Kva var reformasjonen?

Kva var det eigentleg som traff oss, den gongen då Martin Luther sette fram sine 95 tesar på allehelgensdag for 500 år sidan? Reformasjonen var ei avgjerande hending. Men dette er lenge sidan, og Luther levde i ei heilt anna verd enn vår. Dette ligg djupt i vår kultur – men dimed er det ogso noko som kan vera vanskeleg å leggja merke til.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Samstundes rydjer dette vegen for «trua åleine», for ein kristendom der kvar mann står andlet til andlet med sin Gud, og der det er trua – ikkje gjerningane – som gjev frelse. Ei kyrkje som innfører ein fundamental likskap på eit viktig livsområde. Ei kyrkje som avskaffar den «heilage stand», og ser alle former for arbeid og teneste som gudsteneste. Det går ingen direkte liner frå dette til det demokratiske gjennombrotet i vår del av verda. Men vår grunnleggjande forståing av samfunnet – at vi alle i botn og grunn er av same slag – går tilbake til dette.

Kor ofte tenkjer vi på at vi har potet attåt middagen? Poteten er sjølvsagt og kvardagsleg – men då poteten kom hadde Luther lege i grava si i 250 år. So kva fekk vi med Luther? Demokrati? Nei, demokrati var utenkeleg på Luthers tid? Trusfridom? Tja, med store atterhald. Men eit samfunn bygt på religionsfridom var utenkeleg på Luthers tid.

So dei direkte linene til vår tid er vanskeleg å sjå. Dette handlar om grunnmuren i kulturen vår, og grunnmuren er noko vi vanlegvis tenkjer lite på. Det er når han brest eller sviktar at vi tenkjer på han – og det skjer heldigvis ikkje so ofte. Men difor kan det vera greitt å byrja i andre enden. Der Luther byrja.

So først vil eg presentera staden, situasjonen og personane som gjorde reformasjonen mogleg. Då må vi byrja med kurfyrst Fredrik den vise av Sachsen. Ein vidsynt, ambisiøs renessansefyrste som ønskte å gjera Sachsen til eit kultursentrum. Eitt av tiltaka var å gjera Wittenberg til universitetsby. I Wittenberg var det eit augustinerkloster, og augustinerklosteret var viktig for å skapa eit universitet med tronge budsjett. Og med tilfellets hjelp enda difor augustinarmunken Martin Luther (1483-1546) som dr. i teologi på det nyskipa universitetet. Eit universitet utan tradisjonar, utan gamle professorar som ruga over ei lang og ærerik historie. Men eit universitet som ønskte å gjera seg gjeldande, og som kasta seg over tidas spørsmål med entusiasme. Eit universitet som vart reformasjonens bankande hjarta.

Slik blyet i bøhmarane sine «pistala» braut gjennom riddarrustningane, braut blyet i Gutenbergs trykkpresser makta til skolastikk og munkeordenar. I tillegg til lærdom kunne nye, skarpladde sjangrar som satire, parodi og liknande mangfaldiggjerast av trykkpressene.

Folk trur gjerne at dette handlar om «tru», om «religion». Men her må vi hugsa på at ord skiftar tyding opp gjennom historia. Når vi reinskar krabbe, finn vi rogn, mage (som vi kallar pave!) og gjellar. Og i tillegg eit organ som vi kallar «lever». Alt det som vi har mange organ til – bukspyttkjertel, nyrer, milt og alt det andre – er hjå krabben eitt organ: Lever. So har vi etter kvart utvikla spesialiserte organ som tek seg av mange ulike funksjonar – og levra er berre igjen til å gjera det dei andre organa ikkje gjer.

Ein restfunksjon – viktig nok, for all del. Men «kyrkje» i dag er noko anna enn «kyrkje» i 1500. I dag handlar det om tru, dåp og gravferd. Den gongen handla det om den viktigaste statsfunksjonen – som grovt sett hadde den rolla som skule, kulturinstitusjonar, folkeregister, presse og anna offentleg debatt spelar i dag. Eit ærleg menneske den gongen trong ikkje ha med andre samfunnsinstitusjonar å gjera enn kyrkja – du vart både døypt, gift og gravlagt i kyrkja, og var du eit ærleg menneske trong du ikkje å møta framfor magistraten.

Dette viktigaste samfunnsorganet var ufatteleg rikt, og teneste for kyrkja var den einaste vegen frametter for boklærde og nyfikne folk. Og det var denne mektige og grunnrike organisasjonen, felles for heile det vestlege Europa, som Luther utfordra. Luther er eit merkenamn, ei historie nøye tilpassa den tidas marknad. Den modige munken som tala paven midt imot. Men Luther var ikkje berre munk, han var ogso professor i teologi. Og bak seg hadde han eit lite, men kompetent og effektivt apparat. Vi tek dei viktigaste:

Kurfyrst Fredrik den vise (1463-1525) – mannen som grunnla universitetet i Wittenberg. Ein av Tysklands mektigaste menn, som alltid var med i kollegiet når ny keisar skulle veljast. Ein dyktig politikar, ein initiativrik fyrste. Fredrik heldt – so langt evnene rakk – hendene sine over den sjølvrådige munken og professoren. Tilhøvet mellom dei to var ikkje alltid friksjonfritt. Men dei respekterte kvarandre, og Luther er utenkeleg utan vernet frå kurfyrst Fredrik.

Kurfyrst Fredrik den vise på jakt (av Lucas Cranach den eldre)

Cranach hadde auga for propaganda, og saman med dei andre leiarane av reformasjonen utvikla han den trykte propagandaen som ein kunst. Alle bileta av ein naken pave som rullar seg som ein gris i møkka, bileta av korleis hodjevelen klemmer munkar ut av seg medan ho sit på ein dassbenk – ogso desse tinga er ein viktig del av Lucas Cranachs bidrag til historia.

Men den som sikra at han hadde kurfyrsten i ryggen var Luthers grå eminense – Georg Spalatin (1484-1545). Spalatin studerte omtrent samstundes med Luther. Han var bibliotekar for kurfyrsten og det nye universitetet, sekretær for Fredrik den vise. I dei kritiske fasene var det ingen Luther korresponderte like mykje med som Spalatin, og Spalatin hadde den ikkje alltid like takknemlege oppgåva det var å glatta ut mellom den modige, på grensa til dumdristige Luther og kurfyrsten som skulle freista få Luthers innfall til å gå opp med sitt eige politiske spel.

Ved universitetet vart etter kvart Luthers høgre hand, Phillip Melanchton (1497-1560), tilsett som professor i gresk. Melanchton hadde eit meir ryddig hovud enn Luther, men mangla Luthers mot og polemiske brodd. Han var mindre, tynnare, hadde veikare helse. Når ein skal oppsummera kva «luthersk kristendom» er for noko, kjem ein ikkje utanom den augsburgske trusvedkjenninga. Den er skrive av Melanchton, i ein umogleg tingingssituasjon, midt mellom Skylla og Kharybdis: På den eine sida keisaren og den katolske kyrkjas apparat. På den andre sida ein fornærma og giftig Luther som sat milevis unna, bak kurfyrstedømet Sachsens trygge grenser, og var mistenksam medan høyrde på fuglesong og nekta å svara på Melanchtons brev. Melanchton græt og græt – og skreiv og skreiv. Trass i at heile situasjonen var umogleg, har dokumentet han la fram for keisaren vorte ståande som den autoritative framstillinga av lutheransk tru.

Når vi ser for oss desse personane – Luther, Fredrik den vise, Spalatin, Melanchton – er det alltid eit auga og ei hand bak det vi ser: Lucas Cranach den eldre (1472-1553).Cranach kom til Wittenberg som hoffmålar for Fredrik i 1505. Han vart etter kvart ein av Wittenbergs rikaste og mest respekterte borgarar, med det prangande Cranachhof, som utgjorde eit heilt kvartal av byen. I ramnekroken Wittenberg var det ingen andre målarar, og heller ikkje pigment, penslar, olje og anna som ein målar treng, og som var lett å skaffa i Nürnberg og Augsburg. Cranach måtte difor improtera alt han trong. Men sidan det var god plass i fraktevognene når penslane og pigmenta var lasta opp, byrja han ogso å driva handel med fine vinar og apotekvarer. Cranachs varehus var den første smaken av den store verda i vesle Wittenberg.

Portrett av Luther og Katharina von Bora (av Lucas Cranach den eldre)

Luther utfordra ikkje grensene i store jafs – han nytta ein salamitaktikk som dytta grensene stykke for stykke. På grunn av Luthers pamflettar vart trykking ein ny industri i vesle Wittenberg. I tillegg til å arbeida raskt og med god forståing av sensuren si rolle, kjende Luther marknaden godt. Pamflettane hans kom akkurat i rett tid før dei store bokmessene – slik at motstandarane måtte venta eit halvår til neste storebokmesse.

Utanom desse må vi nemna ei som vart sentral i Luthers liv etter at reformasjonens stormar for lengst var slept laus. Ei av følgjene av reformasjonen var at munke- og nonneløfta vart avvist av den nye, evangeliske kyrkja. Munkar og nonner forlet klostra for å ta opp eit alminneleg, borgarleg liv. I denne stoda måtte reformasjonsleiarane opptre som gifteknivar for nonnene som kom ut or klostra – det ville vorte skandale og ein stor propagandasiger for dei katolske om ugifte nonner hadde gått rundt i Wittenberg i lange tider medan rykta svirra. Ei av desse nonnene som vart til overs då klostra vart nedlagt var Katharina von Bora (1499-1552), ei bestemt, ung dame midt i tjueåra med adeleg bakgrunn. Ho insisterte på at ho ville gifta seg med Luther – og slik vart det. Ekteskapet vara til Luther døydde, ho fødde han fleire born – og ho var kjent for å bryggja eit godt øl.

Sjølvsagt var det fleire rundt Luther – men desse er dei viktigaste. Ei lita, godt samansett gruppe av ulike, men talentfulle og viljesterke menn som gjorde ramnekroken Wittenberg til Tysklands andelege sentrum i løpet av nokre få, dramatiske år. Ei gruppe menn som kløyvde den mektigaste institusjonen i Europa, og snudde retninga på europeisk historie. Og dette var mogleg, avdi dei var på rett stad til rett tid. På Luthers tid bladde historia om, og vi kom til eit nytt kapittel.

Kva tidsskifte var so dette? Kristendomen hadde vi fått frå Romarriket, frå keisar Konstantin. Men du hadde ikkje kristne keisarar i Roma veldig lenge. Etter hundre år som kristent keisardøme vart riket delt. Det latinske vest braut saman, og barbarane plyndra Roma. I aust vart den greske delen av romarriket vidareført som Bysants.

So utviklar Luther læra si om dei to regimenta – det verdslege og det geistlege regimentet. I det verdslege er det sverdet – makta – som gjeld. Og alle pliktar å lyda den verdslege makta. I det andelege er det ordet som gjeld, og det er han som preikar Bibelens ord reinast og mest overtydande som skal rå.

Om Roma vart plyndra, sat likevel biskopen i Roma att. Og då barbarane velta inn over grensene, freistar Romas biskop både å føra vidare den latinske sivilisasjonen, og vinna dei germanske kongane for trua. Då Karl den store vart krona til keisar, gjenoppstod det romerske riket – med kyrkja som den sentrale organisasjonen. Og langsomt byrja den vestlege, kristne sivilisasjonen å ta form. Verkeleg fart skaut det etter tusenårsskiftet – med krosstog, katedralbyggjing og nye universitet i dei ulike hovudlanda. Sjølv heilt i det ytterste nord, på Stiklestad, sette kyrkja dagsorden for den nye tida.

Men det var ikkje i nord, men i sør at middelalderen fekk si avgjerande form. I Spania møttest kristen, jødisk og muslimsk tradisjon, og gjennom al-Andalus gjenoppdaga det kristne Europa si klassiske fortid. Ibn Rushd (1126-1198), på latin «Averroës», freista sameina Aristoteles og nyplatonikarane til eitt filosofisk system – og i omsetjingar frå arabisk til latin vart Aristoteles kjent av kristne tenkjarar. Averroës’ samtidige, Moshe ben Maimon [Maimonides] (1135-1204) – ogso han frå Cordoba – vart ogso omsett til latin. Og med høgmiddelalderens inspirasjon frå al-Andalus utvikla skolastikken seg til ein felles filosofi og metode i det kristne vest. Thomas av Aquinas fullenda dette. Men i hundreåra etter stivna skolastikken etter kvart som den katolske kyrkja forfall.

I det kristne vest fanst det ogso understraumar og motrørsler. Med ujamne mellomrom dukka det opp folk som hevda å vera Messias – endetidsprofetar som lova at domen stod for døra, og gjekk til åtak på kyrkje og øvrigheit. Nokre leidde svære rørsler. Som flagellantane, som kunne mønstra store mengder med trugne tilhengarar som song seg gjennom Europas byar medan dei piska seg sjølve over ryggen i 33 dagar. Ein dag for kvart år Jesus levde på jorda. Ein fransk messias hadde in kløfta stav, med to greiner som peika opp og ei som peika ned. Staven synte maktfordelinga mellom Messias og Far i himmelen: Vårherre hadde 2/3 av makta, medan hans jordiske representant hadde 1/3. Av og til snudde so Messias staven – og maktfordelinga – opp ned.

Jan Hus i Konstanz

Korleis ser so Luthers nye fundament ut? I følgje Luther har pave, kurie, munkeordenar og kyrkjerett bygd ei festning kring pavens makt som er uinntakeleg for Guds ord. Reform og kyrkjemøte er umogleg. Med dette som utgangspunkt går Luther til åtak på grunnsteinane i den orden som kyrkja til då hadde utgjort. Han avviser at det finst ein eigen «geisteleg stand». Alle kristne tilhøyrer same kyrkje, og tilhøyrer soleis same geistlege stand. Det er praktiske grunnar til at ein er skomakar, ein annan prest.

Slike rørsler kunne skapa mykje uro og vald, og mange slike frelses- og endetidsprofetar enda på bålet i middelalderens Europa. Ogso innanfor kyrkja – rundt om på klostra – fekk ideane om ei ny tid luft under vengene. Ein italiensk munk, Joakim av Fiore (1135-1202), byrja skriva spekulative skrifter om aldrane. Han fann ut at Guds plan var delt i periodar. Den første tidsalderen – skapingas epoke – var dominert av den første personen i Gud, Faderen.  So hadde frelsa kome med Jesus, som hadde innleidd Sonens epoke. No stod Europa på terskelen til den tredje epoken, det tredje riket: Andens rike.

Desse understraumane vaks og gjæra samstundes med at kyrkja i Roma forfall og kløyvde seg. Ein periode var det to pavar – i Avignon og i Roma. Ein stutt periode til og med tre pavar, etter eit mislukka forsøk på å leggja daud konflikten. Og so eksploderte det heile i reformasjonens generalprøve – husittrevolusjonen i Bøhmen.

Jan Hus (1369-1415) sitt opprør handla om mange ting. På fanene sine hadde husittane nattverdskalken: Dei kravde å få både Kristi blod og Kristi lekam i nattverden. Den katolske kyrkja gav berre Kristi lekam til lekmenn, og reserverte Kristi blod til prestar og andre geistlege. Men husittane sitt opprør handla ogso om Guds ord på eige språk, og om oppgjer med misbruk i ei rik kyrkje som levde i velstand mellom fattige menneske, medan ho preika om han som var fødd i ein stall. Hus ville ikkje bryta med Roma – han ville leggja fram saka si i Konstanz for eit konsil. Han fekk fritt leide. Då han kom fram, fekk han vita at det frie leidet ikkje galdt. Vi har framleis manuskripta til dei innlegga han ikkje fekk halde. I staden for diskusjon venta kjettarbålet.

Frimerker frå DDR under Luther-jubileet i 1983

Sidan den kristne adelen tilhøyrer den «andelege stand» like mykje som biskopar og kardinalar, kan dei difor opptre som naudbiskopar for å berga kyrkja ut or den babylonske fangenskapen i Roma. Denne rolla kan fyrstane spela avdi dei har den verdslege makta. Dette er formelen som er det faste omdreiingspunktet i Luthers reformasjon.

Det bålet tente ein nasjon. Vatikanet kunne brenna Hus, men korkje pave eller keisar kunne stogga husittane. Husittprestane preika frå åsryggar og improviserte talarstolar rundt om på landsbygda i Bøhmen. Ein einøygd soldat – Jan Žižka (1360-1424) – fann opp den moderne hæren, med sentralisert kommando. Utstyret var enkelt.  Enkle kruttvåpen – «fløyter», tsjekkisk pistala – og vogner som kjapt kunne gjerast om til vognborgar. Bondegutar fekk slagvåpen som var modifiserte utgåver av dei slogene som bøndene nytta til å trøska korn. Med desse hjelpemidla kunne husittane slå keisarens riddarhærar. Riddarane var individualistar, spesialistar med årevis med trening bak seg.

Dei husittiske bondehærane hadde berre fått enkel opplæring i bruk av våpna sine. Til gjengjeld var dei stramt organisert – Zizkas hær var ein maskin kommandert frå eit sentrum. Riddarane møtte ein lukka vognborg. Og når krafta gjekk ut av åtaket til riddarane, opna plutseleg borgen seg og friske soldatar kasta seg over riddarane og slo dei på flukt. Husittane var ikkje soldatar for keisaren – dei var soldatar for Gud, og hadde Guds ande med seg.

Dei som hadde vorte gripne av Guds ande stod sterkt i byen Sezimovo Ústí. Men dei truande innsåg at byen var umogleg å forsvara der han låg i botnen av elvedalen. I nærleiken fanst eit nedlagt fort. I 1420 brann innbyggjarane ned Sezimovo Ústí til grunnen. Byen gjenoppstod som Tábor på åsryggen med det gamle fortet. Oppkalla etter fjellet i Galilea der Jesus stod som forklåra framfor disiplane medan han bad saman med Abraham og Moses. I Tábor var alle velkomne som ville tilbake til urkyrkjas sterke fellesskap og tru. Midt på torget i Tábor stod ei kiste. Om du ville bli borgar i byen, måtte du først kasta alt du eigde av verdfulle ting i denne kista.

Åtte krosstog sende keisaren mot Bøhmen – åtte krosstog måtte venda heim i skam. Den katolske kyrkja sitt einevelde på det andelege området byrja å knaka i berebjelkane.

Luther trudde ikkje på kaos, opprør og slikt noko. Folkemengda som hissa seg opp kunne ikkje bli fylt av noko anna enn djevelen. Men ved å stø seg til dei verdslege autoritetane kunne Luther riva ned det kyrkjelege hierarkiet. Og ei ny kyrkje, bygt på hans nye forståing av tilhøvet mellom Bibel, kyrkje og den einskilde truande kunne reisa seg under fyrstens vern.

Medan skolastikken stivna i tilstivna mønster, byrja språkkunnskapane i Europa å bli større. Humanistane oppdaga at den vanlege, latinske Bibelen – Vulgata – ikkje alltid var til å lita på. Erasmus frå Rotterdam (1466-1536) gjekk i brodden for å studera den greske grunnteksten til Bibelen. Johann Reuchlin (1455-1522) lærde seg hebraisk, og byrja lesa det gamle testamentet i sitt opphavlege språk. Ein byrja undersøkja Bibelens opphavlege tekstar, i staden for å godta dei tolkingane som var innarbeidde i skolastikken. Merksemda dreidde bort frå middelalderens syntese av Bibelen og Aristoteles, og mot dei opphavlege bibeltekstane.

Ei ny tid var i emning. Humanistane hadde festet sitt ved universiteta, ikkje ved munkeklostra. Dei såg ned på munkeordenane og det etablerte hierarkiets forsøk på å handheva det skolastiske verdsbiletet. I tillegg hadde dei eit nytt våpen: Trykkpressa. Slik blyet i bøhmarane sine pistala braut gjennom riddarrustningane, braut blyet i Gutenbergs trykkpresser makta til skolastikk og munkeordenar. I tillegg til lærdom kunne nye, skarpladde sjangrar som satire, parodi og liknande mangfaldiggjerast av trykkpressene.

I dette klimaet, der det fanst lesekyndige miljø i mange byar som følgde med tida og var positive til den nye humanismen byrja det heile. Luthers reformasjon seglde opp i ly av humanismen. Luther sette fram 95 teser om avlatshandelen til diskusjon. Men Luthers teser var meir enn ein invitasjon til disputas. I 95 punkt plukka han sund heile den lærebygninga som var bygt kring avlat, skjærseld og frelse. Etter nokre månader var den ukjende professoren ved eit nystarta provinsuniversitet på alle lepper.

Tesene vart trykt opp i større opplag – i dag finst det berre to ulike eksemplar att av dette første dokumentet i reformasjonen. Sjølv sa Luther seinare at han på denne tida var som ein hest med skylappar. Dei teologiske ideane hans var framleis uklåre, og i ferd med å bli forma. Med det var tydeleg kva han ville bort frå – dei 95 tesene var eit skarpt nok brot med kyrkjas tradisjon at spelet var i gang.

Sidan den kristne adelen tilhøyrer den «andelege stand» like mykje som biskopar og kardinalar, kan dei difor opptre som naudbiskopar for å berga kyrkja ut or den babylonske fangenskapen i Roma. Denne rolla kan fyrstane spela avdi dei har den verdslege makta. Dette er formelen som er det faste omdreiingspunktet i Luthers reformasjon.

Og her byrja det å danna seg eit mønster, som gjentek seg gong etter gong. Før diskusjonen om dei 95 tesene hadde lagt seg sende Luther si «Preike om avlat og nåde» til trykkeriet. Denne preika var på tysk, og skrive for alle lesekyndige. Preika tok åtaket på avlatshandelen eitt steg vidare.

Slik skaffa Luther seg det vi i dag kallar dagsordenmakt. Og denne dagsordenmakta hadde han i enormt omfang. Luther var åleine ansvarleg for 20% av alle arbeid publisert i Tyskland mellom 1500 og 1530. So kjem alle reaksjonane og tilsvara i tillegg. Og for kvar gong eit nytt arbeid frå Luthers hand hadde sett dagsorden for diskusjonar og lesing i Tyskland, hadde han eit nytt på handa. Luther var særs medviten om kvar grensene og fårene var når det galdt sensur – og manøvrerte slu opp mot desse grensene. Meir enn ein gong ville Spalatin og kurfyrsten gripa inn og stogga ein av Luthers pamflettar – berre for å oppdaga at pamfletten allereide var ferdigtrykt og på veg til marknaden.

Luther utfordra ikkje grensene i store jafs – han nytta ein salamitaktikk som dytta grensene stykke for stykke. På grunn av Luthers pamflettar vart trykking ein ny industri i vesle Wittenberg. I tillegg til å arbeida raskt og med god forståing av sensuren si rolle, kjende Luther marknaden godt. Pamflettane hans kom akkurat i rett tid før dei store bokmessene – slik at motstandarane måtte venta eit halvår til neste storebokmesse. Slik fekk Luthers ord arbeida uimotsagt i lange periodar – og når motlegget kom, hadde Luther flytta dagsorden med ei ny bok.

Slik skrudde Luther langsomt opp varmen i konfrontasjonane.   Intensiteten i Luther sine åtak auka. Det heile toppa seg året før riksdagen i Worms. Då gav Luther ut dei tre kanskje viktigaste skriftene sine: «Til den kristne adel av tysk nasjon», «Om fridomen til eit kristent menneske» og «Om kyrkjas babylonske fangenskap». Det som var uavklara i dei 95 tesene er no avklara. Desse tre skriftene – «Om fridomen til eit kristent menneske» er kanskje Luthers sterkaste bok – gjev både politisk plattform og ein grunnmur til å byggja ei ny kyrkje.

Korleis ser so Luthers nye fundament ut? I følgje Luther har pave, kurie, munkeordenar og kyrkjerett bygd ei festning kring pavens makt som er uinntakeleg for Guds ord. Reform og kyrkjemøte er umogleg.

Luther talar til riksdagen i Worms

Denne mangelen på einskap mellom Sachsen og Sveits hadde fleire lagnadstunge følgjer. Det inviterte til draumar om å gjera om att reformasjonen med makt – eit spel som pågjekk i lang tid og til slutt kulminerte i tredveårskrigen. Denne arven av kløyving – av kyrkja, av Tyskland – kasta lange skuggar i europeisk historie.

Med dette som utgangspunkt går Luther til åtak på grunnsteinane i den orden som kyrkja til då hadde utgjort. Han avviser at det finst ein eigen «geisteleg stand». Alle kristne tilhøyrer same kyrkje, og tilhøyrer soleis same geistlege stand. Det er praktiske grunnar til at ein er skomakar, ein annan prest. So utviklar Luther læra si om dei to regimenta – det verdslege og det geistlege regimentet. I det verdslege er det sverdet – makta – som gjeld. Og alle pliktar å lyda den verdslege makta. I det andelege er det ordet som gjeld, og det er han som preikar Bibelens ord reinast og mest overtydande som skal rå. Har skal ein ikkje ty til maktbruk. Dette gjev eit tydeleg utgangspunkt – alle former for opprør mot verdsleg makt er av det vonde, medan det i kyrkja er ordet som skal avgjera.

Sidan den kristne adelen tilhøyrer den «andelege stand» like mykje som biskopar og kardinalar, kan dei difor opptre som naudbiskopar for å berga kyrkja ut or den babylonske fangenskapen i Roma. Denne rolla kan fyrstane spela avdi dei har den verdslege makta. Dette er formelen som er det faste omdreiingspunktet i Luthers reformasjon. Luther trudde ikkje på kaos, opprør og slkt noko. Folkemengda som hissa seg opp kunne ikkje bli fylt av noko anna enn djevelen. Men ved å stø seg til dei verdslege autoritetane kunne Luther riva ned det kyrkjelege hierarkiet. Og ei ny kyrkje, bygt på hans nye forståing av tilhøvet mellom Bibel, kyrkje og den einskilde truande kunne reisa seg under fyrstens vern.

Dette programmet heldt han seg til – og det hadde avgjerande følgjer. Både på kort og på lang sikt. Utetter 1520-talet nytta ulike predikantar, mest kjent er Thomas Müntzer (1489-1525), uroa kring reformasjonen til å spreia ein ny bodskap – om ein kristen brorskap utan øvrigheit, utan krava om lydnad som Luther understreka. Svermarar var namnet Luther sette på dei. Det heile ekspoloderte i det store bondeopprøret i 1525. Over heile Tyskland reiste bøndene seg mot øvrigheita, og stilte krav om betre vilkår og meir fridom. Opprøret vart slege ned med hard hand. Luther skreiv tre pamflettar mot dei opprørske bøndene, der han bad adelen slå dei ned som galne hundar. 100 000 vart drepne i denne uroa, mange stader dreiv adelshærane massenedslakting etter at bøndene var slegne.

I fordøminga av sveitsarane ser vi ogso Luther som menneske av mindre format enn han som stod framfor keisaren og ikkje ville gå mot samvitet. Eit mindre format som gav den lutherske verda eit provinsielt preg, ein trongare visjon enn naudsynt. Difor vart det reformasjonens andre greiner – frå Jean Calvin til John Knox – som stod for etterraksten etter reformasjonstidas brot og konfliktar.

Det var den verdslege øvrigheita som var grunnmuren i Luthers reformasjon. I Luthers form for religionsfridom er det fyrsten som avgjer religionen i staten. Han som er usamd med fyrsten står fritt til å bryta opp og flytta til eit land der hans form for religion er samfunnsberande. Mange har i ettertid hevda at Luther kryp for den verdslege øvrigheita. Det er noko i dette – men ein skal ikkje overdriva. Det var prinsippet – at fyrsten skulle sitja med all makt – som var Luther sitt hovudærend. Luther legg ikkje skjul på at fyrstar og adelsmenn er ein blanda gjeng. Ein dyktig fyrste er sjeldan her på kloden i følgje Luther. Ein kristen fyrste er eit reint under. Men utan makt over seg vil menneska sleppa det vonde laus – difor held Gud det vonde nede med det vonde.

Det andre prinsippet for Luthers reformasjon er at han ikkje godtek tradisjonen og autoriteten som avgjerande argument. Han nyttar Bibelen som prøvestein mot dei etablerte autoritetane. Slik reduserer han talet på sakrament til to. Slik blir hierarkiet som har kontroll over kyrkja sett til sides. For kvar i Bibelen er deira autoritet forankra? Luthers argumentasjon er framleis forankra i skolastikken, i universitetstradisjonen – i si samtids kultur.

Men Luther må lena seg tungt på Bibelens autoritet for å legitimera brotet med tradisjonen. Dette har konsekvensar. I delar av den reformerte verda utartar det til eit fundamentalistisk bibelleseri. Luther og Melanchton er ikkje der –  begge er lærde menn. Men «Bibelen åleine» er ei av røtene til fundamentalisme i vår del av verda. Ein av dei tinga som fører bort kristendomens syntese av tru og fornuft: Logos.

Samstundes rydjer dette vegen for «trua åleine», for ein kristendom der kvar mann står andlet til andlet med sin Gud, og der det er trua – ikkje gjerningane – som gjev frelse. Ei kyrkje som innfører ein fundamental likskap på eit viktig livsområde. Ei kyrkje som avskaffar den «heilage stand», og ser alle former for arbeid og teneste som gudsteneste. Det går ingen direkte liner frå dette til det demokratiske gjennombrotet i vår del av verda. Men vår grunnleggjande forståing av samfunnet – at vi alle i botn og grunn er av same slag – går tilbake til dette.

Lutheranismen har sine innebygte veikskapar – slik alt som er skapt i historia. Og ein kan undra seg kor mykje som er att av den lutheranske kyrkja i land som Noreg. Det er lett å sjå Scylla: Liberal teologi – og Karybdis: Angloamerikansk kristensionisme. Men vanskeleg å sjå om det finst rom nok mellom desse til å passera uskadd. Ei «folkekyrkje» er jo heller ikkje den mest manøvreringsdyktige farkosten ein kan tenkja seg.

Saman med det crescendoet som dei stadig nye bøkene og pamflettane frå Luthers hand skapte, utvikla det seg ogso eit anna crescendo i åra etter 1517. Luther møtte stadig tyngre autoritetar i konfrontasjonar som halve Tyskland såg fram til i spaning: Kardinal Cajetan (1469-1534) og Johann Eck (1486-1523). Til slutt sjølvaste keisaren på riksdagen i Worms.

Der skulle han eigentleg berre stadfesta at han hadde skrive dei bøkene som vart lagt fram – og svara om han ville trekka dei attende. I staden for å svara «ja» eller «nei», svara Luther:

«Ja, dette var hans bøker. Og han ville aldri fornekta dei, men han kunne ikkje seia der og då om han ville forsvara dei eller trekka dei tilbake. For dette er eit spørsmål om tru og sjelas frelse. Og dette gjeld det gudommelege ordet, som vi alle pliktar å æra, sidan det ikkje finst noko større i himmelen eller på jorda. Difor vil det vera både forhasta og farleg for meg å seia noko utan å ha gjort ei grundig vurdering. So difor treng eg å områ meg.»

Då han eit par dagar etter igjen stod framfor keisar og riksdag, forklara han standpunktet sitt, og avslutta med dei orda som sidan har vorte ståande:

«Om eg ikkje blir overtydd av skriftas vitnemål eller klår fornuft – for eg lit korkje på Paven eller på konsila åleine, sidan det er velkjent at dei ofte har gjort feil og motsagt seg sjølve – er eg bunde av dei skriftene eg har sitert og samvitet mitt er fanga av Guds ord. Eg kan ikkje og vil ikkje trekka tilbake noko, sidan det korkje er trygt eller rett å gå mot samvitet. Eg kan ikkje gjera noko anna – her står eg. Gud hjelpe meg, Amen.»


Det er ikkje nok å halda liturgien gåande, og prestera riktige meiningar i tilfeldig utvalde kontrollspørsmål. Dei utfordringane vi står andsynes er ikkje mindre enn dei som fanst på Luthers tid. Men dei er annleis.

Etter dette finst det ikkje større autoritetar å konfrontera. Luther blir «bortført» av kurfyrst Fredriks menn, og hamnar på Wartburg, der han gror seg skjegg og kler seg ut som adelsmann. Tida i gøymestaden brukar han til å omsetja Bibelen til tysk. Etter kvart kom det bøker som hadde nye føremål. No var konfrontasjonen med kyrkjehierarkiet historie – no byrja arbeidet med å få den nye kyrkja på føtene. Den vesle katekismen skulle forklara kristentrua for enkle sjeler.

Den store katekismen gav vegleiing for dei prestane som no tente Luthers reformerte kyrkje. Elles skreiv Luther om det som var i tida – som trugsmålet frå tyrkarane. Jødane skreiv han om i fleire brosjyrer – bitrare og bitrare di eldre han vart. Han skreiv om handel og åger, for å gje moralsk rettleiing for næringslivet. Mot slutten av livet vart til og med talane han heldt ved sitt gjestfrie bord skrive ned av andre – som om dei var komprimert visdom. Det var dei nok langt frå alltid.

I denne fasen – etter Worms – skjer ogso eit av dei mest lagnadstunge brota under reformasjonen. Luther allierte seg med adel, med verdsleg øvrigheit, for å gjennomføra den reformasjonen av kyrkja som han meinte var naudsynt. I Sachsen var dette opplagt ein veg å gå: Her hadde fyrstane all makt, og alle andre var undersåttar. Men reformasjonens andre tyngdepunkt, Sveits, hadde andre tradisjonar. Dei som gjennomførte reformasjonen her var stolte borgarar av sine byar og kantonar.

Dei ville la fellesskapen av likemenn rå ogso i kyrkja. Huldrych Zwingli (1484-1531) døydde på slagmarka som del av borgarhæren til sin heimby Zürich. Alt dette var utenkeleg for Luther, og låg langt bortanfor det han kunne godta. Sveitsarane og Luther kom aldri over eins – dei greidde ikkje eingong å leggja til sides desse spørsmåla for å byggja det politiske forbundet dei trong for at refomasjonen skulle ha tyngd til å setja dagsorden for keisarriket.

Denne mangelen på einskap mellom Sachsen og Sveits hadde fleire lagnadstunge følgjer. Det inviterte til draumar om å gjera om att reformasjonen med makt – eit spel som pågjekk i lang tid og til slutt kulminerte i tredveårskrigen. Denne arven av kløyving – av kyrkja, av Tyskland – kasta lange skuggar i europeisk historie.

Motiv frå tredveårskrigen

I fordøminga av sveitsarane ser vi ogso Luther som menneske av mindre format enn han som stod framfor keisaren og ikkje ville gå mot samvitet. Eit mindre format som gav den lutherske verda eit provinsielt preg, ein trongare visjon enn naudsynt. Difor vart det reformasjonens andre greiner – frå Jean Calvin (1509-1564) til John Knox (1513-1572) – som stod for etterraksten etter reformasjonstidas brot og konfliktar. Den protestantiske verda av i dag er prega av den anglo-amerikanske verda – og ein heilt annan teologi enn den Luther smidde.

Lutheranismen har sine innebygte veikskapar – slik alt som er skapt i historia. Og ein kan undra seg kor mykje som er att av den lutheranske kyrkja i land som Noreg. Det er lett å sjå Scylla: Liberal teologi – og Karybdis: Angloamerikansk kristensionisme. Men vanskeleg å sjå om det finst rom nok mellom desse til å passera uskadd. Ei «folkekyrkje» er jo heller ikkje den mest manøvreringsdyktige farkosten ein kan tenkja seg.

Kyrkja er heller ikkje alt for prega av evne og vilje til å vera tett på dei store spørsmåla i vår tid, og til å setja dagsorden. Slik skil ho seg mykje frå Luther og hans menn i Wittenberg. Men skal den kyrkja Luther grunnla spela noko rolle, må hå våga å risikera noko. Det er ikkje nok å halda liturgien gåande og prestera riktige meiningar i tilfeldig utvalde kontrollspørsmål. Dei utfordringane vi står andsynes er ikkje mindre enn dei som fanst på Luthers tid. Men dei er annleis.

 

Relatert

Folk og fremmed makt: tanker rundt kristendommens innføring i Norge del I

Krigen om ikonene

Skolen i Athen, nøkler til et mysterium – del I

Skolen i Athen, nøkler til et mysterium – del II

Religion i sivilisasjonens undergang

HEGEL: Religionen er statens fundament