Deir ez-Zor: Opplegget stinkar

Deir ez-Zor har vore kringlægra sidan byrjinga av krigen i Syria. I byrjinga med ymse opprørsmilits, etterkvart har IS overteke. Den syriske hæren har likevel halde ut, og har hatt tilgang på forsyningar via flyplassen. Då IS freista ta heile byen i januar i år hindra russiske bombeåtak dette, sjølv om IS vann noko terreng. So forhandlar USA og Russland fram ein våpenkvile, som heilt tydeleg sit dårleg på amerikansk side. State Department er faktisk so ukomfortable at dei insisterer på at teksten og innhaldet i våpenkvilen skal vera hemmeleg.

Av Hans Olav Brendberg, lærar

USA har so langt ikkje freista sannsynleggjera kvifor dei fekk det travelt med å bomba IS-mål i eit område der dette ikkje i det heile er koordinert med allierte styrkar på bakken. Og heller ikkje kvifor dei er so totalt inkompetente at dei greier treffa den syriske hæren i staden for IS i eit område der frontane i stor grad har lege fast i fleire år.

Først skal ein fasa inn våpenkvilen ei veke, og so skal den for alvor ta til om lag no. I denne stoda finn plutseleg USA, Danmark og UK ut at dei skal bomba IS ved Deir ez-Zor – ein kringsett by dei ikkje har brydd seg alt for mykje om dei siste fire åra. Og dette plutselege hastverket endar – surprise, surprise – opp med at dei bombar feil mål. Dei riv opp eit stort hol i linene til den syriske hæren, som IS utnyttar med ein gong.

Amerikanarane bombar her i eit område der det ikkje finst ein – ikkje ein – soldat på bakken som er alliert med dei. Ingen «moderate opprørarar». Ingen kurdarar. Ikkje ein gong al-Nusra. Og likevel vil dei ha oss til å tru at dei bomba den syriske hæren ved «ein feil». Russarane tek saka opp i tryggleiksrådet til FN. I staden for å freista få oppklart saka og berga våpenkvilen let USAs Samantha Power vera å høyra på Russlands innlegg, og leverer denne arrogante salva:

[vsw id=”vxTcPu8tmOs” source=”youtube” width=”620″ height=”349″ autoplay=”no”]

Frå den augneblinken ho seier “This said…” veit du kor det ber hen. Diplomatisk “grandstanding” kan ha sin plass når det leverast med ei viss tyngd. Det er ikkje tilhøvet her, korkje i form eller innhald. Her er Vitalij Tsjurkins pressekonferanse i samband med same sak. Det er ei oppvising i nøktern, sakleg gjennomgang. Men Tsjurkin går ogso so langt at han stiller grunngjevne spørsmål ved “kven styrer i Washington”, og han kallar Powers tirade for “demagogi av første orden”.

[vsw id=”371IZ3klKWE” source=”youtube” width=”620″ height=”349″ autoplay=”no”]

Merk: USA har so langt ikkje freista sannsynleggjera kvifor dei fekk det travelt med å bomba IS-mål i eit område der dette ikkje i det heile er koordinert med allierte styrkar på bakken. Og heller ikkje kvifor dei er so totalt inkompetente at dei greier treffa den syriske hæren i staden for IS i eit område der frontane i stor grad har lege fast i fleire år. Dei som vil kan gjerne tru at det var ei feilbombing. Eg vil gjerne. Men eg ser ikkje at USA har lagt fram noko, nada, som sannsynleggjer dette.

Alt tyder på at bombinga i Deir ez-Zor var ein tilsikta provokasjon for å øydeleggja ei våpenkvile som var langt mindre populær i Pentagon enn i State Department. Kva skjer so etter denne sabotasjen? Jo – då skuldar ein russarane for åtak på ein hjelpekolonne, etter at den syriske hæren (etter mitt skjøn heilt korrekt) avblåser våpenkvilen etter denne provokasjonen. Alle legg med ein gong skulda på Russland. Men lite tyder på at dette er flyåtak.

Sjølv amerikanarane seier jo at russiske fly ikkje er innblanda. Derimot er artilleriåtak notorisk vanskeleg å finna ut av, og åtaket kom som manna frå himmelen etter at amerikanarane var tekne med buksene nede i Deir ez-Zor. Krigspropaganda får vi sjølvsagt frå begge sider. Men det som no kjem frå vestleg side er so dårleg laga og so ulogisk at det er under Fox News-standard. Anten får ein dette ned på bakken, elles tek vi eitt steg til mot ein større krig. Vi lever i ei utrygg verd.

 

Relatert

Bombeiver og signalpolitikk

IS og Vestens nøling

Zenobia – Levantens motstandskvinne

Nice, nihilistisk terror og business as usual

What goes around, comes around – Barbariet hjemsøker barbaren

«Je suis hypocrite»