Det kvite skipet – Lovecraft på høgnorsk

Det kvite skipet blei skrivi i november 1919 av Howard Phillips Lovecraft (1890-1937), og prenta for fyrste gong same månad i The United Amateur. Lovecraft var ein skrekkforfattar i brytningi millom fantasy og science-fiction. Han er mest kjend for Cthulhu-mytologien. Det kvite skipet er ikkje direkte knytta til Cthulhu og den kosmiske skrekken, men femnar til ein viss grad det same umrisset av kor vesal manneætti er i den storfelte Allheimen. I denne forteljingi siglar hovudpersonen Basil Elton på havet utanfor Draumelandi, der han får eit utsyn mot det ævelege.

Umsett til høgnorsk av Stig Andresen

Eg er Basil Elton, formyndaren av fyrtårnet på North Point som min far og min farfar heldt i hevd innan meg. Langt frå fastlandet stend det gråe fyrtårnet, yver innfalne slimute steinar som kann sjåast når tidvatnet er lågt, men forblir usette når tidvatnet er høgt. Forbi det ljospunktet hev i eit hundradeår dei majestetiske barkane frå dei sjau hav sigla. I min farfar sine dagar var dei mange; i min far sine dagar ikkje fullt so talrike; og no er dei so fåe at eg kjenner meg sumtid underleg åleina, som um eg var det siste menneskjet på planeten.

Frå fjerne kystar kom dei kvitsegla flåtane frå gamalt av: frå fjerne austlege kystar der heit sol skin og søte angar sviv rundt merkverdige hagar og lystige tempel. Dei gamle sjøkapteinane kom titt til min farfar og fortalde honom um desse tingi som han i sin tur fortalde til min far, og min far fortalde til meg i dei lange haustkveldane då vinden hylte urovekkjande frå aust. Eg hev deretter lese meir um desse tingi, og mykje onnor attåt, i bøkene menn gav meg då eg var ung og fylt med undring.

Likevel, meir vedunderleg enn lærdomen åt gamle menn og lærdomen åt bøker er den løynde lærdomen åt havet. Blått, grønt, grått, kvitt elder svart: stille, krusut elder topput: havet er ikkje tagalt. I alle mine dagar hev eg iaktteke det og lya til det, og eg kjenner det vel. I fyrstningi fortalde det til meg kun dei vanlege småe sogone um rolege strender og nærliggjande hamner, men med åri vart det meir venleg og tala um andre saker: um saker meir merkverdige og fjernare i rom og tid. Sumtid i skymringi hev den gråe dampen på horisonten kvorve i tvo for å gje meg glimt av stiane burtum: og sumtid hev dei djupe vatni på nottestid vortne klåre og gjennomskinlege, for å gje meg glimt av vegane burtanfor. Og desse glimti hev likeso ofte vore frå dei visi som var og dei visi som kunde bli, som frå dei visi som er: for havet er meir urgamalt enn fjelli, og lasta med minni og draumane til tidi.

Frå sør var det at det Kvite Skipet pleidde koma når månen var full og høg på himmelen. Frå sør vilde det glida sers mjukt og stille yver havet. Og um so sjøen var vill elder roleg, og um so vinden var venleg elder barsk, vilde det alltid glida mjukt og stille yver havet, med fjerne segl og med sine lange merkelege årerekkjor rytmisk rørande på seg. Ei nott såg eg på dekket ein mann, skjeggut og kappekledd, og han såg ut til å gjera teikn til meg um å stiga umbord for ei ferd mot ukjende kystar. Mang ein gong deretter såg eg honom under fullmånen, og aldri gjorde han teikn åt meg.

Sers sterkt skein månen den notti eg svara på fyrespurnaden, og gjekk ut yver vatnet til det Kvite Skipet på ei bru av månestrålar. Mannen som hadde gjort teikn baud meg no velkomen på eit mjukt mål eg virka til å kjenna vel, og timane vart fylte med mjuke songar frå roarane då me gleid burt inn i eit mystisk sør, gyldent med gløden frå den fulle, milde månen.

Og då dagen ris upp, rosut og strålande, iakttok eg dei grøne kystane til fjerne land, bjarte og vene, og for meg ukjende. Upp frå havet reiste staute terrassar av grøde, trekledde og framsynande her og der dei glimtande kvite taki og søylerekkjone til merkverdige tempel. Då me kom nærare den grøne kysten fortalde den skjeggute mannen meg um det landet, landet Zar, der alle draumane og tankane um venleik som kjem til menneskji ein gong for so å bli gløymde held til. Og då eg såg på terrassane att såg eg at det han fortalde var sant, for millom syni framfyre meg var det mange saker eg ein gong hadde sett gjenom skodda burtanfor synsrondi og i dei sjølvlysande djupnone til havet. Der fans ogso former og fantasiar meir storslegne enn noko eg tidlegare hadde kjent: syni til unge diktarar som døydde i vesaldom innan verdi kunde læra å kjenna det dei hadde sett og drøymt. Likevel sette me ikkje fot på dei slake engjene i Zar: for det blir fortalt at han som set fot på deim kann aldri meir venda attende til sin heimlege kyst.

Medan det Kvite Skipet stille sigla burt frå dei tempelkledde terrassane i Zar, iakttok me i den fjerne synsrondi framfyre oss spiri til ein mektig by: og den skjeggute mannen sa til meg, «Dette er Thalarion, Byen med dei Tusen Underverk, der alle dei mysterii som menneskji fånyttes hev freista fatta held til.» Og eg såg atter, på nærare hald, og såg at byen var større enn noko onnor by eg hadde kjent til elder drøymt um tidlegare. Upp i himmelen rokk tempelspiri, slik at ingen mann kunde skoda deira toppar: og langt attende burtanfor synsrondi strekte dei grimme, gråe veggjene seg, og yver desse kunde ein kun glytta nokre fåe tak, merkverdige og illevarslande, men likevel pryda med rike fresor og forlokkande skulpturar.

Eg lengta sterkt etter å treda inn i denne iaugefallande men fråstøytande byen, og baud den skjeggute mannen å landsetja meg på steinbryggja ved den ovstore utskorne porten Akariel: men han avslo varleg mitt ynskje, segjande; «Inn i Thalarion, Byen med dei Tusen Underverk, hev mange gange men ingen vendt attende. Der inne gjeng berre demonar og galne ting som ikkje er menn, og gatone er kvite med dei ujordfeste beini til dei som hev sett på åndi Lathi, som herskar yver byen.» Deretter sigla det Kvite Skipet vidare burtanfor murane til Thalarion, og fylgde i dagevis ein sørvendt fugl, som med sin prangande fjørdrakt samsvara til himmelen den hadde kome ut ifrå.

So kom me til ein hugsam kyst gild med bløming av alle fargar, der det so langt innyver me kunde sjå under soli på sitt sterkaste boltra seg vene lundar og strålande lysthus. Frå lysthus burtanfor synsviddi vår kom bylgjor av song og brotstykkjer med lyrisk harmoni, ispedd svak lått so herleg at eg mana roarane framyver i min iver etter å nå målet. Og den skjeggute mannen sa inkje ord, men iakttok meg medan me nærma oss den liljekledde strondi. Brått brakte ein vind som bles frå yver dei blomute engjene og lauvute skogane ein ange som gjorde at eg kulsa. Vinden vaks seg sterkare, og lufti var fylt med den daudelege likstanken frå pestråka landsbyar og udekte gravplassar. Og då me sigla vilt burt frå den fordømte kysten tala den skjeggute mannen til slutt, segjande: «Dette er Xura, Landet av Njotingar Uuppnådde.»

Atter ein gong fylgde det Kvite Skipet fuglen på himmelen, yver varme velsigna hav svalne med kjærteiknande, velluktande brisar. Dag etter dag og nott etter nott sigla me, og når månen var full vilde me lya til mjuke songar frå roarane, vene som på den fjerne notti då me sigla burt frå mitt fjerne heimlege land. Og det var under måneskin at me ankra upp til sist i hamni til Sona-Nyl, som vert vakta av duble utstikkjarar av krystall som ris upp frå sjøen og møtest i ein prangande ark. Dette er Fantasilandet, og me gjekk upp til den grøne strondi på ei gyldi bru av månestrålar.

I landet Sona-Nyl fins det korkje tid elder rom, korkje liding elder daud: og der heldt eg til i mange tidsaldrar. Grøne er lundane og beitemarkene, bjarte og angande er blomane, blåe og musikalske er bekkjane, klåre og kalde er fontenene og staselege og vene er templi, slotti og byane i Sona-Nyl. I det landet er det ingen grensor, for burtanfor kvar gløtt av venleik ris upp endå ein enno venare. Yver landsbygdi og millom dei prangande byane kann det gilde folket etter som dei sjølve vil røra seg, og dei er alle gåveskjenkte med uavgrensa ynde og reinskori lukka. I dei tidsaldrane eg heldt til der vandra eg lukkeleg gjenom hagane der merkverdige pagodar stirer ut frå hugsame grupper med buskas, og der dei kvite stiane er avgrensa med delikat grøde. Eg kleiv upp milde åsar som frå sine toppar eg kunde sjå blikkfangande venleikspanorama, med tårnprydde landsbyar som reda i grøne dalar, og med dei gylne kuplane til gigantiske byar glitrande i den uavgrensa fjerne synsrondi. Og eg såg i måneljoset den tindrande sjøen, utstikkjarane av krystall og den blide hamni der det Kvite Skipet låg ankra upp.

Det var upp mot fullmånen i det ugløymelege Tharp-året at eg såg umrisset av den forlokkande formi til den himmelske fuglen, og kjende dei fyrste ilingane av uro. Eg tala då med den skjeggute mannen, og fortalde honom um mine nye lengtingar etter å fara burt mot det fjerne Cathuria, som ingen mann hev sett, men som alle trur ligg burtanfor basaltpillarane i vest. Det er Vonlandet, og i det skin dei perfekte ideali til alt me kjenner frå andre stader: elder i det minste er det på det settet menn tenkjer. Trass dette, sa den skjeggute mannen til meg: «Tak deg i akt for dei lunefulle havi der menn segjer Cathuria ligg. I Sona-Nyl er det korkje smertor elder daud, men kven kann segja kva som ligg burtanfor basaltpillarane i vest?» Kor som er borda eg ved neste fullmåne det Kvite Skipet, og forlet med den tvikande skjeggute mannen den gilde hamni i retning uferda hav.

Himmelfuglen flaug fyri, og leidde oss mot basaltpillarane i vest, men denne gongen song ‘kje roarane mjuke songar under fullmånen. I hugen min vilde eg ofte fyrestilla meg det ukjende landet Cathuria med sine prangande lundar og palass, og vilde undra meg yver kva slags nye gledor som der venta på meg. «Cathuria,» vilde eg segja til meg sjølv, «er tilhaldsstaden åt gudane og landet til uteljelege gullbyar. Skogane der er av aloe og sandaltre, i tillegg til dei angande lundane i Camorin, og det flagrar millom trei gilde fuglar søte med song.

På dei grøne og blomute fjelli i Cathuria stend tempel av rosa marmor, rike med utskorne og målte underverk, og på deira gardsplassar kjølege sylvfontenor, der medrivande musikk kling frå dei angande vatni som kjem frå den grottefødde elvi Narg. Byane i Cathuria er i tillegg umkrinsa av gylne veggjer, og deira brusteinar er ogso av gull. I hagane til desse byane er merkverdige orkidear, og parfymerte sjøar som hev botnar av korall og rav. Um notti er gatone og hagane tende med lystige lanternor skapte frå dei trifarga skali til skjelpadda, og her kling dei mjuke tonane til songaren og luttspelaren. Husi i byane til Cathuria er alle palass, kvart av dei bygde yver ein angande kanal som ber med seg vatnet til den heilage Narg. Av marmor og porfyr er husi, og taklagde med glitrande gull som gjev atterskin av solstrålane og forsterkar prakti til byane medan lukkesalege gudar iattek dei frå fjerne toppar.

Bjartast av dei alle er palasset til den store drotten Dorieb, som sume segjer er ein halvgud og andre ein gud. Høgt er palasset åt Dorieb, og talrike er marmortårni på det sine veggjer. I det sine vide hallar hev mange folkemengder samlast, og der heng aldrane sine trofé. Taket er i tillegg av reint gull, sett uppå høge søylor av rubin og asur, og med slike utskorne gude- og heltebilete at dei som kiker upp til dei høgder virkar til å leggja sitt blikk på det livande Olympen. Golvet i palasset er av glas, og under det renn det lumskt upplyste vatnet til Narg, gildt med prangande fisk som ikkje er kjend burtanfor grensone til vyrde Cathuria.»

På dette settet vilde eg tala til meg sjølv um Cathuria, men heile tidi vilde den skjeggute mannen råda meg til å venda attende til den gilde strondi i Sona-Nyl: for Sona-Nyl er kjent millom menn, medan ingen hev nokosinne sett Cathuria.

Og på den ein-og-trettiande dagen me fylgde fuglen, skoda me basaltpillarane i vest. Innhylla i skodda var dei, slik at ingen mann kunde sjå burtanfor dei elder sjå deira ende – som sume sanneleg segjer strekk seg til himmelen. Den skjeggute mannen baud meg atter venda attende, men eg sansa honom ikkje: for ut frå skodda burtanfor basaltpillarane tykte eg det kom tonar frå songarar og luttspelarar; søtare enn dei søtaste songane frå Sona-Nyl, og tonande mine eigne lovsongar; lovsongar um meg, som hadde ferdast langt frå fullmånen og halde til i Fantasilandet. So til ljoden av melodiar sigla det Kvite Skipet inn i skodda millom basaltpillarane i vest. Likevel, då musikken stogga og skodda kvarv burt, skoda me ikkje landet Cathuria, men ein rasande ovsterk sjø, som bar med seg vår hjelpelause bark mot eit ukjend mål. Snarleg deretter kom for øyro våre det fjerne toreveret frå fallande vatn, og fyri augo våre kom på horisonten langt framme den ovstore spruten frå eit gigantisk fossefall, der alle verdi sine hav fell ned i avgrunnar av inkje.

Då sa den skjeggute mannen til meg, med tåror på sin kjake, «Me hev avvist det vene landet Sona-Nyl, som me aldri meir skoda skal. Gudane er større enn menneskji, og dei hev sigra.» Eg let då att augo mine innan samanstøyten eg visste vilde koma, slik stengjande ute synet av himmelfuglen som slo sine hånande blåe vengjor yver kanten av vassfallet.

Zdzislaw Beksinski

Ut av denne samanstøyten kom myrke, og eg høyrde skriki til menn og ting som ikkje var menn. Frå aust kom sterke vindkast, og kjølte meg ned der eg krøkja meg saman på den fuktige steinhella som hadde rise upp under mine føter. Då eg deretter høyrde nok ein smell opna eg augo mine og skoda grunnmuren til det fyrtårnet som eg hadde sigla frå for so mange aldrar sidan. I myrkni nedunder tårna det ovstore uklåre umrisset av eit farty som vart knust mot dei nådelause steinane, og då eg skoda ut yver havgapet såg eg at ljoset hadde svikta for fyrste gong sidan farfar min hadde aksla ansvaret for det.

Det som meir er, i dei seine vakttimar som fylgde den notti, då eg gjekk inn i tårnet, såg eg på veggjen ein kalendar som hekk som den hadde gjort i den stundi eg sigla burt. I daggryet steig eg ned tårnet og speida etter vrakrestar millom steinane, men det eg fann var kun dette: ein merkeleg daud fugl som sitt fargeskjær var av den asurblå himmelen, og ei einsleg knust mast, meir kvitlett enn bylgjetoppane elder snjoen på fjelli.

Deretter fortalde havet meg aldri meir sine løyndomar: og sjølv um månen talrike gonger hev skine full og høgt på himmelen, kom det Kvite Skipet frå sør aldri meir att.

 

Relatert 

Villsvinet og bjørnen – René Guénon

Den spekulative vendingen

Om det magiske synet på livet

Håpet ligger i det håpløse – Vergil som brobygger fra fortiden til fremtiden gjennom evigheten

Kunnskapens endepunkt – Charles Upton

Mythopoeia og metafysikk – Charles Upton

Å vente på den nye sol – Peter Kingsley