Eit økoeventyr frå røynda: Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn_jord_hagebruksskule

Det var ein gong ein økoskule som var truga av nedlegging. Dette til trass for at han var den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet. Ingen ville ta ansvar for å betale for naudsynt utbygging og vedlikehald på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Staten hadde sett eit mål om 15 % økologisk forbruk og produksjon i løpet av dei komande åra. Men dei ville ikkje vere med på å redde utdanninga av økologiske bøndar. Dei peikte på skuleeigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune. Bygningane var deira ansvar.

Av Spira Svendsen, Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening, illustrasjoner av kunstner og elev Petter Napstad med tillatelse av SJHV

Prisen for full utbygging av skulen var på mange titalls millionar kroner. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått kutt i sine overføringar frå staten. Dei syntes ikkje dei kunne ta seg råd til å redde skulen åleine. Dei peikte på skulen si venneforeining, Aurland kommune og staten. Venneforeininga lot seg ikkje be to gonger. Dei bretta opp erma og sette i gong med ein kronerullingskampanje kalla Redd økoskulen!

– Flittig bruk av sosiale medium, hyppig pressekontakt, spennande arrangement og meir til skal sørgje for at alle ser kvifor skulen er nødvendig i framtidas Noreg.

Slik var bodskapet på informasjonsmøtet 1. november 2014. 50 menneske møtte fram og synte stort engasjement. Dei ynskja å bidra til eit økoeventyr. Mange hadde idéar til kva ein kunne gjere for å redde økoskulen. Ein kjøpmann hadde allereie begynt. Butikksjefen i den lokale Spar-butikken ville selje brød til inntekt for skulen. Han starta trenden med dugnadsånd, som skulle bli ein raud tråd gjennom kampanjen. For er det noko innbyggarane i dette landet likar, så er det dugnadsånd. Politikarane i Aurland kommune lot seg inspirere. Dei delte draumen om eit økoeventyr.

– Aurland kommune er glad for at SJH har så mange venner og støttespelarar. Me vonar at mange vil støtta opp også økonomisk slik at ein kan realisera heilt nødvendige investeringar.

Kommunen løyva 5 millionar kroner, og sendte ballen vidare. Elevane var raske med å ta utfordringa. Dei ville kombinere sal på marknad for skulen med å selje eigne produkt til inntekt for Redd økoskulen!

– Litt flekkete pærer sel betre når dei er innpakka i papirposar, myntemiks og raude røsti kan med fordel seljast i kombinasjon med rabatt og ikkje minst nyttar det å vere pågåande.

Sogn_jord_hagebruksskule_5

Læringskurva var nok like bratt som ho var morosam. Laurdag 4. oktober reiste elevane til Norsk Matglede på Geilo og kom stolt tilbake med 2500 kroner til kampanjen. Lite ante dei at deltaking på marknadar to veker seinare skulle doble resultatet, eller at dei skulle få inn heile 10.000 kroner på Bondens marked i Bergen i midten av november. Totalt har elevane delteke på meir enn ti marknader sidan kampanjestart. Dei har samla inn svimlande 140.000 kroner på sine initiativ. For ikkje berre har dei delteke på marknader. Dei arrangerte mellom anna også Open dag på skulen 1. november.

– Folk kom frå mellom anna Lærdal, Voss, Hafslo og Granvin – og nokon kom heilt frå Kristiansand. Dei besøkande fekk oppleve alt ifrå ponniriding, eventyrstund til forfattarforedrag og minikurs i stell av dyr og planter. Av andre tilbod var det økologisk kafé innan- og utandørs, konkurransar, omvising på garden og auksjon.

Dagen var ein stor suksess, med over 140 tilreisande og godt samarbeid med lokalsamfunnet. Det vart laga ein nydeleg video frå dagen, som syner mangfaldet ved skulen – og samstundes alvoret i trusselen om nedlegging:

 

[vsw id=”PHvDn3y8jhY” source=”youtube” width=”620″ height=”349″ autoplay=”no”]

 

Som følgje av den store innsatsen frå elevar, lokalsamfunn og økonomiske bidragsytarar over heile landet vart venneforeininga enda meir sikre enn tidlegare på at ein saman kunne skape eit økoeventyr. Sogn Jord- og Hagebruksskule er altfor viktig til å bli lagt ned. Media bidro ved å publisere debattinnlegg og ein rekke nyheitssakar. Og i slutten av november kom nyheiten venneforeininga berre hadde tord å håpe på:

– Som kjent for dei fleste var det tøffe forhandlingar om mange store og tunge saker, men Venstre vann altså fram med krav om løyving til SJH.

I forhandlingane om statsbudsjettet kjempa Venstre for økoskulen. Dei klarte å auke staten sitt bidrag frå 0 til 5 millionar kroner. Dette var eit tydeleg signal om at SJH har nasjonal verdi. Nokre få dagar seinare var heile landet med på å bekrefte signalet. Venneforeininga hadde teke initiativ til ein nasjonal aksjonsdag laurdag 29. november. Dagen vart ein suksess med over 30 arrangement og alle 19 fylke dekka.

– Lokal pressedekning diverse stader, mange nye medlemmar i venneforeininga og snart over 100.000 kroner meir inn på kontoen har uten tvil stor verdi. Men verdien av ringverknadene av dagen er enda mykje større!

Sogn_jord_hagebruksskule_4

I dagane som fulgte hadde venneforeininga fokus på sal av luker i økoskulen sin julekalender. Elev og kunstnar Petter Napstad hadde i samarbeid med foreininga utvikla eit spennande konsept. Petter laga 24 unike teikningar som viser mangfaldet i undervisinga. Dei som bidro ved å kjøpe ei luke i julekalenderen, skulle få tilsendt den innramma originalteikninga som tilhøyrer luka. Luke nummer 1 skulle koste 1000 kroner, luke nummer 2 skulle koste 2000 kroner, luke nummer 3 skulle koste 3000 kroner og så vidare. Om alle lukene vart selde, ville det bety 300.000 kroner til kampanjen. Nokon sa at venneforeininga gapa over for mykje. Bildet som mangla 24 solgt-prikkar var ein smule nervepirrande.

Sogn_jord_hagebruksskule_2

Dei fyrste lukene gjekk kjapt unna. Men så fekk foreininga andre ting å tenkje på i nokre dagar. Onsdag 10. desember skulle saka om Sogn Jord- og Hagebruksskule opp i fylkestinget. Politikarane skulle stemme over økoskulen si framtid. Og den dagen kom den største sigeren så langt. Det vart vedteke at elevopptaket skal gå som normalt til hausten, og fylkestinget er innstilt på å løyve 20 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald. Sjølv om venneforeininga feirar at økoskulen nå er midlertidig redda, vil dei jobbe hardt dei komande åra for å sikre langsiktige og berekraftige løysingar. Skulen skal ikkje kome i ein usikker posisjon igjen om 8-10 år.

– Vi håper at dei som har støtta «Redd økoskulen!» vil melde seg inn i venneforeininga og vere med vidare på å sikre ei varig løysing for Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Dei siste tre månadene har vore eit lite økoeventyr. 5 millionar frå kommunen, 5 millionar frå staten, 20 millionar frå fylkeskommunen og nå over 700.000 på kontoen til Redd økoskulen! taler for seg. Det har komen inn enkeltsummar på alt ifrå 32 kroner til mange tusen i kronerullinga. Den lokale Spar-butikken selde Redd økoskulen!-brød for over 8000 kroner.

Sogn_jord_hagebruksskule_3

Det er inga tvil. Noreg vil utdanne økologiske bønder. Vi er mange som vil ha norsk økologisk matproduksjon i framtida. Men venneforeininga ynskjer å avslutte med at dette berre er starten på økoeventyret. Det kjem ikkje noko snipp, snapp, snute her. Det at den siste av dei 24 lukene vart seld 12. desember, og at ein med det nådde målet om 300.000 kroner inn frå kalenderen, er enda eit signal om at økoskulen har nasjonal verdi.

Og difor skal eit lite økoeventyr vakse seg stort. Nå som økoskulen ikkje trengs å reddast lenger, har vi eit nytt og viktig, og i grunn riktig så triveleg, motto: Styrk økoskulen!

For oppdatert informasjon se hjemmesiden til Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening

Relatert
Sunn mat henger sammen med kultur og tradisjon
Til matens forsvar – to bøker av Michael Pollan
Braksuksess for lansering av Oslo Kooperativ
Essay: Fremtiden tilhører gourmeten