Livets teknologi – ei innleiing

I dag kallar eg meg for teknologioptimist, fordi dette omgrepet har fått eit nytt innhald for meg. Den tradisjonelle teknologioptimisten er vel ein som reknar med at økonomisk vekst vil leia til ny teknologi som ska redde verda frå konsumerismen sine skuggesider, og at det ikkje finst nokon grunn til å endre livsstilen vår, snarare tvert om. Men eg er redd dette ikkje er nok. For å staka ut ein ny kurs må vi endre heile oppfatninga vår av kva teknologi er og korleis han nyttast.

Av Øyvind Holmstad

Her er vi ved eit kjernepunkt i den framifrå essayserien av Michael Mehaffy og Nikos A. Salingaros, som vart trykt i det New York baserte arkitekturmagasinet Metropolis Magazine i haust. Teknologi ikkje som noko statisk, men meir som ein morfologisk og utfaldande prosess av livet sjølv, djupt samanvevd med det livet vi er ein del av. Dette er det dei nemnde herrar kallar for livets teknologi, i motsetnad til ”dødens teknologiar”, som er rådande for vår livsutfalding i dag. Adaptiv design er òg ei god nemning.

På eit vis har ”teknologioptimistane” og ideologane same syn på verda då dei begge ser menneskesamfunna som skilde frå naturen, noko ein kan kalla ein reduksjonistisk ståstad. Ideologi er fåfengd så lenge han nyttar seg av ”dødens teknologiar”. No som vi har lagt bak oss ideologiane sitt hundreår og entra eit nytt millennium, er det på høg tid å sjå bort frå ideologiane og heller byggja menneskesamfunna på livets teknologi. Dette synet har eg gjort greie for i ein annan artikkel som eg har kalla From Ideology to Technology.

Men kven er herrane bak desse metropolisessaya? Michael Mehaffy har eg ikkje kjennskap til frå før av, men CV-en hans er imponerande. Han er nyurbanist, og arbeider som forskar, planleggar og prosjektleiar innan nyurbanismen. Det eg merkar meg mest er at han har samarbeida med Christopher Alexander, mellom anna med å utvikle nye klassar av generative kodar og pattern languages (her vel eg å ikkje omsetja til ”mønsterspråk”, då det vert for tvitydig).

Om CV-en til Mehaffy er imponerande, kjem han i skuggen av den til Nikos A. Salingaros, som du finn her. Han er tilsett som professor i matematikk ved The University of San Antonio, Texas, og har gitt monalege forskingsbidrag innan matematikk og fysikk. I 1983 byrja han eit samarbeid med Christopher Alexander, og hjelpte han med å redigere det monumentale bokverket The Nature of Order. Sidan den gongen har han publisert ei imponerande mengd essay og artiklar, samt nokre bøker. Den siste boka, Twelve Lectures on Architecture; Algorithmic Sustainable Design, har eg omtala her. I tillegg til å vera ein akta føredragshaldar er Salingaros tilsett ved arkitekturfakultet ved universitet i Italia (han snakkar flytande italiensk), Mexico (snakkar òg spansk) og Nederland. Engelske Wikipedia gjev ein fin presentasjon av arbeidet hans.

Den fyrste som byrja å kople arkitektur og vitskap, og då særleg med matematikk, fysikk og biologi, var Christopher Alexander. Ikring honom har det etter kvart danna seg ein krins av arkitektar, forfattarar og intelektuelle, mellom dei Charles, prinsen av Wales. Dei fem fyrste essaya i metropolisserien omhandlar den radikale teknologien til Christopher Alexander; radikal, men djupt forankra i forsking og vitskap. Dette kan ein ikkje kan seia om dei ideologisk baserte doktrinane som dominerer hjå ”stjernearkitektane”, og dessutan hjå dei fleste arkitekturuniversiteta. Dei nektar å sjå sanninga i auga, lik blinde trellar under ”dødens teknologiar”. Les meir om Nikos si fortviling over det vonlause som pregar samtidsarkitekturen i det tidlegare essayet Cognitive Dissonance and Non-adaptive Architecture: Seven Tactics for Denying the Truth.

Men det er ikkje pessimismen som rår i metropolisessaya, her er det løysingane som får bløma, eller ”nyteknologioptimismen” om du vil. Sjølv har eg vorte svært glad i ”pattern”-teknologien til Christopher Alexander, som kan nyttast i nær sagt alle felt innan samfunnsbygging, men òg innan forsking og teknologi. Paradoksalt nok er det mellom programutviklarar denne har vorte mest omfamna. Arkitektane vel stort sett å forteie eller fornekte A Pattern Language, ei av dei viktigaste bøkene i det førre hundreåret. Nikos har utvikla denne teknologien vidare i artiklane The Structure of Pattern Languages og Connecting the Fractal City. Sjølv har eg nett skrive ein artikkel om kjøpesenter som eit av dei mest øydeleggjande anti-”patterna” i den norske samtidskulturen.

Metropolisessaya avsluttar med å omtala såkalla biofilisk design, ein term skapt av krinsen kring Alexander, men som òg har vorte kopiert og misbrukt av nokre av dei mest nihilistiske samtidsarkitektane. Eigentleg er det biofilisk design heile denne essayserien handlar om, at vi for å skapa heilskap må etterlikne og samarbeide med naturen og dei livsprosessane som omgjev oss. Dette er til vårt eige beste på alle nivå, psykologisk so vel som økonomisk. Eit system som ikkje tar omsyn til heilskap styrer mot kollaps, og det er dit vi er på veg no.

Essaysamlinga omtala i artikkelen finst her.

 

Relatert

Fra by og land, mann mot mann til visjon 2040

Fremtidens Norge

Permakultur – levedyktig kultur for fremtiden