Seksti år med kjøpesentret

Etter privatbilen kan eg knapt tenkje meg noko som har bidrege meir til amerikaniseringa av den norske kulturen enn kjøpesentret. Men desse to er òg uskiljelege. Om ein her skal dra ein parallell med den gamle gåta om kven som kom fyrst, høna eller egget, er svaret enkelt. Privatbilen kom fyrst, kjøpesentret vart gullegget, særleg for dei store kjedebutikkane. Etter kvart som dei vart klekte har dei utvikla seg til store og blodtørstige dinosaurar, som trampar ned og riv i filler alt og alle som kjem i deira veg. Attende ligg eit livlaust øydeland.

Av Øyvind Holmstad, redaktør av bloggen Permaliv

Paradokset er at folk søkjer seg til kjøpesentra for å oppleva urbant liv, som nettopp desse har vore med på å utarma. Dei som driv kjøpesentra forsvarar seg med at folk sjølve vel å koma til dei, dei tvinger ingen. Truleg har dei som planlegg kjøpesentra mykje større kunnskap om folk sine rørslemønster og urbane behov enn dei fleste byråkratar. Men det er ikkje ekte urbant liv dei tilbyd, som so mykje anna i dag er det berre eit substitutt, og kjøpesentret har i so måte mest til felles med eit horehus. Enda meir alvorleg er at kjøpesentret er ein innkapsling av urbant liv, noko som tyder ein innkapsling av sjølve menneskelivet. Kanskje den største forbanninga som har råka det moderne mennesket, er innkapslinga av stendig fleire aspekt av livet.

But there’s a problem. We have fractured these urban networks, and rebuilt much more dispersed, “dendritic” systems, connected not by pedestrians, but by automobiles, dispersed suburban campuses and parks, and single-family monocultures, supplemented by telephones and now, computers. The majority of us lives in encapsulated houses, in encapsulated neighborhoods, and travel in encapsulated cars to encapsulated work places, stores and other destinations. – Michael Mehaffy

Og slik lev dei so kalla frie menneska av det tjugefyrste hundreåret liva deira, innkapsla, utan moglegheit til å sjå verda frå perspektivet til ein utsprungen sumarfugl. Vår fridom er berre ein vits!

Det moderne mennesket vert stendig meir innkapsla og segregert

I Amerika har dei ein eigen evne til å dra parodiane på menneskjelivet inn i det absurde, der dei som ein respons på kjøpesentra sitt dalande rykte har bygd opp kulissar av gamle bymiljø, men der alt er eigd av “senterleiinga”, og der alt vert avstengt når shopping-dagen er over. Dette vert sjølvsagt endå kvalmare, då parodien på ekte urbant liv vert endå meir skjerande. Men hjernedaude konsumentar sveltefora på urbane opplevingar er lette å lokka. Ikkje det at eg er noko betre, eg òg kjenner på draginga mot kjøpesentret. Forskjellen er at eg veit at det eg får er ikkje ekte kjærleik.

Kjøpesentra er fylde opp av kjedebutikkar og franchisorar, der det er pengane som er drivkrafta. Kjærleik kan som kjent ikkje kjøpast for pengar, han kan berre oppstå der ein butikk er driven for å leva, der livet som kjøpmann er eit mål i seg sjølv. Christopher Alexander meiner at franchising er dobbelt umenneskeleg, då denne ordninga gjev eit nedverdigande og falskt skin av å vera ekte kjøpmann.

I tida vår med overskot av billeg energi har verda vorte fylt opp av ”anti-patterns” (eg vågar ikkje å omsetja denne geniale termen til norsk).

The problem is that we are adapting to the wrong things — to images, or to short-term greed, or to the clutter of mechanics. These maladaptations are known as “antipatterns” — a term coined not by Alexander, but by software engineers. An antipattern is something that does things wrong, yet is attractive for some reason (profitable or easy in the short term, but dysfunctional, wasteful of resources, unsustainable, unhealthy in the long term). It also keeps re-appearing. Sounds like our economy and wasteful lifestyle? – Michael Mehaffy and Nikos Salingaros

Ingen tvil om at kjøpesentret er eit realt ”anti-pattern”. Som eit virus har det spreidd seg utover verda på dei seksti åra det har eksistert. Men i motsetnad til dei fleste epidemiar, som har sitt opphav i det fjerne Austen, vart dette viruset skapt i det ville Vesten. Lell, verdas største kjøpesenter finn vi i dag i Kina (se film under).

Sjølv har eg for vane å klandre Le Corbusier for alt som er vondt og galent her i denne verda, og eg var viss om at slik ein rein djevelskap som kjøpesentret måtte ha vorte klekt ut i hovudet hans. Eg vart difor overraska då eg nyleg kom over ein glimrande artikkel av Mark Hinshaw i internettavisa til nyurbanistane i USA, med tittelen America’s foolish detour into shopping malls”. Der fekk eg vita at det moderne kjøpesentret som idé vart avla i hovudet til B-listearkitekten Victor Gruen, som utvandra til Amerike frå Austerrike i 1938. Ideen hans vart fyrst publisert i juniutgåva av magasinet Progressive Architecture i 1952, og vart til stor inspirasjon for båe eigedomsutviklarar og byplanleggjarar. Eg har aldri høyrt om honom, lell er det få menneske som har omskaka verda so til di gradar, og i dag finst knapt ein tettstad mellom Noregs fjell og dalar som ikkje kan ”smykka” seg med eit kjøpesenter.

Ja, sjølv Jesus latar til å koma i skuggen av Victor Gruen, då bedehusa har forsvunne i takt med kjøpesentra sin framkomst. Men so er konsumentreligionen òg den nye statsreligionen vår, der æveleg vokster er truvedkjenninga. Sjølvsagt måtte denne nye og altoppslukande religionen ha sine tempel, kjøpesentra.

Konsumenttemplet velkomar ein stendig straum av tilbedarar, der inngangsportalen er “vakta” av modernistane sine kvasisøyler (livlause sylindrar)

Kva er so dei fremste kjenneteikna ved kjøpesentret? Jo, det er at det er eit lukka, innkapsla og segregert kvasiurbant miljø sentrert rundt shopping og etter kvart meir og meir underhaldning, men shopping er framleis den viktigaste underhaldninga. Rundt kjøpesentret er det store parkeringsareal, etter dei tidlege rettleiingane skulle det vera tre kvadratmeter parkeringsareal for kvar kvadratmeter menneskeleg aktivitet. I Amerika i dag er parkeringsareala gjerne ti gonger større enn sjølve kjøpesentret.

Same året som Gruen publiserte kjøpesentermanifestet sitt vart den suburbane butikkansamlinga Northgate Mall i Seattle overdekt med eit “himmelskjold”, som seinare vart fullt innkapsla. Victor Gruen sitt fyrste ekte kjøpesenter er Southdale Mall i Edina, Minnesota, ein forstad til Minneapolis. Gruen sjølv såg på kjøpesentra som redninga til forstadane.

Kjøpesentra vart raskt ein del av det subsidierte og statsstøtta amerikanske eksperimentet med suburbia og ”exurbia”. Det er utruleg, men korkje kjøpesentra eller ”suburbia” er fyrst og fremst eit produkt av marknaden, men eit resultat av ein villa og planlagt politikk. Men når vi tenkjer etter, slik er det jo òg her til lands. Monokulturar er eit av kjenneteikna til modernismen, og økolandsbyar eller nyurbanismen vert sett på som reine hekseoppkoket mellom innbarka byråkratar.

Medan amerikanarane heldt på med sitt ”suburbia” heldt dei svenske sosialdemokratane på med sin eigen versjon av galenskapen. I staden for å plassere kjøpesentra ute i ingenmannsland skulle dei på død og liv ha dei midt i dei gamle bykjernane i dei mange vakre svenske småbyane, der heile bykjernar vart rivne og hundreår gamle bygnader måtte gje plass for framsteget. Sjølv vart eg nær sjokkskada då eg såg dokumentaren När Domus kom till stan, ein sosialdemokratisk dårskap som ikkje står noko attende for Ceaușescus herjingar då han freista å rive alle Rumenske landsbyar for å dytte innbyggjarane inn i monotone høgblokkar. Det var med stor glede eg fann at denne framifrå dokumentaren er lagt ut på You Tube, fyrste delen postar eg her (se filmen nederst i artikkelen), og eg oppmonar til å sjå heile.

Konsumenttempla våre er omkrinsa av dei nye heilage ”kyrne” våre, bilane. Ja, sjølv inne på kjøpesentret har vi dei, og når eg kjem inn portane på CC Gjøvik er ofte ein flunkande ny bilmodell det fyrste eg ser, like glinsande som gullkalven i Sinaiørkenen. Ikkje nokon historisk skapning eller interstellart vesen ville vore i tvil om at vi her har å gjera med ein ytst heilag gjenstand. Men so har vi òg designa liva våre kring bilen, og vi har lete skjebnen vår i hendene åt denne, eller kanskje burde vi seia hjula.

Som seg hør og bør har vi her på Gjøvik gjeve bilane våre ein svær park ned mot Mjøsa, dei har fått sjølve indrefileten av byen vår å kosa seg på, der dei pryder områda framom CC Gjøvik. Hit kjem folk frå heile Mjøsregionen, Hadeland og langt oppi Valdres for å la bilane sine nyte det framifrå utsynet over Mjøsa, eg forstår dei so vel. Medan bilane kosar seg spreier eigarane rundt seg med pengar inne på sentret, medan lokalpolitikarane i omlandet grublar på korleis dei kan skaffe seg større og fleire kjøpesentra for å stogge handelslekkasjen.

Eit utsnitt frå Gjøviks største park, bilparken framom CC Gjøvik

Vi har òg ein ordførar som er stolt over at vesle Gjøvik husar det største kjøpesentret mellom Oslo og Trondheim, ein kan mest sprekka av byrgskap og med tårevåte augo undra seg over kva vi har gjort for å fortena eit slikt privilegium. Folk valfartar hit frå halve innlandet, eit område som vel omtrent tilsvarar Israel, men der vi har vårt heilage tempel intakt og på høgda av si kraft. Nyleg vart det lagt til ytterlegare 7000 kvadratmeter.

Alt dette kan vi takke Victor Gruen for. Undrast om ordføraren veit kor mykje han har hatt å seia for utviklinga av byen vår dei seinare åra? Men hadde han det ville vel statuen av Niels Ødegaard på rådhusplassen raskt vorte bytta ut.

Tilhengjarane av CC Gjøvik lit på det gamle ordtaket om at når det regnar på presten drypp det på klokkaren, og at den magneten dette kjøpesentret er òg vil koma sentrum til gode. Det kan nok òg dryppa litt på varme sumardagar då det ikkje freistar å tilbringe dagen under tak, men det meste av året verkar CC Gjøvik heller som ein stor svamp som sug livskrafta ut or sentrum. Tradisjonsrike Hasle Jernvare er av dei siste som har drege inn årane, det er ikkje til å stikke under ein stol at mange i staden tok turen innom Clas Ohlson på CC.

Nikos A. Salingaros er ein ihuga tilhengar av art deco skyskraparar, som han hevdar er skapte utav den universelle skaleringslova hans. Svært interessant vert det når Mark Hinshaw i artikkelen sin fortel oss at art deco ikkje berre viste oss den ideelle skyskraparen, men òg eit glimrande alternativ til våre dagar sitt kjøpesenter. Når eg les skildringa hans av art deco-kjøpesenteret slår det meg at dette òg synest å vera i samsvar med den universelle skaleringslova, eg har fleire stader lese at Salingaros meiner alle bærekraftige system har ein fraktal fordelingsstruktur.

Denne gløymde kjøpesentermodellen vart teikna og bygd i 1920-åra av føretaksutviklaren Jessie Clyde (“J.C.”) Nichols, i Kansas City. Han kalla nyskapinga Country Club Plaza, men i dag går det berre under nemninga The Plaza, og er framleis ein stor suksess. Heller enn å omkransa kjøpesentret med store parkeringsareal stabla J.C. bilane i fleiretasjes garasjar, pakka inn med små butikkar med rikt dekorerte fasadar. Ein juvel av art deco brillians!

Country Club Plaza inspirerar jamvel kunstnarar. Måleri av Jan Sobczynski  

So vidt eg veit vert det inga feiring av Victor Gruen og sekstiårsjubileet for kjøpesentret hans korkje her på Gjøvik eller i andre byar. Det vert ingen jublande paradar over at kjøpesentret har erobra verda og nasjonen Noreg. Kanskje saknar vi inst inne den gamle kjøpmannen, han som la heile sjela si i butikken på hjørnet? Uansett, i staden for å gå i paradar trur eg det klokaste vi no kan gjera er å gå i oss sjølve.

 

Dokumentar om verdens største kjøpesenter i Kina

 

När Domus kom till stan, dokumentar om konsumerismens herjinger av bymiljøet 
  • Ny bok! “Kjøpesenterlandet” av
    Ronny Spaans. Dreyers Forlag.

    “Noreg har eit ekstremt forhold til kjøpesenter. Vi har det største talet
    kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordelar vi talet
    kvadratmeter til innbyggjarane i landet, vil kvar innbyggjar få nesten
    éin kvadratmeter kvar. Nestemann på lista, Sverige, har halvparten så
    mange kjøpesenterkvadratmeter som oss. Samtidig er vi det landet med
    fleste bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet
    til kjøpesenter i Noreg har i tillegg nærast dobla seg på ti år. Ein
    vedvarande katastrofe, kallar ekspertar denne trenden, for
    kjøpesenterutviklinga fremjar bilbruk og hindrar mjuke trafikantar og
    kollektivtrafikk.

    Journalist og forfattar Ronny Spaans har besøkt 34 byar og bygdebyar
    teke denne utvikling på pulsen. Han har òg undersøkt andre trendar i
    stadutviklinga som skaper debatt: utbygging av kulturhus og sjøsider.

    Noreg er i ein av dei største arkitektoniske omformingsprosessane i
    historia. Diskusjon om fjordbyen Oslo har vore framme i riksmedium. Men
    debatten om stadutvikling på mindre stader har det vore stilt om. Ikkje
    eingong utviklinga av den nye bydelen i Trondheim, Brattøra, har vore
    diskusjonstema.

    Denne boka går inn på desse trendane og viser at det er all grunn rope
    varsku, for utviklinga gjer noko med Noreg. Vi er i ferd med å misse den
    tradisjonelle norske bygdebyen, slik vi kjenner han – ei samling av
    småskala, intime trehusgater.”

    • lys

      Hvorfor varsku?
      Det er mer effektivt/mindre arbeidskrevende med kjøpesentre antagelig, og folk liker det tydeligvis.
      Det er vel ikke nødvendig å bruke flere årsverk på denne handle-kulturen enn nødvendig?
      Og alle folk bor jo ikke i gangavstand ( der varer også skal bringes hjem) til butikker uansett.
      Men det er nok plass og marked til både småbutikker og kjøpesentra. Så de som ikke vil det ene eller det andre kan fritt velge.
      Selv om småbutikker nok er mer resurskrevende, og negativt økologisk sett.