Mjuk landing?

before-the-crash

Den sundskotne, syriske våpenkvilen gjev grunn til å følgja svært godt med på nyhenda. Først forhandlar Russland og USA fram «vodka og pizza»-våpenkvilen. Ein avtale som sit langt inne, der John Kerry må gå fleire rundar med toppen av den nasjonale tryggleiksstaten for å få avtalen i hamn. Amerikanarane krev at innhaldet i avtalen skal haldast hemmeleg.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

Det er denne fridomen i hjarta – kjelda til mot, til rettferd, til utvikling, til sannferdig diskusjon – som har døydd i Vesten. Og utan denne fridomen i hjarta er det liberale imperiet dømt.

Noko av innhaldet har likevel lekka etterpå, og mykje tyder på at amerikanarane sitt problem er at våpenkvilen eksponerer deira de facto-allianse med Nusrafronten. Skal USA og Russland føra ein samordna krig mot islamsk ekstremisme i Syria, er det store problemet for USA at Nusrafronten i praksis er den militære ryggraden i det sokalla «moderate opprøret» i landet.

Men våpenkvileavtalen vart skrive under, gjennomføringa byrja. Og so skjer det merkelege: USA, Danmark, Storbritannia og Australia gjennomfører den mest tilsikta «feilbombinga» i krigen so langt. Sidan krigen byrja har regjeringa i Syria halde ein omringa enklave heilt i aust – Deir ez-Zor. Enklaven har fått forsyningar via den flystripa som regjeringsstyrkane held.

Frontlinene i området har lege fast sidan ein IS-offensiv i januar. Og her greier amerikanarane å gjennomføra ei massiv «feilbombing» som slær eit svært hol i frontlinene som IS kan utnytta, og som kostar opp mot hundre syriske soldatar livet. Det heile er so planlagt at amerikanarane syter for at den offiseren som skal koordinera med russarane ikkje er tilgjengeleg på telefon den timen åtaket varar.

Dei som tek seg tid til å undersøkja det som er offentleg kjent om detaljane i dette åtaket kan vanskeleg unngå å konkludera med at åtaket var meint å ta livet den framforhandla våpenkvilen. Russland innkalla med ein gong hastemøte i Tryggleiksrådet for å berga våpenkvilen.

russian-su-34-strike-fighters-and-su-30-fighter-jets

USA og NATO operer so i ytterkanten av det som er mogleg å selja politisk at dei i praksis må operera med ein total mediablackout med tilhøyrande svart propaganda mot Syria.

Den amerikanske oppførselen i samband med dette, med Samantha Powers patetiske pressekonferanse som lågmål, stadfestar inntrykket av at USA gjerne ser at våpenkvilen døyr – men at russarane og syrarane får skulda. Dei satsar alt på at den sentraliserte, vestlege medieindustrien kjøper alt usett. Det er sjølvsagt ogso det som skjer.

Rett etter dette kjem det so eit åtak på ein naudhjelpskonvoi til Aleppo, der alle dei vanlege mistenkte med ein gong skuldar på russisk eller syrisk bombing. So syner det seg at konvoien ikkje har vorte bomba, og at det er langt fleir enn Russland og Syria som kan mistenkast.

Trass i at det framleis er heilt i det blå kven som stod bak åtaket, blir det heile mata inn i den vestlege propagandakverna for å leggja røykteppe over Washingtons merkelege disposisjonar. Og so langt verkar det at skodda ligg tett over vestlege media.

Ein kan forstå det. Krigen i Syria er komplisert, med svært mange kokkar på same hybelkjøken. På eine sida den syriske regjeringa, Hizbollah og Russland. På hi sida eit virvar av militsar dominert av to sterke, sunnifundamentalistiske grupper: Den islamske staten og Nusrafronten.

Desse fundamentalistane er betalt av og får våpna sine frå Qatar, Saudi-Arabia og liknande islamske oljeeinevelde. Men bakom står vestlege stormakter og ein kaotisk strategi som minnar om dei gotiske krigane i Asterix og goterne. Sjølv Noreg er med – tydelegvis under mottoet «det viktigaste er ikkje å vinna, men å delta».

USA – og dermed ogso Noreg – sin strategi i Syria er no knust i stumpar og bitar. Planleggjinga av krigen i Syria starta truleg rett etter Israels mislukka krig i Libanon i 2006. Den tidlegare franske utanriksministeren Roland Dumas fortalde på fransk fjernsyn at planleggjinga av opprøret var godt i gang i London i 2009, to år før opprøret byrja.

A Syrian woman rides in a car painted in the colors of the Syrian flag with President Bashar Assad's portrait in Damascus, Syria, Tuesday, June 3, 2014. Polls opened in government-held areas in Syria amid very tight security Tuesday for the country's presidential election, a vote that President Bashar Assad is widely expected to win. (AP Photo/Dusan Vranic)

I denne stoda er det slik at små gneister kan tenna store brannar. Sidan det ser ut til at Russland ikkje kan oppnå noko gjennom tingingar, må dei før eller seinare vurdera å skyta ned vestlege fly som går til åtak på den syriske hæren.

Ein dårleg kornhaust, med 40% prisauke på braud i store delar av den arabiske verda, førde til uro og destabilisering i eit område der stat, lov og orden er veik. Ein massiv kampanje med «mjuk makt» og fargerevolusjonar a la Soros fekk bølgja i gang. Til slutt byrja ogso masseprotestar i Syria. Men i tillegg til masseprotestar sytte golfdiktatura for at det frå første stund var tilgang på væpna islamistar som skaut på politi og tryggleiksstyrkar.

Titusenvis, etterkvart kring hundre tusen væpna jihadistar fungerte som bensin på det som i utgangspunktet var eit ikkje alt for stort bål. Borgarkrigen var i gang, og NATO-landa kravde at «Assad må gå», slik at ei styresmakt meir etter Israels smak kunne installerast i Damaskus.

Men den syriske hæren er ein seig organisasjon med mykje kamprøynsle. Dei har greidd å demma opp for israelsk undergraving i Libanon sidan midten av syttitalet. Dei har omfattande røynsle med den typen skitten, sekterisk krig som dei vestlege landa har freista få fyr på i Syria.

Trass i knallhard økonmisk krigføring frå vestlege land, med eit sanksjonsregime som råkar innbyggjarane hardt. Trass i at oljediktatura har pøst inn våpen og jihadistar: Syria har overlevd. Syria er ikkje ein «failed state», som Libya.

Og etter at russarane intervenerte for eit år sidan har krigslukka snudd. No er den syriske hæren på offensiven. Lokale militsar tel på knappane og vurderer sidebyte. Tyrkia har truleg laga avtale med Moskva i staden for å satsa vidare på den islamistiske oskoreia. Trass i at USA og NATO har verdas mektigaste flyvåpen, har dei snart ikkje andre allierte på bakken enn dei sokalla «moderate opprørarane». I praksis ei svær avisand.

Tyrkisk tanks

Det interessante er at det liberale imperiet døyr med alle sine institusjonar, all sin retorikk – alt saman intakt. For all denne lovgaranterte fridomen har rotna i mergen.

Våpenkvilen som vart skote sund gav voner om at ein skulle venda tilbake til ein normal stormaktspolitikk, med maktforlik og stabilisering i ein krig der ingen av partane har interesse av eller evne til å gå for ein total, militær siger. I staden skyt Pentagon i stykker Kerrys våpenkvile, og Kerry følgjer opp dette med eit krav om flyforbod for russiske og syriske luftstyrker.

Etter Deir ez-Zor er dette umogleg. Men situasjonen no er svært fårleg, avdi stormaktene manglar fungerande avtalar i eit luftrom der både Russland, Syria, Israel, Tyrkia, USA og andre NATO-land flyg skarpe oppdrag. Nokre avtalar finst sjølvsagt – mellom anna har Russland og Israel hatt fungerande avtalar lenge, og mykje tyder på at Russland og Tyrkia har snekra ein avtale etter forsøket på statskupp i sommar.

Men dette er underordna. Det er til sjuande og sist USA og Russland som er nøkkelspelarane – og sjansen for at ein skal få til ein ny avtale etter det som har skjedd denne veka er ikkje spesielt gode. Den russiske styrken i Syria opererer ved yttergrensene for det området der Russland er i stand til å projisera makt.

USA og NATO operer so i ytterkanten av det som er mogleg å selja politisk at dei i praksis må operera med ein total mediablackout med tilhøyrande svart propaganda mot Syria. Og dette må dei gjera medan større og større grupper i vestlege land veit at politikarane og MSM lyg, lyg og lyg. Politikarar som gjer seg til talsmenn for «the deplorables», frå Jeremy Corbyn til Victor Orban og Donald Trump seglar i medvind.

I denne stoda er det slik at små gneister kan tenna store brannar. Sidan det ser ut til at Russland ikkje kan oppnå noko gjennom tingingar, må dei før eller seinare vurdera å skyta ned vestlege fly som går til åtak på den syriske hæren.

Fighter Pilot

I vårt hjørna av verda har vi hatt sytti år med stabilitet – ein unik periode som har gjeve grunnlag for velstand og ordna tilhøve som forfedrane våre berre kunne drøyma om. Som Francis Fukuyama peika på i eit mykje omtalt intervju nyleg: Dette går mot slutten.

Obama kjem ikkje til å senda bakkestyrkar til Syria, og til so lenge må Pentagon nøya seg med de facto-alliansen med Nusrafronten (og med IS ved Deir ez-Zor). Men Obama-adminstrasjonen er snart historie. Og Hillary Clinton har aldri lova at ho ikkje vil setja inn bakkestyrkar.

Imperiet har utvikla to våpen fram til perfeksjon. Vestleg medieindustri har vorte eit oligopol kontrollert av ei svært lita gruppe folk, mange av dei israelvenlege jødar. Denne har vorte eit av dei mest omfattande og einsretta propagandaapparata i historia. Samstundes brukar USA svært store summar på global militærmakt, med flyvåpenet som viktigaste maktmiddel.

Men militærmakt åleine har aldri berga noko imperium. Samanbrotet til Sovjetunionen er berre det nyaste dømet. Store rike reiser seg på ein moralsk orden – og fell saman med denne.

I vårt hjørna av verda har vi hatt sytti år med stabilitet – ein unik periode som har gjeve grunnlag for velstand og ordna tilhøve som forfedrane våre berre kunne drøyma om. Som Francis Fukuyama peika på i eit mykje omtalt intervju nyleg: Dette går mot slutten (les mer om det her).

Og det som er det interessante er at det liberale imperiet døyr med alle sine institusjonar, all sin retorikk – alt saman intakt. For all denne lovgaranterte fridomen har rotna i mergen.

Ein av USAs mest kjende juristar skreiv: «Fridomen ligg i hjarta til menn og kvinner. Om fridomen døyr der, kan ikkje noko grunnlov, ikkje noko lov og ikkje nokon domsstol berga han.» Det er denne fridomen i hjarta – kjelda til mot, til rettferd, til utvikling, til sannferdig diskusjon – som har døydd i Vesten. Og utan denne fridomen i hjarta er det liberale imperiet dømt.

 

Relatert

Deir ez-Zor: Opplegget stinkar

Det er ikkje Russland som tel, men tanken bak

BREXIT – massenes opprør

Hinsides historiens slutt? – del I

Hinsides historiens slutt? – del II

Hinsides historiens slutt? – del III

Apokalypsens fire ryttere – del II

Hinsides høyre og venstre: Claudio Gallo intervjuer Alain de Benoist

Imperiers syklus – Sic transit gloria mundi

Zenobia – Levantens motstandskvinne

Simulakra og simuleringer – Jean Baudrillard

Imbesilenes konspirasjon – Jean Baudrillard

Bombeiver og signalpolitikk

IS og Vestens nøling

What goes around, comes around – Barbariet hjemsøker barbaren