Bier og blomster, bønder og business…and I think about love

Andre helga i januar fekk biene, blomane og bøndene sin rettmessige plass i folks tankar, under seminaret «Bier og blomster, bønder og business – kvifor et livskraftig landbruk er viktig for matjorda, samfunnet og helsa di.» Seminaret vart haldt på Litteraturhuset i Oslo, på beste vestkant, blant asfalt og bygningsarbeid. Tilsynelatande langt frå biene sin meditative summetone og naturens endelause stilleik. Men då var det ekstra godt å få presentert dømer som viser at byens moglegheiter også er store, med parsellhagar, balkongkasser, vegkantar og takterrassar. 

Av Helene Klingsheim Austvoll, tidlegare publisert i HERBA –  Tidsskrift for jordbruk, ernæring, natur og kultur, nr 1, 2012.   

Det er vanskeleg å oppsummere eit så omfattande program som det seminaret representerte, men eg vil sjølv seie at det var honningbiene sin situasjon i verda som var den raude tråd gjennom heile helga. Ikkje berre gjennom dei konkrete presentasjonane, men også gjennom å indirekte vere til stades i alle presentasjonar – om det gjaldt økologisk økonomitenking, biologisk-dynamiske jordbruksprinsipp, sunn mat og helse, eller landbrukspolitikk. For det heile heng saman. Biene står som eit symbol på heilskapen i verda, korleis mandelen i grauten og morgonkaffien er  avhengig av dei bitte små insekta. Det er både skremmande og fascinerande.

…And i think about love

Sidan planlegginga av seminaret starta ein gong på seinhausten, har eg med jamne mel-­lomrom fått Jewel Akens sin song på hjernen: ”Let me tell you `bout the birds and the bees up above, and I think about love”. For det er det det handlar om. Kjærleik. Og det er man-­glande kjærleik til naturen som har ført oss i situasjonen me no er i.

Ingen guacamole utan avocado

Honningbiene og andre pollinatorar, som humla, er avgjerande for pollineringa av omkring ein tredjedel av matplantane me et i dag. Tomat, jordbær, morell, fersken, plomme, kirsebær, rips, solbær, blåbær, raps, kakao, avocado, soyabønner, asparges, squash, agurk, melon, sitrusfrukt, og mange fleir. Lista er skremmande lang!

Kva om desse pollinatorane forsvinn? Kva til frukost? Og kva om me ikkje kunne få mandel i grauten til jul, eller aldri meir drikke varm kakao etter ein lang skitur?

Slike scenario er kanskje ikkje aktuelle med det første, men å vite at vel ein tredjedel av alle matplantar er avhengige av pollineringa til biene og at biene på globalt nivå er i ein kritisk situasjon, gjev grunn til bekymring. Ikkje berre for økologar og idealistar, men dette rører ved verdshandelen med mat og dermed den globale økonomien. Den vesle summetonen knyt verda saman i ein heilskap og er med det verdas viktigaste sum-metone.

Kva fortel biene oss?

Biene har forsvunne frå bikubane sine sidan byrjinga av organisert birøkt, men dei seinare år har sjukdom og forsvinningar auka drama-tisk, og både organisasjonar, birøktarar og enkeltmenneske har engasjert seg i den såkalla «Colony Collapse Disorder» (CCD).

Kvifor døyr biene i hopetal verda over, og kva er det dei prøvar å fortelje oss menneske? Det var eitt av mange spørsmål Günter Friedmann, biologisk-dynamisk birøktar frå Tyskland,  spurte på byrjinga av seminaret. Friedmann har over 30 års erfaring med birøkt, kallar seg sjølv ein bie-elskar, og me andre kan trygt kalle han ein øko-pioner.  Biene døyr i stilleik. Friedmann samanlikna det med storfe – hadde 300 000 kyr døydd eller forsvunne ville reaksjonen vore ein heilt annan enn det me ser rundt biene. Årsakene til, og spekulasjonane rundt, Colony Collapse Disorder, er mange, men det er stor semje om at det industrielle landbrukssystemet spelar ein viktig rolle. Monokulturar, sprøytemiddel, genmodifiserte organismar og stadig fallande biologisk mangfald er hovudtrekka i det rådande landbrukssystemet, særskild i vestlege land, og påverkar motstandsdugleiken og helsa til honningbiene.  Industriell mandelproduksjon i USA, kor biene blir frakta fleirfaldige mil for å pollinere tusenar av mandeltreblomar, er berre eitt av døma på det industrielle systemet.

Den lange transporten påfører biene stress, og den einsidige kosten, med berre mandeltre, svekker biene. Dette opnar for nye virussjukdomar og mindre kraft ved paratsittåtak. At eit birøkt som motarbeider biene sin natur svekker dei små vesena, vart også påpeika av Rudolf Steiner tidleg på 1920-­talet, og som så mykje anna Steiner hevda om konsekvensane av det industrielle landbruket, ser også dette ut til å stemme.

Me kan gjere mykje

Det betryggande er at det finst mykje som både bønder og ikkje-bønder kan gjere. Humleolog Tor Bollingmo nemnte planting av nektarrike blomar og bær i eigne private hagar og gardsplass, klipping av åkerkantar, pleie av blomsterenger og kulturlandskap. Günter Friedman viste til korleis eit biodynamisk birøkt kan spele ei viktig rolle. Han fortalde om bienes premiss, blant anna gjennom sverming og la dei bygge sin eigen vaks, kan vitaliteten og motstandsdugleiken til biene byggast opp igjen, noko dei har erfart i Egypt. Der er håp, men først må me vakna! Dei godt over 200 menneska som deltok på seminaret vitnar om at folk er i ferd med å vakne og engasjere seg. Den biodynamiske marknaden utanfor Litteraturhuset laurdag ettermiddag, kor biodynamiske bønder sto og pryda salgsbodane sine med mat i alle slags farger og lukter, fekk i alle fall folk sine sanser til å vakne. Herlige ostar frå Ommang Søndre, honning så søt så søt frå Ramme Gaard, egg frå glade høner på Uksum Gard, frisk eplesaft frå Olav Jønsi, freistande grønsaker frå Fokhol Gård, og mjøl frå eit mangfald av sunne og næringsrike kornsortar frå Johan og Kristin Swärd.

Økologisk spesialkorn, ei samanslutting av økologiske kornbønder, hadde også sin mobile vedfyrte bakaromn kor me kunne både lukte og smake herleg nybakt brød. Det var ikkje berre ein marknad, men ei samling menneske som tek vare på jorda og mangfaldet, og gjennom praktisk økologi visar kjærleik. På den måten representerar dei, om ikkje heile, så i alle fall ein stor del av løysinga.

 

Relatert

Til matens forsvar – to bøker av Michael Pollan

Fellesskap nytter – Markens grøde kommer ikke fra butikken

SANNHETEN OM KUNSTGJØDSEL

Lokalmatseminar – fremtidens landbruk er foredling

Biodynamisk jordbruk og respekten for naturen – En dansk film