på sin eigen president. Alle andre aktørar hadde sterke interesser av å leggja saka daud.

Samstundes bør vi innsjå at dette drapet i seg sjølv skapte ein maktstruktur. Dei som stod bak drapet kunne sleppa unna av di viktige maktapparat, ikkje minst CIA, hadde ein interesse av å røykleggja det heile. Kvifor det vart slik veit vi ikkje – like lite som vi veit kven som organiserte drapet. Men denne trongen til å «kontrollera forteljinga» måtte kollidera med dei amerikanske tradisjonane for open debatt.

I mangel på politistatsmetodar  – som USA i liten grad nyttar – måtte ein utvikla reiskap for å diskredittera, marginalisera og utdefinera kritikarane. Slik CIA sitt notat frå 1967 gjev detaljerte råd om. Femti år etter må det vera lov å slå fast at denne prosessen for å kontrollera forteljinga i all hovudsak har vore vellukka. Og om ein samanliknar råda frå CIA 1967 og standard «debunking»-tekst av den masseproduserte varianten, er det ingen tvil om at råda til CIA har hatt stort gjennomslag.

Det er liten tvil om at «sterke Anon» skaffa seg viktige røynsler i denne prosessen, og at røykleggjingsoperasjonen i ettertid har gjort dette til eit uhandterleg tema i amerikansk diskusjon – trass flaumen av bøker. Nokre få, modige folk utfordrar togna og forståinga av amerikansk etterkrigshistorie – Oliver Stone er verdt å nemna – men dei aller fleste luktar trøbbel, og unngår temaet.

Vi lever ikkje i ei verd «etter ideologiane» – tvert imot lever vi i ei verd med sterke, systemberande ideologiar. Det er desse ideologiane ein må utfordra om ein skal endra systemet. Brukt med balanse og forstand, og med sans for dei historiske skifta undervegs, vil kartleggjing av desse immunreaksjonane gjeva oss eit detaljert kart over dei strukturane og ideologiane som tilsikta eller tilfeldig har vorte berebjelkar for det globale imperiet.

Dei røynslene «sterke Anon» og hans folk skaffa seg, har i neste omgang vorte brukt på nye felt. Og særleg etter at dette vart sett i system i Reagan-perioden, slik avdøde Robert Parry (1949-2018) har oppsummert på overtydande vis. At dette er relevant i vår tids kamp om definisjonsmakt, med «fake news» og liknande, burde vera openberrt.

Alle offentlege personar som kjenner på redsla for å ta i ein «konspirasjonteori» vil kjenna på kjensler som er forma av sterke maktstrukturar i kjølvatnet etter Dallas. Spelereglane her er enkle: Den augneblenken du har noko viktig å seia som dissonerer med den hegemoniske forteljinga blir mikrofonane skrudd av.

Thomas Mahl syner i Desperate Deceptions korleis vanleg historieskriving ofte er historieskriving med ein dimensjon – dei hemmelege tenestene – utelate. Og han gjev ei mengd døme på korleis viktige hendingar blir mistolka av di historikarane ikkje kjenner namna og rollene til dei som deltok i hysj-operasjonar.

Den mørke verda til «sterke Anon» finst, sjølv om vi ikkje har dokumentasjon og detaljkunnskap. Akkurat som dauden finst, som ein realitet som heng uløyseleg saman med livet. Dei tryggleiksstrukturane som gjer det mogleg å planleggja, diskutera, forstå står på ein grunnmur av frykt og mistanke som ogso grip inn i vårt eige samfunn.

Mordet i Dallas er ein dramatisk illustrasjon av dette. Om vi lærer oss å sjå desse skuggane, vil vi bli betre i stand til å forstå vår eige rolle i historia. Til dels når velmeinande politikarar skal «frigjera» Libya med bombefly. Den som ikkje er herre i eige hus – og det er vi ikkje – bør ikkje opptre som om han var det, og invitera gjestar som han overlet på nåde og unåde til vertskapen.

Men det viktigaste vi kan gjera 55 år etter er å kartleggja dei ryggmargsreaksjonane som systematisk er innarbeidd i det offentlege rommet – mot «konspirasjonsteoretikarar», «antisemittar», «nasjonalistar», «totalitære» og andre som ikkje skal ha lov til å argumentera roleg og faktabasert i saker dei har undersøkt.

Vi lever ikkje i ei verd «etter ideologiane» – tvert imot lever vi i ei verd med sterke, systemberande ideologiar.Det er desse ideologiane ein må utfordra om ein skal endra systemet. Brukt med balanse og forstand, og med sans for dei historiske skifta undervegs, vil kartleggjing av desse immunreaksjonane gjeva oss eit detaljert kart over dei strukturane og ideologiane som tilsikta eller tilfeldig har vorte berebjelkar for det globale imperiet. I eit slikt «negativt kart» er CIAs punktliste for diskredittering av «konspirasjonsteoriar» ein god plass å byrja.

Etterpåklokskap er ein vanskeleg sjanger. Men den klokskapen som kjem til uttrykk i augneblenken skal ein ta på alvor. Dagens USA er eit produkt av det sjokket som Dallas gav. Hunter S. Thompson (1937-2005) skreiv dette på kvelden 22. november 1963. Det er eit profetisk varsel om komande tider:

«Eg er trøytt nok til å sova her i bilen, men eg må vera i byen til 8:30 når Western Union opnar – så helvete heller. I tillegg er eg redd for å sova, for eg fryktar for kva eg får vita når eg vaknar igjen. Det er ingen menneske på 200 kilometers avstand som eg kan snakka vettugt med om noko – langt mindre den frykta og avskyen som er over meg etter dagens mord. Gud veit at eg kan bli sprø av å ikkje få snakka. Eg har vorte som ein psykotisk Sfinx – eg ønskjer å drepa, av di eg ikkje kan snakka.

Eg reknar med at du vil seia at det rotne mordet ikkje tyder noko for ein verkeleg forfattar, og at den «ekte kunstnar» i dei «små tidsskrifta» som hevar seg over slike timelege ting. Eg skulle ønska eg var samd, men i røynda tenkjer eg det som skjedde i dag er langt meir meiningsfullt enn heile innhaldet i dei «små tidsskrifta» dei siste tjue åra. Eller dei neste tjue, om vi nokon gong kjem so langt.

Vi går no inn i æraen til drittregnet, president Johnson og herding av arteriane. Korkje dine eller mine barn vil nokon gong bli i stand til å forstå kva Gatsby var ute etter. Slutt på den slags. Du misforstår sjølvsagt dette, og skrellar berre av det første og mest opplagte laget. Ta «realismen» din til søppelfyllinga – og dine «små tidsskrift». Dei er som ein mann som går inn i ein telefonboks for å runka. Nada, nada.

Drapet har gjeve meg sjokk. Raseriet er mangedobla. Eg var ikkje budd på at vona skulle døy på dette tidspunktet – men det er der vi er. Ignorer det til eigen kostnad.»

Tillegg: Oswald

Warrenkommisjonens opplegg raknar på fleire punkt, men nøkkelen til å få auga på realitetane bak attentatet er Lee Oswald. Han er «avhoppar» til Sovjetunionen, med bakgrunn frå ein av dei topphemmelege U2-basane i Japan. Russarane bit ikkje på agnet, og Oswald kjem heim. At ein tryggleiksklarert mann med bakgrunn frå teneste på U2-base kan hoppa av til Sovjetunionen, og deretter venda heim utan å bli arrestert eller avhøyrt, er i seg sjølv heilt avslørande.

Dette er meir usannsynleg enn at Jesus vekte Lasarus opp frå dei daude. At Oswald deretter ligg under J.J Angletons personlege kontroll, og blir hjelpt på veg i sitt nye liv av folk med openberre CIA-band, til dels eksilrussaren George de Mohrenschildt (1911-1977), er like avslørande. So blir Oswald marinert, som «pro-Castroaktivist» i «Fair Play for Cuba»-komiteen. Mellom anna ved å dela ut flygeblad i New Orleans.

Problemet er at han driv denne aktivismen frå hovudkvarteret til eksilkubanarane som arbeider mot Castro i byen. Og slik held det fram – «Oswald» vitjar den russiske ambassaden i Mexico by den dagen CIA-kameraet utanfor ambassaden ikkje virkar.  Og han freistar få kontakt med KGBs operasjonssjef på den vestlege halvkule. På same tidspunkt blir han observert i Dallas. For godt mål sender «Oswald» eit brev til den sovjetiske ambassaden i Washington nokre dagar før attentatet i Dallas.

Summen av alt dette er at nokon freistar laga eit spor som peikar mot Cuba og Sovjet som aktørane bak attentatet. Men sidan dette blir droppa, peikar marineringa heilt andre vegar enn mot Havanna og Moskva. Dette forsøket på å gje Sovjet/Cuba skulda for attentatet kan vera eitt av hovudmotiva for Warrenkommisjonens røykleggjing, og det er fleire moglege historier her enn dei ein først tenkjer på.

Kongressens attentatkomité peikar på at Oswald har «the fingerprints of intelligence all over him». Det er ikkje å ta for hardt i. Og dette held fram med Oswalds usannsynlege rørsler etter drapet, ein merkeleg arrestasjon og forsøket hans på å ringa John D. Hurt, som folk med røynsle frå CIA meiner må vera naudkontakten hans for å få kontakt med organisasjonen. Før han til slutt blir plaffa ned andre gongen Dallas-politiet slepp mafiafiguren Jack Ruby (1911-1967) inn på kloss hald av Oswald.

Oswald er sjølvsagt ikkje den einaste tråden inn i floken. Alle indisiane på at det drepande skotet kom frå høgre og framsida av bilen, frå ein skyttar som vart observert på «grashaugen», er ein annan tråd som er nøsta langt. At sentrale folk innanfor organisert kriminalitet vart drepne rett før dei skulle møta til høyringar i kongresskomiteane på syttitalet tyder ogso på at det finst noko ute i mørket.

Men til sjuande og sist er det avgjerande at drapet ikkje vart etterforska på alminneleg vis, og at ein mann som hadde vorte leidd rundt av CIA i årevis vart utpeikt til offerlam i ein prosess som er alt anna enn gjennomsiktig. Dette, saman med dei klossete forsøka på å få flasketuten til å peika på Sovjet/Cuba, er tilstrekkeleg grunn til å forkasta Warrenkommisjonen.

Det amerikanske styresmakter gjorde etter Dallas var å utpeika ein gjerningsmann som ikkje ville vorte dømt i ei vanleg rettssak med krav til prov. Ein mann som ikkje hadde sterke motiv, og som vart observert i kantina til skuleboklageret fleire etasjar ned både før og etter skota. Deretter hemmelegstempla ein store mengder dokument og vitnemål, for å sikra at den historia ein landa på utan vanleg etterforsking skulle få etablera seg mest mogleg uimotsagt – og slik at kritikarar som Mark Lane kunne stemplast som «skrullingar». Dette opplegget tok vare på statsinteressene, men det er ingen grunn til at ein i prosessen var veldig oppteken av sanninga.

 

Relatert

“Konspirasjonsteori” – det magiske ordet som struper samfunnsdebatten

TWIN PEAKS – Ondskapen som eksistensiell realitet

Terror ute av balanse

Den amerikanske evangelisten

Snowdens avsløringer – hvor står vi i dag?