Narrespelet om fornybar energi

ARCHIV - Die nächtliche Langzeitbelichtung vom 27.10.2014 zeigt den Sternenhimmel über einer Hochspannungsleitung bei Sehnde in der Region Hannover (Niedersachsen). Nach der Kritik der Bundesnetzagentur an der bisherigen Planung für die umstrittene Stromtrasse SuedLink haben die Anlieger-Landkreise ihre Forderung nach einer Erdverkabelung erneuert. Foto: Julian Stratenschulte/dpa (zu lni "Landkreise wollen Erdverkabelung für Suedlink-Stromtrasse" vom 19.02.2015) +++(c) dpa - Bildfunk+++

Er dei positive sidene ved nye vindkraftverk i Brungfjellet, Eggjafjellet/Åsfjellet og Stokkfjellet så store at ein kan forsvare å omdanne desse naturområda til industriområde for produksjon av elektrisk kraft?  Her dreier det seg om store turbinar, ikkje møller, og anlegga er ikkje parkar, men industriområde med breie vegar som delar opp terrenget og drenerer myrene. 

Av Mads Løkeland, styremedlem i Naturvernforbundets fylkeslag i Sør-Trøndelag

IEA seier at over halvparten av bidraget til redusert klimagassutslepp frå energisektoren må koma frå energieffektivisering/ redusert energibruk, og at det må vera hovudsatsinga.  I Noreg har vi snudd dette opp ned, og satsar i første rekke på ny energi, samtidig som vi allereie har eit stort overskot.

Vi må vera opne om at dette dreier seg om industriområde med stor menneskeleg aktivitet og skade for natur og dyreliv i stor omkrins.  Den eventuelle gevinsten for klima, sikker straumforsyning og eit norsk fornybart samfunn må vera stor for å akseptere slike inngrep.  Vi må også vera sikre på at vi ikkje kan oppnå den same gevinsten på anna og mindre miljøskadeleg vis.

vind2-169

Energieffektivisering er betre

Vindkraftverk blir subsidierte med el-sertifikat, og no foreslår regjeringa at vindkraftverk i motsetnad til vasskraftverk, skal sleppe å betale eigedomsskatt, noko som tilsvarer ei ytterlegare subsidiering.  For vindkraftverka i Melhus, Klæbu og Selbu vil dette tilsvare ei subsidiering på rundt kr 2,5 pr kWh i årleg produksjonskapasitet.  For vindkraftverka på Fosen og Snillfjord skal det bli bygget ei ny kraftline mellom Namsos og Trollheim som kraftkundane skal betale.

Medrekna kraftlina dreier det seg om eit offentleg tilskot på minst kr 4,5 pr kWh i årleg produksjonskapasitet for desse vindkraftverka.  Vi kan samanlikne dette tilskotet med tilskot til ordinær energieffektivisering, som er ca kr 1 pr kWh i årleg spart energi (Enovas årsrapport 2014).  Med andre ord får vi frigjort 2,5 til 4,5 gongar meir fornybar energi gjennom tilskot til energieffektivisering enn ved tilskot til vindkraftanlegg, og utan naturinngrep.

Dei mange rapportane om energieffektivisering viser at det er ufatteleg mykje å hente.  Byggenæringas landsforbund viser til at ein kan redusere energibruken i bygg til halvparten innan 2040, og seier at ei varsam energieffektivisering på 1,2% pr år vil gje 80.000 nye, varige arbeidsplassar i byggsektoren, tilsvarande minst 450 arbeidsplassar for Melhus, Klæbu og Selbu.  I tillegg kjem tiltak i industri og anlegg.

Med andre ord, energieffektivisering gir langt fleire arbeidsplassar enn vindkraft, gir meir frigjort energi for pengane, og er utan naturinngrep. Noreg må opp i 67,5% fornybar kraft for å oppfylle EUs direktiv om fornybar energi, og det har blitt brukt som argument for at vi må byggje ut meir vindkraft.  Dette er eit dårleg argument.  Allereie i 2015 utgjer energi frå fornybar elektrisitet, ved, avfall og spillvarme 66,5% av all norsk energibruk (Statistisk Sentralbyrå juni 2015).

Det er med andre ord lite som skal til for å oppnå 67,5%.  Ved å satse på energieffektivisering, og bruke frigjort fornybar energi til å fase ut fossil energi, er det mogleg å oppnå 100% fornybar energi innan 2030 – 2040.  Det er ikkje behov for ny kraft for å oppfylle fornybardirektivet.

Energy efficiency

Både Tyskland og andre land på kontinentet satsar på å klare fornybardirektivet sjølv, utan import av norsk kraft.  Gjennom die Energiewende satsar Tyskland på energieffektivisering og byggjer ut havvindkraft og solenergi i stor fart.

Det internasjonale energibyrået, IEA: sats på energieffektivisering

IEA seier at over halvparten av bidraget til redusert klimagassutslepp frå energisektoren må koma frå energieffektivisering/ redusert energibruk, og at det må vera hovudsatsinga.  I Noreg har vi snudd dette opp ned, og satsar i første rekke på ny energi, samtidig som vi allereie har eit stort overskot.

Dei siste 12 månadene har Noreg eksportert 1/10 av elektrisitetsproduksjonen, og kraftselskapa er no så pressa at landsforeiningane for energiselskapa, «Energi Norge» og «Svensk Energi», nyleg bad den norske og svenske regjeringa om ikkje å utvide subsidieringa av vindkraft: «Produksjonskapasiteten i Norge og Sverige i 2020 vil være betydelig høyere enn forbruket forventes å være i lang tid, blant annet som en følge av at forbruket i Sverige synker og forbruket i Norge viser en flat utvikling

Statnett uttalte nyleg at det ikkje er problem med forsyninga i Midt-Noreg, så dei planlagde vindkraftverka i Midt- Noreg har inga rolle i den samanhengen.  Dersom den 5 – 6 milliardane til den nye kraftlina Ørskog – Fardal i staden hadde vore brukt som stønad til energieffektivisering i Midt-Noreg, kunne ein klart seg utan denne kraftlina, og bevart naturområda som kraftlina går gjennom.

Fylkeskommunane i Nord- og Sør-Trøndelag, Naturvernforbundet og NITO bad i eit felles brev 29.03.2011 til Olje- og energidepartementet om at Statnett måtte få lov til å vurdere stønad til energieffektivisering som alternativ til nye kraftliner, men vart ikkje høyrde.

Gesellschaft_Winpark_auf_See

Noreg som Europas batteri og energiforsyning?

Både Tyskland og andre land på kontinentet satsar på å klare fornybardirektivet sjølv, utan import av norsk kraft.  Gjennom die Energiewende satsar Tyskland på energieffektivisering og byggjer ut havvindkraft og solenergi i stor fart. Det har vore snakk om å bruke Noreg som batteri, med sokalla pumpekraftverk for å skape balanse mellom den varierande produksjonen frå vind- og solkraftverk og det varierande forbruket.  Då skal ein sende straum til Noreg i periodar med kraftoverskot for å bruke turbinane som pumper for å pumpe vatn opp i øvre magasin i ein del kraftverk og få straum i retur i periodar med kraftunderskot.

For dette formålet er det ikkje behov for vindkraft.  Om desse planane blir sett ut livet, vil det seia enorme nye investeringar og inngrep i eksisterande vasskraftverk, og bygging av mange nye kraftliner for å transportere straumen ut og inn av landet.  Dette vil sjølvsagt seia store naturinngrep.  Alternativet er sokalla «smart grid» for å bidra til balanse i nettet og å byggje ut pumpekraftverk i Tyskland i staden.

Her snakkar ein ikkje berre om pumpekraftverk for vatn, men også anlegg som lagrar energi ved å pumpe opp lufttrykk i nedlagde saltgruver.  Tyske analyser viser at desse tiltaka vil vera tilstrekkeleg for å balansere nettet utan å bruke Noreg som batteri, og vil gje langt mindre naturinngrep, ikkje minst fordi det vil krevja langt færre kraftliner.

Det er bra at kommunestyra i Melhus og Klæbu har gått mot planane til Trønderenergi og E.ON i regionen, men kva med å gå eit steg lengre for å redusere risikoen for utbygging? Kommunane eig Trønderenergi og kan bruke dette eigarskapet til å setja stopp for selskapets vidare satsing på vindkraft.

Powerline

Konklusjonar

-Vindkraftverk er store industrianlegg for produksjon av elektrisitet med alvorleg skade på natur og dyreliv.

– All ny, og sterkt subsidiert energi vil bli eksportert, utan at det er grunn til å tru at det bidra til nedstenging av kolkraftverk på elles i Europa. Der er ein lite interessert i å importere norsk kraft, dei vil klare fornybardirektivet sjølv.

– Vi får frigjort mange gongar så mykje fornybar energi pr støttekrone ved å støtte energieffektivisering enn ved å støtte vindkraft, og det vil gi langt fleire varige arbeidsplassar.

– Noreg kan overoppfylle EU-direktivets krav om fornybar energi utan nye kraftverk.

Det er bra at kommunestyra i Melhus og Klæbu har gått mot planane til Trønderenergi og E.ON i regionen, men kva med å gå eit steg lengre for å redusere risikoen for utbygging? Kommunane eig Trønderenergi og kan bruke dette eigarskapet til å setja stopp for selskapets vidare satsing på vindkraft.  Det vil redusere risikoen for utbygging av Brungfjellet, redusere risikoen for at Trønderenergi får ei framtid med store underskot, og i tillegg eit handslag til alle som kjemper for å ta vare på naturområda langs kysten.  Til hausten er det kommuneval – vil partia bruke eigarmakta til å stanse Trønderenergis vindkraftplanar?

 

Relatert

Den norske strømkrisen – en bløff

Energisparing som virker – Frankrike mørklegger byene

Et slag i lufta – en dokumentar om vindkraftindustrien som raserer vår naturarv

Vindkraften dreper havørn

Hvem eier landskapet?

Riddernes seier over vindturbinene – Kamp mot vindmøller er ikke alltid forgjeves

Vindindustriens ødeleggelser i internasjonalt perspektiv