Pappa, pappa – kva var “rock ‘n roll”?

I helga døydde Chuck Berry, nitti år gamal. Seksti år etter at han som hovudmann skapte den nye rock ‘n rollsjangeren, femti år etter at låtskrivarraptusen hans turka ut. Alle som tyder noko innanfor sjangeren – Keith Richard, Bruce Springsteen og alle dei andre – kondolerer. Nekrologane finn du over alt – stort sett skrivne av halvgamle menn. Men det er ingen grunn til å la Berrys bortgang drukna i innforstått prat mellom dei innvigde. Berry og hans tid er like fjern som Harry Brandelius og Kalle Jularbo var i min oppvekst, og mimringa står i vegen for å forstå kva det var som traff oss med Chuck Berry. Inga kulturell form i den tida eg har levd har vore so altomfattande og definerande som rock.

Av Hans Olav Brendberg, lærar, tubaspelar og samfunnsdebattant

«Han var ein trettiåring som skreiv musikk for femtenåringar. I eit samfunn som opplevde velstand etter andre verdskrig, og der femtenåringane hadde pengar til å kjøpa singelplater. Denne marknaden forstod han, og frå første augneblink kombinerte han effektive gitarakkordar med tekstar som banka inn enkle myter som passa som hand i hanske til amerikanske femtanåringars verd.»

Då eg vaks opp i ein industriby i Nord-Noreg var lyden av trommer frå nabohuset eit fast innslag: Bom – krasj – bombom – krasj, av og till avløyst av fills på tomtrommene. Det vart øva og øva – på gitarar, bassgitarar og trommesett rundt i alle viktige land i vesten. Og resultatet av øvinga vart framført på diverse scener – eller hamna i nokre tilfelle til og med på NRK. Musikken vi høyrde på definerte generasjonane.

Sjølv hugsar eg at Elvis døydde då eg gjekk i andre klasse. Den korte Elvisrenessansen vart avløyst av alt frå the Clash og the Police til Kiss, som med sine måla andlet var fast inventar i stort sett alle guterom i området. På skulen hadde vi lærarar utdanna på slutten av sekstitalet og byrjinga av syttitalet, og undervisinga i musikk på skulen var sterkt påverka av rock. Vi fekk med oss «rockens historie» med ulik vri – og på ungdomsskulen fekk vi musikklærar som hadde spela inn plate saman Sæmund Fiskvik og Rita Westvik.

Ein kjapp sjekk på nettet synte forresten at min gamle musikklærar hadde fått eigen hyllingslåt! So rock har vore eit heilt avgjerande kulturfenomen i vestlege land, og i verda elles, dei seksti åra som er gått sidan Chuck Berry skreiv kontrakt med dei polsk-jødiske amerikanarane Leonard og Phil Chess, og spela inn sin første hit: «Maybellene». På dei seksti åra har rocken gjenoppfunne seg sjølv gong etter gong: Etter pionerane kom den britiske bølgja, so alternativbølgja og hippiane, progrock, punk – you name it.

Min barndoms nyveiv var berre eitt av mange bølgjeskvulp i denne store båregongen. Men vi kan aldri gå ut i den same elva to gonger, og det som gjentek seg blir til slutt repeterande og monotont. Eg har aldri vore veldig oppteken av å følgja med i det som skjer i rockeverda, og sjølv spelar eg tuba, ikkje gitar. Nirvanas «Smells like teen spirit» var siste gong eg høyrde noko som på alvor minna meg om det ferske, påståelege og overtydande uttrykket som eg først tenkjer på når eg høyrer ordet «rock».

Det blir sjølvsagt laga mykje fin musikk – men nytt, slåande, nyskapande på same måte som i 1955 blir det ikkje. Kva var det med rocken? Chuck Berry kom jo frå ein stad – rocken hadde ei forhistorie i rythm ‘n blues, country og mykje anna. Men om du høyrer på forhistoria, og so på dei første årgangane i den amerikanske rockekatalogen, er det ikkje vanskeleg å høyra kva som er historie, og kva som er forhistorie.

 

[vsw id=”v124f0i0Xh4″ source=”youtube” width=”620″ height=”349″ autoplay=”no”]

 

Chuck Berrys første hit – Maybellene – er ei omarbeiding av ein countrylåt som Texas Playboys gjorde kjent: «Ida Red». Men høyr på «Ida Red», og du er i forhistoria. Chuck Berry og Texas Playboys er ulike verder, og Berry kjem med noko som er nytt, ferskt, slåande. På ein av sine liveplater kommenterer Tom Lehrer «rock ‘n roll and other childrens records». Og sjølv om mange sjølvsagt vil protestera, var det jo slik det var. Rock var musikk for barn. Og det var her Chuck Berry traff blink framfor nokon.

Høgt tempo, tydeleg beat – og gitarriff som ligg nær det hypnotiske. Gitarintroen til «Johnny B Goode» må saman med opningstaktene i «Smoke on the Water» vera det mest terpa og omattspela stykket med musikk i fleire generasjonar. Og trass i dette – er det ikkje enno heilt nedslitt. «Kunst» kjem av å kunna – og Berry kan. Han har ei djevelsk evne til å råka, finna dei grepa som gjer at låten sit, og kvernar vidare i medvitet.

Chuck Berry var eldst i den vesle gruppa med artistar som definerte rocken som sjanger. Han var ein trettiåring som skreiv musikk for femtenåringar. I eit samfunn som opplevde velstand etter andre verdskrig, og der femtenåringane hadde pengar til å kjøpa singelplater. Denne marknaden forstod han, og frå første augneblink kombinerte han effektive gitarakkordar med tekstar som banka inn enkle myter som passa som hand i hanske til amerikanske femtanåringars verd.

I sin første låt er Berry på jakt etter den utru Maybelline, som han ser i ein Cadillac medan han køyrer seg ein tur. Han tek opp jakta på sin kjære med ein V-8 Ford, medan han lurar på kvifor ho ikkje kan vera tru mot han. Og til slutt greier V-8eren å gjera jobben, og han tek igjen Cadillacen på toppen av ein bakke. Meir er det ikkje i den storyen. Og slik held det fram med bilar, jenter, rockemusikk, dans. Ikkje dei tinga ein femtenåring har – men dei tinga ein femtenåring drøymer om. I «No money down» vekslar han Forden inn i ein bil som skal «eta opp vegen». Tenk å ha ein slik bil! Og denne nærliggjande, realistiske draumeverda mytologiserer han i enkle tekstar. Som når han i «Roll over Beethoven» har høyrt ei plate som han vil at plateverten på den lokale radiostasjonen skal spela. Han får berre droppa Beethoven, og fortelja nyhenda til Tsjaikovsky! Rett etter kjem den brunøygde gitarhelten med «Brown eyed, handsome man», ein tekst som utan tvil utfordrar grenser i det framleis segregerte USA.

I første vers er det kona til dommaren som les teksten til mannen når den brunøygde, kjekke mannen blir arrestert for arbeidsløyse. Og ho er ikkje den einaste som fell for sjarmøren – ogso jenta som ikkje greier velja mellom doktoren og advokaten får råd om å satsa på den brunøygde og kjekke mannen i staden.

Problemet har vore der i fleire tusen år, og til og med stakkars Venus frå Milo, som kunne fått alle ho ønskte, mista begge armane i brytekamp for å sikra seg ein brunøygd, kjekk mann! På andre sida av singelen freistar han koma seg bort frå «too much monkey business», springinga i hamsterjulet som ein rockar slett ikkje vil ha noko med å gjera: «Blonde haired, good looking trying to get me hooked/Want me to marry, get a home, settle down, write a book». Heilt uaktuelt! På neste singel kjem den låten som kanskje best spikrar den femtitalsmyten han konstruerer: «School days». Opp om morgonen, læraren som underviser i den Gylne regel, amerikansk historie og praktisk matematikk. Kø i kantina, strevsame studiar – og so endeleg ringjer klokka, og ein kan springa bort frå det heile, kasta mynten i jukeboxen og få musikk med rytme og trøkk i. Lenge leve rock ‘n roll – «the feeling is there, body and soul».

Og slik trillar perlene ut av Berrys verkstad, og gjev plattforma for den nye sjangeren. «Rock ‘n roll music», «Sweet little sixteen» – og sjølvportrettet «Johnny B Goode» som enno ikkje er oppdaga av framande sivilisasjonar, men som er på tur ut i universet med «Voyager».

Chuck Berry har aldri frelst verda. Han har aldri vore dyrka som ikon, slik guteromma våre var fylt med Paul Stanley og Gene Simmons. Då han var på høgda av karrieren vart han arrestert og dømt etter Mann-loven for å ta med seg ei mindreårig jente over delstatsgrense og ha seksuelt samkvem med henne. Han sat fleire år i fengsel, og etter han kom ut trilla dei siste perlene ut av verkstaden: «Nadine», «Never can tell» og eit par andre. So var det slutt.

I femti år har Chuck Berry turnert med dei låtane han laga i raptusen frå 1955 fram til midten av sekstitalet. Han er ikkje den einaste – alle som er noko i denne verda har spela Chuck Berry. Stort sett betre enn Berry sjølv. Berry har reist rundt med gitaren, og brukt lokale musikarar av variabel kvalitet til å backa opp. Han har stort sett gjeve blaffen i korleis det let.

 

[vsw id=”18623223″ source=”vimeo” width=”620″ height=”426″ autoplay=”no”] Chuck Berry freistar fortelje Keith Richards kvar skapet eigentleg stod.

 

Men rangen har det ikkje vore tvil om – ogso Springsteen og Keith Richards har stått på scenen med læremeisteren og spela andrefiolin. Richards har til og med fått ein på tygga frå ein irritert Berry. Det finst eit uttal av coverversjonar av Berrys katalog – men dei opphavlege femtitalsinnspelingane er framleis vel verdt å høyra. Dei som kom etter Berry bygde svære forretningsimperium, spela verdsfrelsarar og brente seg fast i identiteten til millionar av vestlege ungdomar. Dei skapte den globale, kulturelle forma rock.

Rolling Stones turnerer framleis, og vil sikker ikkje få «satisfaction» før dei er under torva. Det er stort, det blir omtalt – men like nytt og nyskapande er det ikkje. Sjølv ikkje når turneane har imponerande namn som «A Bigger Bang». For det nyttar ikkje med eit «bigger bang» – det heile byrja med eit «big bang», og den som var der og då var ein gitarist frå St. Louis, Missouri, som ikkje berre skapte ny musikk, men ei ny musikkform og ei samtidsmyte som vi har brukt eit par generasjonar på å få ned på jorda og inn i faste former. Men om Chuck Berry korkje var verdsfrelsar eller helteikon, so var han vestleg populærmusikks svar på fyrste Mosebok. Ein Louis Armstrong, ein Charlie Parker. I Chuck Berrys verd treng du berre gitar, bass og trommesett. Dei to siste tinga mangla han diverre i store delar av karrieren, og ingen artist har vel gått lengre på tomgang enn Chuck Berry. Og likevel blir det slåande stille når han no har gått bort.

 

Tidligere av samme forfatter: Den amerikanske evangelisten

 

Relatert

10 møter med Dylan

Fleet Foxes; Helplessness Blues gir drahjelp for vår og sommer

Scenes from the Suburbs – Spike Jonze/Arcade; kortfilm om vennskap, forstadsminner og krig

Farväl Falkenberg – eller aldri mer vinter

Det postmoderne, Baudrillard og Justin Bieber