Terror ute av balanse

Far til den utmerka journalisten og kommentatoren Diana Johnstone heitte Paul Johnstone. Paul Johnstone var i tjue år, frå 1949 til 1969, tilsett som leiande utgreiar innanfor amerikansk etteretning, med Pentagon som arbeidsplass. Paul Johnstone døydde i 1981, og på dødsleiet gav han dottera memoarane sine frå tida som tilsett i den amerikanske etteretningsverda. Desse memoarane har Diana Johnstone no gjeve ut – og sjølv skrive innleiing og etterord. Det er eit svært lærerikt stykke tekst.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Johnstones forteljing gjev eit godt oversyn over korleis dette utviklar seg vidare til «MAD», som er ein slags «tillit» på vranga – vissa om at den andre supermakta vil ha i bakhand tilstrekkeleg med masseøydeleggjing til at total øydeleggjing er garantert – ogso på heimebane. Denne «tilliten» gjev etter kvart eit slags grunnlag for forståing og avtalar som gjev ein slags kontroll.

Paul Johnstone er amerikansk liberal av ein eldre årgang – det kjem ikkje slike frå bygdene der borte lenger. Han vaks opp på eit gårdsbruk i Minnesota, tok høgare utdanning og enda opp som tilsett i landbruksdepartementet under New Deal. Johnstone er ein typisk New Dealer, kunnskapsrik, opplyst og med eit skarpt blikk for mange av paradoksa i USAs nyvunne stormaktsstatus.

Etter perioden i landbruksdepartementet fekk Johnstone nye oppgåver under andre verdskrig, og ved eit tilfelle blir han engasjert i den delen av etteretning som handlar om å skaffa oversikt over bombemål. Under andre verdskrig er det gjeldande doktrine i det amerikanske militæret at eitt av hovudmåla med krigføringa er å råka den industrielle kapasiteten til fienden, og for å gjera dette må ein samla opplysningar om alle aktuelle bombemål.

Mot slutten av andre verdskrig erobrar amerikanarane det tyske arkivet over industrielle mål i Sovjetunionen, med flyfoto og andre opplysningar. Dette blir utgangspunktet for Pentagons omfattande arkiv, i internsjargongen kalla «Bombing Encyclopedia». Nokso tidleg blir dette arkivsystemet utstyrt med ein god og brukarvenleg arkivnøkkel, og «Bombing Encyclopedia» blir difor ein etterspurt informasjonsbank ogso for andre som er ute etter opplysningar om fiendenasjonar.

I eit kort etterord skildrar Diana Johnstone korleis det gjekk vidare – korleis den kalde krigens terrorbalanse vart avløyst av ei doktrine om global dominans. Og korleis denne doktrina om global dominans har ført oss fram til ein situasjon som er fårlegare enn under den kalde krigen.

Det er dette arbeidet – å vurdera mål for bombing, og freista vurdera verknadene av bombing – som er utgangspunktet for Johnstones hovudfortelijng: Korleis USA oppdagar «MAD» [Mutually assured destruction] – på norsk «terrorbalanse» – som grunnleggjande doktrine for krig i atomvåpnas tidsalder.

Det tek tid før etteretnings- og forsvarsverda innser kva som har skjedd, og korleis dei nye våpna har forandra krigføring for alltid. I byrjinga gjev atomvåpna berre nye data for kor øydeleggjande moglege bombeåtak vil vera. Men etterkvart byrjar det å gå opp for planleggjarane at dette i sum inneber noko heilt anna enn det ein har halde på med under andre verdskrig. Og Johnstone leier fleire større utgreiingar som talfestar konsekvensane av fullskala atomkrig. Heilt fram til tidleg på sekstitalet kan dei militære leiarane slå fast at USA vil overleva ein slik krig som nasjon, og vil marsjera vidare på vegen til realisering av nasjonale mål. Men stadig fleire blir klar over dei enorme risikoaene og dei enorme øydeleggjingane som vil følgja i kjølvatnet av atomkrigen.

Det har vorte sagt at drapa på Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht avslutta første verdskrigen og byrja andre verdskrigen. På same måte avslutta bombene over Hiroshima og Nagasaki andre verdskrig – og byrja den kalde krigen.

Johnstone skriv opplysande om korleis atombombene i Japan var ei politisk avgjerd, som dei militære leiarane var mot. Det var den sovjetiske intervensjonen i krigen i Asia, og forsikringane om at keisaren ikkje ville bli handsama som krigsforbrytar, som la grunnlaget for japansk kapitulasjon. Japan hadde lenge vore ute etter ein veg ut av krigen. Men atombombene overskygga desse tinga – og det var ogso meininga.

Illusjonen om global allmakt har fjerna fleire av dei tryggleiksmekanismane som den kalde krigen gav oss. Utan desse er vi prisgjeve ein illusjon som berre veks seg sterkare – og som kan enda opp i globalt ragnarok.

Atombombene gav ein usikker Harry Truman ei kjensle av allmakt – ei kjensle som gjorde det mogleg å bryta avtalar med Sovjetunionen. Denne kjensla av allmakt la grunnlaget for den mistrua og mistilliten som var grunnleggjande for tilhøvet mellom dei to supermaktene etter krigen. Johnstones forteljing gjev eit godt oversyn over korleis dette utviklar seg vidare til «MAD», som er ein slags «tillit» på vranga – vissa om at den andre supermakta vil ha i bakhand tilstrekkeleg med masseøydeleggjing til at total øydeleggjing er garantert – ogso på heimebane. Denne «tilliten» gjev etter kvart eit slags grunnlag for forståing og avtalar som gjev ein slags kontroll.

I tillegg til dette har Johnstones forteljing ei rad interessante digresjonar. Johnstone har eit skarpt blikk for menneska i denne skuggeverda av informasjon, forvirring og desinformasjon. Han ser korleis ei gruppe med sentral-europeiske intellektuelle blir «ekspertar på kommunisme», og gjennomskodar korleis dei freistar gjera si eiga «lost cause» til amerikansk politikk. Og korleis dei militær-industrielle brukar desse folka i sin eigen dagsorden. Han kler naken «ekspertar på alt» av typen Walter Rostow (1916-2003), sentral policy-maker i Johnson-administrasjonen.

Og ikkje minst syner Johnstone med ei rad eksempel korleis «intelligence always fails» – korleis hemmeleghald, institusjonell konkurranse, manglande fullmakter hjå dei som koordinerer «på bakken» ute i imperiet, illusjonar om «overblikk» på toppen av informasjonsstigen og reine stemningsbølgjer i etteretningssamfunnet gjer at veldig mykje handlar om å famla i blinde.

Denne famlinga i blinde fører ofte til større problem enn dei ein freistar rydda opp i – som Johnstones case study av Laos gjev eit utmerka døme på. Og difor kjem ein stadig tilbake til eit grunnleggjande problem i USAs tilhøve til omverda etter 1945: Manglande strategi, manglande forståing for verda utanfor USA og systematisk feillesing i forsvarshierarkiet endar opp i verknadslaus og destruktiv valdsbruk.

Korleis blir ei supermakt styrt? Det er sjølvsagt eit svært komplekst spørsmål. Men Paul Johnstones memoarar gjev eit svært interessant innblikk i den verkelege prosessen som formar avgjerdene til ei supermakt, og dei organisasjonane og medvita som formar denne avgjerdsprosessen. Dette er ei bok du bli klokare av.

I eit kort etterord skildrar Diana Johnstone korleis det gjekk vidare – korleis den kalde krigens terrorbalanse vart avløyst av ei doktrine om global dominans. Og korleis denne doktrina om global dominans har ført oss fram til ein situasjon som er fårlegare enn under den kalde krigen. Illusjonen om global allmakt har fjerna fleire av dei tryggleiksmekanismane som den kalde krigen gav oss. Utan desse er vi prisgjeve ein illusjon som berre veks seg sterkare – og som kan enda opp i globalt ragnarok.

Paul H. Johnstone: From Mad to Madness – Inside Pentagon Nuclear War Planning.

Forord av Paul Craig Roberts. Innleiing og etterord av Diana Johnstone.

Clarity Press 2017 – 299 sider med ordforklaringar og register.

 

Relatert

Trump, Kina og Nord-Korea

TRUMP – en nekrolog over et politisk håp

Bør USA justera ambisjonane?

Mjuk landing?

Deir ez-Zor: Opplegget stinkar

Apokalypsens fire ryttere – del I