Kattane i Ulthar

Av Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), ein kjend nordamerikansk skrekk-, artikkel- og eventyrforfattar. Skrivi 15. juni 1920 og prenta i november 1920 i tidsskriftet The Tryout.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Det vert sagt at i Ulthar som ligg burtanfor elvi Skai, kann ingen mann drepa ein katt. Dette kann eg lett tru når eg ser på honom som sit mælande fyri elden. Katten er nemleg gåtefull og nære dei løyndomsfulle tingi som menneskji ikkje kann skoda. Han er sjeli til antikke Egypt, og berar av sogor frå gløymde byar i Meroë og Ofir. Han er skuldfolk av jungelherrane og erving av løyndomane til det alderdomlege og skræmande Afrika. Sfinksen er hans syskenbarn og han talar hennar språk, men han er enno eldre enn sfinksen og kjem i hug det ho hev gløymd.

Før borgarane forbaud dreping av kattar, budde det i Ulthar ein gamal husmann og kona hans som naut å fanga og taka livet or kattane til grannane sine. Kvifor dei gjorde so, veit eg ikkje. Det einaste er at mange hatar røysti til katten um notti, og tek det ille upp at kattar spring i smug kring innhegningar og hagar i skumringi. Same kva grunnen var, fann denne gamle mannen og kona hans glede i å fanga og taka livet or samtlege kattar som kom nær skuret deira.

Utifrå sume av ljodane som vart høyrde etter myrkni fell, såg mang ein landsbybuar fyre seg at drapsmetodane var serskilt gruelege. Landsbybuarane drøfta likevel ikkje slikt med den gamle mannen og kona hans. Dette grunna det sedvanlege uttrykkjet i dei verbitne andleti til deim tvo, og sidan hytta deira var so liti og løynd i myrkni under spreidde eikor i bakevja av ein forfallen innhegning. Når sanningi skal segjast var det trass hatet som katteeigarane næra mot desse avvikande folki slik at dei frykta deim meir.

I staden for å skulda deim for å vera brutale løynmordarar, sytte dei helder for å sikra at inkje verdsett kjæledyr elder musefangar forvilla seg burt til det avsidesliggjande skuret under deim myrke trei. Når ein katt vart meld sakna grunna noko slags ufråvikeleg mistak og ljodar vart høyrde etter myrkni fell på, vilde eigaren syrgja makteslaust og trøysta seg med å takka Lagnaden for at det ikkje var eit av borni hans som hadde forsvunne på dette settet. Folket i Ulthar var nemleg enkle og visste ikkje kvar kattane ein gong hadde kome frå.

Ein dag kom eit reisefylgje med merkelege vandrarfolk frå Syden inn i dei tronge brusteinlagde gatone i Ulthar. Myrkletne vandrarfolk var deim, og ulike andre farande folk som fór gjenom landsbyen tvo gonger um året. På marknadsplassen spådde dei framtidi i byte mot sylv og kaupte livlege perlor frå handelsmennene. Kva som var heimlandet til desse vandrarfolki kunde ingen segja, men ein såg at dei hadde ein hang til merkelege bøner og at dei på sidone av vognene sine hadde målt merkelege skapningar med menneskjelege lekamar og hovud av kattar, haukar, bukkar og løvor. Leidaren av reisefylgjet bar jamvel ein hovudpryd med tvo horn og ei merkverdig plata millom horni.

Det fans i dette usedvanlege reisefylgjet ein liten gut utan fyresette, som kun hadde ein liten svart kattunge å elska. Pesten hadde ikkje vore snill mot honom, men hadde likevel etterlate honom denne vetle pelskledde tingen for å døyva sorgi hans. Når ein er sers ung kann ein nemleg finna stor trøyst i dei livlege påfunni til ein svart kattunge. Guten som dei myrkletne folki kalla Menes, smilte oftare enn han græt, der han sat leika med sin yndige kattunge på troppetrinni til ei merkverdig måla vogn.

Den tridje morgonen vandrarfolket stana i i Ulthar, kunde ikkje Menes finna kattungen sin. Medan han græt høgt på marknadsplassen fortalde sume landsbyfolk honom um den gamle mannen og kona hans og ljodane ein kunde høyra um notti. Då han høyrde desse sakene gav hiksti tapt til fyremon for tankeverksemd, og til slutt bøn. Han strekte ut armane sine mot soli og bad på eit tungemål som inkje landsbybuar kunde skyna.

Sant nok lagde ingen av landsbybuarane noko stor innsats i å forstå, då merksemdi deira i hovudsak var retta mot himmelen og dei merkelege formene som skyene tok. Det var sers slåande, men då den vetle guten sagde fram sin fyrespurnad, virka det til at det yver hovudi deira dana seg skuggefulle og tåkute skapningar av eksotisk slag: blanda skapningar kruna med hornsette plator. Naturen er full av slike synkvervingar for å imponera dei fyrestellingsfulle.

Den notti forlet vandrarfolket Ulthar og vart aldri sett på ny. Hushaldi vart urolege då dei la merkje til at i heile landsbyen fans det ikkje ein einaste katt. Frå kvar ein eldstad hadde den vande katten forsvunne: kattar store og små, svarte, gråe, stripute, gule og kvite. Gamle Kranon borgarmeistar svor at dei myrkletne folki hadde teke med seg kattane som hemn for drapet på Menes sin kattunge, og han lyste karavanen og den vetle guten i bann.

Den magre skrivaren Neath erklærte derimot at den gamle husmannen og kona hans var meir trulege gjerningsmenn, då hatet deira mot kattar var vidkjent og i aukande grad freidig. Likevel torde ingen å retta skuldingar mot det skræmande paret, sjølv ikkje då vetle Atal – sonen til kroverten – svor han i skymringi hadde sett samtlege kattar i Ulthar stimla saman i den forbanna innhegningi under trei.

Kattane hadde tvo i breidden sers sakte og alvorleg gjenge i ein sirkel kring hytta, som um i tråd med noko slags uhøyrt sed hjå dyri. Landsbybuarane visste ikkje kor mykje dei skulde tru på slik ein liten gut, og sjølv um dei frykta det vonde paret hadde lokka kattane inn i dauden, fyretrekte dei å ikkje leggja skuldi på den gamle husmannen fyrr dei trefte honom utanfor den myrke og fråstøytande innhegningi hans.

Ulthar sovna so inn i forgjeves sinne, og då folki ris upp i otta – sjå! – kvar ein katt var attende ved sin vande eldstad! Store og små, svarte, gråe, stripute, gule og kvite: ingen vanta. Blanke og feite såg kattane ut og djupt mol deim nøgde. Borgarane tala med einannan um hendingi og undra seg ikkje so reint lite. Gamle Kranon lagde atter vikt på at det var dei myrkletne folki som hadde teke deim, då kattar ikkje vende attende i live frå hytta til den urgamle mannen og kona hans. Dei var alle samde um ein ting kor som er: at samtlege kattar nekta å eta sine kjøtmåltid elder drikka sine skåler med mjølk var sers merkeleg. I tvo heile dagar rørde ikkje dei glatte late kattane i Ulthar mat, men låg berre døsa ved elden elder i soli.

Det hadde gange ei heil vika innan landsbybuarane lagde merkje til at det i skymringi ikkje kom noko ljos i vindaugo til hytta under trei. Det var då den magre Nith kom med utsegni at ingen hadde sett den gamle mannen elder kona hans sidan den notti då kattane var burte. Etter enno ei vika avgjorde borgarmeistaren at han vilde yvervinna frykti si og vitja den merkverdigt tyste bustaden som ein del av si plikt. Han gjorde likevel eit nummer ut or å taka med seg smeden Shang og steinhoggjaren Thul som vitne. Etter dei hadde slege inn den skøyre døri fann dei berre dette: tvo reinplukka menneskjelege skjelett på jordgolvet og eit antal usedvanlege billor som kravla i dei skuggelagde hyrni.

Det kom etter dette til mykje prat millom borgarane i Ulthar. Likskodaren [i] Zath drøfta lengje med den slanke skrivaren Nith, og Kranon, Shang og Thul vart yvervelda med spursmål. Sjølv vetle Atal – kroverten sin son – vart grundig etterspurt og vart gjeven eit søtt bakverk som løn. Dei tala um den gamle husmannen og kona hans, um karavanen med myrkletne vandrarfolk, um vetle Menes og kattungen hans, um bøni til Menes og himmelen under bøni, um gjeremåli til kattane den notti reisefylgjet forsvann og um det som seinare vart funne i hytta under deim mørke trei i den fråstøytande innhegningi.

Til slutt laga borgarane den merkverdige lovi som vert fortald um av handelsmenn i Hatheg og drøfta av reisande i Nir, nemleg lovi um at i Ulthar kann ingen menneskje taka livet or ein katt.

 

Relatert 

Ekko av daud og vyrdnad

Den ondeste kvinnen i verden

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det grufulle ved Red Hook – del III

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen

Om det magiske synet på livet

Håpet ligger i det håpløse – Vergil som brobygger fra fortiden til fremtiden gjennom evigheten

Kunnskapens endepunkt – Charles Upton

Mythopoeia og metafysikk – Charles Upton

 

Fotnote


[i] Umsetjar sin merknad: «Coroner» i den upphavlege teksti. Då det notidige «rettsmedisinar» ikkje akkurat vert eit høveleg ord i dette fantastilandet, fær ein nøygja seg med «likskodaren», som etter umsetjaren sitt syn høver betre inn i samanhangen.