Apropos Köln

Hauptbahnhof Koeln - Empfangshalle bei Nacht

Overgriparane i Köln må hankast inn og straffast. Men det samfunnsproblemet dei representerer kan ikkje løysast med hardare straffer. Det kan heller ikkje løysast med gode haldningar. Det kan berre løysast med å inkludera folk, og setja dei i arbeid. Diverre tyder mykje på at dette ikkje vil skje.

Av Hans Olav Brendberg, lærer

Utan frelse er vi fortapte – og vi veit det. Folk som samfunnet ikkje har bruk for veit det. Det er det å ikkje ha bruk for folk som til sjuande og sist er det hatefulle.

Eingong tidleg på åttitalet var eg på vitjing hjå ein av naboane der mor mi vaks opp. Nitti år gamal hadde ho hushaldet for dei to sønene. Med føter og armar tynne som sytråd gjorde ho alt det tunge arbeidet som høyrde med til hushald på eit slikt tungdrive, gamaldags småbruk. Til kommentarar om at dette kunne vera litt tungt for eit gamalt menneske fnyste ho berre. Tvert imot meinte ho at arbeidet heldt henne i live – at ho ikkje kunne vorte so gamal om ho ikkje hadde arbeidd kvar dag. Arbeidet var bra for kroppen – og for sjela.

Hennar generasjon hadde ei nesten religiøs tru på arbeidets frelsande verknad. For nokre år sidan las eg Handbok for bureisarar – utgjeve eingong i mellomkrigstida. Også der finn du denne trua på arbeidets frelsande kraft. Mellom anna understrekar forfattaren at det er bra for ungar å luka ugras i åkeren, og at dette gjev røynsler som er nyttig å ta med seg på mange område i livet. Om du sluntrar unna ugraslukinga ein dag, blir det berre meir å gjera den neste. Slik er det ofte.

Eg trur desse dyrkarane av luthersk arbeidsmoral hadde meir rett enn feil – og at den sjølvrespekten som arbeidsreligionen deira gav er viktig for å byggja gode samfunn. Inga handheving av haldningar kan erstatta dette. Lagnaden til amerikanske svarte meiner eg er eit svært viktig døme. Då Uncle Sam skulle tena pengar på første verdskrig vart arbeidskraft til industrivoksteren rekruttert mellom svarte i sørstatane.

Frå 1920 til 1950 gjekk det ei folkevandring frå jordbruksområda i sør til det industrielle nord. Dette er også gullalderen for svart, amerikansk kultur. Det førde til fagorganisering, auka inntekter, ein utdanningsrevolusjon i det svarte USA. Arbeidet – Uncle Sams trong for å mobilisera alle hender – er frelsaren. Og dette skjer i eit USA som framleis har formell diskriminering av svarte; i praksis eit apartheidsystem i halve landet (og berre litt mildare i nord).

DC

Hat blir betalt igjen med hat. Når utanforskapen blir forsterka av etnisitet og blir lett kjenneleg vil det veksa fram ein kriminell underklasse. Og mønsteret til denne kriminelle underklassen vil liggja der i undermedvitet vårt når vi møter eit menneske med denne bakgrunnen.

I tida etter 1960 er all den gamle rasismen utrydda i USA. Sjølv ytringar i private rom er god nok grunn til å avslutta karrierer i politikken. I USA vil ein alltid og over alt slå ned på alle slags rasistiske ytringar. Stoda for svarte er likevel langt, langt verre enn den gongen segregasjonen rådde. For frelsaren – det lønna arbeidet – er borte. Unge amerikanske menn er ei gruppe utan framtid. Halvparten endar opp i fengsel.

Hjå amerikanske svarte går ekteskap i oppløysing som ein regel – og svarte amerikanske born veks opp i dysfunksjonelle familiar. Dei siste åra har det vore ein god del fokus på tungt væpna amerikansk politi som skyt ned uvæpna svarte – ofte under svært uklåre omstende. Dette fører til mobilisering av kjernetroppane av amerikanske progressive. Men ikkje til noko breid mobilisering. Kvifor ikkje? Av di denne røyndomen har andre sider – som alle som bur i USA veit om, men som ikkje blir diskutert.

For sjølv om det ikkje er lov å gje uttrykk for negative haldningar, er slike haldningar truleg meir fastlåste enn nokon gong. Kvifor? Det er sant at svarte blir utsett for vald frå eit triggerhappy amerikansk politi. Men ser ein vald i det amerikanske samfunnet under eitt, er det eit anna mønster som er svært synleg. Sjansen for at ein amerikansk kvit blir drepen av ein amerikansk svart er om lag dobbelt så stor som motsett.

Sjølv om talet på drepne ikkje er so høgt, er dette ein risiko alle veit om. Eller med andre ord: Trass i at svarte utgjer berre 15 % av folketalet i USA, drep svarte menn dobbelt so mange kvite menn som motsett. Dette er sjølvsagt ein konsekvens av at svarte i staden for å få arbeid har vorte ein kriminell underklasse. Og sjølvsagt er det feil å gjera kvite til «offer» i dette: Dei som verkeleg blir drepne som flugor i denne dystopien er svarte menn. Det statistisk mest overrepresenterte drapet i amerikansk statistikk er svarte menn som drep andre svarte menn.

Norman Rockwell

I tilfelle peikar mange trendar mot at desse menneska vil bli dømt til ei framtid som kriminell, etnisk underklasse. Er det ikkje betre å la russarane, Hizbollah og SAA knusa IS, slik at desse hendene i staden kan byggja opp att Syria?

På grunn av dette valdsbiletet vil folk umedvite forma seg eit bilete. Som Bill Cosby sa: «Det er noko gale når du høyrer skritt etter deg i ei mørk gate, snur deg og pustar letta ut når du ser at det er ein kvit mann». 

Ingen haldningskampanjar, inga jakt på rasistar – ingenting kan hindra at det oppstår negative haldningar kring ei gruppe som oppfører seg negativt. Vi har etter kvart ein god del røynsle for at alt ser veldig bra ut i den fasen der du frigjer ei «abstrakt» gruppe frå historisk diskriminering.

Men når den segregerte gruppa blir naboar som blir valdsmenn og butikktjuvar eller bordelleigarar vil entusiasmen kring dei abstrakte måla om likskap kjølna. Problemet i USA er ikkje rasisme – men mangel på ei økonomisk venstreside med arbeid til alle som mål. Utan arbeid til alle er svarte dømt til tilværet som kriminell underklasse, og neste generasjon svarte vil veksa opp i like dysfunksjonelle familiar som førre generasjon. Og vil enda opp som like valdelege.

Og det einaste eg trur antirasistane oppnår er å forsterka desse problema ved å gjera det umogleg å diskutera dei. Ingen antidiskrimineringslover, ingen haldningskampanjar – ingenting nyttar. Det einaste som nyttar er arbeid til alle – og det er ikkje systemet i stand til å levera. Og dermed vil spørsmålet kapsla seg inn som ein «dirty secret»: Amerikanske svarte er like gode borgarar som oss andre. Rosa Parks og Martin Luther King er førebilete for samfunnet vårt (men pass deg om du møter etterkomarane deira i ei mørk gate).

Sjølv trur eg den gamle småbrukarkona heime hadde rett. Det er arbeidet som frelser oss – og utan arbeid er vi fortapte. Neida – ho vart ikkje feit på det tungdrivne bruket. Det var heller ikkje viktig for henne. Sjølvrespekten hennar var sterkare enn som so. Ho hadde det ho trong, ho hadde nok til å dekka bordet når det kom gjester og ho strikka lester til slektningar til jul. Og ho levde ikkje på andres nåde eller andres ulukke. Utan frelse er vi fortapte – og vi veit det. Folk som samfunnet ikkje har bruk for veit det. Det er det å ikkje ha bruk for folk som til sjuande og sist er det hatefulle.

Dette handlar ikkje først og fremst om ytringar. Trass i skule, arbeidsrøynsler – trass i alt du gjer: Du veit at ingen har bruk for deg når du står der på gatehjørnet og freistar slå i hel enno ein ettermiddag. Hat blir betalt igjen med hat. Når utanforskapen blir forsterka av etnisitet og blir lett kjenneleg vil det veksa fram ein kriminell underklasse.

Kölner Dom

Inngangen til Kölner-domen

Og mønsteret til denne kriminelle underklassen vil liggja der i undermedvitet vårt når vi møter eit menneske med denne bakgrunnen. Dette handlar ikkje berre om «haldningar» – det handlar om nokre av dei sterkaste mønstra i samfunnet – fårlege mønster av det slaget som sprenger statar, fører til krig og mykje slikt.

Overgriparane i Köln må hankast inn og straffast. Men det samfunnsproblemet dei representerer kan ikkje løysast med hardare straffer. Det kan heller ikkje løysast med gode haldningar. Det kan berre løysast med å inkludera folk, og setja dei i arbeid. Diverre tyder mykje på at dette ikkje vil skje.

Den «økonomiske venstresida» i Europa vart knust i åra etter Thatcher, og har ikkje greidd å reisa seg igjen. I tilfelle peikar mange trendar mot at desse menneska vil bli dømt til ei framtid som kriminell, etnisk underklasse. Er det ikkje betre å la russarane, Hizbollah og SAA knusa IS, slik at desse hendene i staden kan byggja opp att Syria?

 

Relevant link

Mordstatistikk fordelt på rase i USA

 

Relatert

Metaforens virkelighet – blikk på The Wire i skyggen av Ferguson

Occupy Wall Street – Rettferdig, men retningsløs systemkritikk

Hva er neoliberalisme?

Mer vekst = mer ulikhet?

Sensurert TED-konferanse: “De rike skaper ikke jobber”

Hvem er Charlie?

Apokalypsens fire ryttere – del II