Det grufulle ved Red Hook – del II

Her kjem ei aldri tidlegare umsett soge frå pennen til Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), ein kjend nordamerikansk skrekk-, artikkel- og eventyrforfattar, for fyrste gong på (høg)norsk. (Del I & del III)

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

III

Det var saki til Robert Suydam som tok Malone til hjarto av tingi i Red Hook. Suydam var ein lærd einstøing av gamal nederlandsk familie, eigentleg innehavar av midlar som knapt rokk til sjølvstende, og buande i den romslege men ille vedlikehaldne herregarden som hans bestefar hadde bygd i Flatbush då den landsbyen knapt var noko meir enn ei triveleg gruppa koloniale hyttor umkrinsande den tårn- og mureføykledde Reformkyrkja med sin jarninngjerda hage og nederlandske gravsteinar.

I hans einsame hus, liggjande litt attum Martense Street i ein hage med vyrde tre, hadde Suydam lese og grubla i rundt seks tiår forutan ein generasjonslang periode tidlegare, då han hadde sigla til den gamle verdi og vorte verande der ute or syne i åtta år. Han hadde ikkje råd til nokre tenarar, og vilde kun tillata nokre fåe gjester inn i hans absolutte einsemd: foraktfull til nære venskap og takande imot sine sjeldne kjenningar i det eine av dei tri romi på grunnplanet som han heldt i stand – eit umfattande, takhøgt bibliotek som sine veggjer var grundig fylt med utslitne bøker av merkverdig, arkaisk og vagt fråstøytande aspekt.

Landsbyen sin vekst og den sin eventuelle innlemming i Brooklyn-distriktet tydde inkje for Suydam, og han hadde kome til å tyda mindre og mindre for landsbyen. Eldre folk peika honom framleis ut på gata, men for brorparten av innbyggjarane var han kun ein eksentrisk, korpulent gamal kar som med sitt uflidde kvite hår, stubbute skjegg, skinande svarte klede, og sin gullhovuda spaserkjepp skaffa honom eit mora blikk og ingenting onnor. Malone kjende ikkje til honom utsjånadsmessig innan plikti kalla honom til saki, men han hadde høyrt um honom indirekte som ein djupsindig autoritet innan millomaldersyvertru, og han hadde ved eit høve halvt tenkt å søkja upp ein ute-or-trykk pamflett frå honom um kabbala og Faustus-soga, som ein ven hadde sitert frå hugen.

Suydam vart ei sak då hans fjerne og einaste skuldfolk ettersøkte uttale frå rettsvesenet um hans forstand. Denne handlingi virka brå for den utanforståande umverdi, men var eigentleg utført kun etter utdregne observasjonar og sorgtyngde ordskifte. Den var tufta på visse slåande endringar i hans talesett og vaner: ville referansar til nært yverhengjande underverk, og uforklårlege vitjingar i vanheidra grannelag i Brooklyn.

Han hadde gradvis blitt meir og meir sluskut med åri, og strauk no umkring som ein verkeleg vesalmann: sumtid sett av skamfulle vener i undergrunnsstasjonar, elder drivande dank på benkjer kring kommunehuset i samrøde med gruppor av svartsmuska, vondt-utsjåande framande. Då han tala var det for å babla um uavgrensa krefter som nesten var innan hans grep, og å slu gjentaka med lumske augekast slike mystiske ord elder namn som Sephiroth, Ashmodai og Samaël.

Rettsprosessen avslørde at han var i ferd med å bruka upp inntekti si og sløsa burt arvi si med innkjøpet av synderlege bind importerte frå London og Paris, og ved vedlikehaldet av ein snuskut kjellarleilegheit i Red Hook-distriktet der han heldt til nærsagt kvar einaste nott, mottakande underlege utsendingar samansette av råskinn og utlendingar, og tydelegvis utførande noko slag seremoniell gudsteneste bak grøne blendingsgardiner yver dei løyndomsfulle vindaugo.

Detektivar som var tildelte å fylgja honom rapporterte um eigedomlege skrik og hymnor og føter i krumspring som seiv ut frå desse nattlege ritane, og kulsa ved tanken på deira serskilde ekstase og lausslepeheit trass i det vanlege ved merkelege orgiar i den nedsupte seksjonen. Likevel, då saki kom til ei høyring, klarde Suydam å ivaretaka sin fridom. Framfyre domaren vart manerane hans urbane og fornuftige, og han erkjente fritt den serskilde åtferdi og ekstravagante språkformi han hadde teke til seg gjenom yverdriven dedikasjon til studiar og forsking.

Han var, sa han, engasjert i utforskingi av visse detaljar ved den europeiske tradisjonen som krov den næraste samrøda med utanlandske gruppor og deira songar og folkedansar. Fyrestillingi um at noko slags ring løynd samansverjing livnærte seg av honom, slik hans skuldfolk hinta til, var openbert absurd: og synte kun kor trist avgrensa deira forståing av honom og hans verk var. Sigrande ved sine rolege forklåringar, laut han sleppast fri uhindra: og dei løna detektivane til Suydamane, Corlear og Van Brunt, vart trekte attende i uppgjeven avsky.

Det var her at ein allianse av føderale inspektørar og politifolk, Malone blant dei, kom inn i saki. Lovi hadde sett på Suydam-rettssaki med interessa, og hadde ved mange høve blitt tilkalla for å hjelpa dei private detektivane. Ved dette arbeidet kom det fram at Suydam sine nye kjenningar var blant dei svartaste og mest fælslege kriminelle på dei uærlege stiane i Red Hook, og at minst ein tridjedel av dei var kjende gjengangarar innan lovbrot i saker som tjuveri, uorden og innføringi av ulovlege innvandrarar.

Sanneleg, det vilde ikkje ha vore å segja for mykje at den gamle lærde sin serskilde krins samsvarte nesten perfekt med dei verste av dei organiserte klikkane som smugla i land visse namnlause og uklassa asiatiske botnfall som var klokt avviste på Ellis Island. I dei myldrande avlsreiri på Parker Place – sidan namngjeve på ny – der Suydam hadde sin kjellarleilegheit, hadde det vakse fram ein sers uvanleg koloni med skeivøygde folk som nytta det arabiske alfabetet men som blei ettertrykkjeleg avvist av den store massen med syrarar på og rundt Atlantic Avenue. Dei kunde alle ha vorte landsforviste grunna manglande referansar, men rettsvesenet rører seg sakte, og ein uroar ikkje Red Hook med mindre uppstuss i media tvingar ein til det.

Desse skapningane møttest i ei falleferdig steinkyrkja, nytta på onsdagar som dansehall, som reiste sine gotiske spir nær den mest nedrige delen av strondlina. Den var til namnet katolsk: men prestar gjenom heile Brooklyn fornekta staden all stand og autentisitet, og politimenn var samde med desse då dei lytta til ljodane den sendte ut um notti. Malone pleidde å fyrestilla seg han høyrde grufulle falske basstonar frå eit løynd orgel langt under jordi då kyrkja stod tom og dunkel, medan alle tilskodarar beva frå skriki og trumbingi som fylgde med dei synlege gudstenestene.

Suydam, då han blei spurd, sa han trudde ritualet var noko slags rest av nestoriansk kristendom ispedd fargar av tibetansk sjamanisme. Dei fleste av folki, antok han, var av mongoloid upphav, frå einkvan stad i elder nær Kurdistan – og Malone kunde ikkje hjelpa for at han kom i hug at Kurdistan er landet til yezidiane, dei siste yverlivande av dei persiske djeveldyrkarane. Korleis no enn dette var, uppstanden rundt Suydam-etterforskingi slo fast at desse ikkjeautoriserte nykomarane fløymde inn i Red Hook i aukande antal: komande seg dit gjenom noko form for samansverjing tufta på havet som ikkje kunde nåast av skattemyndigheiter og hamnepoliti, der dei yverskreid Parker Place og snøgt spreidde seg uppyver åsen, ynskt velkomne av ein sereigen forbrødring frå dei hine assorterte buande i regionen.

Deira plumpe kroppsfasong og kjenneteiknande vindøygde fysiognomi, grotesk kombinert med prangande amerikanske klede, fyrekom meir og meir talrikt blant dagdrivarar og umreisande kjeltringar i seksjonen rundt kommunehuset: heilt til det til slutt blei funne naudsynt å rekna ut manntalet deira, kartleggja deira upphav og yrkor, og um mogeleg finna eit sett å samla dei saman og levera dei til dei korrekte immigrasjonsmyndigheitene. Til denne uppgåva vart Malone sett etter semje millom føderal- og bykrefter, og då han sette i gang med sin utgreiing av Red Hook kjende han seg sjølvsikkert på rondi av namnlause terrorar, med den sjabre, uflidde figuren Robert Suydam som erkefiende og mottevlar.

IV

Politimetodar er mangslungne og fyndige. Malone lærde, gjenom upretensiøs slarving, smålætne vanlege samrødor, laglege tilbod um støytar frå lommelerka, og forstandige samtalar med skræmde fangar, mange einskildfakta um den rørsla som med sine aspekt hadde blitt so trugande. Nykomarane var sanneleg kurdarar, men med ei dialekt som var for obskur og gåtefull til å avgjerast filologisk. Dei av dei som arbeidde hadde stort sett livebrød som hamnearbeidarar og ureglementerte gateseljarar, og jamvel som servitørar i greske restaurantar og avisseljarar på hyrni.

Dei fleste av dei hadde, likevel, ingen synlege vis å livnæra seg på: desse var openbert tilknytte  gjeremåli i underverdi, der smugling og heimabrenning var dei minst usegjelege. Dei hadde kome i dampskip, tydelegvis kommersielle frakteskip, og hadde vorte stille lossa i ly av månefrie næter i robåtar som sneik seg under ei viss kai og fylgde ein gøymd kanal til eit løynd basseng under bakkenivå innunder eit hus.

Denne kaii, kanalen, og huset kunde ikkje Malone finna, for minni til hans informantar var yverdrive i villreide, medan talen deira i stor grad var burtanfor sjølv den mest dyktige tolk: helder ikkje kunde han uppdriva noko verkeleg data um grunnane til deira systematiske importering. Dei var lite taleviljuge um den nøyaktige staden dei hadde kome frå, og var aldri so lite på vakt at dei avslørte dei kreftene som hadde uppsøkt dei og avgjort kursen deira.

Sanneleg, dei utvikla noko som likna på akutt frykt um dei vart spurde etter grunnane til deira nærver. Kjeltringar av onnor byrd var like tyste, og på det meste var det som kunde samlast saman at ein elder onnor gud elder stort presteskap hadde lova dei uhøyrde krefter og yvernaturleg heider og herredømer i eit framand land.

Deltaking frå både nykomarar og gamle kjeltringar på Suydam sine godt vakta nattlege møter var særs vanleg, og politiet uppdaga snart at den tidlegare einstøingen hadde leigd ut ytterlegare leilegheiter for å skaffa husrom til dei gjestene som kunde hans passord: til slutt okkuperte desse tri heile hus og skaffa fast tilhaldsstad for mange av hans merkelege felagar. Han nytta lite tid no i sitt hus i Flatbush,  tydelegvis kun inn og ut for å skaffa og returnera bøker: og hans andlet og upptreden hadde fengje eit fråstøytande islett av villskap.

Malone avhøyrde honom tvo gonger, men blei kvar gong bryskt avvist. Han visste ingenting, sa han, um noko mystisk plan elder rørsler: og hadde ingen aning um korleis kurdarane kunde hava teke seg dit elder kva dei vilde. Hans syslor var å uforstyrra studera folkloren til alle innvandrarane i distriktet: eit syssel som politimenn ikkje hadde noko gyldig grunn til å bry seg med. Malone nemnde sin vyrdnad for Suydam si gamle brosjyra um kabbala og andre mytar, men den gamle mannen sin uppmjuking var kun flyktig. Han sansa ei inntrengjing, og avviste sin gjest på utvitydig sett: heilt til Malone i avsky trekte seg attende, og vende seg til andre kanalar for informasjon.

Kva Malone kunde ha avdekka um han arbeidde uavbrote med saki, skal me aldri få vita. Slik det blei, kom ei leid konflikt millom byen og den føderale myndigheiti til å avbrjota etterforskingi i fleire månadar,  medan detektiven var uppteken med andre uppdrag. Det var likevel ikkje noko tidspunkt då han mista si interessa, elder var ute or stand til å verta forbløffa yver kva som byrja henda med Robert Suydam.

Samstundes med at ei bylgja av burtføringar og forsvinningar spreidde sitt uppstyr yver New York, la den uflidde lærde ut på ein umforming som var like slåande som den var absurd. Ein dag vart han sett nær kommunehuset med nybarbert andlet, veltrimma hår, og smakfulle plettfrie klede, og kvar dag deretter vart noko form for obskur forbetring uppdaga ved honom. Han vedlikeheldt sin nye kresenheit utan avbrot, la til dette ein uvanleg glimt i augo og klårleik i røysti, og byrja litt etter litt å leggja av seg den tidlegare tjukkleiken som i so lang tid hadde deformert honom. Ofte no teken for å vera yngre enn sin rette alder, la han til seg ein elastisk gange og sprudlande vital åtferd for å samsvara til denne nye tradisjonen, og han synte ein merkverdig myrklét i håret som på noko sett ikkje gav inntrykk av å vera kunstig farge.

Medan månadane gakk forbi, byrja han kle seg mindre og mindre alderdomleg, og forbløffa til slutt sine nye vener ved å pussa upp og innreia på ny sin herregard i Flatbush, der han opna dørene for ei rekkja med festlegeheiter, dit han mana alle dei kjenningane han kunde koma i hug, og rakk ut ein serskild velkomen til dei no fullt tilgjevne skuldfolki som nyss hadde freista få honom innesperra. Nokre deltok grunna nyfikenheit, andre av plikt: men alle vart dei brått sjarmerte av den gryande ynden og urbaniteten til den tidlegare eremitten.

Han hadde, hevda han, fullført det meste av sitt tildelte arbeide: og då han just hadde arva noko eigedom frå ein halvgløymd europeisk ven, skulde han no nytta sine attverande år i ein bjartare andre ungdom som ro, umsut, og diett hadde gjort mogeleg for honom. Sjeldnare og sjeldnare vart han sett ved Red Hook, og oftare og oftare rørde han seg i det selskapet han var fødd til. Politimenn la merkje til ein tendens hjå kjeltringane til å samlast i den gamle steinkyrkja og dansehallen i staden for i kjellarleilegheiti på Parker Place, trass i at den sistnemnde og den sine nylege anneks framleis fløymde yver med harmfull livnad.

Brått fyrekom tvo hendingar – lengje nok frå einannan, men likevel beggje av intens interessa for denne saki slik Malone såg det. Den eine var den lågmælte kunngjeringi i avisa Eagle um Robert Suydam sin forloving til frøken Cornelia Gerritsen frå Bayside, ei ung kvinna av god stand, og fjernt i slekt med den tilkomande ektemaken: medan den andre var raidet på dansehallen utført av bypolitiet, etter at ein rapport um at andletet til eit kidnappa barn var blitt sett eit sekund i eit av kjellarvindaugo.

Malone hadde delteke i raidet, og studert staden med stor nøye då han fyrst var inne. Ingenting vart funne – faktisk, heile bygningen var forleten då han blei vitja – men den kjenslevare keltaren vart vagt uroa yver mange saker ved innbuet. Der fans grovt målte panel han ikkje tykte um – panel som fyrestilte heilage andlet med eigedomlege dennesidige og sardoniske uttrykk, og som sumtid tok seg fridomar som sjølv ein lekmann sin sans for dekor knapt kunde tola. Likeeins, kunde han ikkje tykkja um dei greske inskripsjonane på veggjen yver preikestolen: ein urgamal trollformel som han ved eit høve hadde snubla yver i sine skuledagar i Dublin, og som var skrivne på dette viset, direkte umsett:

O felag og fylgjesven av notti, du som frydar deg ved hundane sin ljom og spilt blod, som vandrar millom gravkammeri sine skuggar, som lengtar etter blod og kjem med frykt til dei daudelege, Gorgo, Mormo, sjå med velvilje på våre offer!

Då han las dette kulsa han, og tenkte vagt på det ustemte bassorgelet han fyrestilte seg han hadde høyrt frå nedunder kyrkja på visse næter. Han kulsa på ny yver rusten rundt rondi på eit vaskefat av metall som stod på alteret, og fraus nervøst til då hans naseboror virka til å uppdaga ein merkverdig og likaktig stank frå ein elder onnor stad i grannelaget. Det orgelminnet heimsøkte honom, og han utforska kjellaren med serskild flid innan han gakk. Staden var sers hatefull for honom: men likevel, var dei gudsspottande paneli og inskripsjonane noko meir enn grovheiter utført av dei fåkunnige?

Då den tid kom at Suydam sitt brudlaup skulde haldast var kidnappingsepidemien ein populær avisskandale. Dei fleste offeri var unge born frå dei lægre klassar, men eit stadig aukande antal hadde gradvis bygd upp kjenslor av det sterkaste sinne. Tidsskrifter lagde ramaskrik um manglande handling frå politiet si sida, og nok ei gong sende stasjonen på Butler Street sine menn til Red Hook på leit etter leietrådar, uppdagingar og kriminelle.

Malone var gild for å vera på sporet att, og henta byrgskap frå eit raid mot eit av Suydam sine hus ved Parker Place. Der vart, sanneleg, inkje stole barn funne, trass i sogor um skrik og det raude beltet som vart funne ved kjellarinngangen: likevel, målerii og dei grove inskripsjonane på dei avskalande veggjene i dei fleste romi, og det primitive kjemiske laboratoriet på loftet, hjalp alt saman til å yvertyda detektiven um at han var på sporet av noko enormt.

Målerii var fråstøytande – avskyelege monster av einkvar form og storleik, og parodiar på menneskjeformor som ikkje kann skildrast. Skriverii var raudfarga, og veksla frå arabiske til greske, romerske, og hebraiske bokstavar. Malone kunde ikkje lesa stort av det, men det han kunde tyda var illevarslande og kabbalistisk nok. Eit frekvent gjenteke motto var på eit slag hebraisk-påverka hellenistisk gresk, og hinta til dei mest fryktelege frammaningar av demonar i den aleksandrinske dekadansen:

HEL-HELOYM-SOTHER-EMMANVEL-SABAOTH-AGLA-
TETRAGRAMMATON-AGYROS-OTHEOS-ISCHYROS-
ATHANATOS-IEHOVA-VA-ADONAI-SADAY-HOMOVSION-
MESSIAS-ESCHEREHEYE

Sirklar og pentagram var framtredande yveralt, og fortalde utvitydig um dei merkelege trussetningane og aspirasjonane til dei som heldt til på slikt eit elendig sett her. I kjellaren, derimot, vart den merkelegaste gjenstanden funnen – ei røys av genuine gullbarrar dekka på likesælt vis med eit stykkje striesekk, og med sine skinande yverflator dekka av dei same merkverdige hieroglyfane som ogso pryda veggjene.

Medan raidet pågjekk møtte politiet kun passiv motstand frå dei skeivøygde orientalarane som sverma fram frå kvar ei dør. Då dei ikkje fann noko relevant, laut dei etterlata alt som det var: likefullt skreiv umrådekapteinen Suydam eit notat der han råda honom til å halda eit vake auga med karakteren til hans leigebuarar og protegear med tanke på den veksande offentlege misnøya.

(Del I & del III)

 

Relatert 

Det grufulle ved Red Hook – del I

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen

Om det magiske synet på livet

Håpet ligger i det håpløse – Vergil som brobygger fra fortiden til fremtiden gjennom evigheten

Kunnskapens endepunkt – Charles Upton

Mythopoeia og metafysikk – Charles Upton