Bondestreiken – tragedie eller komedie – eller båe deler

Bondelaget_2

I Bergens Tidene 22. mai stod eit innlegg av Tore Egil Berge. Det vi er vitne til er sit spel frå bondelaga si side. Norsk landbruk er i krise, og Listhaug har ingen ting med saka å gjera. Landbruksorganisasjonane har satsa på stordrift og sentralisering gjennom lang tid, og Listhaug kjem såleis ikkje med noko nytt, skriv Tore Egil Berge. Eg er samd i det meste av det han skriv.

Av Helge Bergo, pensjonert bonde fra Eksingedalen. Han har i mange år vært kritiker av norsk landbrukspolitikk, og skrevet flere bøker om temaet. Foto, Bondelaget

«Det ligg nær å tru at det er arbeidarar frå bioindustrien (agroindustrien) som no tar på seg svarte uniformer med BONDE på brystet og klagar si naud framfor Stortinget. Aksjonana er profesjonelt planlagt og utført og er nok førebudd over lang tid. Sjølv dei mest vantru må verta rørt til tårer.»

Landbruksminister Listhaug kjem ikkje med noko nytt. Ho set kanskje farten i bondeavviklinga litt opp, men slett ikkje meir enn det som vart gjort med bakgrunn i Kåre Gjønnes si landbruksmelding i 1999. I den meldinga vert det slått fast at statstilskota til landbruket i langt større grad enn før må gå til dei som er store nok til å ha næringa som leveveg. Meldinga vart godt motteken av båe faglagene i jordbruket. I dei tiåra som følgde vart 37 % av dei attverande brukseiningane i Norge borte, medan Danmark la ned 23 % av sine bruk og Sverike berre 19 %.

Kven er så desse bøndene som streikar framfor Stortinget i 2014? For 12 år sidan kom det ut eit stort firebindsverk under fellestittelen «Norges Landbrukshistorie». Redaktør for verket var professor Reidar Almås, som også skreiv det fjerde og siste bindet av bokverket. Tittelen på dette bindet er «Frå bondesamfunn til bioindustri». Almås fortel sjølv i boka og til media at han reknar boka som «sluttrapporten» om den norske bonden. Talet på gardsbruk har gått ned frå 214 00 til 70 000 ved hundreårsskiftet. Det er for lite til å halde oppe ei livsform og eit levande bondesamfunn. Almås trøystar seg likevel med at det vert nokre arbeidsplassar i det han omtalar som «bioindustrien». Det ligg nær å tru at det er arbeidarar frå bioindustrien (agroindustrien) som no tar på seg svarte uniformer med BONDE på brystet og klagar si naud framfor Stortinget. Aksjonana er profesjonelt planlagt og utført og er nok førebudd over lang tid. Sjølv dei mest vantru må verta rørt til tårer.

For fire år sidan kom det ut ei ny bok om norsk landbruk med tittelen «Norsk mat etter supermarkedsrevolusjonen». Forfattar er Per Ingvar Olsen som er førsteamanuensis ved Institutt for Innovasjon og økonomisk organisering ved Handelshøgskolen BI. Forfattaren trur at det no berre er att om lag 30 000 sjølvstendig drivne gardsbruk i Norge. Når det i jordbruksavtalesystemet er brukt langt høgare tal trur han at det skriv seg frå eit slag dobbelbokføring i systemet, serleg gjeld dette for kornbruk og bruk som er med i «fellesfjøs». Forfattaren har også sett på sysselsettingstala i jordbruksavtalesystemet. Han trur at det knapt er meir enn 20–25 000 reelle årsverk att i norsk landbruk no.

I pressa kunne vi nyleg lesa om ein «storfebonde» som får eit auka tilskot på 850 000 kroner ved jordbruksavtalen i vår ifølgje tilbodet frå staten. Vedkomande produsent har sikkert ikkje gjort noko gale. Han har nok berre vore flinkare i å tilpassa seg systemet enn dei fleste andre. Han er ein ektefødd subsidiebonde som med stor teft gjer det systemet legg opp til.

I år vart det brot i tingingane mellom staten og landbruksorganisasjonane. Etter tradisjon ved slikt brot legg staten fram det første tilbodet sitt, og Stortinget sluttar seg til det. Vi har i år ei mindretalsregjering, og i staden for å godta staten sitt tilbod som det endelege, kan det gå mot jordbrukstingingar i Stortinget. Ei rekke politiske parti seier dei vil koma med store påplussingar i Stortinget. Samstundes lovar dei høgt og dyrt at dei ikkje vil gjera noko som skadar «Avtaleinstituttet» som ser ut til å ha status som Moses sine steintavler. På spørsmål frå journalistar om kva dette «Instituttet» står seg av, gjev ingen noko klårt svar. Eg trur mange blandar saman Hovudavtalen som Bondelag og Småbrukarlag fekk med staten i 1950 og ting som er komen til seinare, og er stikk i strid med 1950-avtalen. Hovudavtalen frå 1950 er ein rein prisavtale.

Under krigen vart slike prisavtalar gjort mellom staten og omsetningsorganisasjonane i jordbruket. Den første prisavtalen mellom staten og faglaga i landbruket kom i 1947. Hovudavtalen tre år seinare er ei formalisering og fastsetjing av framgangsmåte ved seinare avtalar mellom staten og faglaga. Det som no vert omtala som «Avtaleinstituttet» er kome til seinare og er eit totalt brot med Hovudavtalen frå 1950.

I 1955 vart Halvard Eika vald til formann i Bondelaget og hadde den stillinga til 1966. I hans formannstid vart kursen i Bondelaget lagt tvert om. Eika såg norsk jordbruk som eit «dvergbruksjordbruk» som det måtte reinskast opp i frå grunnen av. Eit vilkår for at dette kunne gjennomførast var at dei mange små gardsbruka vart fjerna. Skulle det lukkast måtte staten inn som ein del av systemet. Statens Landbruksbank vart oppretta og kom i drift frå 1. januar 1966. Eit fåtal bruk fekk investeringstilskot og billige lån til «bruksutbygging». Vilkåret var då at det vart bygt etter modell utarbeidd av Landbruksbanken. «Utbyggingsbruket» vart gjerne fire–fem gonger så stort som gjennomsnittet i bygda på den tida. Det vart slik sett eit fast mål for bruk som skulle leva vidare. Det som no hende er omtala i Brynulv Gjerdåker si bok «Bygdesamfunn i oppløysing» (1995): Gjerdåker skriv her at arkitekten for det nye avtalesystemet var generalsekretær i Norges Bondelag, Paul M. Dahlberg, og den som hadde makt til å setja systemet ut i livet var venen hans, landbruksdirektør John Ringen. Staten førde tingingane med bøndene som tidlegare, men vart no også ein fast del av sjølve avtalesystemet medi staten no tok over investeringane i jordbruksnæringa.

Bonde

Om dette skriv historieprofessor Edvard Bull: «I denne perioden kom jordbruket under fastere politisk styring enn noen annen næring. Det er knapt noen overdrivelse å si at det statseide Årdal og Sunndal Verk var mindre avhengig av de politiske myndighetene enn de hundretusen av selveide gardsbruk. En 2000 år gammel bondetradisjon gikk i oppløsning.»

Statsråd Sylvi Listhaug likar ikkje systemet. Ho meiner det er kommunistisk, og det likar ho ikkje. Professor Thomas Chr. Wyller åtvara sterkt mot systemet i ein artikkel frå 1970, men av ein annan grunn. Han syntest systemet minnte for sterkt om Mussolinis Italia «der organisasjonene i alt vesentlig ble eksponenter for en stat og et parti». Det var aldri debatt om det nye systemet. Eg er sjølv ein av dei som prøvde å reisa ein slik debatt. Det var nyttelaust. Alle organisasjonane i landbruket godtok «Dahlbergsystemet», og nekta all debatt om det som no skjedde i bygdesamfunnet. Norsk landbruk har levd og lever framleis med Dahlbergsystemet. Det var skapt av ein liten elite innanfor landbruket som ønskte større albogerom for seg sjølve. «Færre, men sterkere» er Hans Haga sitt kjende slagord som vart ei rettesnor for maktpersonar i landbruksorganisasjonane heilt fram til i dag.

«Han sa mellom mangt anna at Bondelaget nå ønskte å byggja opp eit moderne landbruk. Men første måtte storparten av småbruka i Norge bort. Først når brukstalet i Norge kom ned i «skal vi si 40 000 bruk som et foreløbig mål» kunde den varande bruksstrukturen byggjast opp.»

Eg møtte sjølv Dahlbergsystemet først på 70-talet. I 1970 var eg med på Norges Bondelag sitt årsmåte i Kristiansand som utsending frå fylkeslaget i Hordaland. Her vart tala frå den fullstendige jordbruksteljinga lagt fram. Det synte at det var lagt ned 40 000 norske gardsbruk de ti siste åra. Leiraren for organisasjonsavdelinga i Bondelaget, Odd Mjølhus, forsvara bruksnedlegginga. Den gjekk berre for seint, sa han. Eg hadde vore busett i utlandet ein del år, og var ikkje godt nok orientert om Bondelaget si heilomvending. Det vart ei kvass ordveksling mellom Mjølhus og meg. Etter at årsmøtet var slutt fekk eg ein lang samtale med bladstyraren i Bondelaget, Per Randen. Han sa mellom mangt anna at Bondelaget nå ønskte å byggja opp eit moderne landbruk. Men første måtte storparten av småbruka i Norge bort. Først når brukstalet i Norge kom ned i «skal vi si 40 000 bruk som et foreløbig mål» kunde den varande bruksstrukturen byggjast opp.

Det dominerande teknologisynet til organisasjonseliten kjem godt fram i eit sitat frå Nils Valla, formann i Bondelaget på 80-talet: «Landbrukets oppgåve må være å produsere mat med de tekniske og biologiske nyvinningar som står til rådighet til enhver tid.» Hallvard Eika levde i dei same tankane på 60-talet, og nye tankar merka vi ikkje noko til hjå nokon av landbruksstatsrådane som kom seinare. I ein kommentar peika Sigmund Borgan på at dersom ei slik målsetting kunne oppfyllast var det teoretisk knapt noko gense for kor langt ned ein kunne driva sysselsettinga i landbruket. Truleg er den i dag komen ned på om lag 20 000 relle årsverk. I dei nye fjøsa har robotar og automatikk fjerna arbeidet. Ein stor del av arbeidet i storfehaldet går no for seg på landevegen med køyring av gras og gjødsel til og frå husdyra. På 70-talet drøymde landbruksorganisasjonane om at dei få attverande i landbruket ved «effektiviseringa» skulle minst oppnå industriløn utan subsidiar frå staten. Statsoverføringane er no på om lag 22 milliardar kroner etter det som er opplyst. Stordriftsfordelane kom ikke gjennom den industrialiseringa som vart sett i verk.

Norske bygder og norsk landbruk står i dag ved eit vegskil. Vi ser i dag at det industrilandbruket det er satsa så sterkt på i dei siste 50 åra, fører bygdesamfunnet stadig nærare eit fullt samanbrot. Landbruket er styrt utanfrå som eit samspel mellom staten og omsetningsorganisasjonane i næringa. Finst det ingen andre alternativ. Kan det tenkjast at «vegen attende er vegen fram»?

Eg har framanfor nemnt Per Ingvar Olsen si bok om landbruket som kom for snart fire år sidan. Han filosoferar over fleire ting, mellom anna dette med matvaretryggleik i framtida. Han kjem også inn på framtidslandbruket og skriv mellom anna:

«I eit land der jorda bare kan dyrkes halvparten av året er det et vesentlig poeng at store deler av landbruksproduksjonen kombineres med andre arbeidsoppgaver. Da blir landbruket et mer effektivt bidrag både til distriktenes og bøndenes økonomi. Slik bør det fortsatt være. Perioden da man mente at landbruk i det vesentlige skulle og burde være et heltidsyrke i et land som Norge, vil nok bli stående som et parantes i historien.»

Med det avsluttar eg skrivinga mi.

 

Relatert
Jordbruket under proletariatets diktatur i skyggen av 1. mai
Mens vi venter på et bondeopprør
Sunn mat henger sammen med kultur og tradisjon
Hvor trygg er maten din, egentlig?
Trenger vi matproduksjon i Norge?