I kvelvet – Lovecraft på høgnorsk

cemetery

Av Howard Phillips Lovecraft. Skrivi 18. september 1925 og prenta i november 1925 i tidsskriftet The Tryout.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Slik eg ser det fins det inkje meir låtteleg enn den utbreidde koplingi millom det heimlege og det sunne som ser ut til å gjenomsyra tankesettet til fleirtalet. Nemner du ein idyllisk landleg Yankee-umgjevnad, ein klønut og tjukkhuda landsbygravar og ei uheldig hending i eit gravkammer, vil ein ikkje makta å få nokon gjenomsnittleg lesar til å forventa noko meir enn hjarteleg, men grotesk komikk. Gud veit um den jordbundne soga som George Birch sin daud no tillet meg å fortelja, hev ved seg trekk attåt deim som gjer sume av våre myrkaste tragediar til ljose sogor.

Birch skaffa seg eit fritak og endra sin leveveg i 1881, men drøfta aldri saki um han kunde sleppa det. Det gjorde helder ikkje hans gamle lækjar doktor Davis som døydde for fleire år sidan. Det vart stort sett sagt at sotten og sjokket var resultati av eit leit mistak der Birch hadde læst seg sjølv inne i nie timar i mottaksgravkammeret til Peck Valley Cemetery, og der han berre hadde kome seg ut på eit grovt primitivt sett.

Medan dette heilt sikkert var sanning, fans det andre og myrkare saker som mannen kviskra um til meg i sin dauddrukne villfaring mot slutten. Han leit på meg sidan eg var lækjaren hans, og fordi han truleg kjende trong til å fortelja soga si til nokon andre etter at Davis døydde. Han var ungkar utan skuldfolk.

Før 1881 hadde Birch vore landsbygravleggjaren i Peck Valley og var ei sers tjukkhuda og primitiv utgåva av desse vanlegvis primitive og tjukkhuda. I det minsto i byane vilde vanane eg høyrde tilskrivne honom vore utenkjelege i dag. Sjølv Peck Valley vilde kulsa litt um dei kjende til den tvilsame etikken til liksminkaren kring slike diskutable saker som eigarskapet til dyrt likhandsamingsutstyr usynleg under kisteloket. Likeeins kring gradi av sjølvverde ein kann halda på medan ein snur og tilpassar dei usette lankane til livlause leigetakarar av kistor som ikkje alltid er snikra med den mest nøyaktige sut.

Cemetery

Det mest slåande var at Birch var slepphendt, vyrdlaus og yrkesmessig likesæl, men eg trur samstundes ikkje han var ein vond mann. Han var berre grov i sine fiber og funksjonar – tankelaus, likesæl og drukken – som den lett fråvikelege ulukka hans provar. Han var jamvel utan det grammet av fyrestellingar som held den gjenomsnittlege borgaren innanfor visse grensor fastsette av smak.

Akkurat kvar ein skal byrja soga um Birch er det knapt mogeleg å avgjera, for eg er ingen røynd skald. Eg tenkjer ein fær byrja i det kalde desember 1880, då bakken fraus og gravarane på kyrkjegarden uppdaga det ikkje var råd å grava fleire graver fyre til våren. Til alt hell var landsbyen liten og dødsraten låg. Difor vart det råd å gjeva alle Birch sine livlause byrdor ein fyrebels kvilestad i det einslege mottaksgravkammeret som var ute or bruk.

Gravaren vart dubbelt so likesæl i det fæle vêret, og virka til å tevla mot seg sjølv i gradi av likesæle. Aldri fyrr hadde han snikra saman låkare og meir uhøvlege kistor, ei helder sett meir burt ifrå det den rustne låsen på gravkammeret tarv. Denne låsen som han slamra att og upp med slik ei likesæl tankeløysa.

Til slutt kom vårløysingi, og gravene vart med nøysemd fyrebudde for dei nie tagale innhaustingane til mannen med ljåen som venta i gravkammeret. Sjølv um Birch gruva seg for det plagsame ved å bera desse ut og jordfesta deim, byrja han på flytteuppgåva si ein ruskut aprilmorgon. Han gav seg likevel før nons grunna det tunge regnet som virka til å irritera hesten hans, dette etter å hava jordfest berre éin dødeleg leigetakar til sin ævelege kvilestad. Dette var Darius Peck i nittiåri, som hadde ei grav ikkje langt frå gravkammeret.

Birch avgjorde at han neste dag vilde byrja med vetle gamle Matthew Fenner, som ogso hadde ei nærliggjande grav. Dette skulde likevel verta utsett i tri dagar, då arbeidet ikkje byrja før langfredag den 15. Heilt fri for yvertru som han var yverheldt ikkje Birch dagen i det heile, sjølv um han seinare nekta å gjera det slag viktuge saker den lagnadstunge sette dagen i vika. Sanneleg endra hendingane den kvelden George Birch ovmykje.

artwork_cathedral_zdzislaw_beksinski

Utpå ettermiddagen fredag den 15. april lagde Birch i veg i retning gravkammeret med hesten og vogni for å flytta på liket av Matthew Fenner. Han erkjende seinare at edru var han ikkje, men han hadde enno ikkje lagt til seg vanen med tung drikking som han seinare freista nytta til å gløyma sume saker. Han var berre svimmel og tankelaus nok til at det plaga den kjenslevare hesten hans. Ein hest som i det den vart dregen hardt upp mot gravkammeret knegga, skrapa med hovane og kasta på hovudet, just på det viset den hadde gjort den gongen regnet plaga den.

Dagen var klår, men ein sterk vind hadde kome til, og Birch var gild for å få ly i det han læste upp jarndøri og gjekk inn i sidehaugkvelvet. Andre folk vilde kanskje ikkje sett pris på det fuktige illeluktande kammeret med dei åtte slepphendt plasserte kistone, men Birch var i deim dagar kjenslelaus og brydde seg berre um å få rette kista i rette gravi. Han hadde ikkje gløymd kritikken lufta då Hannah Bixby sine skuldfolk ynskte å flytta liket hennar til gravplassen i byen dei flutte til, men i staden fann kista til Judge Capwell under gravsteinen hennar.

Ljoset var veikt, men Birch sitt syn var godt, og sjølv um ho var sers lik tok han ikkje Asaph Sawyer si kista ved eit mistak. Han hadde sanneleg laga kista til Matthew Fenner, men hadde sett henne til sides til slutt då han tykte ho var for grovhogd og spinkel. Birch sette henne til sides etter at han fekk eit uvanleg anfall av vare kjenslor fødde or minnet um korleis den gamle mannen hadde vore snill og gåvmild mot honom då Birch gjekk bankerott fem år tidlegare.

Han gav gamle Matt den beste som handi hans kunde laga, men var kløktig nok til å løyva den forkasta kista, for so å nytta denne då gamle Asaph Sawyer døydde av ein vondsinna feber. Sawyer var ingen elskverdig mann, og mang ei soga vart fortald um hans nesten umenneskjelege hemnlyst og standhaftige minne um illgjerningar – anten innbilte elder ekte. Til honom hadde ikkje Birch bore nokre atterhald mot å nytta den skjønlaust laga kista som han no skauv til sides i hans søk etter Fenner-kista.

Det var just då han kjende att gamle Matt si kista at døri small att i vinden, etterlatande honom i ei myrkre enno djupare enn fyrr. Det tronge takvindauga slapp berre gjenom dei veikaste av solstrålar og luftingi yver hovudet hans knapt ein einaste. Han var no difor redusert til ei stakkarsleg famling der han på sitt haltande vis freista finna vegen millom dei lange kistone i retning smekklåsen.

Zdzislaw-Beksinski-Paintings-7

I denne gravskymringi rista han i dei rustne handtaki, skauv på jarnpaneli og undra seg yver kvifor den massive porten brått var vorten so trassande. I denne skymringi byrja ogso han å innsjå sanningi og tok til å ropa høgt, som um hesten hans på utsida kunde gjera noko meir enn å knegga eit svar utan medkjensla. Den lengje yversette smekklåsen var nemleg openbert øydelagd. Dette etterlet den slepphendte gravaren fanga i kvelvet, eit offer for sitt eige mistak.

Det heile må hava hendt kring klokka halv fire på ettermiddagen. Birch som av temperament var kald og handnemn, ropa ikkje lengje, men freista leita med hendene etter nokre verkty han hugsa han hadde sett i eit hyrna av kammeret. Det er tvilsamt um han i det heile var råka av skrekken og det slåande unike i tilhøvet hans, men den brutale sanningi um at han no var innestengd so fjernt frå dei vante ferdesvegane til folk var nok til å slå pusten grundig ut or honom.

Det daglege arbeidet vart trist nok avbrote, og med mindre lagnaden vilde koma til hjelp med noko slags vandringsmann, vilde han kanskje ljota vera der heile notti og lengre til. Han fann snart fram til haugen med verkty, og vende attende til døri yver kistone etter å hava valt seg ut ein hammar og ein meisel.

Lufti hadde teke til å verta gradvis meir usunn, men dette beit han seg knapt merkje ved medan han halvveges på innfall streva med den tunge og rustne metallet i smekklåsen. Han vilde gjeve mykje for ei lykt elder ei lite talgljos, men då desse vanta, arbeidde han vidare so best han kunde i halvblinda.

Då han til slutt innsåg at smekklåsen var vonlaus å rikka, i minsto for slike skrale verkty og i eit slikt tilhøve som dette, såg Birch seg um etter andre mogelege fluktruter. Sidan kvelvet var greve ut or ei åssida på eit slikt vis at den tronge luftingssjakti på toppen gjekk gjenom fleire meter med jord, var det heilt meiningslaust å vurdera den retningi. Yver døri var det derimot von um å utvida det høge skåraktige takvindauga i mursteinsfasaden ved hjelp av hardt arbeid. Augo hans hekk difor lengje her medan han ransaka heilen sin for vis å nå denne på.

Det var inkje liknande ein stege i gravkammeret, og kistehyllone på sidone og bakarst som Birch sjeldan gjorde seg umaken verd å nytta seg av, tilbaud ikkje noko tilgang til umrådet yver døri. Det var kun sjølve kistone som var att som mogelege troppesteg, og medan han vurderte desse undra han seg yver det beste viset å flytta deim på. Han vurderte tri kistehøgder til å vilja bjoda honom tilgang til gavlvindauga, men fire vilde vera betre.

the_cemetery

Kistone var stort sett jamne og kunde setjast uppå einannan som steinblokker. Han byrja difor pønska ut korleis han på beste vis kunde nytta dei åtte kistone til å reisa eit klatrebert reisverk fire kistor djupt. Medan han planlagde kunde han ikkje dy seg for å ynskja at byggjesteinane i hans tenkte tropp var tryggare laga. Um han hadde fyrestillingsevnor store nok til å ynskje deim tome stend under sterk tvil.

Til slutt avgjorde han å dana eit grunnlag av tri kistor parallelle med veggjen, som han so kunde setja tvo lag med tvo kvar i på, og til slutt ei på toppen av dette som ei brukande plattform. Eit slikt byggverk kunde tena som tropp utan dei heilt store vanskane og vilde tilbjoda den ynskja høgdi. Det som enno betre var, er at han tarv berre nytta tvo kistor til botnen for å støtta upp reisverket. Dette vilde etterlata ei tilgjengeleg som kunde setjast på toppen um det skulde syna seg at sjølve flukthoppet sette krav til enno større høgder. På dette viset streva fangen steg for steg i skymingi med å reisa dei tyste restane av det døyelege jordelivet med minimalt av seremoni til eit slags Babels-tårn.

Fleire av kistone byrja sprikka under presset frå handsamingi og han planlagde å løyva den stødig bygde kista til vetle Matthew Fenner til toppen. Dette for å sikra til føtene sine det stødigaste underlaget som mogeleg var. I halvmyrkni leit han mest på følesansen for å velja den rette og kom sanneleg fram til denne mest som ved eit uhell, då den fell inn i hendene hans nærsagt som av eigi vilja etter at han ved eit mistak hadde sett denne ved sidan av ei onnor i det tridje laget.

Tårnet vart endeleg ferdig og dei verkande armane hans fekk seg ei rast då han sette seg på det nederste trinnet til sitt grimme verk. Birch klatra so varsamt upp med verktyi sine og stod andlet til andlet med det tronge gavlvindauga. Råmone til vindauga var utelukkande av murstein, og det etterlet liten tvil um at han på kort tid kunde meisla burt nok til å tillata lekamen hans i gjenom.

Då hammaren hans byrja slå, knegga hesten utanfor i eit toneleide som kann hava vore uppmodande og for andre øyrer spottande. Kor som er vilde det uansett vore høveleg med tanke på den uventa trassige naturen til mursteinen som såg so spinkel ut. Dette var sanneleg ein underfundig kommentar kring det fjasute ved daudlege voner og um upphavet til ei uppgåva som krov eitkvart mogelege stimuli for å utførast.

Beksinski

Kvelden fell på og Birch streva framleis på. Han arbeidde hovudsakleg etter kjenslone no, då nykomne skyer hadde løynd månen. Sjølv um framgangen framleis var låk, kjende han seg upplyft av innhoggi sine på toppen og botnen av holet. Han var sikker på han kunde koma seg ut ved midnatt – men det var kjenneteiknande ved honom at tanken på dette ikkje var merkt av dystre koplingar.

Birch var uforstyrra av tyngjande tankar kring tidspunktet, staden og selskapet under beini hans. Han meisla tankefullt vidare på dei steinute mursteinane – bannande um ein splint trefte honom i andletet og skrattande um ein splint råka den stendig meir upphissa hesten som stod skrapa med hovane nær sypresstreet. Med tidi vaks holet seg so stort at han våga prøva seg fram med lekamen i holet frå tid til annan, med kistone under honom vaglande og knirkande. Han kom fram til at han ikkje laut setja enno ei kista på plattformi si for å få den rette høgdi, holet var nemleg akkurat rette høgdi for honom til å nytta seg av so snart storleiken var den rette.

Midnatt lyt det hava vore då Birch endeleg avgjorde at han kunde koma seg gjenom takvindauga. Sliten og trøytt trass dei mange rastene, kleiv han ned til golvet og sette seg eit bel på den nederste kista for å samla styrke fyre den siste ålingi og bykset ned til bakken ute. Den svoltne hesten kneggja gong på gong og nesten illevarslande, og Birch ynskte vagt den vilde stogga med dette.

Birch var slåande lite høgstemt yver sin nærståande flukt og nær sagt frykta slitet då formi hans var prega av den dvaske fedmen ved tidleg alderdom. Då han på ny kleiv upp på dei splintrande kistone kjende han serskilt godt til vikti si. Dette serskilt då han nådde den øvste og høyrde den tiltakande knaseljoden som varsla um det snart heilt knekte treverket. Det såg ut til at han hadde planlagt utan meining då han plukka ut den stødigaste kista som underlag, for ikkje fyre lagde han si fulle vikt på det rotne loket fyrr det gav etter. Dette rykte honom ein halvmeter ned på ei yverflata sjølv ikkje han vilde fyrestella seg.

Um det var ljoden elder stanken som fór ut sjølv i den friske lufti som gjorde hesten galen er uvisst, men den ventande hesten gav frå seg eit skrik som var for intenst til å vera eit knegg. Hesten sprang so vilt av garde gjenom notti med vogni klaprande som ho var gali attum honom.

Antoine Joseph Wiertz

Birch var no i dette forferdelege tilhøvet for lågt til å lett koma seg ut or det forstørra holet, men freista samla kreftene sine til ein målretta freistnad. Han tok tak i kanten av holet og freista draga seg sjølv upp då han merka ein merkverdig motstand i form av noko som heldt honom att ved båe oklone. Eit augenblikk seinare kjende han for fyrste gong denne kvelden frykt.

For uansett kor mykje han freista, klarde han ikkje rista seg laus or det ukjende haldet som heldt føtene hans i standhaftig fangenskap. Gruvelege smertor som frå store sår skaut gjenom leggene hans og i hugen hans filtra eit senter av frykt seg saman med ein usløkkjeleg materialisme som hinta til fliser, lause spikrar elder eitkvart anna trekk ved ei splintra trekista. Han kann hava skrike. Kor som er sparka og vreid han seg vilt og tankelaust medan medvitet hans nesten svann i halvsvima.

Instinktet rettleida ålingi hans gjenom holet og i den påfylgjande kravlingi som fylgde det knusande samanstøytet med den fuktige bakken. Det synte seg at han ikkje kunde ganga og månen som ris upp lyt hava vore vitne til eit forferdeleg syn då han drog sine blødande oklor mot gravplasshytta.

Fingrane hans klora seg gjenom den svarte moldi med ei tankelaus hast og lekamen hans svara med dei seine rørslone som kann driva ein til vanvit som ein lir av i det ein vert forfylgd i eit mareritt. Det skulde visa seg at det likevel ikkje fans noko forfylgjar, for han var åleina og i live då hytterøktaren Armington svara på hans veike kravsing på døri.

Armington stødde Birch til ei ekstra seng og sende sin vetle son Edwin i veg etter doktor Davis. Den råka mannen var ved fullt medvit, men sa inkje ein kunde forstå. Han berre mumla ting som «Åh, oklone mine!», «Slepp meg!» elder «Innestengd i gravkammeret». Lækjaren kom med medisinveska si og stelte skarpe spursmål medan han fjerna pasienten sine ytterklede, sko og labbar.

Skadane virka til å forvirra den gamle lækjaren ovstort, ja, nær sagt skræma honom. Båe oklone var nemleg grueleg grovt kutta kring akilleshælen. Spursmåli hans vart meir enn berre medisinsk intense, og hendene hans skok då han kledde på dei djupt skadde lemmane. Han batt deim som um han ynskte å få deim ut or syne so snøgt som råd var.

Vanity

Til å vera ein upersonleg lækjar vart Davis sitt illevarslande og forferda kryssforhøyr sanneleg sers merkeleg i det han freista tappa den veike gravaren for kvar minste detalj kring hans forferdelege uppliving. Han var slåande ivrig på å få vita um Birch var heilt, heilt viss på eigarskapet til den øvste kista i stabelen; korleis han hadde velt denne; korleis han hadde vore viss på at det var Fenner si i myrkni og korleis han hadde skilt denne ut frå den låkare duplikatkista til den ondskapsfulle Asaph Sawyer.

Kunde den stødige Fenner-kista brote saman so lett? Som ein gamaldags landsbylege hadde Davis sjølvsagt vore i båe gravferdene, nett som han hadde røkta både Fenner og Sawyer i deira siste sott. Han hadde ogso undra seg i Sawyer si gravferd korleis den hemngjerrige bonden hadde makta å liggja beint i ei kista som var so lik den tilhøyrande vetle Fenner.

Etter tvo heile timar forlet lækjar Davis, manande Birch til å i alle tilhøve leggja vikt på at skadane hans var heilt årsaka av lause spikrar og trefliser. Han lagde til at kva anna kunde uansett provast elder vera truverdig? Det vilde likevel vera lurt å segja so lite som råd, og helder ikkje lata ein annan lækjar handsama skadane. Birch fylgde desse rådi ut livet sitt til han fortalde meg soga si, og då eg såg dei ovgamle og kvitna æri var eg samd i at dette var klokt gjort. Han vart verande halt resten av livet, då dei store senone var kutta, men eg trur han halta meir i sjeli.

Det ein gong so kalde og logiske medvitet hans, var no æveleg ærut. Det var ogso syrgjeleg å sjå reaksjonane hans um det på slump var nemnd ting som «fredag», «gravkammer», «kista» elder ord med enno mindre innlysande koplingar. Den skræmde hesten hans hadde reist heim, men det skræmde vitet hans gjorde aldri heilt dette. Han endra livebrødet sitt, men det var alltid noko som gnog på honom. Det kann berre hava vore frykt, og det kann hava vore frykt blanda med noko slag forsinka treging på gangne grovskapar. Drikkingi hans forverra naturlegvis berre det den var tiltenkt å letna.

Då doktor Davis forlet Birch den notti tok han med seg ei lykt og reiste til det gamle mottaksgravkammeret. Månen skein på dei spreidde mursteinsrestane og den meisla fasaden, og smekklåsen på den store døri opna seg viljug til ei hand frå utsida. Stålsett av gamle prøvingar i obduksjonsromet roa lækjaren kvalmen i lekam og sjel som umgjevnaden mana fram, gjekk inn og såg seg ikring.

Genius-Loci

Han ropa med eitt ut, og gav litt seinare frå seg eit hikst som var meir grueleg enn eit skrik. Han rømde so attende til hytta og braut alle bodi for lækjarar då han vekte og rista pasienten sin. Ei rad skjelvande kviskr vart kasta mot Birch som etsa seg inn i dei lamslegne øyro som var dei av fresande svovelsyra.

«Det var Asaph si kista, Birch, presis som eg trudde! Eg kjende att tennene hans, med dei fremste på den øvste radi vantande – syn for Guds skuld aldri dei såri til nokon! Liket var ganske forvitra, men um eg nokon sinne hev sett hemnlyst i eit andlet – elder tidlegare andlet… Du veit kva slags fyr han var når det gjeldt hemn – korleis han ruinerte gamle Raymond tretti år etter grensetvisten deira, og korleis han trakka på den kvelpen som glefste til honom for eitt år sidan sist august… Han var djevelen attfødd, Birch, og eg trur trur det eit-auga-for-eit-auga-sinnet hans kunde slege Dauden sjølv. Gud, for eit sinne! Eg hadde ikkje likt å hava det retta mot meg!

Kvifor gjorde du det, Birch? Han var ein kjeltring og eg legg ikkje skjul på at eg skynar at du gav honom ei tilsidesett kista, men du gjekk alltid so altfor langt! Greit nok å juksa litt med kista her og der, men du visste kva for ein liten mann gamle Fenner var.

Eg fær aldri det bilætet ut or hovudet mitt so lengje eg liver. Du sparka hardt, for Asaph si kista låg på golvet. Hovudet hans var slege inn, og alt var kasta umkull. Eg hev sett ting fyrr, men dette var for mykje. Eit auga for eit auga! Store himmel, Birch, men du fekk det du fortente. Skallen vrengde magen min, men det andre var verre – dei oklone so fint kappa av til å passa Matt Fenner si tilsidesette kista!»

 

Relatert

Gata – Lovecraft på høgnorsk

Kattane i Ulthar

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det grufulle ved Red Hook – del III

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

  • ripss 2

    Interessant bekjentskap denne Lovecraft som flere bør sette seg inn i, hans tenkning griper rett inn i vår egen samtid. Fra http://en.wikipedia.org/wiki/H._P._Lovecraft

    Lovecraft frequently dealt with the idea of civilization struggling against dark, primitive barbarism. In some stories this struggle is at an individual level; many of his protagonistsare cultured, highly educated men who are gradually corrupted by some obscure and feared influence.

    In such stories, the “curse” is often a hereditary one, either because of interbreeding with non-humans (e.g., “Facts Concerning the Late Arthur Jermyn and His Family” (1920), “The Shadow over Innsmouth” (1931) or through direct magical influence (The Case of Charles Dexter Ward). Physical and mental degradation often come together; this theme of ‘tainted blood’ may represent concerns relating to Lovecraft’s own family history, particularly the death of his father due to what Lovecraft must have suspected to be a syphiliticdisorder.

    In other tales, an entire society is threatened by barbarism. Sometimes the barbarism comes as an external threat, with a civilized race destroyed in war (e.g., “Polaris”). Sometimes, an isolated pocket of humanity falls into decadence and atavism of its own accord (e.g., “The Lurking Fear”). But most often, such stories involve a civilized culture being gradually undermined by a malevolent underclass influenced by inhuman forces.

    There is a lack of analysis as to whether England’s gradual loss of prominence and related conflicts (Boer War, India, World War I) had an influence on Lovecraft’s worldview. It is likely that the “roaring twenties” left Lovecraft disillusioned as he was still obscure and struggling with the basic necessities of daily life, combined with seeing non-Western European immigrants in New York City.