Dagon – Lovecraft på høgnorsk

Pandemonium_Fortress

Av Howard Phillips Lovecraft. Skrivi i juli, 1917 og fyrst prenta i The Vagrant, No. 11 i november, 1919.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Eg skriv dette under verkeleg mentalt press, då eg etter i kveld ikkje kjem til å vera meir. Eg er pengelens og tom for det rusmidlet som åleina gjer livet uthaldeleg. Difor taklar eg ikkje lengjer denne torturen, og aktar kasta meg frå loftsvindauga ned i den skitne gata nedunder. Du skal ikkje tru at eg er noko slags skræling elder degenerert grunna min morfinavhengigheit. Når du hev lese desse hastig nedskrivne sidone kann du nok gissa deg fram til, um enn aldri heilt skyna, kvifor det er slik at eg anten lyt hava gløymsel elder dauden.

Det var i ein av dei mest opne og minst vitja delane av Stillehavet at det vetle frakteskipet der eg var lasteoffiser fell offer for eit tysk kaperskip. Den store krigen hadde då just byrja, og sjømakti til hunarane hadde enno ikkje falle heilt ned til den si seinare so forfalne form. Slik vart då fartøyet vårt eit rettmessig mål, medan me som mannskap vart handsama med all den rausleik og umsut me som sjømannsfangar hadde krav på. So laussluppen var sanneleg disiplinen til våre fangevaktarar, at eg fem dagar etter me vart hanka inn makta flykta einsleg i ein liten båt med vatn og provisjonar som skulde vara ei god stund.

Då eg endeleg til slutt var på farten og fri, hadde eg liten aning um kvar eg var. Eg var aldri noko kyndig navigatør, og eg kunde berre gissa vagt ved hjelp av soli og stjernone at eg var noko sør for ekvator. Lengdegradi mi ana eg inkje um, og ikkje var det noko slags øy elder kystlina i sikte. Vêret heldt seg fint, og i tallause dagar flaut eg mållaust burtyver under den brennande soli. Eg venta anten på eit skip som vilde segla forbi, elder at eg skulde verta kasta i land på breiddi av noko slags liveleg land. Korkje skip elder land kom kor som er i syne, og eg byrja fortvila i mi einsemd på den bylgjande ovstore endelause blåna.

SinkingofLidiaBlanche

Skiftet kom medan eg sov. Detaljane vil eg aldri få vita, for enn kor uroleg og draumefylt kvila mi var, var ho ubroti. Då eg til slutt vakna, uppdaga eg at eg var halvt sogen inn ei slimut flata av helvetesavla svart søla som strekte seg kring meg på monotont bylgjevis so langt augo kunde skoda. I denne sat båten min fast eit stykkje burt.

Ein kunde nok godt tenkja seg at den fyrste kjensla mi vilde vera undring yver slik ei forbausande og uventa endring av bakgrunn, men eg var i røyndi meir forskrekka enn forbløffa. Det var nemleg i lufti og i den rotnande moldi eit urovekkjande trekk som fraus meg inn i mergen. Umrådet var forringa av skrottane til rotnande fisk og andre mindre utgreielege ting som eg såg stikkande upp frå den ekle gjørma på den uendelege yverflata.

Kanskje eg ikkje skulde vona på å makta formidla med enkle ord den unemnelege grufulle karakteren som kann koma til syne i fullstendig togn og aude stordom. Det fanst inkje innan høyrevidde, og inkje i synsrandi forutan ei ovstor strekkja med svart slim. Den altumfemnande stilla og den einsarta karakteren ved landskapet trykte meg kor som er ned med ei kvalmande frykt.

Soli stråla ned frå ein himmel som for meg nesten verka svart med sin skyfrie vondskap, som um den spegla den blekksvarte myri under beini mine. Då eg kravla umbord i den stranda båten kom eg fram til at det berre var éin teori som kunde forklara min noverande posisjon. Gjenom noko slags uhøyrt vulkansk umvelting laut ein del av havbotnen hava vorten kasta til yverflata, og med dette avdekkja umråder som i tallause millionar av år hadde lege løynde i ovdjupe vassmengder. So stor var umkrinsen til dette nye landet som var heva under meg, at eg ikkje kunde høyra den minste ljod av det ville havet. Dette enn kor mykje eg pressa øyro mine. Helder ikkje var det her nokre sjøfuglar som fråtsa på alt det som daudt var.

I fleire timar sat eg tenkjande og rugande i båten. Båten som låg på sida og gav meg ein viss ly i form av skugge frå soli som flytta seg yver himmelen. Etter kvart som dagen skreid fram, mista bakken noko av sin klissute karakter, og såg ut til å turka sopass upp at den skulde høva til å farta i kring på innan kort tid. Eg sov berre litt den notti. Neste dag gjorde eg klar ein reisesekk til meg sjølv som inneheldt mat og vatn. På dette viset fyrebudde eg meg sjølv på ei landleg ferd på leit etter det burtkvorvne havet og ei mogeleg fluktruta.

dagon1_mark_foster

Den tridje morgonen fann eg ut at moldi no var turr nok til at eg enkelt kunde ganga på henne. Stanken frå fisken var ovleg forstyrrande, men eg var altfor uppteken av meir alvorlegare saker til å bry meg um sopass liti ei leid sak. Eg sette av garde med mot i bringa mot eit ukjend mål. Heile dagen farta eg gradvis vestyver, rettleida dit åt av ein knaus som ris noko høgare upp enn alle andre høgder i den bylgjande ørkenen.

Eg slo leir den notti, og heldt vidare fram den neste dagen i retning knausen. Likevel verka det ikkje som um denne kom noko særskilt nærare enn den var då eg fyrst skoda den. Innan den fjorde kvelden hadde eg nådd foten av åsen. Ein ås som synte seg å vera mykje høgare enn den hadde stade fram som frå ein viss avstand. Dette då eit kryssande dalføre hadde skore den meir ut enn den umkringliggjande yverflata. For mødd til å kliva upp, sovna eg i skuggen av åsen.

Eg veit ikkje kvifor draumane mine den notti var so ville, men innan den kvervande og uhyrleg svulmande månen hadde stige upp yver den austlege flata, var eg vaken og kaldsveittande. Fast var eg på at eg ikkje skulde sova noko meir. Slike syn som eg no hadde upplivd var for mykje til at eg kunde halda desse ut på nyo. I ljoset frå månen såg eg kor lite klokt det hadde vore å vandra um dagen. Utan strålane frå den brennande soli vilde reisa mi kosta meg mykje mindre energi. Ja, eg kjende meg sanneleg no i stand til å utføra den uppstigingi som hadde forhindra meg ved solnedgangen. Eg treiv reisesekken min og tok fat på turen upp til toppen av høgdi.

Eg hev nemnt at den ubrotne monotonien ved den bylgjande sletta var ei kjelda til ei vag gru for meg, men eg trur grui mi vart større då eg nådde toppen av åsen og skoda ned på den hi sida. Skoda ned i ein botnlaus avgrunn elder dalføre, som hadde slike fordjupingar at månen enno ikkje var høgt nok til å kunda ljosa desse upp. Det kjendest ut som eg var ved verdi sin ende: skodande yver kanten inn i eit botnlaust kaos av æveleg nott. Gjenom grui mi ilte det merkverdige minnor um Det tapte paradis, og Satan sin forferdelege klatretur gjenom utenkjelege myrke regionar.

Lovecraft

Då månen steig høgare på himmelen, byrja eg skimta at skråningane i dalen ikkje var fullt so loddrette som eg hadde sett fyre meg. Hyllor og steinar som stakk ut baud på rimeleg enkle fotfeste for ei nedstiging. Etter nokre hundrade meter, vart hellingi særs gradvis. Driven framyver av ein impuls eg ikkje heilt kann analysera, kleiv eg med vanskar ned steinane og stod so på den ikkje fullt so bratte flata under, skodande ned i stygiske djupnor der inkje ljos enno hadde brote gjenom.

Brått vart merksemdi mi teki av eit enormt og eineståande objekt i den hi skråningi. Ei skråning som steig bratt upp kring hundrade meter framfor meg. Objektet glinsa kvitt i dei nykomne strålane frå den stigande månen. Det var berre ein gigantisk bit med stein, forvissa eg snart meg sjølv um, men eg var medviten um eit unekteleg inntrykk av at umrisset og viset den stod på ikkje berre var eit naturen sitt verk.

Ved nærare ettersyn vart eg fylt av kjenslor som eg ikkje kann uttrykkja. Dette då eg trass den sin enorme storleik og at den stod i ein avgrunn som hadde kvilt på botnen av havet sidan verdi var ung, merka eg meg utan noko slag tvil at dette merkverdige objektet var ein velforma monolitt. Ein monolitt der den massive brorparten hadde vorte merkt av handverket til og kanskje tilbedingi frå livande og tenkjande skapningar.

Svimlande og skræmd, men ikkje heilt fri for ein viss frydande yr som den hjå ein vitskapsmann elder ein arkeolog, etterrøkta eg mine umgjevnadar grundigare. Månen som no var næro toppen, skein merkverdig og livaktig yver dei tårnande stupi som famna um gropi. Den avslørde det faktum at langstrekte vassmengder bukta seg nedyver botnen og ut or syne i båe retningar, nær sagt skvulpande kring beini mine der eg stod i skråningi.

Tvers yver avgrunnen vaska krusingane foten av den kyklopiske monolitten. På yverflata til denne kunde eg no skoda både innskrifter og grove utskjeringar. Skriverii var frå eit hieroglyfisk system som var ukjent for meg og ulikt alt eg hadde sett i bøker. Dei var hovudsakleg samansett av konvensjonelle akvatiske symbol som fiskar, ålar, blekksprutar, krepsdyr, molluskar, kvalar og slikt. Fleire av teikni symboliserte openbert marine ting som var ukjende for den moderne verdi, men som eg hadde skoda i rotnande form på yverflata som ris upp or havet.

dagon 2

Det var dei biletlæge utskjeringane som heldt meg mest lamslegen. Enkelt synlege kring det umliggjande vatnet grunna deira enorme storleik, var ei samling av basrelieff der motivi vilde hava mana fram svartsjuka til Doré. Eg trur desse tingi var meinte til å danna bilæte av menneskjor – i det minsto, ein viss type menneskje. Dette sjølv um skapningane vart framsynte der dei leika seg som fisk i vatnet i noko slag marin grotta, elder hyllande noko slag monolittisk altar som ogso såg ut til å vera under bylgjone.

Eg vågar ikkje tala um deira andlet elder form i detalj, for berre å koma det i hug gjer meg svimmel. Groteske burtanfor fyrestellingane til ein Poe elder Bulwer, var dei fordømt menneskjelege i brorparten av formi. Dette trass symjehud på hender og føter, sjokkerande breide og pløsute lippor, glasaktige og bulande auger og andre trekk som er mindre trivelege å minnast. Merkverdig nok ser dei ut til å hava vortne meisla ut grovt ute or proporsjonar med deira sceniske bakgrunn, dette då ein av skapningane vart framsynt der han var i ferd med å drepa ein kval som vart framstelt som berre litt større enn honom sjølv.

Eg merka meg, som eg hev sagt, deira groteske trekk og merkelege storleik, men avgjorde ein augneblink seinare at dei berre var dei tenkte gudane til noko slag fiskar- elder sjøfartsstamme. Ein stamme som hadde forsvunne med sine siste etterkomarar innan den fyrste stamfaren til Piltdown-menneskjet elder neandertalaren vart fødd. Fjetra av dette uventa glimtet av ei fortid som var burtanfor fyrestellingane til sjølv den mest vågale antropologen, stod eg tankefull medan månen kasta merkelege refleksjonar på den tagale kanalen fyre meg.

Då var det brått at eg skoda den. Med berre ein liten krusning som gav varsel um at den steig til yverflata, skleid tingen innan synsvidda yver det myrke vatnet. Ovstor, Polyfemos-liknande og avskyeleg, skaut den fart som eit yverveldande monster til monolitten, slo sine enorme skalute armar kring denne, medan den bøygde sitt grufulle hovud og gav til kjenne visse avdempa ljodar. Det var då eg trur eg vart galen.

Eg hugsar lite av min desperate stigning upp skråningi og klippa og mi vanvituge ferd attende til den stranda båten. Eg trur eg song mykje og skratta merkverdig då eg var ute or stand til å sjunga. Eg hev vage minnor um ein stor storm ei tid etter eg nådde båten, og kor som er veit eg at eg høyrde toreskrall og andre ljodar som naturen berre ytrar i hennar mest ville humør.

dagon_mark_foster

Då eg kom ut or skuggane, var eg på eit sjukehus i San Francisco. Dit var eg brakt av kapteinen på eit amerikansk skip som hadde plukka upp båten min midthavs. Eg hadde sagt mykje i mitt delirium, men uppdaga at lite vikt var lagt ved ordi mine. Noko slags uppheving av land i Stillehavet kjende ikkje mine redningsmenn til, og eg kjende helder ikkje noko slags trong til å insistera på noko slikt som eg visste dei ikkje kunde tru på. Ved eit høve vitja eg ein vidkjend etnolog, og mora honom med merkverdige spursmål um den oldtidige filistiske soga um fiskeguden Dagon. Eg innsåg snart at han var vonlaust konvensjonell og grov ikkje vidare.

Det er særskilt um notti når månen er svulmande og meinkande at eg ser tingen. Eg freista med morfin, men rusmidlet gav berre flyktige avbrekk og hev jamvel drege meg inn i sitt grep som ein vonlaus slave. No aktar eg difor gjera ende på alt saman, etter å hava skrive ei full utgreiing til upplysing elder forakteleg morskap for mine medmenneskje. Eg hev ofto spurt meg sjølv um det ikkje kann hava vore rein fantasi – berre noko slag feberfantasi då eg låg bablande med solstikk i den opne båten etter flukti mi frå det tyske krigsskipet. Dette spør eg meg sjølv, men det kjem alltid svar i form av eit avskyeleg livaktiv syn.

Eg maktar ikkje tenkja på storhavet utan å kulsa av dei namnlause tingi som i denne stund kann vera kravlande og ravande ikring på den slimute havbotnen, der dei tilber sine urgamle steinidol og skjer inn sine avskyelege likskapar på undersjøiske obeliskar av vasstrekt granitt. Eg drøymer um ein dag då dei kann koma til å stiga upp yver dei store bylgjone for å trekkja med seg ned i sine stinkande klør den siste resten av den patetiske krigstrøytte manneætti – um ein dag då landjordi skal søkkja, og den myrke havbotnen stiga upp til eit altumfemnande pandemonium.

Enden er nær. Eg høyrer ein ljod ved døri, som av noko slag ovstor sleip lekam som pressar seg mot henne. Den skal ikkje finna meg. Gud, den handi! Vindauga! Vindauga!

 

Relatert

Pickman sin modell – Lovecraft på høgnorsk

I kvelvet – Lovecraft på høgnorsk

Gata – Lovecraft på høgnorsk

Kattane i Ulthar

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det grufulle ved Red Hook – del III

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

  • Slemdal

    Noen planer om å publisere Lovecraft i bokform (med illustrasjoner)? Får ikke helt til å lese denne type litteratur på en pc-skjerm som lyser i mot meg…. Umulig å finne den rette Lovecraft-stemningen. Må vel finnes et lite forlag som ville ha vært interessert?

    • Takk, det er faktisk noe vi vurderer.

      Det er noe helt eget å sitte i godstolen en høstkveld med en bok fremfor en flimrende skjerm. Det er selvsagt først og fremst et kostnadsspørsmål, men lar det seg gjøre er det noe KV definitivt vil prioritere da vi har planer om å etablere et forlag før året er omme i forbindelse med utgivelsen av vårt tidskrift. Mer om det kommer snart.

      • Slemdal

        Godt å høre!:-) Håper det materialiserer seg i nær fremtid. God kultur er det opp til idealister å produsere/publisere. Er det bare et kostnadsspørsmål så bør dere vurdere crowdfunding: https://no.wikipedia.org/wiki/Folkefinansiering

        “Folkefinansiering fremmer giverdemokrati ved å gjøre det lett for folk å støtte direkte akkurat de sakene de er opptatt av, samtidig som det blir enklere for små aktører å få støtte til sine prosjekter.”

        Midt i blinken for KV med andre ord.