Ekko av daud og vyrdnad

Jacques-Louis_David_Marat_assassinated_-_Google_Art_Project_2

Me gjev ekko av daud
me gjev ekko av vyrdnad
ange, farge og ljod
av deim som fell ut or nåden
deim som kverv burt
og alt det ubundne krimskramset

Dette er ein elskar
eit signa minne
ei åtvaring
me fell
som tenarar fell
i steinhagar

Vyrdnaden din burde vera ei lettare bør
ei enkel sak
ei glad sak
einsemdi vår veks seg ovtjukk
me vert verande og fell

Ei rosa for dei slegne
eit kyss på nakken
hengjast skal ein
me vert alle fordubla av kjærleiken
ein svikar sin kjærleik
ein vaktar sin kjærleik
fryd deg ved denne
einsemdi
denne usløkkjelege hangen til vonløysa
det er vanskeleg å liva på det dei fôrar oss med her
det er vanskeleg å liva på det dei fôrar oss

Det er mord og svik
i denne ovmogne årstidi
lauvi fell alle vegar
det er vanskeleg å tru på
noko slag meining
i ei verd som spinn
rundt og rundt
og alle reiser
alle knelar
når alt ein hev att å higa etter
er ein god grunn
ein god grunn
som kann tvikast på.

 

Av Stig Andresen

Maleriet er Marats død, av Jacques-Louis David

  • Bjørn Rennemo

    Vakkert!