Bør USA justera ambisjonane?

Stephen Sniegoski er ein amerikansk, konservativ historikar med diplomati og internasjonale relasjonar som interessefelt. Han kjem ofte med nye innfallsvinklar, og er ikkje redd for å utfordra tabu og etablerte synspunkt. Hans viktigaste bok – The Transparent Cabal – drøftar dei nykonservative og Israels rolle i førebuinga til Irakkrigen. I sin nyaste artikkel («As a Critic of NATO, Trump Is in Good Company») ser han på Trumps kritikk av NATO i eit historisk perspektiv.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

NATO er eit spleiselag for krigsglade liberale, og gjev dei meir makt enn dei ville hatt kvar for seg.  For USA har NATO alltid vore ei blanda glede, og i utangspunktet var mange av dei sentrale strategane bak USAs stormaktsrolle skeptiske.

NATO er udiskutabelt i Noreg, men ulike land har ulike interesser av alliansen. For USA er det ikkje opplagt at NATO lenger er eit tenleg middel for å oppnå stabilitet. Men dei europeiske elitane er for NATO. Det er eit dogme, og det har gjeve ein komfortabel situasjon der ein har kunna trekt veksla på amerikanske militære musklar for å oppnå stabilitet og europeisk integrasjon.

Sarkozy brukte til og med NATO til å dra USA inn i ein krig i Libya der Obama truleg var skeptisk – men der Hillary Clinton var den trojanske hesten han trong. NATO er eit spleiselag for krigsglade liberale, og gjev dei meir makt enn dei ville hatt kvar for seg.

For USA har NATO alltid vore ei blanda glede, og i utangspunktet var mange av dei sentrale strategane bak USAs stormaktsrolle skeptiske. Sniegoski dreg med rette fram Walter Lippmann, som ikkje ønskte ein stor allianse. Han ønskte ein liten allianse der USA sikra interessene sine ved å dominera Atlanterhavet og bruhovud på europeisk side – først og fremst Storbritannia. Han var mot å bryta den nordiske einskapen ved å dra Noreg og Danmark inn i NATO – i staden for å ha området som ein nøytral buffer mellom USA og Sovjetunionen.

Ei av dei vanlegaste årsakene til ustabilitet i verdshistoria er stor ubalanse mellom forpliktingar og ressursar for stormakter. Stormakter som har forpliktingar over alt, som må svara på utfordringar over alt, får til slutt meir å halda på med enn dei har ressursar til. Det er slik ubalanse, der ein plutseleg risikerer at heile spelet veltar utan at ein har effektive motmiddel, som skapar store kriser.

Lippmann var mannen som lanserte omgrepet «Atlanterhavssamfunnet» i 1917, og som meisla ut «Destroyer Deal», som var byrjinga på USAs veg inn i andre verdskrig. Lippmann var ogso hovudarkitekten bak Walter Winchells presidentkandidatur i 1940, som øydela isolasjonismen som politisk alternativ.

Det var nokre viktige grunnar til at Lippmanns råd ikkje vart følgt. Etter krigen trong Europa omfattande økonomisk hjelp frå USA for å koma på føtene og bli politisk stabilt. Problemet var berre at Kongressen ikkje var viljug til å løyva desse pengane. Dermed organiserte Truman-administrasjonen den kjeda av hendingar som enda opp med kuppet i Tsjekkoslovakia. Og dermed greidde ein å utløysa det som skulle til for å få kongressen til å opna pengesekken: Frykt og moralsk panikk.

Samstundes byrja ein gjødsla og vatna det Eisenhower hadde tenkt å kalla «det militært-industrielle-kongress»-komplekset. Den viktigaste industrien i verda som må selja frykt for å leva.

Ei av dei vanlegaste årsakene til ustabilitet i verdshistoria er stor ubalanse mellom forpliktingar og ressursar for stormakter. Stormakter som har forpliktingar over alt, som må svara på utfordringar over alt, får til slutt meir å halda på med enn dei har ressursar til. Det er slik ubalanse, der ein plutseleg risikerer at heile spelet veltar utan at ein har effektive motmiddel, som skapar store kriser.

For ei stormakt i relativ tilbakegang er det difor god logikk å redusera eigne forpliktingar. USA er ei stormakt med interesser mange stader, men det er ikkje sikkert at det er klokt av USA å garantera tryggleiken til Kosovo, Ukraina og Polen. Kanskje har etterkrigstidas alliansemønster gått ut på dato – og kanskje er det klokt av Trump å byrja den naudsynte justeringa.

Særleg i ein situasjon der USA har garantert tryggleiken til ymse statar heilt fram til forstadene til St Petersburg. Og i ein situasjon der USA – og den europeiske eliten – har laga eit europeisk tryggleikssystem som ser ut til å ha berre eitt prinsipp: Eksklusjon av Russland.

Men er det ikkje heilt kult å ha ein kald krig med Russland?

Problemet til kaosimperiet i dag er at det ikkje lenger er stabilt. Tyrkia er den militært sterkaste makta sør i NATO. Landet har nyleg hatt eit større kuppforsøk, og er ikkje politisk stabilt. Ukraina-politikken til EU/USA ligg i ruinar.

På Balkan sytte ein for tjue år sidan å kvesta Serbia som regional makt. I staden laga ein fleire statseiningar som er notorisk korrupte og ustabile. Nokre av desse kan igjen skli ut i krig – og i tilfelle kan dei dra stormakter som Russland og Tyrkia inn i den lokale konflikten.

I denne stoda er eit visst samarbeid med Russland faktisk intelligent politikk – trass i næringsinteressene til dei som lever av å produsera våpen, og trass i næringsinteressene til dei som lever av å selja billige fiendebilete på massemediemarknaden.

Våre interesser må vi til sjuande og sist finna ut av sjølv. Men det er godt mogleg at USA er tent med å redusera sine forpliktingar, slik at det blir betre balanse mellom ressursar og forpliktingar i det amerikanske imperiet.

 

Les Sniegoskis artikkel her:

«As a Critic of NATO, Trump Is in Good Company»

 

Relatert

Donald Trump og hyperrealitetens æra

Hegemonens skjebnevalg

Hegemoniske krampetrekninger

Mjuk landing?

Det er ikkje Russland som tel, men tanken bak

Hinsides historiens slutt? – del I

Hinsides historiens slutt? – del II

Imperiers syklus – Sic transit gloria mundi