Ei unik samansmelting av bøhmisk kunsthandverk og jugendstilen

6

Av Øyvind Holmstad, redaktør av bloggen Naturkonservativ

Heilt på tampen av turen vår til Praha i byrjinga av mai vart eg gjort merksam på ei art nouveau-utstilling i representasjonshuset Obecni Dum, berre ein time før vi skulle eta den siste middagen. Eg hadde vore her før, men utstillinga var til mi overrasking ikkje marknadsført ved inngangen. Det var nok difor eg og dotter mi mest vart åleine der. Truleg kunne eg umerka ha stole med meg nokre av desse kunstverka, då den strenge grå dama som satt vakt smelta for dotter mi og vart mest oppteken av henne. Dei er veldig glade i born i Praha, ei fylgje av den vakre arkitekturen som omhyllar dei.

Eg hadde knapt ein time til rådigheit, og minnekortet var fullt. Då eg såg kor vakker denne kunsten var byrja eg frenetisk å slette annanrangs bilete, men er redd eg òg sletta nokre fulltrefferar i farten. Men det var verdt det, slik at eg i alle fall til ein viss grad fekk foreviga nokre av desse meisterverka.

Sjølv elskar eg jugendstilen, og denne foreininga eg vart vitne til i Obecni Dum mellom bøhmisk glasverkskunst, som er rekna som verdsleiande, og art nouveau, må vera noko av det mest framifrå menneskeslekta har avla fram før vi sokk ned i den hengemyra vi framleis er fanga i.

Mi von er at dessa bileta kan inspirere nokre til på ny å søkje den vegen til himmelrike vi var inne på, før vi gjorde det skjebnesvangre valet og tok feil veg rett inn i fortapinga (sjå boka Anti-Architecture and Deconstruction, av Nikos A. Salingaros).

Utstillinga skal stå i alle fall ut året, om ho vert ståande ut i neste år fekk eg ikkje med meg. Men skal du til Praha i år, gå ikkje glipp av dette!

 

 

Relatert

Den andre siden: smedens trolldom
 – Elias Sideris, klingesmed

Åtte praksiser som undergraver skapelsen av levende nabolag

Livets teknologi – ei innleiing

Å skape byggverk som er på parti med livet

Tre velmente råd for de nye natursamfunnene

Dei tre skapingstilstandane

Den økologiske estetikken (Bokmelding av Morten Skrivers ”Skønhedens befrielse”)