Exit Britannia?

Storbritannia er ikkje berre i ferd med å forlata EU. Brexit har opna fleire spørsmål, og kan i sin ytste konsekvens føra til at landet slår lag med Jugoslavia og Sovjetunionen, og forlet samtida. Storbritannia vart den dominerande statsdanninga på dei øyane vi kallar britiske. Men dei britiske øyane er ogso keltiske, og for tida er det i den keltiske periferien ting skjer.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Få ting er meir som skrift i sand enn politiske løfte – og medan Storbritannia sloss for å overleva som dominerande stormakt, vart unionistane meir og meir dominerande i den britiske regjeringa. Det irske heimestyrepartiet byrja forvitra, av mangel på truverde.

I byrjinga var Exit

For hundre år sidan var Storbritannia på toppen av si makt – sigrande etter fire års krig mot Tyskland. Dei britiske øyane var kjernen i eit verdsrike der sola aldri gjekk ned, og der britane herska over hava som batt dei ulike koloniane og dominionane saman. Men nett då kyrkjeklokkene forkynte at krigen var vunne røysta veljarane på granneøya i vest for å forlata imperiet. Sinn Fein, det radikale nasjonalistpartiet i Irland/Eire, vann valet med eit jordskred på eit program for å ikkje ta sete i Westminster, men i staden oppretta eit irsk parlament.

Denne «exit» var byrjinga på den prosessen som no kan velta heile ideen om noko «britisk». For dei britiske øyane er ikkje berre britiske – dei er ogso keltiske. Og det er i den keltiske periferien som no kan undergrava ei av Europas klassiske stormakter.

Den irske frigjeringskrigen vart følgt av deling av landet, borgarkrig, ein vanskeleg nøytralitet under andre verdskrig og etter kvart ein lågintensiv borgarkrig i det britiskkontrollerte Nord-Irland. So irane har aldri kunna feira frigjeringa frå imperiet fullt og heilt – det har heile tida vore so mange omsyn å ta.

For to år sidan – på hundreårsdagen for påskeoppreisten i 1916 – kunne ein endeleg kasta alle atterhald til side, og entusiastisk feira hundreårsdagen for Irlands merkverdige gjenfødsel som nasjon. Og i månadene og åra som kjem vil hundreårsjubilea koma tett som hagl. Dette historiske og symbolske «da capo» kjem samtidig som grepet London har i Nord-Irland losnar. Samtidig som eit samla Irland ligg realpolitisk nærmare enn nokon gong før, har Skottland og England valt motsett tilhøve til EU og Brexit.

Det heile byrja på hovudpostkontoret i Dublin for litt over hundre år sidan, der den irske republikken vart proklamert i påskeveka 1916. Skal ein forstå den byrjande oppløysinga av Storbritannia, må ein forstå korleis dette desperate og utsiktslause opprøret kunne føra fram.

Sjølv i Noreg, som ti år tidlegare hadde rive seg laus frå unionen med Sverige, valde pressa stort sett å følgja den britiske taktstokken i skildringa av det «svikefulle» opprøret. Men dette gav eit villeiande inntrykk – «fake news» er ikkje ei moderne oppfinning.

A terrible beauty is born

«A terrible beauty is born», skreiv nasjonalpoeten William Butler Yeats (1865-1939). Alt hadde «changed utterly». Påskeopprøret var eit regissert martyrium, i ein nasjon utan framtid. Dublin i 1916 var eit utstillingsvindauga for sosial naud og politisk vonløyse – med Europas verste tal for spedbarnsdød og hovuddelen av innbyggjarane på eller over kanten for rein naud. Den etablerte makta – det britiske «ascendancy» – sat trygt, solid underbygt av det dyktige Royal Irish Constabulary som gjorde Irland til en effektiv politistat.

Men under det lokket som RIC utgjorde, byrja det bobla og koka i den irske kjelen. Ei irsk målrørsle tok form, og freista gje nytt liv til irsk språk. Og ei irsk idrottsrørsle fekk masseomfang, og gjorde at irsk fotball, hurley og liknande både vart publikumsidrett, møtestad og nasjonal mobilisering. Denne breide mobiliseringa var ismassen som det synlege isfjellet av militant, irsk nasjonalisme kvilte på.

Sidan tidleg på 1880-talet hadde Storbritannias første moderne, disiplinerte parti – det irske parlamentspartiet – freista gje unionen ei form som kunne bli varig. Eit kompromiss som tok vare på både imperieinteresser og irsk sjølvrespekt: Irsk heimestyre. «Home Rule» skulle få tilhøvet mellom Dublin og London inn i ordna former.

Det irske heimestyret er mellom dei sjølvsagte, politiske løysingane som berre forsvann. Det lojalistiske mindretalet i nord avviste irsk heimestyre, og organiserte våpensmugling frå Tyskland i stor stil for å gjera væpna motstand om parlamentet gjorde alvor av å gjennomføra fleirtalsvedtaket.

I staden kom første verdskrig, og ein borgfred vart organisert for å samla det britiske riket i kampen mot Tyskland. Heimestyret hamna i parlamentsprotokollane, det irske partiet gav støtte til krigføringa mot at heimestyre skulle innførast med ein gong krigen var ferdig. Men få ting er meir som skrift i sand enn politiske løfte – og medan Storbritannia sloss for å overleva som dominerande stormakt, vart unionistane meir og meir dominerande i den britiske regjeringa. Det irske heimestyrepartiet byrja forvitra, av mangel på truverde.

Skulle det bli ein hær i felt, måtte våpna tas med makt ut av hendene til politi og soldatar. Det var dette som skjedde – og den irske frigjeringskrigen vart læreboka for alle koloniar som drøymde om å bli nasjonar. Ei lærebok som vart følgt mange stader til amerikanarane rømde i panikk frå Saigon i 1975.

Men det fanst ein annan tradisjon enn heimestyre i Irland – den irske republikanismen. Heilt sidan Theobald Wolfe Tone (1763-1798) hadde organisert ei republikansk rørsle på slutten av 1700-talet hadde det funtest ei republikansk opprørsrørsle i Irland. Sidan 1850-talet hadde det hemmelege Irske Republikanske  Brorskapet – IRB – freista undergrava britisk makt i Irland.

Nokre år før første verdskrig vende IRB-veteranen Thomas Clarke (1858-1916) heim til Irland frå USA, og starta tobakksbutikk i sentrum av Dublin. Han hadde hatt eit langt og innhaldsrikt liv, vorte arrestert då han skulle organisera IRBs bombekampanje i London og site 15 år i britiske fengsel. I lange periodar med hendene bundne på ryggen, slik at han måtte eta som ein hund. Clarke samla seg ein krins med unge fortrulege, og då Ulstermennene smugla våpen stod IRB sentralt i å organisera ei rørsle av irske friviljuge – for heimestyre, for Irland. Revolusjonar republikanisme hadde fått eit omland å arbeida i.

So fekk denne spede, militante rørsla som gåve frå vårherre det dei trong mest – det første liket. 83 år gamal trakk Jeremiah O’Donovan Rossa sitt siste andedrag i New York. Svært mykje hadde skjedd sidan denne gamle fenianaren vart fødd i Roscarberry, County Cork, i 1831. Hungersnauda som halverte innbyggjartalet på øya.

IRBs blømingstid var på 1860-talet, då militant republikanisme var organisert på store delar av øya. Kampen mot godseigarane. Og O’Donovan Rossa var eit symbol for alt dette. I gravtalen ved Rossas grav kunne den unge, militante Patrick Pearse (1879-1916) slo fast: «Men dei toskane – dei gav oss våre daude fenianarar. So lenge Irland held desse gravene vil det aldri vera fred i eit ufritt Irland.»

Eitt år etter låg Pearse sjølv i ei av desse gravene som hindra fred i eit ufritt Irland. Medan påskeoppreisten var ein upopulær aksjon frå eit ekstremt mindretal, førde avrettinga av leiarane til at stemninga snudde. Om desse unge mennene som var viljuge til å døy for Irland var «forrædarar» – kva var dei forrædarar mot? Irland? Britisk presse skreiv om dei foraktelege «hunnarane» som visstnok var skuldige i all slags krigsbrotsverk. Men når hunnarane overgav seg vart dei halde som krigsfangar.

Alternativt kan EUs yttergrense leggjast i sjøen mellom Belfast og Storbritannia – men kvifor stogga der? Medan det var eit solid fleirtal av unionistar i Nord-Irland då ministaten vart etablert tidleg på 1920-talet, er tilhøvet mellom nasjonalistar og unionistar i dag om lag 1:1.

Når irske opprørarar overgav seg, vart dei skotne som hundar. Ikkje berre britisk presse følgde opp denne retorikken om «svik». Ogso den kolonialt lojale pressa i Irland følgde opp denne retorikken. Og sjølv i Noreg, som ti år tidlegare hadde rive seg laus frå unionen med Sverige, valde pressa stort sett å følgja den britiske taktstokken i skildringa av det «svikefulle» opprøret. Men dette gav eit villeiande inntrykk – «fake news» er ikkje ei moderne oppfinning.

Då dei siste av underskrivarane på proklamasjonen av den irske republikken – fagforeiningsleiaren James Connoly (1868-1916) – sterkt skada vart bunde til ein stol og avretta, var ikkje lenger avrettingane «kontroversielle». Irland byrja samla seg i taus trass mot britisk arroganse.

Denne tause trassen vart til valskredet for Sinn Fein i 1918. I januar 1919 samla dei valde seg som Dail Eireann, parlamentet til den irske republikken. Same dag byrja den irske frigjeringskrigen. Daniel Breen og andre aktivistar i Tipperary gjennomførte eit overfall mot ein sprengstofftransport i eit steinbrot ved Soloheadbeg ved Tipperary. Dei to konstablane som følgde transporten sette seg til motverge, og vart drepne. Krigen var i gang.

 

Ein hær blir fødd

Dei irske friviljuge – Óglaıġ na hÉıreann – var på papiret ein stor organisasjon, med titusenvis av medlemer. Men det var ein hær utan våpen. Skulle det bli ein hær i felt, måtte våpna tas med makt ut av hendene til politi og soldatar. Det var dette som skjedde – og den irske frigjeringskrigen vart læreboka for alle koloniar som drøymde om å bli nasjonar. Ei lærebok som vart følgt mange stader til amerikanarane rømde i panikk frå Saigon i 1975.

I Dublin organiserte Michael Collins (1890-1922), finansministrer i motregjeringa, ein etteretningsoperasjon som greidde infiltrera heilt sentrale delar av kommunikasjon og organisasjon i det britiske styret i landet. Denne etteretningsoperasjonen vart følgt opp med presis valdsbruk – som då IRA utsletta «Kairogjengen», ei gruppe sivilkledde politifolk med rett til å drepa, på eit par morgontimar hausten 1920. Collins, Breen og andre la grunnlagret for at IRA kunne utvikla seg til ein hær. Men det var i sør, i Corkdistriktet, at IRA tok steget frå undergrunnrørsle til frykta hær.

I mellomtida lever Theresa Mays veike regjering med knapt fleirtal i parlamentet – og er avhengig av eit Democratic Unionist Party som framleis er eit veldig særmerkt parti. Men som manglar Paisleys autoritet. Og medan Brexit-knuten i Irland i seg sjølv er uoversiktleg, er eit sterkt nasjonalistparti i Skottland misnøgde med Brexit.

Det sørlege Irland er eit bølgande Postman Pat-landskap av enger, åkrar, skogholt og låge åsar. Landsbyar og småbyar. Vide elvemunningar gjev gode hamner, som i Skibbereen og Kinsale ved munninga av Bandon. Men den største hamna ligg ved utløpet av Lee, og her ligg storbyen Cork. Dette var eit område med sterke, republikanske tradisjonar.

IRA organiserte seg på alle tettstader i Cork-fylket, og greidde skaffa seg eit våpenlager gjennom fleire dristige raid mot politistyrkane, kystvakt og andre. Etter kvart vart fleire og fleire IRA-menn på rømmen, og det vart trong for å organisera spesialiserte avdelingar – «flying columns» – som skulle vera geriljakrigarar meir og mindre på heiltid.

Ein veteran frå den britiske krigføringa i Midt-Austen under verdskrigen, Tom Barry (1897-1980), vart meir og meir fråstøytt av tortur og tilfeldig vald. Han tilbaud seg å gjera teneste for IRA, og etter noko skepsis på grunn av bakgrunnen hans frå den britiske armeen vart han hyra inn som treningsoffiser for den tredje brigaden i IRA, County Cork – det vestlege distriktet.

Barry var eit militært geni. Han planla grundig, insisterte på disiplin, var nøye med alle detaljar, og kjende ansvar for alle som gjorde teneste under hans leiing. «Eg insisterte på disiplin, for disiplin var alt vi hadde», sa han i ettertid. Barry heldt på venskapa han hadde knytt, sjølv om nokre av venene slåss på motsett side under borgarkrigen. Han stilte alltid opp for dei som hadde vore under hans kommando.

Gjennom nokre treningsleirar skapte han ein dødeleg, militær maskin av urøynde friviljuge. Han formulerte jarnlova for all vellukka geriljakrigføring: «Skap aldri noko mønster». IRA var aktiv i heile landet, men 1/3 av styrkane britane sette inn, vart sett inn i Cork-distriktet. Her vart krigen avgjort – og jarnviljen til ein 23-årig geriljakommandant vart avgjerande.

Barry utsletta ei avdeling irregulært politi som terroriserte bygdene i distriktet ved Kilmichael. Eit større bakhald som skulle ta forsterkningar som vart køyrt inn frå Kinsale vart selt til fienden av ein angivar i IRA. Jegarane vart jaga – Barry og 105 IRA-soldatar vart omringa av over 1200 britiske troppar. Men det hjalp britane lite – med store tap for britane knuste Barrys avdeling innringinga til tonane frå sekkepipa til IRA-offiseren Flor Begley (1898-1979).

Unionismen i Nord er ikkje det han var for nokre tiår sidan. Unionistpartia er svekka, og oransjelosjens grep om protestantane er svekka. Storbritannia er bunde av avtalar. Politikk er «kunsten å realisera det moglege», og etter tjue år med fred er ikkje tilbakevending til oransjestaten noko alternativ.

Til tonane av sekkepipa marsjerte IRA ut av innringinga og bort i det bølgjande åslandskapet. Frustrerte britar vart ståande og diskutera kva dei skulle gjera – utan å våga å følgja etter, og risikera fleire tap. Kort tid etter øydela Barrys menn politifestninga i Roscarbery, O’Donovan Rossas heimby, ei av dei mest uinntakelege i heile Irland.

Stadig nye tilbakeslag tvang britane til å opna forhandlingar.  Barrys avdeling var ikkje åleine – nye avdelingar i andre distrikt vart lært opp, og gjorde britisk makt i Irland blind og ineffektiv.  Britisk makt i det sørlege Irland var broten – i staden delte britane øya, og ein protestantisk ministat vart sett opp i dei seks nordlegaste fylka. Resten av øya vart fristat, traktaten med Storbritannia kløyvde den republikanske rørsla – og ein kort, men øydeleggjande borgarkrig avslutta Eires fødsel som sjølvstendig stat. I tiåra etter vart det gjennomført ein etterrakst med avvikling av dei britiske basane i Irland og kuttinga av bandet til Storbritannia og samveldet.

 

Irsk fasade og kløyving  

Generasjonen som gjennomførte den irske revolusjonen etterlet seg ein imponerande fasade. Banda til Storbritannia var brotne, landet var heilt sjølvstendig. På papiret gjorde republikken ogso krav på dei seks nordlegaste fylka. Irsk var det offisielle førstespråket. Irland var gjenfødd – mange hundre år som britisk provins var plutseleg fjern fortid.

Men bak fasaden var omfanget av frigjeringsverket sterkt varierande. Økonomisk var landet veikt, og prisgjeven britisk økonomi. Engelsk var framleis det dominerande språket. Irsk vart innført i skule og utdanning, men ofte på måtar som gjorde like mykje skade som gagn. Såra frå borgarkrigen grodde seint, og forsterka inntrykket av at det kunne vera stor avstand mellom fasade og realitet. Traktattilhengarane som hadde vunne borgarkrigen hadde hatt britisk makt i ryggen, og hovudfeste i dei områda der det hadde vore lite aktivitet under frigjeringskrigen. Republikanarane i det opprørske Cork og Tipperary vart slege.

Heile Brexit-prosessen ber preg av at mange aktørar spelar på fleire hestar – og difor bidreg til det politiske kaoset. Labour godtek resultatet av folkerøystinga, men har ingenting imot at Brexitprosessen fører til regjeringskrise og eit eventuelt regjeringsskifte.

I nord sette unionistane opp sin «protestantiske stat for eit protestantisk folk», i eit segregert system der katolikkane stod på utsida og oransjeorden og dyrking av sekterisk identitet var ryggrad i staten. I stor grad kunne unionistane styra butikken sjølve, utan inngrep frå London. Den irske republikken var utan maktmiddel for å gjera noko med situasjonen. Nord-Irland vart ein anakronistisk, politisk slum.

Det var borgarrettsrørsla på sekstitalet – inspirert av den amerikanske borgarrettsrørsla, og av tidsånda elles – som gjorde slutt på oransjestaten. Ei brei rørsle kravde like borgarrettar og avvikling av det segregerte samfunnssystemet som sette rammene for dei nordlegaste fylka. Borgarrettsrørsla vart møtt med makt – og med sekterisk vald. Katolikkar vart jaga ut av blanda nabolag, hus vart evakuert eller brent.

Slik påskeoppreisten hadde vore tennsatsen som starta den irske frigjeringskrigen, var borgarrettsørsla tennsatsen som sette i gang tretti år med lågintensiv geriljakrig i Nord-Irland. Då små, katolske enklavar i Belfast kom under åtak frå lojalistmobb i 1970 var det ofte små grupper av IRA-friviljuge som hindra nedbrenning og flukt. Eit par år etter hadde Belfast-brigaden vakse frå eit par tital til over tusen menn i aktiv teneste. Men tidene hadde endra seg sidan tjuetalet – og det utvikla seg ein militær balanse der IRA overlevde med å nedskalera aktiviteten og gjera organisasjonen usårbar gjennom oppdeling i små celler. Kring 1980 førde sveltestreikane i Long Kesh til gjennombrot for Sinn Fein som politisk parti.

Men som på tjuetalet var krigen ulike ting på ulike stader. Og ogso no var det i sør – denne gongen i Sør-Armagh og Aust-Tyrone at krigen vart kostbar for britane. I desse områda kunne britane stort sett berre flytta seg med helikopter, og heldt nokre få støttepunkt omgjeve med betong og piggtråd. Dei hadde jamne tap etter kvart som IRA i området skaffa seg eller utvikla tyngre våpen – morterar, tunge maskingevær, godt trente skarpskyttaravdelingar.

Den irske sjølvstendekrigen kløyvde Irland, Nord-Irland heldt fram som protestantisk stat innanfor eit samla Storbritannia. Hundre år etter kan resultatet av intrigane kring Brexit bli samling av Irland, kløyving av Britannia.

IRA sin kapasitet i desse områda råka ikkje berre dei britiske styrkane i utpostane i grenseområda. På nittitalet gjennomførte IRA morteråtak på det britiske krigskabinettet i Downing Street under Golfkrigen. Fleire enorme bomber vart plassert i hjarta av London og Manchester. Med små tap av menneskeliv – men enorme materielle øydeleggjingar.

Regjeringsskiftet midt på nittitalet gav grunnlag for ein skjør fredsavtale og eit nytt heimestyre i nord – basert på samarbeid mellom unionistar og nasjonalistar. Grensa mellom dei seks fylka i nord og resten av landet opna seg. IRA la ned våpna i bytte mot maktdeling – og ei opning for framtidig sameining av Irland. Sidan 1998 har fredsavtalen halde – trass ulike kriser undervegs.

 

Kva no?

Det er denne kompliserte forhistoria som ligg bak dagens Brexit-trøbbel i Irland. Når Storbritannia forlet EU, vil grensa mellom dei to irske landsdelane bli EUs yttergrense. Problemet er at dette ikkje kan gjerast utan å skrota Langfredagsavtalen – og ingen ønskjer seg tilbake til «the troubles». Alternativt kan EUs yttergrense leggjast i sjøen mellom Belfast og Storbritannia – men kvifor stogga der?

Medan det var eit solid fleirtal av unionistar i Nord-Irland då ministaten vart etablert tidleg på 1920-talet, er tilhøvet mellom nasjonalistar og unionistar i dag om lag 1:1. Varsellampene har byrja blenka – Ian Paisleys nestkommanderande gjennom mange år, Peter Robinson, sende i sommar opp ein prøveballong der han hevda at unionistane må bu seg på irsk sameining. Det vart sterke reaksjonar – men ikkje verre enn at Robinsons poeng vart understreka.

I mellomtida lever Theresa Mays veike regjering med knapt fleirtal i parlamentet – og er avhengig av eit Democratic Unionist Party som framleis er eit veldig særmerkt parti. Men som manglar Paisleys autoritet. Og medan Brexit-knuten i Irland i seg sjølv er uoversiktleg, er eit sterkt nasjonalistparti i Skottland misnøgde med Brexit.

I anti-Brexitleiren blir det i dag piska opp stemning om at Brexit kan tenna krigen i nord på nytt. Dette er lite sannsynleg. Unionismen i Nord er ikkje det han var for nokre tiår sidan. Unionistpartia er svekka, og oransjelosjens grep om protestantane er svekka. Storbritannia er bunde av avtalar. Politikk er «kunsten å realisera det moglege», og etter tjue år med fred er ikkje tilbakevending til oransjestaten noko alternativ. Det er grunnar til Peter Robinson luftar eit samla Irland som mogleg framtidsscenario.

Men «remain»-folket har interesse av å blåsa opp denne saka, som ein del av kampen for å leggja til sides folkerøystinga. Og heile Brexit-prosessen ber preg av at mange aktørar spelar på fleire hestar – og difor bidreg til det politiske kaoset. Labour godtek resultatet av folkerøystinga, men har ingenting imot at Brexitprosessen fører til regjeringskrise og eit eventuelt regjeringsskifte.

Det skotske nasjonalistpartiet tapte folkerøystinga om skotsk sjølvstende for eit par år sidan, men har ingenting imot at usemja kring Brexit slær kilar mellom Edinburgh og London. Nasjonalistpartiet Sinn Fein er på jakt etter ein ny dynamikk som gjev vind i segla for ei framtidig samling av Irland. Difor blir dei i praksis eit nasjonalistparti i britisk-irsk samanheng, men eit unionsparti i EU-samanheng.

I tillegg kjem dei sosiale dimensjonane i England – motsetninga mellom dei EU-positive utdanningsgruppene  og «left behind»-England. Det er ikkje tvil om at Theresa Mays regjering er veik, men dette samansett feltet av sprikande prinsipp og opportunistisk posisjonering gjer ikkje jobben hennar enklare. Storbritannia er ei kompleks statsdanning, som historisk har halde saman av di imperiet var eit fellesprosjekt.

Mange av konfliktlinene i denne staten blir aktivisert av «Brexit»-prosessen. Hundre år etter at Sean Treacy (1895-1920) og Daniel Breen (1894-1969) gjekk til åtak på det britiske imperiet i Tipperary, er Storbritannia berre få steg unna å bli rest-Britannia. Den irske sjølvstendekrigen kløyvde Irland, Nord-Irland heldt fram som protestantisk stat innanfor eit samla Storbritannia. Hundre år etter kan resultatet av intrigane kring Brexit bli samling av Irland, kløyving av Britannia.

 

Relatert

BREXIT – massenes opprør

«Det finnes ingen god løsning for Syria» – intervju med journalistlegenden Robert Fisk

Norsk havørn på den grønne øya – en samtidsfortelling med lykkelig slutt

Frigjering frå opplysningsideologiane

Kva var reformasjonen?