Gata – Lovecraft på høgnorsk

Av Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), ein kjend nordamerikansk skrekk-, artikkel- og eventyrforfattar. Skrivi i 1920 og prenta i desember 1920 i tidsskriftet The Wolverine.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Det fins dei som segjer at ting og plassar hev sjeler, og det fins dei som segjer at desse ikkje hev so: sjølv torer eg ikkje uttala meg, men eg vil fortelja um Gata.

Sterke og vyrdelege menn skapte den Gata: gode motige menn av vårt blod som kom frå dei Signa Øyane yver havet. Fyrst var den berre ein stig trødd av vassberarar frå bekken i skogen til den vetle klyngja med hus ved strondi. Seinare, då enno fleire menneskjer kom til dei veksande klyngjone med hus og såg seg um etter ein stad å bu, bygde dei hyttor langsmed nordsida. Hyttor av godt trevirke av eik, med mursteinar på skogsida grunna dei mange indianarane som luska der med eldpiler. Etter enno nokre år, bygde folki seg hyttor på sørsida av Gata.

Upp og ned Gata gjekk alvorlege menn med koniske hattar, desse bar som oftast muskettar eller småvilthaglor. Der fans ogso deira skautkledde konor og sindige born. Um kvelden vilde desse mennene med sine konor og born sitja kring ovstore eldstadar medan dei las og rødde. Sers enkle var sakene dei las og tala um, men dei var samstundes saker som gav deim mot og godskap, attåt å hjelpa dei til å yvervinna skogen og pløya åkrane. Borni sat lydde og lærde um og av lovane og dådane frå gamalt av, og um det kjære England som dei aldri hadde sett elder kunde koma i hug.

Krigen kom, og deretter var det inkje fleire indianarar som laga vanskar for Gata. Upptekne med arbeid vart menneskji velhaldne og so lukkelege som dei visste korleis dei skulde vera. Borni fekk gode barndomar, og fleire familiar kom frå Fedrelandet for å bu i Gata. Borni til borni, og borni til dei nykomne, vaks upp.

Bygdi var no ein by, og ei etter ei laut hyttone vika plass til fyremon for hus – enkle, vene hus av murstein og tre, med steintrepper og jernrekkverk og vindauger yver dørene. Dei var ikkje skrøpelege byggverk desse husi, for dei var sette upp for å tena mangt eit ætteledd. Inni var det utskorne kaminar og yndige trepper, attåt fornuftige tiltalande møblar, porselen og sylv, brakt med frå Fedrelandet.

Gata drakk or draumane til eit ungt folk og fryda seg då innbyggjarane vart meir høviske og gilde. Der det ein gong berre hadde vore styrke og æra, kom no smak og lærdom til. Bøker, måleri og musikk kom til husi, og dei unge mennene fór på universitetet som ris upp frå grasslettone mot nord. I staden for koniske hattar, små sverd, kniplingar og kritkvite parykkar, kom det til brusteinar der mang ein fullblods hest og forgylt vogn klapra yver. Mursteinsfortau med hestesperror og -parkering kom det au.

I den Gata var det mange tre: vyrdeleg alm, eik og lønn, slik at Gata um sumaren var fylt av lint grønt lauvverk og kvitrande fuglesong. Attum husi fans det murkrinsa rosehagar med hekkekrinsa stigar og solur, der månen og stjernone um kvelden skein forheksande medan angande blomar glinsa av dogg.

Slik drøymde Gata vidare, forbi krigar, ulukkor og endring. Ved eit tilfelle fór dei fleste av dei unge mennene, og sume kom aldri att. Det var då dei folda saman det gamle flagget og sette upp ein ny banner med stripor og stjernor. Sjølv um menneskji tala um store endringar, kjende ikkje Gata til desse, for folki som budde i henne var framleis dei same og tala um deim same gamle tingi på det gamle vande viset. Trei femna framleis um syngjande fuglar og um kvelden såg månen og stjernone ned på dei doggute blomane i dei murkrinsa rosehagane.

Med tidi fans det ikkje fleire sverd, trihyrna hattar elder parykkar i Gata. Kor merkelege var ikkje innbyggjarane no med deira spaserstokkar, høge beverhattar og kortklypte hår! Nye ljodar kom frå utanfor synsrondi – fyrst merkelege vindpust og kvin frå elvi tvo kilometer burte, og so mange år seinare merkelege vindpust, kvin og rummel frå andre retningar.

Lufti var ikkje fullt so klår som fyrr, men staden sin ande var ikkje endra. Blodet og sjeli til deira forfedre hadde skapt Gata. Ikkje helder endra anden seg då dei braut upp jordi for å leggja merkelege røyr, elder då dei sette upp høge stolpar som heldt uppe snåle leidningar. Det fans so mykje urgamal kunnskap i den Gata, at fortidi kunde ikkje so lett verta gløymd.

So kom vonde dagar då mange av deim som kjende Gata frå gamalt av ikkje lengjer kjende denne, men gjekk burt, og mange kjende Gata som ikkje hadde kjent henne tidlegare. Aksentane deira var grove og skingrande, og tilværet og andleti deira var utekkjelege. Tankane deira kjempa ogso med den vise og rettvise sjeli til Gata, slik at Gata leid i tagnad medan husi forfall, trei døydde eitt etter eitt og rosehagane vaks seg fulle av ugras og avfall. Gata kjende likevel eit glimt av vyrdnad ein dag då dei unge mennene atter marsjerte fram og sume av deim kom aldri att. Desse unge mennene var kledde i blått.

Med åri kom ein verre lagnad til Gata. Trei var heilt burte no, og rosehagane var erstatta av billege, stygge nye bygningar i parallelle gator. Husi stod likevel att, trass åri, stormen og makken sine herjingar, for dei hadde vorte bygde for å tena mang eit ætteledd. Nye slag andlet dukka upp i Gata, myrkletne og vondsinna andlet med slue auger og merkelege trekk. Eigarane av desse tala ukjende ord og sette upp skilt med kjende og ukjende bokstavar på dei fleste av dei mugne husi. Trallor fylte upp rennesteinen. Ein fæl, ukjenneleg stank lagde seg yver staden, og den urgamle anden sov.

Stor ståhei kom til Gata. Krig og revolusjon rasa yver havet: ei kongeætt hadde brote saman, og den sine degenererte undersåttar strøymde med tvilsame syfter til det Vestlege Landet. Mange av desse tok tilhald i dei forvitra husi som ein gong hadde kjent til fuglesong og ange av rosor. Då vakna det Vestlege Landet sjølv og vart med Fedrelandet i hennar titaniske kamp for sivilisasjonen.

Yver byane flaut atter det gamle flagget, i selskap med det nye, ved sidan av ein meir simpel, men strålande tricolour. Det var likevel ikkje mange flagg som vaia yver Gata, for i den yngla berre frykt, hat og vankunna. Atter fór unge menn ut, men ikkje heilt på same sett som dei unge menn i tidlegare år. Noko vanta. Dei søner av desse unge mennene frå gamle dagar som sanneleg fór fram kledde i olivenfarga uniformer i den sanne anden til deira forfedre, kom no frå fjerne stadar og kjende ikkje til Gata og den sin urgamle ande.

Burtanfor havet vart det ein stor siger, og i triumf vende dei fleste av dei unge mennene attende. Dei det hadde vanta noko, vanta det inkje meir, men frykt, hat og vankunna yngla framleis i Gata. Mange var nemleg vortne verande, og mange framande hadde kome til frå fjerne stadar til dei upprinnelege husi.

Dei unge mennene som kom heim budde helder ikkje der lengjer. Myrkletne og skræmande var dei fleste av dei framande, men blant deim kunde ein finna nokre fåe andlet like deim som hadde skapt Gata og forma den sin ande. Like, men jamvel ulike, for det var i augo til alle eit merkeleg, usunt glimt som av attrå, ambisjon, hemnlyst elder malplassert iver.

Uro og landssvik var i lufti blant nokre fåe vonde som planlagde å dela ut det drepande slaget til det Vestlege Landet. På dette viset vilde dei sjølv taka makti yver ruinane av dette landet, på det viset løynmordarar hadde teke makti i det ulukkelege, frosne landet der dei fleste av deim kom ifrå. Hjarta til denne planleggjingi var i Gata, der dei vitrande husi sverma med utanlandske urostiftarar og ljoma av planar og talar til slike som higa etter den utpeika dagen for blod, eld og brotsverk.

Um dei ulike avvikande samkomi i Gata sagde Lovi mykje, men kunde lite prova. Med stor møya bia og lydde menn med løynde skilt kring slike stader som Petrovich Bakeri, den elendige Rifkin Skule for Moderne Økonomi, Krinsen Sosialklubb og Fridomskaféen. Der samla store flokkar med nederdrektige menn seg, men alltid var tungetalen deira vaktande elder på eit framand tungemål.

Framleis stod dei gamle husi likevel, med deira gløymde soga um edlare gangne hundradeår, deira staute koloniale innbyggjarar og doggute rosehagar i måneskinet. Sumtid vilde ein einsam diktar elder ferdamann koma for å skoda deim og vilde freista å sjå deim fyre seg i deira kvervne fortid: men slike ferdamenn og diktarar var det ikkje mange av.

Ryktet spreidde seg no vidt ikring um at desse husi husa leidarane for ein ovstor gjeng med terroristar. Terroristar som på ein utpeika dag vilde sleppa laus ein orgie av slakt med det syfte å utsletta USA og all den fine gamle sedvanen som Gata hadde elska. Handskrivne notat og artiklar vrimla ikring i skitne rennesteinar: handskrivne notat og artiklar prenta på mange tungemål og alfabet, men samtlege med meldingar um brotsverk og upprør.

I desse skriverii vart folket uppmoda til å riva ned lovene og dygdone som fedrane våre hadde halde i hevd. Uppmoda til å kvela sjeli til det gamle USA – sjeli som var gjevi ned gjenom femtan hundrade år med angelsaksisk fridom, rettvisa og atterhald.

Det vart sagt at dei myrkletne mennene som budde i Gata og stimla saman i den sine rotnande byggverk var heilane attum ein avskyeleg revolusjon. At på deira avgjerande ord vilde mange millionar med heilelause kortsynte beist strekkja fram sine sjukelege tentaklar frå slummen i tusundvis av byar, brennande, drepande og øydeleggjande inntil fedrelandet ikkje var meir. Alt dette vart sagt og sagt på ny, og mange såg med gru fram til den fjorde juli.

Um denne dagen hinta dei merkelege skriverii mykje, men inkje kunde finnast der ein kunde leggja skuldi for dette. Ingen kunde segja just kven sin arrestasjon som kunde strypa den fordømte undergravande planleggjingi ved kjelda. Mang ein gong kom bandar med blåkledde politifolk for å leita i dei ustadige husi, men til slutt kom dei ikkje meir, for ogso desse hadde vortne leide av lov og orden, og hadde yverlete byen til sin lagnad.

So kom mennene med deim olivenfarga uniformane, berande på muskettar, heilt til det virka som um Gata i sin trasige svevn må hava fengje noko slags heimsøkjande draum um dei gangne dagane. Dagar då muskettberande menn med koniske hattar gjekk langsmed Gata frå bekken i skogen til klyngja med hus ved strondi. Likevel kunde inkje gjerast for å hindra den yverhengjande revolusjonen, for dei myrkletne skræmande mennene var gamle i si list.

Gata sov uroleg vidare, heilt til det ei nott samla seg store hordar av menn med augo store og fulle av grufulle sigrar og forventingar på Petrovichs Bakeri, Rifkins Skule for Moderne Økonomi, Krinsen Sosialklubb, Fridomskaféen og andre stadar au. Yver løynde vaierar fór mystiske meldingar, og mykje vart sagt um enno meir mystiske meldingar som enno ikkje var sende.

Mykje av dette vart likevel ikkje nausta fram til før etterpå, då dei Vestlege Landi var trygge frå fåren. Mennene i dei olivenfarga uniformane kunde ikkje segja kva som var på gang, elder kva dei burde gjera, for dei myrkletne skræmande mennene var kyndige innan sluskap og løyning.

Likevel vil mennene i olivenfarga uniformar alltid koma i hug den notti og tala um Gata medan dei fortel um det heile til sine barneborn. Mange av dei vart nemleg sende dit um morgonen på eit uppdrag ulikt det deim hadde venta. Det var kjent at dette anarkistreiret var gamalt og at husi vakla etter åri, stormane og makkane sine herjingar, men det som hende denne sumarnotti var likevel ei yverrasking grunna den sers slåande likskapen ved hendingi. Det var sanneleg ei serskilt einfelt hending, men likevel ei enkel ei.

I ein av dei tidlege timane etter midnatt kom nemleg utan fyrevarsel åri, stormane og makkane sine herjingar til eit ovstort høgdepunkt: og etter braket var det inkje som stod att i Gata forutan tvo urgamle skorsteinar og deler av ein staut mursteinsvegg. Helder ikkje kom noko som hadde vore livande livande ut or ruinane.

Ein diktar og ferdamann som kom med den mektige folkemengdi som uppsøkte åstaden, fortel merkverdige sogor. Diktaren fortel at gjenom alle timane fyri morgongryet skoda han falne ruinar uklårt i skimmeret frå glødelampone. Han fortel at det yver ruinane ruva eit anna bilæte der han kunde skimta måneskin, vene hus og vyrde almer, eikor og lønnetre.

Ferdamannen slær fast at i staden for plassen sin vanlege stank hekk det ein utsøkt ange som av rosor i full bløming. Likevel, er ikkje draumane til diktarar og ferdamenn sine sogor notorisk usanne?

Det fins dei som segjer at ting og plassar hev sjeler, og det fins dei som segjer at desse ikkje hev so: sjølv torer eg ikkje uttala meg, men eg hev fortalt Dykk um Gata.


Relatert

Imperiers syklus – Sic transit gloria mundi

Kattane i Ulthar 

Ekko av daud og vyrdnad

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det grufulle ved Red Hook – del III

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen