Pickman sin modell – Lovecraft på høgnorsk

hoffine-pickmans-masterpiece1

Av Howard Phillips Lovecraft. Skrivi i september 1926 og prenta i 1927 i oktober-utgåva av tidsskriftet Weird Tales.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Du treng ikkje tru eg er galen, Elliot – det er nok av andre som hev havt merkelegare uppfatningar enn meg. Kvifor skrattar du ikkje åt bestefar til Oliver som ikkje vil køyra bil? Um eg ikkje tykkjer um den hersens undergrunnsbana er det mi sak. Me kom kor som er snøggare hit med drosje. Me hadde ljota gange upp åsen frå Park Street um me hadde teke bana.

Eg veit eg er meir nervøs enn eg var då du sist såg meg i fjor, men du tarv ikkje blanda helsevesenet inn i det. Gud veit det er meir enn gode nok grunnar til det. Eg tykkjer sjølv eg hev tur som er ved mine fulle fem i det heile. Kvifor slikt eit kryssforhøyr? Du pla ikkje vera so gravande.

Vel, um du lyt vita det, so ser eg slik sett ikkje noko grunn til at du ikkje burde. Kanskje du uansett burde få vita det. Du skreiv trass alt til meg som ein uroa fyresett då du fekk nyss i at eg hadde byrja kutta ut Kunstklubben og halde meg burte frå Pickman. No som han er forsvunnen vitjar eg klubben frå tid til annan, men nervane mine er ikkje som dei pla vera.

Nei, eg veit ikkje kva som er hendt med Pickman, og eg tykkjer ikkje um å gissa. Du hev kanskje nausta deg fram til at eg hadde litt innsideinformasjon då eg braut kontakten med honom – og det er difor eg ikkje vil tenkja på kvar han kann hava fare. Lat politiet finna ut det dei kann – det kjem ikkje til å vera stort. Ikkje um ein skal døma utifrå det faktum at dei enno ikkje kjenner til den gamle bustaden på North End som han leigde under namnet Peters.

Eg er uviss på um eg kunde funne den att sjølv – ikkje det at eg nokosinne vilde freista. Sjølv ikkje  midt på dagen!

Ja, eg veit, elder er redd for å vita, kvifor han leigde den. Eg kjem til det. Eg trur du kjem til å forstå innan eg er ferdig kvifor eg ikkje fortel det til politiet. Dei vilde spurt meg um å rettleida deim, men eg kunde ikkje fare attende dit sjølv um eg kunde vegen. Det var eitkvart der – og no kann eg ikkje nytta undergrunnsbana elder (du kann like so godt flina åt dette au) ganga ned i kjellarar meir.

5_large

Eg skulde tru du vilde forstå at eg ikkje kutta ut Pickman av dei same låttelege grunnane som deim til fjollute gamle kvinnor som Dr. Reid, Joe Minot elder Bosworth. Grufull kunst sjokkerar meg ikkje. Uansett kva veg arbeidet hans vilde taka, hadde eg sett på det som ei æra å kjenna honom når ein mann hev slikt eit flogvit som Pickman. Boston hev aldri havt slik ein kunnig målar som Richard Upton Pickman. Eg sa det då og eg segjer det att. Eg veik helder ikkje ein tome då han synte fram det der «Etande ghoul». Du kjem nok i hug at det var då Minot kutta honom ut.

Du skynar, det krev djup kunst og djup innsikt i naturen for å laga slike ting som Pickman gjorde. Kvar ein låk framsideteiknar kann kasta måling hit og dit og kalla det eit mareritt, heksesabbat elder eit portrett av Djevelen, men berre ein stor kunstnar kann gjera noko slikt og få det til å vera verkeleg skummelt elder truverdig. Slik er det då berre ein sann kunstnar kjenner til den faktiske anatomien til det grufulle elder fysiologien attum frykt.

Likeeins dei nøyaktige linone og storleikane som koplar seg til ibuande instinkt elder nedervde minnor um frykt, og dei rette fargekontrastane og ljoseffektane som rører ved den dvelande sansen for det avvikande. Eg treng ikkje fortelja deg kvifor ein Fuseli verkeleg fær oss til å kulsa, medan den låke framsida på ei bok med spøkelsessogor berre fær oss til å flina.

Det er eitkvart dei karane maktar fanga – burtanfor livet – som dei fær oss til å fanga ein augeblink. Doré hadde dette. Sime hev det au. Angarola frå Chicago likeso. Pickman hadde dette som ingen mann innan elder – vonar eg for Guds skuld – nokosinne vil få att.

Spør ikkje meg kva det er dei ser. Du veit at innanfor vanleg kunst er det stort sett ovstor skilnad millom dei livande, pustande skapningane som er teikna ut i frå naturen elder modellar, og den kunstige bilen som den kommersialiserte vetle yngelen klarar å lira ut or seg i eit atelier. Ein kunde kanskje segja at ein kunstnar som verkeleg skil seg ut hev eit slags syn som lagar modellar elder manar fram det som kann sidestillast med ekte scenor frå den andeverdi han liver i.

the-three-witches-henry-fuseli

Han klarar likevel å få fram resultat som skil seg frå ein falsknar sin sukkersøte draum, på nokolunde same settet som målaren av livande motiv skil seg frå det ein brevskuleteikneserieteiknar maktar å mana fram. Um eg berre hadde sett det som Pickman såg – men, nei! Her, lat oss taka litt drykk fyre me gjeng noko djupare. Gud, eg hadde ikkje vore i live um eg hadde sett det den mannen – um han var ein mann – såg!

Du kjem i hug at Pickman sin spesialitet var andlet. Eg trur ikkje nokon sidan Goya kunde få slikt eit reint helvete inn i nokre trekk elder andletsuttrykk. Fyre Goya lyt ein attende til millomalderskarane som laga gargoylane og chimeraane på Notre Dame og Mont Saint-Michel. Dei trudde på alle slag slike ting – og kanskje såg dei slike ting au. Millomalderen hadde trass alt nokre merkverdige bolkar.

Eg kjem i hug du spurde Pickman året innan du reiste burt um kvar han fekk slike idéar og syn. Var det ikkje ein hesleg lått han gav deg? Det var delvis grunna den låtten at Reid kutta honom ut. Som du veit hadde Reid just byrja studera samanliknande patologi. Han var difor full av uppblesen «innsideinformasjon» um den biologiske elder evolusjonære tydingi til det og det mentale elder fysiske symptomet.

Han sagde Pickman fråstøytte honom meir og meir kvar dag, ja, nær sagt skræmde honom då det leid mot slutten. Han sagde fyren sine trekk og uttrykk sakte utvikla seg i ei retning han ikkje tykte um, på eit vis som ikkje var menneskjeleg. Han tala mykje um etemynster og meinte i det minsto at Pickman var unormal og eksentrisk. Eg gjeng ut ifrå du sagde ifrå til Reid at han let Pickman sine måleri ganga honom på nervone og leika med fyrestellingane hans. Um De tala um det, då. Eg veit eg sagde det same til honom sjølv, på det tidspunktet.

Du bør likevel koma i hug at eg ikkje kutta ut Pickman av slike grunnar. Snarare tvert imot vaks vyrdnaden min for honom meir og meir, for det der «Etande ghoul» var ei ovstor dåd. Som du veit vilde ikkje klubben syna det fram og Museet for Kunstfaget nekta å taka imot det som ei gåva. Eg kann leggja til at ingen vilde kaupa det helder, so Pickman hadde det i huset sitt til dagen han fór. No hev far hans det i Salem – du veit Pickman er av gamal Salem-ætt. Pickman hadde ein hekseforfader som vart hengd i 1692.

Ambrose 2

Eg lagde til meg den vanen å vitja Pickman ofto, serskilt etter eg byrja gjera nedteikningar til ein monografi um merkeleg kunst. Det var truleg kunsten hans som sette den idéen i hovudet mitt, og eg uppdaga uansett at Pickman var ei gullgruva av informasjon og tilrådingar etterkvart som eg grov. Han synte meg alle dei teikningane og målerii han hadde av slik art. Jamvel nokre utkast utført med penn som eg sanneleg trur vilde fengje honom utkasta or klubben um fleire av medlemane hadde sett deim.

Det var ikkje lengje det varde fyre eg nær sagt vart ein tilhengjar. I time etter time vilde eg som ein skulegut lya til kunstteori og filosofiske grubleri som var ville nok til å kvalifisera honom til dårehuset i Danver. Heltedyrkingi mi gjorde honom sers tillitsfull mot meg, kopla med det faktum at folk flest freista å hava mindre og mindre med honom å gjera. Ein kveld hinta han til at um eg var til å lita på og ikkje alt for lettskræmd, kunde det henda han vilde syna meg noko rimeleg uvanleg. Eitkvart litt sterkare enn noko av det han hadde i huset.

«Du veit», sagde han, «det fins eit og anna som ikkje høver seg i Newbury Street – ting som ikkje høyrer til der, og som uansett ikkje kann fyrestellast her. Det er vyrket mitt å fanga yvertonane i sjeli og du finn ikkje deim i kunstige nyrike gator på menneskjeskapt jord. Back Bay er ikkje Boston – den er eigentleg ikkje noko enno, då den enno ikkje hev havt tid til å få minnor og trekkja til seg lokale ånder. Fins det daudingar her er dei dei tamme daudingane frå ei saltmyr elder ei grunn grotta. Eg vil derimot hava menneskjeleg daudingar – attgangarane til skapningar medvitne nok til å hava sett inn i Helvete og skynt meiningi med det deim såg».

«Staden for ein kunstnar å bu er North End. Er ein estetikar sann vilde han finna seg i slummen til fordel for den nedervde seden. Herregud, mann! Skynar du ikkje at plassar som det ikkje vart skapte, men faktisk vaks fram? Ætteledd etter ætteledd livde, følte og døydde der, og det jamvel i deim dagar då folk ikkje var redde for å liva, eta og døy. Veit du ikkje at det var ei mylla på Copp’s Hill i 1632? At helvti av gatone var lagde innan 1650? Eg kann syna deg nokre av husi som hev stade tvo og eit halvt hundradeår og meir til. Hus som hev bore vitnesbyrd til slikt som vilde fengje eit nymotens hus til å rasa saman.

Beksinski

Kva veit dei notidige um livet og kreftene attum det? Du kann gjerne kalla hekserettsakene i Salem vanvitige, men eg veddar gjerne på at tipptipptipptippoldemor mi kunde fortalt deg eit og anna. Dei hengde henne på Gallows Hill, medan Cotton Mather skinnheilagt såg på. Den forbanna Mather var redd for nokon kunde lukkast i å sparka seg fri frå dette hersens monotone buret. Eg skulde ynskja einkvan hadde ganda honom elder drukke i seg blodet hans ei nott!»

«Eg kann syna deg huset han budde i, og eg kann syna deg eit anna han var redd for å ganga inn i trass alt sitt fine motige prat. Han kjende til eit og anna han ikkje våga å setja på prent i den dumme Magnalia elder den barnslege Underverk frå den usynlege verdi. Sjå her: visste du at heile North End ein gong hadde ei rekkja med tunnelar som heldt visse folk i kontakt med kvarandre sine hus, gravplassen og sjøen? Lat dei føra rettsakar og forfylgja yver bakken – kvar dag gjekk slikt fyre seg som dei ikkje kunde gjera noko med, og um notti flein røyster dei ikkje kunde plassera!»

«Eg skal segja deg det, mann, at ut or deim tie framleis ståande og aldri flutte husi bygde fyre 1700, skal eg vedda på at i åtte av deim kann eg syna deg eitkvart merkeleg i kjellaren. Det gjeng knapt ein månad utan at ein les um arbeidarar som finn attmura kvelvingar og brunnar i det og det gamle huset. Kvelvingar og brunnar som ikkje leider noko veg – du skulde sett den nær Henchman Street då dei bygde den upphøga jarnbana i fjor. Det fans hekser og det gandingi deira mana fram; sjørøvarar og det deim brakte inn frå sjøen; smuglarar og private krigsskip.

Eg skal segja deg – i gamle dagar folk visste korleis ein skulde liva og korleis ein skulde forstørra råmone for livet! Hah – dette var ikkje den einaste verdi ein vis og motig mann kunde råka. Ein kann då tenkja yver at i motsetnad til då, er vår eigi tid so prega av veikingar at sjølv ein klubb for påståtte kunstnarar fær skjelvingar og frysningar um eit bilæte gjeng utanfor kjenslone til eit te-selskap i Beacon Street.»

«Det einaste som reddar notidi er at ho er for forbaska dum til å setja nærare spursmålsteikn ved fortidi. Kva fortel eigentleg kart, arkiv og vegbøker um North End? Hah! Berre på slump kann eg garantera deg å leida deg til tretti elder førti allear og nettverk med allear nord for Prince Street som ingen fleire enn ti livande vesen veit um forutan utlendingane som yverfløymer deim.

haxan2

Kva veit vel dei degosane um tydingi deira? Nei, Thurber, desse urgamle stadene drøymer ovvakkert og fløymer yver med underverk, gru og flukt burt frå det vanlege. Likevel er det ikkje ein livande sjel som skynar elder tenar noko på desse. Elder, det fins berre éi livande sjel – for eg hev ikkje grave kring i fortidi for inkje!»

«Du skynar, då du er hugvekt i slike ting. Kva um eg fortalde deg at eg hev eit anna studio her uppe? Eit studio der eg kann fanga natteanden av antikk gru og måla saker som eg ikkje ein gong kunde tenkt på i Newbury Street? Eg fortel naturlegvis inkje um det til dei forbaska gamle røyone i klubben – der denne forbanna Reid allereide no kviskrar rundt um at eg er noko slags monster som rutsjar med slede ufråvikeleg i retning devolusjon. Ja, Thurber, eg avgjorde for lengje sidan at ein lyt måla både det grufulle og det vakre i livet. Difor utforska eg ein del stader der eg hadde grunnar til å vita at det grufulle liver.»

«Eg hev ein stad eg ikkje trur tri livande nordiske menner forutan meg sjølv hev sett. Det er ikkje so langt burte frå den upphøga jarnbana med tanke på avstanden, men det er fleire hundradeår burte med tanke på sjeli. Eg valde det grunna den merkelege gamle mursteinsbrunnen i kjellaren – av den typen eg fortalde deg um. Rønna hev nesten falle saman slik at ingen andre vilde bu der, og eg vil nødig segja kor lite eg laut betala for henne. Vindaugo er spikra att, men det likar eg, då eg ikkje tarv dagsljos til det eg gjer. Eg målar i kjellaren der inspirasjonen er tjukkast, men eg hev au andre rom møblerte i grunnetasjen. Det er ein sicilianar som eig det, og eg hev leigd det under namnet Peters.»

«So – um du vil, kann eg taka deg med dit i kveld. Eg trur nok du skulde tykkja um bilæti, for eg hev late meg sjølv ganga litt langt med deim. Det er ingen lang tur – sumtid tek eg turen til fots, for eg vil ikkje tiltrekkja meg merksemdi med ein drosje på slik ein stad. Me kann tinga transport frå South Station til Battery Street, deretter er det ikkje lange turen.»

Vel, Elliot, det var ikkje mykje anna å gjera for meg etter den toretalen enn å freista halda meg frå å springa helder enn å ganga i retning den fyrste ledige drosjen me kunde sjå. Me bytte til den upphøga jarnbana ved South Station, og kring klokka tolv hadde me gange ned troppi til Battery Street og vandra langs den gamle sjølina forbi Constitution Wharf. Eg heldt ikkje teljingi med alle vegkryssi og eg kann enno ikkje segja deg kva for eitt det var me enda upp ved, men eg veit det ikkje var Greenough Lane.

Cynopolis1

Då me snudde var det for å skrida gjenom den forlatne lengdi av eit so gamalt og skite smug som eg aldri fyrr hev sett i mitt liv. Med forfalne gavlar, knuste småruta vindauge og utgamle skorsteinar som stakk seg ut halvveges nedfalne mot den måneljose himmelen. Eg trur ikkje det var tri hus synlege som ikkje hadde stade i Cotton Mather si tid – visseleg såg eg minst tvo med yverheng. På eit tidspunkt tykte eg eg såg den skrånande toppen av eit tak av den nesten gløymde før-gambrelske typen, sjølv um antikvarar fortel oss at det er ingen att av desse i Boston.

Frå det smuget med sitt dimme ljos snudde me til vinstre inn i eit like so tyst og enno trongare smug utan ljos i det heile. Eit minutt seinare gjorde me det eg trur var ei butt vending mot høgre i myrkni. Ikkje lengje deretter tok Pickman fram ei lommelykt og avslørte ei antikk ti-panels dør som såg forbaska ormeeti ut. Han læste denne upp, og førde meg inn ein tom gang med det som ein gong var fortreffelege myrke eikepanel – sjølvsagt av enkel type, men herleg hintande til Andros-, Phipps- og heksetidi. Han tok meg so med gjenom ei dør til vinstre, tende ei lampa og baud meg kjenna meg som eg var heime.

Det skal segjast, Eliot, at eg er det som mannen i gata vil kalla rimeleg «hardbarka», men eg lyt innrømma at det eg såg på veggjene i det romet skok meg. Der var bilæti hans, du veit – deim han ikkje kunde måla elder ein gong syna fram i Newbury Street – og han hadde rett då han sagde han hadde «late seg sjølv gange litt langt med deim». Her – tak ein dram til – eg tarv ein kor som er!

Det hev ikkje noko fyre seg at eg skal freista fortelja deg korleis dei var. Dette då det grufulle, den gudsspottande skrekken, og det utrulege avskyvekkjande og moralske forfallet kom frå enkle grep langt burtanfor det ord hev makti til å utgreida. Det var ingen av deim eksotiske teknikkane du ser hjå Sidney Sime, inkje av deim trans-saturniske landskapi og månesoppen som Clark Ashton Smith nyttar for å frjosa blodet. Bakteppi var hovudsakleg gamle kyrkjegardar, djupe skogar, klippor ved sjøen, mursteinstunnelar, urgamle paneldekkja rom elder enkle mura kvelv. Copp’s Hill Burying Ground som ikkje kunde vera mange kvartal frå dette huset, var ei yndlingsscena.

A Monster Calls. Patrick Ness.

Galskapen og det monstrøse låg i figurane i framgrunnen – for Pickman sin morbide kunst var hovudsakleg det demoniske portrettet. Desse skapningane var sjeldan heilt menneskjelege, men nærma seg det menneskjelege i varierande grad. Dei fleste av lekamane, sjølv um dei var meir elder mindre tvo-beinte, hadde ein framyverbøygd og vagt hundeliknande framtoning. Vevet til brorparten var av ein uhagsam gummilaktig type. Huff! Eg kann enno sjå deim! Kva dei heldt på med – vel, bed meg ikkje vera for nøyaktig.

Dei var vanlegvis i gang med å eta – eg segjer ikkje på kva. Dei vart sumtid synte i gruppor på kyrkjegardar elder i undergrunnspassasjar, og såg ofto ut til å vera i kamp um byttet deira – elder, rettare sagt, trofeet deira. Slikt eit forbanna uttrykk Pickman sumtid gav deim blinde andleti hjå desse makabre bytti! Sumtid vart desse tingi synte medan dei bykste gjenom opne vindauger um notti, elder sitjande på huk yver bringa til sovande, faretrugande nær strupa deira. Eit læret synte ein ring av desse som bjeffa kring ei hengd heks på Gallow’s Hill. Andletet til heksi framsynte eit nært slektskap til deira eigne.

Tru likevel ikkje at det var dette gruelege emnet og tilhøvi som gjorde meg svimmel. Eg er ikkje eit tri år gamalt barn, og eg hev sett mykje likt dette fyrr. Det var andleti, Eliot, deim fordømte andleti, som gliste og sikla ut or lerretet med sjølve livsanden! Herregud, mann, eg trudde sanneleg dei var i live! Den fråstøytande trollmannen hadde vekt helveteselden i fargar, og kosten hans hadde vore ein marerittframkallande tryllestav. Gjev meg den karaffelen, Eliot!

Det fans eit som heitte «Undervisningstimen» – himmelen tak meg i akt for at eg i det heile såg det! Høyr – kann du sjå fyre deg ein ring av hundeliknande ting sitjande på huk i ein kyrkjegard medan dei lærer eit lite barn å eta som deim? Prisen for ein byting, tenkjer eg – du kjenner til den gamle soga um korleis hittfolket etterlet avkomet sitt i krybbor i byte mot menneskjeborni dei stel. Pickman synte kva som hender med dei stolne reivungane – korleis dei veks upp – og då byrja eg å sjå eit gruveleg slektskap i andleti til dei menneskjelege og umenneskjelege figurane. Med alle sine grader av det morbide millom det beint fram ikkje-menneskjelege og det forfalne menneskjelege, etablerte han ei sardonisk lenkja og ei utvikling. Hundetingi var komne frå dei daudelege!

Lord of Darkness

Ikkje fyrr eg hadde undra meg yver kva han tenkte um deira eigne ungar som vart etterletne hjå menneskji, fyre auga mitt fanga upp eit bilæte som lekamgjorde akkurat den tanken. Bilætet fyrestelte eit gamaldags puritansk interiør – eit grovlafta rom med gittervindauge, ein trebenk og kantute syttenhundradetalsmøblar, med familien sitjande ikring medan faren las frå Skrifti. Alle andleti forutan eitt var edle og vyrdelege, men det eine spegla hånet frå avgropi. Det høyrde til ein ung mann, og høyrde utan tvik til den tenkte sonen til den fromme faren, men var eigentleg skuldfolk av dei ureine skapningane. Det var deira byting – og i ein ovstor ironisk ande hadde Pickman gjeve den trekk som var slåande like hans eigne.

På dette tidspunktet hadde Pickman kveikt ei lampa i eit nærliggjande rom og heldt høfleg døri opi for meg: medan han spurde um eg vilde sjå hans «moderne studiar». Eg hadde ikkje vore i stand til å gjeva stort av meiningane mine – eg var for lamslegen av frykt og avsky – men eg trur han til fullo forstod og kjende seg særs smigra. No vil eg forsikra deg att, Eliot, eg er ingi fjolla som hyler mot alt som utviser litt avvik frå normalen. Eg er middelaldrande og relativt sofistikert, og eg gjeng ut ifrå at du såg nok av meg i Frankrike til å vita at eg ikkje vert lett slegen ut.

Hugs ogso på at eg hadde nær sagt akkurat fengje att pusten og var vorten van med dei fryktelege bilæti som forvandla det koloniale New England um til eit anneks av Helvete. Trass i alt dette tvang likevel det neste romet ut eit skikkeleg skrik or meg, og eg laut gripa fat i dørkarmen for å halda meg frå å falla umkull. Det andre kammeret hadde synt ein flokk med ghoular og heksor som yverfløymde verdi til våre forfedre, men dette tok det gruelege beint inn i vårt daglegliv!

Gud, som den mannen kunde måla! Det var eit måleri med namnet «Undergrunnsuhell», der ein flokk med desse nederdrektige tingi kravla ut or ukjende katakombar gjenom ei sprekka i golvet på Boyltson Street-undergrunnen og gjekk til åtak på ei folkemengd på plattformi. Eit anna synte eit danselag på Copp’s Hill blant gravkammeri, men med notidi som bakgrunn. I tillegg fans det fleire kjellarbilæte, med monster som kraup inn gjenom hol og rifter i mursteinen medan dei gliste der dei sat på huk attum tunnor og eldstader og venta på det fyrste offeret som vilde koma ned troppi.

Füssli_Die Elfenkönigin Titania und Zettel, der Weber mit Eselskopf

Eit avskyeleg læret virka til å avbilda eit ovstort utsnitt av Beacon Hill, med maurliknande herar av illeluktande monster som pressa seg ut gjenom holi som pepra marki. Dansar på notidige gravplassar vart fritt avteikna. Eit anna verk skok meg på eit elder anna vis meir enn alle dei hine – ei scena frå eit ukjent kvelv, der mengder av beisti stimla kring ein som heldt ei velkjent turbok frå Boston og tydelegvis las høgt. Alle peika mot ein viss passasje, og kvart andlet verka so forvridd med epileptisk og rungande lått at eg nær sagt tykte eg høyrde dei gruelege dvergmåli. Titelen på bilætet var «Holmes, Lowell og Longfellow ligg gravlagde i Mount Auburn».

Medan eg gradvis roa meg sjølv og atter vart van med dette andre romet av djevelskap og morbidisme, byrja eg å analysera sume av trekki ved min kvalmande avsky. For det fyrste, sagde eg til meg sjølv, var desse tingi fråstøytande grunna det fullstendig umenneskjelege og kalde likesæla dei framsynte i Pickman. For det andre skræmde dei nettupp grunna stordomen deira.

Kunsten her var kunst som yvertydde – då me såg bilæti såg me sjølve demonane og vart redde for deim. Den merkelege delen var nemleg at Pickman ikkje fekk noko av krafti si frå bruk av det selektive elder det bisarre. Inkje var uklårt, forvridd elder konvensjonalisert: umrisset var skarpt og livaktig og detaljane var nesten smertefullt definerte. Og andleti!

Det var ikkje berre ein kunstnar sin tolking me såg, det var sjølve pandemonium, krystallklårt med sin stramme objektivitet. Det var saki, herregud! Mannen var ingen fantast elder romantikar i det heile – han freista ikkje ein gong gjeva oss det kvervlande, prismatiske og flyktige ved draumar, men reflekterte kaldt og sardonisk ei stabil, mekanisk og veletablert skrekkverd som han såg til fullo, briljant, beint fram og utan å nøla.

Gud veit korleis den verdi kunde hava vore, og kvar han i det heile skimta dei gudsspottande formene som bykste, trava og kravla gjennom henne. Uansett den forbløffande kjelda til bilæti hans var ein ting klårt. Pickman var på alle sett – både i formtaking og i utføring – ein grundig, nøyen og nesten vitskapleg realist.

hoffine-pickmans-masterpiece0

Verten min leidde no vegen til kjellaren som var hans sanne studio, og eg stålsette meg sjølv for nokre helvetesavla gjenstandar blant hans uferdige læret. Då me nådde botnen av dei fuktige treppene vende han lommelykti si mot eit hyrna i det store opne romet som var fyre oss. Med dette avslørte han den sirkelforma mursteinskanten av det som tydelegvis var ein stor brunn i jordgolvet. Me gjekk nærare og eg såg den laut vera fem fot breid, med veggjar ein god fot tjukk og umlag seks tummar yver bakkeplan – grundig arbeid frå det syttande hundradeåret, med mindre eg tok grundig feil.

Pickman sagde at dette var den typen ting han hadde tala um – ei opning til eit nettverk av tunnelar som pla gjenomhola åsen. Eg lagde i forbifarten merkje til at den tydelegvis ikkje verka til å vera mura att, og eit tungt trelok verka til å danna dekkjet. Med tanke på dei tingi denne brunnen då laut vera kopla til um Pickman sine ville hint ikkje berre var retorikk, skok eg noko. Eg snudde meg so for å fylgja honom upp nokre steg og gjenom ei trong dør inn til eit rom av relativt stor storleik, utstyrt med tregolv og møblert som eit studio. Gasslampor med acetyl gav ljoset naudsynt for å arbeida.

Dei uferdige bilæti på staffelii elder sett upp mot veggjene var like grufulle som dei ferdige uppe, og synte dei nitidige metodane til kunstnaren. Scenone vart rissa ut med ovstor grundigheit, og blyantlinor fortalde um den nøyaktige perfeksjonismen som Pickman nytta for å få rett synsvinkel og proporsjonar. Mannen var kyndig – eg segjer det framleis, med alt eg veit. Eit stort kamera på eit bord tiltrekte merksemdi mi, og Pickman fortalde at han nytta det til å taka bilæte av scenor til bakgrunnar. Då kunde han måla desse frå fotografi i studioet i staden for å dragsa med utstyret sitt ikring byen for den og den bakgrunnen. Han tykte eit fotografi var like godt som ein ekte bakgrunn elder modell for langvarig arbeid, og utbasunerte at han nytta ofto deim.

Det var eitkvart særs forstyrrande ved dei kvalmande skissone og halvferdige monstrøsitetane som glodde frå kvar ei sida av romet, og då Pickman brått avdekkja eit stort læret som låg på sida burte frå ljoset, kunde eg ikkje unnlata å sleppa ut eit høgt skrik – det andre eg hadde slept ut den kvelden. Det gav attljod gong på gong gjenom dei dimma kvelvingane i den urgamle og salpeterhaldige kjellaren, og eg laut halda att ein flaum av reaksjonar som truga med å strøyma ut som hysterisk lått. Milde skapar! Eliot, eg veit likevel ikkje kor mykje som var ekte og kor mykje som var feberaktig fyrestelling. Det verkar ikkje for meg som um jordi kunde skapa slik ein draum!

hoffine-pickmans-masterpiece2

Det var ein kolossal og namnlaus blasfemi med stirande raude auger, og det heldt i sine beinute klør ein gjenstand som kunde hava vore ein mann, gnagande på hovudet som eit barn småbit på noko godteri. Det sat som på huk, og ein kjende at det når som helst kunde sleppa sitt noverande bytte og søkja seg mot eit saftigare stykkje. Men til helvete med alt saman, det var ikkje ein gong det avskyelege subjektet som gjorde det til slikt eit utspring av udøyeleg panikk – korkje det elder hundeandletet med deim spisse øyro, deim blodskotne augo, flate nase og siklande lepar. Det var ikkje deim skalute klørna, den muggdekkja lekamen elder deim halvveges klauva føtene – ikkje noko av dette, sjølv um kvart av desse kunde drive ein upphausseleg mann til galskap.

Det var teknikken, Eliot – den forbanna, frekke og unaturlege teknikken! Som eg er eit livande vesen, hev eg aldri fyrr sett det andande livet so samansmelta på eit læret. Monsteret var der – det stirde og gnog, gnog og stirde – og eg veit berre at ei uppheving av naturlovene kunde nokosinne lata ein mann måla slik ein ting utan ein modell – utan eit augekast av underverdi som inkje døyeleg som ikkje hev selt seg til Fanden fær sjå.

Festa til læretet med ein teiknestift på ein ledig plass var ein papirbit som no var særs knurva saman – sannsynlegvis, tenkte eg, eit fotografi som Pickman hadde tenkt å måla som bakgrunn like so grufull som marerittet det var tilsikta å framheva. Eg tok handi fram for å bretta det ut og sjå på det, då eg brått såg Pickman rykkja til som um han var skoten.

Han hadde lya med merkverdig intensitet heilt sidan mitt sjokkerte skrik hadde vekt til live uvane dvergmål i den myrke kjellaren. No virka han til å vera slegen av ei frykt som sjølv um den ikkje kunde samanliknast med mi eigi, hadde noko meir fysisk ved seg enn den andelege. Han drog fram ein revolvar og gjorde teikn til at eg skulde vera tagal, han steig so ut or hovudkjellaren og let att døri attum seg.

Eg trur eg var lamslegen ein augneblink. Eg etterlikna Pickman si lying, og tykte eg høyrde ein veik kravlande ljod ein stad, attåt ei rad med gnål elder breking frå ei retning eg ikkje kunde avgjera. Eg tenkte på store rottor og skok. Deretter kom den avdempa typen bråk som på eitkvart vis gav meg gåsehud yver det heile – ei halvløynd, famlande type klakking, sjølv um eg ikkje kann setja ord på kva eg siktar til. Det var som tungt trevirke som fell på stein elder murstein – trevirke på murstein – kva fekk det meg til å tenkja på?

hoffine-pickmans-masterpiece3

Det kom på nyo, høgare. Det kom ei dirring som um trevirket hadde falle lengre enn det hadde falle fyrr. Deretter kom ein skarp raspande ljod, gaulande babling frå Pickman, og den øyredøyvande tømmingi av alle seks kammeri i ein revolvar, skotne på spektakulært vis som ein løvetemjar kunde skjota i lufti for å få verknad. Eit mutt kvin elder kvekk og eit drønn. Deretter meir trevirke og murstein som skrapa, ein pause og døri opna seg – då skal eg erkjenna at eg kvapp ovleg. Pickman kom inn att med sitt rykande våpen, medan han forbanna rottone som infiserte den urgamle brunnen.

«Hinmannen veit kva det er dei et, Thurber», flirte han, «for desse arkaiske tunnelane gjeng til gravplassar, hekseholor og sjøkystar. Uansett kva det er lyt dei hava gange tome, for dei var djevelsk fastsette på å koma seg ut. Ropingi di haussa deim upp, gjeng eg ut i frå. Ein bør vera varsam på slike gamle stader – våre gnagarvener er eit minus, sjølv um eg sumtid tenkjer dei er positive tilskot med tanke på atmosfæra og farge».

Vel, Eliot, det var slutten på den kvelden sine eventyr. Pickman hadde lova å syna meg plassen, og himmelen skal vita at han hadde gjort so. Han leidde meg ut or den labyrinten av allear i ein annan retning, ser det ut til, for då me fekk sjå ein lyktestolpe var me i ei halvkjend gata med monotone rekkjor med blanda utleigeblokkor og gamle hus. Charter Street, skulde det visa seg, men eg var for uppkava til å leggja merkje til det då me nådde henne. Me var for seine til den upphøga jarnbana, og gjekk attende til sentrum gjenom Hanover Street. Eg kjem i hug den spaserturen. Me skifte frå Tremont upp til Beacon, og Pickman forlét meg på hyrna av Joy, der eg skulde skiljast åt. Eg tala aldri med honom att.

Kvifor kutta eg honom ut? Ikkje ver hastig. Vent til eg ringjer etter kaffi. Me hev fengje nok av det andre greione, men eg tarv i alle fall noko. Nei – det var ikkje målerii eg såg på den staden: sjølv um eg kunde sverja at deim vilde vera nok til å få honom bannljost i ni av ti heimar og klubbhus i Boston. Eg gjeng ut ifrå at du ikkje undrar deg no yver kvifor eg lyt halda meg burte frå undergrunnsbanor og kjellarar.

Det var – noko eg fann i frakken min den neste morgonen. Du veit det samanrulla papiret stifta til det fryktelege læretet i kjellaren, den gjenstanden eg tenkte var eit fotografi frå eit anna motiv han hadde tenkt å nytta som bakgrunn til det monsteret. Den siste støkken hadde kome då eg hadde strekt meg fram for å bretta det ut, og det ser ut til at eg tanketomt hadde knurva det saman i lumma mi. Her er kaffien – tak den svart, Eliot, um du er vitug.

Pickman5

Ja, det papiret var grunnen til at eg kutta ut Pickman; Richard Upton Pickman, den største kunstnaren eg nokosinne hev kjent – og det mest avskyelege vesenet som nokosinne steig yver grensone i livet og inn i avgrunnen av soga og galskap. Eliot – gamle Reid hadde rett. Han var ikkje til fullo menneskje. Anten vart han fødd i ein merkeleg skugge, elder so hadde han funne eit vis å læsa upp den forbodne porten på. Det kann vera det same no då han er burte – attende i den storslegne myrkni han elska å jakta på. Her, lat oss kveikja ljosekruna.

Spør meg ikkje um å forklara elder ein gong å gissa kva det var eg brann. Spør meg helder ikkje um kva som låg attum den moldvarpliknande grafsingi som Pickman var so ivrig på å avskriva som rottor. Det fins løyndomar, veit du, som kann hava kome til oss frå den gamle Salem-tidi, og Cotton Mather fortel um enno merkelegare saker. Du veit kor forbanna livaktige Pickman sine måleri var – åh, so me alle undra oss yver kvar han fekk fat i deim andleti.

Vel – det papiret var ikkje eit fotografi av noko slag bakgrunn i det heile. Det det synte var berre det monstrøse vesenet som han hadde måla på det grufulle læretet. Det var modellen han nytta – og bakgrunnen var kun veggjen i det kjellarstudioet ned til minste detalj. Herregud, Eliot, det var eit ekte fotografi.

 

Relatert

I kvelvet – Lovecraft på høgnorsk

Gata – Lovecraft på høgnorsk

Kattane i Ulthar

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det grufulle ved Red Hook – del III

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk