Det grufulle ved Red Hook – del III

Her kjem ei aldri tidlegare umsett soge frå pennen til Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), ein kjend nordamerikansk skrekk-, artikkel- og eventyrforfattar, for fyrste gong på (høg)norsk. (Del I & del II)

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

V

So kom junibrudlaupet og den store sensasjonen. Flatbush var gilde for det som skulde henda rundt den fyrimiddagen, og vimpelkledde motorvogner fylte upp gatone nær den gamle nederlandske kyrkja der ei markisa strekte seg frå døri til motorvegen. Ingi lokal hending yversteig nokosinne giftarmålet millom Suydam og Gerritsen i tone elder skala, og det selskapet som eskorterte bruri og brudgomen ned til Cunard Pier var, um ikkje nett det aller mest prangande, so i det minste eit solid ark i sosialregisteret.

Klokka fem vart avskjedar tekne, og det tungrørlege linefartyet gleid sakte burt frå den lange bryggja, snudde langsamt nosi mot sjøen, gjorde seg fri frå sin slepebåt, og sette kurs mot dei veksande vassmassane som leidde til den gamle verdi sine under. Innan notti kom var den ytre hamni forleti, og reisande som var seint uppe keik på stjernone som blinka yver eit uforureina hav.

Um det var dampfrakteskipet elder skriket som fyrst fanga merksemdi, kann ingen svara på. Mest sannsynleg kom dei samstundes, men det nyttar ikkje å spekulera. Skriket kom frå Suydam sin lugar, og sjømannen som slo inn døri kunde kanskje fortalt fryktelege saker um han ikkje sporenstreks hadde blitt slegen med galskap – som det var, skreik han høgare enn det fyrste offeret, og sprang deretter tilgjort flinande rundt på skipet inntil han vart fanga og lagt i jarn.

Skipslækjaren som kom inn i kabinen og slo på ljoset eit augneblikk seinare vart ikkje galen, men fortalde ikkje til nokon kva han såg før seinare, då han korresponderte med Malone i Chepachet. Det var mord – kveling – men det trong ikkje segjast at merkji etter klør på halsen til fru Suydam ikkje kunde ha kome frå ektemaken elder noko onnor menneskje si hond, elder at det på den kvite veggjen ein augneblikk flimra i hatefullt raudt ei soga som, seinare fortalt frå hugen, virkar til å ha vore ikkje noko mindre enn dei skræmande kaldeiske bokstavane til ordet LILITH.

Ein treng ikkje nemna desse tingi sidan dei forsvann so raskt – når det gjeld Suydam, kunde ein i det minste hindra andre frå å koma inn i romet inntil ein sjølv kunde avgjera kva ein tenkte. Lækjaren hev med ettertrykk forsikra Malone um at han ikkje såg DET. Den opne lugarventilen, just før han slo på ljoset, blei sløra eit ørlite bel med ein viss fosforescens, og ein augneblikk virka det til å vera eit ekko i notti utanfor som hinta til ei svak og helvetesavla fnising: ingi verkeleg form møtte likevel augo. Som prov, viser lækjaren til framhaldet av hans mentale helsa.

So kverrsette dampfrakteskipet all merksemd. Ein båt la til, og ein horde med svartsmuska, frekke råskinn i offiseruniformar sverma umbord på det førebels stogga Cunarder-skipet. Dei vilde ha Suydam elder lekamen hans – dei kjende til denne turen, og var av visse grunnar sikker på at han kom til å døy.

Kapteinen sitt dekk var nesten i tumultar: for i den augneblinken, med lækjaren sin rapport frå lugaren og kravi frå mennene i dampfrakteskipet, kunde ikkje den visaste og alvorlege sjømann tenkja seg til kva han skulde gjera. Brått trekte leiaren for dei vitjande sjømennene, ein arabar med ein hatefull negroid munn, fram eit skite, samankrølla papir og rekte det til kapteinen. Det var underteikna av Robert Suydam, og bar den medfylgjande underlege meldingi.

Kapteinen og lækjaren såg på einannan, og den sistnemnde kviskra noko til den fyrste. Til slutt nikka dei helder hjelpelaust og leidde vegen til Suydam sin lugar. Lækjaren trekte kapteinen sitt blikk burt medan han læste upp døri og slapp inn dei merkverdige sjømennene, helder ikkje trekte han pusten lett innan dei kom ut på rad og rekkja med byrdi si etter ein uforklårleg lang fyrebuingsperiode.

Det var pakka inn i sengjety frå briksane, og lækjaren var gild for at konturane ikkje var serleg avslørande. På eitkvart vis feng mennene tingen yver rekkja og burt til deira dampfrakteskip utan å avdekkja det. Cunarder-skipet kom i fart att, og lækjaren og skipet sin gravferdsagent uppsøkte Suydam-lugaren for å utføra dei siste tenestone dei kunde. Nok ei gong vart lækjaren tvungen inn i tystnad og jamvel usanning, for ein helvetesavla ting hadde hendt.

Då gravferdsagenten spurde honom kvifor han hadde tappa ut alt av fru Suydam sitt blod, forsømte han å stadfesta at han ikkje hadde gjort dette: helder ikkje peikte han på dei tome plassane for flaskor på hylla, elder til angen frå vasken som framsynte den hastige freistnaden på å kvitta seg med flaskone sitt upphavlege innhald. Lommone til dei mennene – um dei var menn – hadde bula fordømt då dei forlet skipet. Tvo timar seinare, og verdi visste via radio alt det den burde vita um den gruvsame hendingi.

VI

Den same junikvelden var, utan å ha høyrt eit ord frå havet, Malone fortvilt uppteken i bakgatone til Red Hook. Ein brå uppstand virka til å gjenomsyra staden, og som um dei var underretta av jungeltelegrafen um noko serskilt, hopa innbyggjarane seg i forventing rundt dansehallskyrkja og husi på Parker Place. Tri born hadde forsvunne – blåøygde nordmenn frå gatone mot Gowanus – og det gakk rykte um ein mobb som samla seg blant dei robuste vikingane i den seksjonen.

Malone hadde i fleire vikor uppmoda sine kollegaar til å freista ei generell upprydding: og endeleg, rørde av forhold meir openberre for deira sunne fornuft enn gissingane til ein drøymar frå Dublin, hadde dei samtykt til eit endeleg tilslag. Uroi og trugsmålet frå denne kvelden hadde vore den avgjerande faktoren, og just umkring midnatt slo eit politiraid rekruttert frå tri stasjonar til mot Parker Place og umgjevnadane.

Dører vart slegne inn, bomsar arresterte, og stearinljosuppljoste rom tvinga til å spy ut utrulege flokkar med blanda utlendingar i mynstrute embetsdrakter, rituelle hovudplagg, og andre uforklårlege tingestar. Mykje gakk tapt i basketaket, for saker blei hastig kasta ned uventa sjakter, og avslørande angar dempa ved den bråe tenningi av krasse røykelsar. Likefullt var blod skvetta yveralt, og Malone kulsa kvar gong han såg ei frityrpanna elder eit altar der røyken framleis steig.

Han vilde vera på fleire stader på same tid, og bestemte seg for Suydam sin kjellar kun etter at ein bodbringar hadde underretta um den fullstendige tomheiti til den forfalne dansehallskyrkja. Leilegheiti må, tenkte han, innehalda noko slags peikepinn mot ei kult der den okkulte lærde so openbert hadde blitt senteret og leiaren: og det var med verkeleg forventing at han ransaka dei fuktige romi, la merkje til deira vage gravkammerange, og undersøkte dei merkverdige bøkene, instrumenti, gullbarrane, og flaskone med glaskorkar som låg spreidd sorglaust her og der.

Ved eit høve kom ein nett, svart-og-kvit katt til å pressa seg millom beini hans og snubla honom, samstundes som han slo i venda eit halvfullt beger med raud veska. Sjokket var stort, og til denne dag er ikkje Malone sikker på kva han såg: men i draumar fyrestiller han framleis seg den katten då den rasa burt med visse monstrøse endringar og sereigenheitar. So kom den læste kjellardøri, og leitingi etter noko til å brjota henne ned med.

Ein tung barstol stod like ved, og den sitt robuste sete var meir enn nok for dei antikke paneli. Ei sprikka tok form og vida seg ut, deretter gav heile døri etter – men ut frå den hi sida: derifrå fløymde det ut ein hylande tumult iskald vind med alle stankane frå den botnlause avgrunnen, og derifrå strekte ei sugande kraft seg som ikkje var av jord elder himmel, som, kveila seg medvite rundt den fastfrosne detektiven, drog honom gjenom opningi og ned ulodda tomrom fylt med kviskringar og jammer, og vindkast med hånande latter.

Sjølvsagt var det ein draum. Alle dei sakkunnige hev fortalt honom so, og han hev ingenting til å motprova det. Sanneleg, han vilde helder hava det slik: for då vilde ikkje synet av dei gamle mursteinsslummane og myrke utanlandske andlet eta seg so djupt inn i hans sjel. På den tidi var det likevel grufullt ekta, og ingenting kunde nokosinne blotta ut minnet um dei der nattlege kryptene, dei der titaniske kvelvgangane, elder dei der halvforma formene frå helvete som stega gigantisk i tystnad medan dei heldt halvetne ting som sine yverlivande deler skreik etter miskunn elder flirte av galskap.

Odørar frå røykelse og degenerasjon sameinte seg i eit sjuknande samspel, og den svarte lufti var livande med den tåkute, halvsynlege massen av formlause materielle ting med auger. Ein elder onnor stad sleikte myrkt klebrut vatn mot bryggjor av onyks, og ei gong klang dei skjelvande klemti frå håse små bjøllor seg ut for å helsa velkomen den sinnsjuke knisingi til ein naken fosforescert ting som sumde inn i synsrondi, klatra i land, og klauv upp for å setja seg yverskrevs ein utskoren gullpidestall i bakgrunnen.

Alléar av endelaus nott virka til å stråla ut i alle retningar, inntil ein kunde innbilla seg at her låg roti til ein smitte som var esla til å sjukna og svelgja byar, og sluka nasjonar i stanken av pest. Her hadde kosmisk synd kome inn, og næra av uheilage ritar hadde den glisande marsjen til dauden byrja som skulde rotna oss alle til soppliknande abnormitetar for avskyelege til ei grav si umfemning.

Satan hadde her heldt sitt babylonske hoff, og i blodet til plettfrie barndomar blei dei spedalske lembene til den fosforescerte Lilith vaska. Incubusar og succubusar hylte ut sin heider til Hekate, og hovudlause månekalvar breka til Magna Mater. Geitor bykste til ljoden av tunne fordømte fløytor, og ægipanar jaga endelaust etter misforma faunar yver steinar vridde som uppsvulma paddor.

Molok og Ashtaroth var ikkje fråverande: for i denne kvintessensen av alt frå den evige eld blei grensone for medvitet senka, og menneskji sine fyrestillingar låg opne for utsikt til eikvar skrekkeleg sfæra og kvar ein forbodne dimensjon som vondskapen hadde makti til å gje form.

Verdi og naturen var hjelpelause mot slikt eit åtak frå uforsigla nottbrønnar, helder ikkje kunde noko slags teikn elder bøn avverja dette skrekkelege Walpurgis-upprøret som hadde kome då ein lærd med den hatefulle nykkjelen hadde snubla yver ein horde med dei læste og proppfulle kistone med formidla demonlærdom.

Brått skaut ein fysisk ljosstråle gjenom desse skinnbileti, og Malone høyrde ljoden av åror blant dei blasfemiske skapningane som skulde vore daude. Ein båt med ei lanterna i baugen skaut inn i syne, tjora seg fast til ein jarnring fest i den slimete steinkaii, og spydde ut fleire menn berande på ein lang byrde reima i sengjety.

Dei brakte den til den nakne fosforescerte tingesten på den utskorne gullpidestallen, og tingesten kniste og tafsa på sengjetyet. Deretter pakka dei det ut, og sette standande upp framfyre pidestallen det koldbrandråka liket til ein tjukk gamal mann med stubbute skjegg og uflidd kvitt hår. Den fosforescerte tingesten kniste atter, og mennene tok fram flaskor frå sine lommor og gnei inn føtene til tingesten med raudt, medan dei deretter gav flaskone til tingesten for at den skulde drikka av dei.

Heilt utan vidare, frå ein kvelva allé som leidde endelaust burt, kom den demoniske kaklingi og prustingi frå eit blasfemisk orgel, halvkvelt og rumlande ut håni frå Helvete med ein sprukken, sardonisk bass. Med eitt var kvar ein rørleg skapning haussa upp: sporenstreks springande inn i seremoniell formasjon, slang mardraumshorden seg burt i søk etter ljoden – geit, satyr, og ægipan, incubus, succubus og lemur, forvridd padda og formlaus elemental, hundeandleta hylar og stille krypar i myrkni – alle leidd av den avskyelege nakne fosforescerte tingesten som hadde skreva yver den gylne trona, og som no streid uforskamma av garde med i sine armar det glasøygde liket til den korpulente gamle mannen.

Dei merkelege myrke mennene dansa baki, og heile rekkja hoppa og bykste med dionysisk raseri. Malone vakla etter dei eit par steg, sinnsforvirra og umtåka, og tvilande på sin plass i denne elder i andre verder. Deretter snudde han seg, stavra, og sokk ned på den kalde fuktige steinen, geispande og skjelvande medan demonorgelet kauka vidare, og hylingi og trumbingi og klemti til den galne prosesjonen stilna meir og meir hen.

Han var vagt medviten um lovsungne skrekkelegheiter og sjokkerande kraing langt burte. Frå tid til annan vilde eit stønn elder kvin av seremoniell fromheit flyta åt honom gjenom den svarte kvelvingen, før det til slutt ris upp den fryktelege greske trylleformelen som sin tekst han hadde lese yver preikestolen i den dansehallskyrkja.

Då lovsongen tok slutt, kom eit ålment skrik fram, og hissande ljodar drukna nesten ut kaukingi til det sprokne bassorgelet. Deretter eit geisp som frå mange struper, og eit babbel av bjeffa og frambreka ord – Lilith, store Lilith, iaktak brudgomen! Fleire skrik, ljoden av tumultar, og dei skarpe, klikkande fotstegi til ein springande skapning. Fotstegi kom nærare, og Malone reiste seg upp på olbogen for å sjå.

Ljosstyrken i krypti, den siste tidi forminska, hadde no til ein viss grad auka: og i dette djevelljoset tredde den flyktande formi til det som ikkje skulde flykta elder kjenna elder pusta fram – det glasøygde, koldbrandråka liket til den korpulente gamle mannen, no ikkje lengjer med bruk for stønad, men heldt i live av noko slag infernalsk trolldom frå riten som just var avslutta.

Etter det sprang den nakne, knisande, fosforescerte tingesten som høyrde til på den utskorne pidestallen, og enno lengjer bak pesa dei myrke menni, og heile det fryktelege mannskapet til medviten grufullheit.  Liket var i ferd med å springa frå sine forfylgjarar, og virka målmedvite mot eit serskilt objekt, pressande kvar ein rotnande muskel i retning den utskorne gylne pidestallen, som sin nekromantiske vikt tydelegvis var so stor.

Ein augneblink til og det vilde nådd sitt mål, medan den forfylgjande massen streva vidare i ein enno meir frenetisk fart. Dei var dog for seine, for med ein siste spurt av styrke som reiv sena frå sena og sendte den sin sjuknande masse klaskande i golvet i ein tilstand av geléaktig uppløysing, uppnådde det stirande liket som hadde vore Robert Suydam sitt mål og sin siger.

Dytten hadde vore enorm, men krafti hadde heldt ut: og medan dyttaren kollapsa um til ein gjørmut flekk av forrotning vakla pidestallen han hadde skubba, tippa, og kjølhalte til slutt frå sin onyksbotn ut i dei tjukke vatni nedunder, og sendte upp eit siste glimt av uthogd gull medan det sokk tungt ned til utenkjelege avgrunnar i det lægre Tartarus. I det augneblikk kverv, ogso, heile den skrekkelege scena burt til inkje framfyre Malone sine augo: og han svima av til det tornande braket som virka til å blotta ut heile det vonde universet.

VII

Malone sin draum, til fulle upplivd innan han kjende til Suydam sin daud og forflytting på havet, vart på merkverdig sett supplert av nokre rare verkelege hendingar frå saki: sjølv um det ikkje er noko grunn til at nokon skulde tru det. Dei tri gamle husi på Parker Place, utan tvil sidan longe rotne med forfall av siste sort, kollapsa utan synleg grunn medan helvti av innsatsstyrken og dei fleste fangane var på innsida: og i beggje gruppone vart brorparten umiddelbart drepne.

Kun i kjellarane vart det redda mange liv, og Malone hadde tur som var djupt under huset til Robert Suydam. For han var verkeleg der, noko ingen er truande til å nekta for. Dei fann honom medvitslaus på kanten av eit kolsvart basseng, med ein grotesk uorden av forfall og bein, identifiserbar gjenom tannlækjararbeid som lekamen til Suydam, eit par meter burte. Saki var enkel, for det var hit at smuglarane sin undergrunnskanal leidde: og mennene som tok Suydam frå skipet hadde brakt honom heim. Dei sjølve vart aldri funne, elder i det minste identifiserte: og skipslækjaren er enno ikkje nøgd med dei enkle forsikringane til politiet.

Suydam var tydelegvis ein leiar i utstrekte menneskjesmuglingsoperasjonar, for kanalen til huset hans var berre ein av fleire undergrunnskanalar og tunnelar i grannelaget. Det var ein tunnel frå dette huset til ei krypt under dansehallskyrkja: ei krypt tilgjengeleg frå kyrkja kun gjenom ein trong løynd gjenomgang i den nordlege veggjen, og som i sitt kammer vart uppdaga nokre eineståande og forferdelege saker.

Det kvekkande orgelet var der, i tillegg til eit ovstort kvelva kapell med trebenkjor og eit merkeleg utskore altar. Veggjene var lina upp med små cellor, i syttan av dei – gruvsamt å umtala –  einslege fangar i ein tilstand av komplett idioti blei funne fastlæste, inkludert fire mødre med nyfødde med forstyrrande merkverdig utsjånad. Desse nyfødde døydde snarleg etter eksponering for ljos: ei hending som lækjarane fann helder miskunneleg. Ingen forutan Malone, blant dei som inspiserte desse, kom i hug det nøkterne spursmålet til gamle Delrio: An sint unquam daemones incubi et succubae, et an ex tali congressu proles nasci queat? [i]

Innan kanalane vart fylte upp blei dei grundig botnskrapa, og gav frå seg ein sensasjonell samling med sagde og kløyvde bein av alle storleikar. Kidnappingsepidemien hadde, sers tydeleg, blitt spora heim: sjølve um berre tvo av dei yverlivande fangane ved hjelp av noko slags rettsleg tråd kunde setjast i samband med den. Desse mennene er no i fengsel, sidan dei ikkje kunde provast var medskuldige i dei faktiske mordi.

Den utskorne gullpidestallen elder trona so ofte nemnt av Malone som av primær okkultistvikt vart aldri funni, sjølv um det på ein stad under Suydam-huset vart observert at kanalen sokk ned i ein brunn som var for djup for botnskraping. Den blei fylt i ved munningen og sementert yver då kjellarane til dei nye husi vart skapt, men Malone spekulerar ofto um kva som ligg nedunder.

Politiet, nøgde med at dei knuste ein farleg gjeng med galningar og menneskjesmuglarar, sendte vidare til dei føderale myndigheitene dei ustraffa kurdarane, som før sin deportasjon blei ettertrykkjeleg funne å tilhøyra yezidi-klanen av djeveldyrkarar. Dampfrakteskipet og det tilhøyrande mannskapet forblir eit unnvikande mysterie, sjølv um kyniske detektivar nok ei gong er klare til å kjempa mot deira smugling- og alkoholsmuglingsverksemd.

Malone tykkjer desse detektivane viser eit syrgjeleg avgrensa perspektiv med deira mangel på undring yver myriaden med uforklårlege detaljar, og den suggestive obskuriteten ved heile saki: trass i at han er like so kritisk til avisene, som kun såg ein morbid sensasjon og var skadefro yver ei mindre sadistkult som dei kunde ha erklært ei gru frå sjølve hjarta av universet. Han er likevel nøgd med å kvila stille i Chepachet, der roande sitt nervesystem og bedande um at tidi gradvis skal flytta hans forferdelege erfaring frå den noverande sfæra av røynd til ei av pittoresk og halvmytisk avstand.

Robert Suydam søv andsynes si brur i Greenwood Cemetary. Ingi gravferd vart haldi yver dei merkelege frislepte beini, og skuldfolki er takksame for den snøgge gløymsla som la seg yver saki i si heilheit. Den lærde si kopling til grui i Red Hook vart, sanneleg, aldri misfarga av rettslege prov: sidan hans daud kom etterforskingi av hans rolle i forkjøpet. Hans eige endelikt er sjeldan nemnt, og Suydam-familien vonar at ettertidi vil koma honom i hug berre som ein mild einstøing som sysla med harmlaus magi og folklore.

Når det kjem til Red Hook – det er alltid seg sjølv likt. Suydam kom og fór: ei gru uppstod og falma hen; men den vonde åndi av myrke og elende ruger vidare blant bastardane i dei gamle mursteinshusi, og umflakkande bandar paraderar framleis på ukjende ærend forbi vindaugo der ljos og forvridde andlet uforklårleg trer fram og forsvinn.

Urgamal gru er ein hydra med tusande hovud, og dei myrke kultene er rotfeste i blasfemiar eldre enn brunnen til Democritus. Sjeli til beistet er yveralt nærverande og sigrande, og Red Hook sine legionar med raudøygde, koppærute ungdomar lovsyng og forbannar og hyler framleis medan dei vandrar frå avgrunn til avgrunn, ingen veit kvar frå og til kvar, skubba vidare av dei blinde biologilovene som dei nok aldri vil forstå.

Som frå gamalt, kjem fleire folk til Red Hook enn som forlet staden frå landsida, og det er allereie rykte um nye kanalar som gjeng under bakken til visse trafikksenter for brennevin og mindre nemnelege ting. Dansehallskyrkja er no for det meste ein dansehall, og bisarre andlet hev fyrekome um notti i vindaugo.

I den seinare tid hev ein politimann uttrykt den trui at den krypti som blei fylt med masse no er blitt utgravi att, utan noko enkel forklarleg grunngjeving. Kven er me til å kjempa mot giftor eldre enn soga og menneskji? Apor dansa i Asien til desse skrekklegeheitene, og kreften lurer trygt og spreier seg dit hemmeleghald løyner seg i rekkjor med forfallande murstein.

Malone kulsar ikkje utan grunn – for hin dagen yverhøyrde ein offiser ei svartsmuska skeivøygd kjering som lærde eit lite barn nokre kviskra reglor i skuggen av ei bakgata. Han lya, og tykte det var rett rart då han høyrde henne gjentaka gong på gong.

O felag og fylgjesven av notti, du som frydar deg ved hundane sin ljom og spilt blod, som vandrar millom gravkammeri sine skuggar, som lengtar etter blod og kjem med frykt til dei daudelege, Gorgo, Mormo, sjå med velvilje på våre offer!

(Del I & del II)

 

Relatert 

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det grufulle ved Red Hook – del II

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen

Om det magiske synet på livet

Håpet ligger i det håpløse – Vergil som brobygger fra fortiden til fremtiden gjennom evigheten

Kunnskapens endepunkt – Charles Upton

Mythopoeia og metafysikk – Charles Upton

 

 

Fotnote


[i] An sint unquam daemones incubi et succubae, et an ex tali congressu proles nasci queat?: “Hev det nokosinne funnest demonar, incubusar og succubusar, og kann det frå slik ei samansmelting koma eit avkom?”