DIKT: Pussebilen – Per Lønning Aarø

Eg vandra lenge gatelangs,
til tidleg grålys dag,
i sikksakkurs utan syn og sans,
etter eit altfor lystig lag.

Eg kryssa slik søraust mot sola,
då eg brått vart var eit brus,
som ikkje kom frå engelvenger
bada i lys og kjærleiksrus.

Nei, bruset var av hjul som skrapa,
gjennom marg og bein og blod,
så utan nåde at der eg vraka
trua på at Gud er god.

Ja, så hjartelaust at før eg nådde brua,
hadde eg mista lommeboka og barnetrua.

Sola var ikkje lenger varm,
og ikkje ein mann var att å sjå,
det var berre meg, og bak meg ein larm,
som hadde skaka deg, kan du lita på.

Eg snudde meg rundt, vaklande og sløv,
og som i draume gjennom dimslørd ferniss,
fekk eg eit glimt, i lyn og i støv,
av min seintråkande nemesis.

Det var ein pussebil, ja ein av dei,
som sveipar bos som ligg og driv,
frykteleg som ei rullande støypeskei,
til resirkulering av det forspelte liv.

Det blafra villt i skjærseldslogar,
frå ei blenkjande gulraud lykt,
pussebilen køyrer sakte, men råkar,
alltid til slutt med gudsjammerleg frykt.

Så høyrer du bruset av lagnad og dom,
der du villfaren sjanglar i veg,
då må du ta den smale sti, og venda om,
for då er pussebilen etter deg.

Ja fryktar du for di arme sjel,
så botnar redsla i,
ein forferdeleg, men naudsynt del,
av Guds maskineri.

Av Per Lønning Aarø

  • Mie

    Wow, Per, jeg er imponert!

  • Helle Maria

    LOL. Æ like det fortsatt veldig godt – et herlig metafysisk dikt!

  • Halvard

    Ein sterk manifestasjon av livets metafysiske uhygge!
    Bra, Per!