Det grufulle ved Red Hook – del I

Her kjem ei aldri tidlegare umsett soge frå pennen til Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), ein kjend nordamerikansk skrekk-, artikkel- og eventyrforfattar, for fyrste gong på (høg)norsk.  (Del II & del III)

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Soga vart til som eit resultat av hans flytting til distriktet Red Hook i New York frå hans heimlege Providence, Rhode Island, etter hans giftarmål med Sonia Greene. Han upplivde vanskane han her fekk med å skaffa seg arbeid for å forsyrgja sin vetle familie som sers tyngjande, serskilt med tanke på at han med sin enorme sjølvlærde kunnskap laut tevla mot stadig veksande hordar med nykomarar til USA um sjølv dei mest nedbrjotande jobbar.

Denne frustrasjonen yver den moderne verdi som stadig kraup nærare honom, uansett kor mykje han enn stritta imot, skulde gjeva utslag i denne velkjende soga med det upphavlege namnet The Horror at Red Hook som blei skrivi i 1925 og prenta i 1927. Um det er setningar elder vendingar i soga ein sart lesar frå våre dagar kanskje vil reagera på, lyt ein koma i hug at den verdi som Lovecraft virka i var ei ganske onnor verd. Ei verd som, til Lovecraft sin store skrekk, endra seg so snøgt at han, av gamal britisk kolonialætt, etterkvart kjende seg som den framande i det som inntil nyss hadde vore ein by han elska for sin høgkultur, arkitektur og gamle historie.

Med andre ord kann denne soga både lesast som eit uttrykk for frustrasjon yver det moderne, men ogso sjølvsagt som eit av mange utslag av skapingskraft som denne frustrasjonen kann føra med seg. Ein fær helder liva med at eit og onnor augnebryn vert heva yver sume av formuleringane, so lengje ein hev i bakhovudet kva som ligg attum novella, og slik beint fram njota den litterære kvaliteten som sanneleg er til stades.

Det grufulle ved Red Hook av Howard Phillips Lovecraft   

I

For ikkje mange vikor sidan, på eit gatehyrna i landsbyen Pascoag, Rhode Island, skapte ein høg, kraftig bygd og utvendig sunn fotgjengar mykje fundering ved ei sereigi åtferdsendring. Han hadde, ser det ut til, gange ned bakketoppen via vegen til Chepachet: og då han kom til sentrum, hadde han snudd seg til vinstre mot hovudfartsåra der fleire lågmælte forretningskvarter gjev eit urbant islett. Der, utan synleg provokasjon, utførte han si forbløffande åtferdsendring: stirande eigedomleg eit kort bel på den høgaste bygningen framfor seg, for so å med ei rekkja vitskremde hysteriske skrik, byrja eit vilt laup som enda i vakling og fall ved neste kryss.

Hjelpen på føtene og kosta av av hjelpsame hender, blei mannen funnen å vera medviten, kroppsleg heil og tydelegvis kurert frå sitt bråe nerveåtak. Han mumla fram nokre skamfulle forklåringar um ei påkjenning han hadde vore under, og med blikket mot marki snudde han upp att vegen mot Chepachet, luntande ut or syne utan å snu seg bak ein einaste gong. Det var ein merkeleg ting å henda med ein so stor, robust, normalt utsjåande og kapabel mann, og det merkverdige blei ikkje minska ved kommentarane frå ein tilskodar som hadde kjent honom att som leigetakaren hjå ein velkjend mjølkemann frå utkanten av Chepachet.

Han var, kom det fram, ein politidetektiv frå New York med namnet Thomas F. Malone, no ute i ein langsiktig permisjon med medisinsk handsaming etter noko serskilt trøyttande arbeid i samband med ei lokal sak som ved eit uhell hadde blitt dramatisk. Det hadde vore ein kollaps av fleire gamle mursteinsbygningar under eit raid han deltok i, og noko ved det storstilte tapet av liv, både fangar og hans kollegaar, hadde bjode honom serskilt imot.

Som eit resultat av dette, hadde han erverva ei  akutt og utypisk frykt for einkvar bygning som hadde den minste likskap med dei som hadde falle ned, noko som til slutt leidde til at mentalspesialistar forbaud honom synet av slike på ubestemt tid. Ein politikirurg med skuldfolk i Chepachet gjorde framlegg um pittoreske busetnadar med koloniale trehus som den ideelle staden for psykologisk heiling: og dit hadde den lidande fore, med lovnadar um at han aldri skulde farta langsmed dei brulagde gatone i større landsbyar før etter grundig rådføring med spesialisten frå Woonsocket som han var sett i kontakt med. Denne gangturen til Pascoag etter blad hadde vore eit mistak, og pasienten hadde betalt sin pris i frykt, blåmerkjer og audmjuking for sitt trass.

So mykje visste ogso ryktespreiarane i Chepachet og Pascoag: og so mykje, trudde, ogso, dei lærde sakkunnige at dei visste. Malone hadde fyrst fortalt dei sakkunnige mykje meir, noko han avbraut fyrst då han innsåg at mistru var det han serverte. Etter dette heldt han fred, utan eit knyst då det blei ålment godteke at kollapsen av visse mursteinsrønnor i bydelen Red Hook i Brooklyn, og den påfylgjande dauden til mange tapre offiserar, hadde uroa likevikti til nervene hans. Han hadde arbeidd for hardt, um det skulde segjast, med å freista reinska upp i desse reiri av uorden og vald: visse trekk ved dei var sjokkerande nok, med hondi på hjarta, og den uventa tragedien var siste strået.

Dette var den enkle forklåringi som alle kunde forstå, og sidan Malone ikkje var ein enkel person innsåg han at dette feng vera nok. Å hinta til jordbundne personar um ein skrekk burtanfor all menneskjeleg fatteevna – ein skrekk av hus og blokkor og byar spedalske og sydande av vondskap dregen frå eldre verder – vilde berre vera å invitera ei polstra cella i staden for  landleg kvila, og Malone var ein fornuftig mann trass i hans mystisisme.

Han hadde keltaren sin vidtrekkjande visjon av merkelege og løynde saker, men det raske auga til logikaren for det ytre uyvertydande: ei samansmelting som hadde leidd honom langt burtanfor allfarveg i hans tvo-og-førti liveår, og sendt honom til merkverdige stader for ein uteksaminert ved universitetet i Dublin og fødd i ein georgiansk villa nær Phoenix Park.

Og no, medan han granska dei tingi han hadde sett og følt og fatta, var Malone nøgd med å halda for seg sjølv løyndomen um det som kunde redusera ein djerv stridsmann til ein skjelvande nevrotikar: det som kunde gjera gamle mursteinsslummar og sjøar av myrke listige andlet um til eit marerittaktig urgamalt varsel. Det vilde ikkje vera fyrste gongen at kjenslone hans hadde vorte tvinga til å bida utolka – for var ikkje nettupp hans byks inn i den fleirspråklege avgrunnen som utgjorde New York si underverd ei nykka burtanfor forstandig forklåring? Kva kunde han fortelja dei prosaiske um dei antikke hekserii og groteske underi som var synlege for kjenslevare augo blant giftkitlane der alle dei ulike drogi frå usunne tidsaldrar blandar sine giftor og held liv i sine obskøne grusamheiter?

Han hadde sett den helvetes grøne logen av løynd underverk i denne openberre, flyktige røra av utvendig grådigheit og innvendig blasfemi, og han hadde smilt mildt då alle dei frå New York han kjende håna hans politiarbeidseksperiment. Dei hadde vore sers vittige og kyniske, skrattande av hans underlege forfylgjing av uvitelege mysterium og forsikra honom um at i desse dagar inneheldt ikkje New York noko onnor enn det billege og det vulgære.

Ein av dei hadde vedda mot honom ein stor sum um at han ikkje kunde – trass i mange gripande saker til hans fordel i Dublin Review – eingong skriva ein verkeleg interessant artikkel um New York si underverd: og no, då han såg attende, ante han at kosmisk ironi hadde rettferdiggjort profeten sine ord medan dei motprova deira lettsindige tyding. Skrekken, slik den til slutt vart sett, kunde ikkje skapa ein artikkel – for i likskap med Poe sin tyske autoritet: Es lässt sich nicht lesen – den tillet ikkje seg sjølv å bli lesen.

II
For Malone var kjensla av latent mysterie i tilveret alltid tilstades. I ungdomen hadde han kjent den løynde venleiken og ekstasen ved ting, og hadde vore ein diktar: armod og sorg og eksil hadde vendt hans blikk i myrkare retning, og han hadde fryda seg ved den tilskrivne vondskapen i umverdi. Dagleglivet hadde for honom kome til å verta ein fantasmagori av makabre skuggestudiar: sumtid glitrande og skjelmsk med fordekt rote som på det beste Beardsley-settet [i], sumtid hintande til skrekklegeheiter attum dei mest vanlege former og objekt som i dei meir listige og mindre openberre verki til Gustave Doré.

Han vilde ofto sjå det som miskunneleg at dei fleste personar med høg intelligens hånflirer åt dei innarste mysterium: for, argumenterte han, um yverlegne sinn skulde bli sette i fullt samband med løyndomane ivaretekne av urgamle og ringe kultar, vilde dei påfylgjande resultati ikkje berre snarleg øydeleggja verdi, men truga integriteten til sjølve universet.

All denne tankeverksemdi var utan tvil morbid, men ein skarp logikk og djup sans for humor vog dugeleg upp for dette. Malone var nøgd med å lata sine innfall forbli halvt spionerte og forbodne syn som kunde leikast lett med: hysteriet kom fyrst då plikti kasta honom inn i eit openberringshelvete for snøgt og lumskt til at det kunde unnsleppast.

Han hadde eit bel vore utplassert ved stasjonen i Butler Street i Brooklyn då han blei klår yver saki i Red Hook. Red Hook er ein labyrint av raseblanda elende i nærleiken av den alderdomlege strondlina vendt mot Governor’s Island, med skitne hovudvegar som stig upp på åsen frå kaiane upp til høgare lende der dei forfalne gatone Clinton og Court Street leier av i retning kommunehuset.

Husi er for det meste av murstein, med upphav frå fyrste halvdelane av det nittande hundradåret, og nokre av dei meir obskure alléane og sidegatone hev den forlokkande gamle atmosfæra som konvensjonell lesnad fær oss til å kalla dickensisk. Folkeferdet er ei vonlaus floka og ei gåta: syriske, spanske, italienske og svarte element som yverlappar kvarandre, og deler av skandinaviske og amerikanske belte ikkje langt derifrå. Det er eit Babel av ljod og skit, og sender ut merkelege skrik for å svara dei skvulpande oljute bylgjone ved dei tilsmurde bryggjone og dei monstrøse orgellitanii til hamnefløytone.

Her fans for lengje sidan eit ljosare bilete, med klårøygde sjømenn på dei lågare gatone og heimar av smak og og innhald der dei større husi linar upp på åsen. Ein kann spora restane av denne tidlegare lukka i dei nette formene til bygningane, dei førekomande elegante kyrkjone, og teikni på original kunst og bakgrunn i detaljar her og der – nedslitne trepper, ein ille medfaren døropning, eit makkut par med dekorative søylor elder pilaster, elder ein rest av eit tidlegare grønt umråde med bøygde og rusta jarngitter.

Husi er stort sett av solide blokkor, og frå tid til annan reiser ein fleir-vindauga kuppel seg for å fortelja um dagar då hushaldi med kapteinar og skipseigarar heldt eit vake auga på havet.

Frå desse irrgangane av materiell og andeleg rote gjeng blasfemiane til hundrade dialektar til åtak på himmelen. Hordar med umreisande tjuvpakk virrar gaulande og sjungande langsmed stiar og hovudfartsåror, frå tid til annan sløkkjer fordekte hender brått ljos og trekk ned gardiner, og svartsmuska syndefulle andlet forsvinn frå vindaugo når vitjarar legg vegen forbi.

Politimenn fortvilar i mangel på orden og reform, og freistar helder skapa hindringar som vernar verdi på utsida mot smitten. Klangen frå patruljane vert svara med ei serskild form for spøkelseliknande stilla, og dei fangane som vert tekne inn er aldri snakkesalege. Dei synlege lovbroti er like varierte som dei lokale dialektane, og dekkar heile spekteret frå smugling av rom og ulovlege utlendingar til dei ulike stadii av lovlausheit og obskur umoral til mord og kroppsskamfering på deira mest avskyelege vis.

At desse synlege sakene ikkje førekjem oftare er ikkje til grannelaget si æra, med mindre ein ser på evna til å halda ting skjult som noko som fordrar heider og æra. Fleire folk kjem til Red Hook enn dei som forlet staden – elder i det minste, som forlet den frå landsida – og dei som ikkje er pratesjuke er dei som er mest sannsynlege til å forlata staden.

Malone fann ut at det med ein slik tilstand på staden kunde anast ein matt ange av løyndomar meir fryktelege enn nokre av dei syndene som vert fordømt av medborgarar og jamra yver av prestar og filantropar. Han var medviten yver, som ein som sameinte fyrestillingar med vitskapleg kunnskap, at moderne folk under lovlause forhold hev ei evna til å på nifst vis gjentaka dei myrkaste instinktive mynsteri ved primitivt halvaperåskap i dagleglivet og rituelle skikkar: han hadde ofto med ein antropolog sin skjelving sett på dei lovsjungande forbannande prosesjonane av stivøygde menn dekka i koppær som gakk gatelangs i dei myrke morgontimane.

Ein såg desse gruppone med ungdomar uavbrote: sumtid i sniglande vakar på gatehyrner, sumtid i døropningar der dei spelte urovekkjande på billege musikkinstrument, sumtid i umtåka slumring elder utuktige ordskifte rundt kafeteriabord nær kommunehuset, og sumtid i kviskrande samtalar rundt sjabre drosjar som var parkerte saman rundt dei høge, lutande, forfalne og gamle husi som var grundig attlemma.

Dei fascinerte og sendte frysningar gjenom honom meir enn han torde å innrøma til sine kollegaar i blått, for han virka til å sjå i desse noko form for monstrøs tråd av løynt framhald: noko slag fiendtleg, kryptisk og urgamalt mynster som var langt burtanfor og nedum dei snuskute massane av fakta og vaner og heimsøkjingar som blei lista upp med slik ein trufast teknisk handsaming av politiet. Dei måtte vera, kjende han innvendig, ervingane til noko form for sjokkerande og upphavleg tradisjon: medeigarar i forderva og brotne smular frå kultar og seremoniar som er eldre enn menneskjearten.

Deira samanhengjande og definitive tilstand hinta til dette, og det viste seg i deira sereigne mistru til orden som lurte attum deira elendige uorden. Han hadde ikkje fånyttes lese slike avhandlingar som fru Murray si Witch-Cult in Western Europe: og han visste at det inntil nyss visseleg hadde yverlivd blant bønder og avsidesbuande eit forskrekkeleg og skjult system med samankomstar og orgiar nedervd frå myrke religionar med upphav frå før den ariske verdi, og som fyrekom i folklore som svarte messor og heksesabbatar.

At desse helvetesavla spori etter gamle turannisk-asiatiske magi- og grødekultar no var heilt daude kunde han ikkje ein augneblink tru, og han undra seg ofto yver kor mykje eldre og svartare enn dei aller verste av dei frammumla sogone nokre av dei eigentleg kunde vera.

 (Del II & del III)

 

Relatert 

Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen

Om det magiske synet på livet

Håpet ligger i det håpløse – Vergil som brobygger fra fortiden til fremtiden gjennom evigheten

Kunnskapens endepunkt – Charles Upton

Mythopoeia og metafysikk – Charles Upton

 

 

Fotnote


  • Norunn

    For en poetisk gjendiktning. Takk Stig Andresen!

Ver peliculas online