Regjeringsblokka er inkje anna enn monoton repetisjon

Det har vore mykje skriving i det seinare om kva som bør gjerast med regjeringsblokka. Sjølv må eg innrømme eg ikkje har fylgt med i debatten, eg har knapt skanna overskriftene. Dette fordi for meg er denne blokka berre nok eit eksempel på ein trist bygnad blotta for liv, og same kva for symbolsk tyding mange ynskjer å tillegge denne, vert ho inkje anna enn ein livlaus og daud betongkloss, i Le Corbusier sin ande. Ho er og direkte angstskapande, som om ikkje 22. juli har generert nok angst i seg sjølv.

Av Øyvind Holmstad

There is something profoundly disturbing about buildings that consist of horizontal slabs. We can understand this physiological/psychological reaction because of anti-gravity anxiety. A large number of horizontal buildings have been built around the world, their architects ignoring our negative reaction to them. In addition to affecting our senses, this method kills architectural design in three dimensions, since building facades cannot be created within this narrow design paradigm. – Twelve Lectures on Architecture, by Nikos A. Salingaros, page 52

Illustrasjon: Nikos A. Salingaros
Skal vi byggja eit monument som gjev von etter dei tragiske hendingane sumaren 2011, må dette verta gjort gjennom ein bygnad full av liv og energi, det motsette av dei kjenslene den monotone repetisjonen til regjeringsblokka skapar i oss i dag. Denne livlause repetisjonen sug livskrafta ut av menneskjesjela, og er ikkje uttrykk for anna enn fåfengd nihilisme, og tener ikkje til å representera ein nasjon. Det einaste dette uttrykket tener til er å redusera mennesket til ein maskin, og lågare gjeng det inkje å fella. For ei djupare forståing rår eg til å lesa utgreiinga av Nikos Salingaros og Kenneth G. Madsen II:Neuroscience, the Natural Environment, and Building Design.

Dette er ikkje mi subjektive meining, men matematiske og vitskaplige fakta. Rett nok har ikkje forskinga innan biofilisk design enda klart å fullt ut gje ei matematisk forklaring på kvifor monoton repetisjon er utilfredsstillande, men professor Salingaros er godt på veg i essayet: Why Monotonous Repetition is Unsatisfying.

Bakgrunnen til dette essayet er og interessant, då det vart laga ut frå diskusjonar med matematikaren Phil Keenan, etter at han søkte modellar for kva som gjev dei mest interessante mønstra, og fann at Salingaros sine arbeider var dei matematisk sett mest lovande. Les meir om dette på bloggen til Keenan: Meandering Through Mathematics.

Likevel, det viktigaste med essayet til Nikos er at det gjev svar på kva vi kan gjera for å skapa ein sterk biofilisk og livgjevande effekt. Her kan eg nemna stikkord som fraktalhierarkier, universell skalering, Alexanders 15 verdiar for liv, symmetribrytning og Alexanders teori om sentre. Dessverre er arkitektureliten ein kult som ikkje vil vedkjenne seg noko av denne viktige forskinga.

Tvert imot har dei gått frå monoton repetisjon til ingen repetisjon, eller rein slump, men basert på dei same gamle modernistiske typologiane. Eg vil tru dette er fordi dei tykkjer det er kult, for er det noko menneska strevar etter i dag er det den opphøgde kulskapen, den aller heilagaste eigenskapen hjå dagens modernist-liberale samfunn.

Coolness started with jazz musicians, and still has something of the spirit of the night, of escape from everyday reality, of unconditioned freedom, of improvisation without a goal. it’s the liberal equivalent of the divine grace that bloweth where it listeth and none can define.

It has something in common with sanctity. The cool are in the world but not of it. They possess a certain disengagement, so that they are independent of their surroundings and not easily flustered or excited. They’re not conventional, and recognize immediately whatever they’re presented with. That gives them a sort of perfect pitch in matters of perception, expression, and practical decision.

Of course, coolness is also very different from sanctity. Sanctity is about eternity, coolness about today. It has religious aspirations, but its hedonism and individualism means it goes nowhere. The lives of the saints have enduring interest because they point to something beyond themselves, the lives of the hipsters don’t. – James Kalb

So kan hende er det like greitt vi let regjeringsblokka stå? Det ser ut til at alternativet er eit bygg som inkje symboliserar anna enn kulskap og rå konsumerisme. Slik som det skjedde etter at tvillingtårna falt.


Relatert 
Livets teknologi – ei innleiing