Til matens forsvar – to bøker av Michael Pollan

Et mat. Ikkje for mykje. Og mest plantar. Bodskapen er enkel i Michael Pollan sine to bøker, In Defense of Food og Food Rules. Dei to bøkene kan lesast kvar for seg, men saman utfyller dei kvarandre med refleksjonar og kritikk av vestleg matkultur og det industrielle matsystemet. Han kjem også med heilt konkrete råd for eit sunnare kosthald, sunt for menneske, dyr og miljø. 

Av Helene K. Austvoll,  prosjektkoordinator for økologisk gårdsmarked hos Oikos, tidligere trykket i magasinet Ren Mat

«På ein måte er begge bøkene ein parodi. Ein parodi på menneske. Korleis menneske i si søken etter enkle løysingar ender opp med å drukne i kompleksiteten. Kva andre dyr enn menneske treng profesjonell hjelp for å vite kva dei skal ete, spør Pollan.»

Næringsstoffa sin tidsalder
Det ligg mykje bak Pollan sin enkle bodskap. Søkjelyset rettast mot eit av det moderne menneske sine største utfordring, nemlig livsstilssjukdommar. Han kallar det «det amerikanske paradokset»: jo meir me bekymrar oss for næringsstoff og å ete sunt, jo mindre sunne ser me ut til å bli. Jo mindre pengar me brukar på mat, jo meir brukar me på helsetenester. Me lev i «the age of nutritionism» –  næringsstoffa sin tidsalder, og har aldri vore feittare. Det er i dag fleire «overernærte» enn underernærte i verda. Amerikansk matkultur kan hevdast å vera meir ekstrem enn den norske, men det er ikkje vanskelig å kjenne seg igjen Pollan sine refleksjonar om mat.

Eit resultat av industri
Ein kan undrast over kvifor maten treng eit forsvar? Svaret er i høve til Pollan enkelt. Det mange har i kjøleskapet og på spisebordet er ikkje mat, men «foodlike substances» – matliknande substansar. Det mange et er eit resultat av matvitskap og industri, ikkje av natur. Såkalla næringsmessig inflasjon er ei følgje av industrielt, konvensjonelt landbruk sitt fokus på kvantitet framføre kvalitet. I dag må me til dømes ete 3 eple for å få i oss same mengde jern som me fekk med 1 eple for 50 år sidan, skal me tru forskinga Pollan visar til. Utan å gå i djupet av industrilandbrukets mange konsekvensar, rørar Pollan ved temaet og knytar det opp mot kva rolle menneske har i å skape det landbruket me ønskjer. Han siterar forfattar og kritikar Wendel Berry sitt utsegn: «Eating is an agricultural act» – å ete er ei jordbruksmessig handling. Me er ikkje berre passive konsumentar av mat, men me er med på å skape det systemet som mater oss. Enkelt sagt – du stemmar med lommeboka.

Råd om mat
Et mat som er laga av ingrediensar du kan sjå for deg i si råe tilstand eller vekse i naturen, er eit av råda Pollan gjev i handboka Food Rules. Et tradisjonsmat er eit anna råd. Fransk, japansk, italiensk, gresk. Menneske som et tradisjonsmat er i snitt sunnare enn menneske som et vestleg diett beståande av industrielt framstilt «mat». Unngå mat med sunnheitsdeklarasjonar. Ikkje fyll kroppen same plass du fyllar biltanken. Et mat som kan rotne. Unngå mat med meir enn fem ingrediensar. Betal meir, et mindre. Et mat som kjem frå sunn jord. Med den vesle handboka kastar Pollan seg på bølgja om å gjeve råd om kva, kor og korleis me skal ete, og det kan til tider virke latterlig og heilt openbart. Behovet for å poengtere det openbare synast likevel å vere naudsynt!

Ein parodi på menneske
På ein måte er begge bøkene ein parodi. Ein parodi på menneske. Korleis menneske i si søken etter enkle løysingar ender opp med å drukne i kompleksiteten. Kva andre dyr enn menneske treng profesjonell hjelp for å vite kva dei skal ete, spør Pollan. Eg kan ikkje anna enn å støtte meg til den undringa. Er det ikkje rart at me treng bøker for å hugse på å ete ekte mat? Når det no ein gong er slik så er det i alle fall fint at verda har slike som Michael Pollan som kan minne oss menneskjer på det openbare.

God middag!

 

Relatert

Norge, det nye matlandet?

Lokalmatseminar – fremtidens landbruk er foredling

Fellesskap nytter – Markens grøde kommer ikke fra butikken

Matstreif – norsk matfest

SPIS SØRLANDET – et skritt mot en bedre matkultur

Biodynamisk jordbruk og respekten for naturen – En dansk film